It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

lørdag 30. april 2011

Åtte ting du kanskje ikkje visste om meg...

Eg har altså blitt utfordra av Marie om å avsløre åtte ting som kanskje ingen andre visste om meg.
Tja.
Så open som eg pleier å vera om meg sjølv kan det ikkje vera lett å finne heile ÅTTE ting som andre ikkje veit om meg, men når det gjeld bloggen min, så har eg jo stort sett skrive om trening og triatlon og helse.
Så med denne utfordringa er det kanskje tid for å fortelle om heilt andre ting..?

Ting 1
Eg var veldig musikalsk som lita jente, og begynte tidleg i musikkskulen, som det heiter i Tyskland. Det endte med at eg kunne lese og spela etter noter alt som femåring, altså før eg begynte på skulen. På slutten av ein konsert frå musikkskulen tok læreren min meg fram på scenen og fortalde til publikum "Og dette her er Imke, som kunne lese noter FØR ho kunne lese bokstavar." Eg synst det var utruleg flaut da.

Ting 2
Eg likar usunn mat. Det betyr ikkje at eg til dagleg får i meg hamburgerar, pølser og pommes frites, men eg
nytar nesten dagleg dei utruleg usunne og næringstomme Yumyum-nudlane med kyllingsmak. Ein porsjon om dagen, etterfølgt av Grans lettcola som eg også er hekta på, og eg er skikkeleg fornøydd.

Ting 3
Eg er veldig glad i å skrive, og har alltid vore det, og alltid gjort det. Eg skreiv mitt første dikt ned etter at eg endeleg hadde lært å skrive, fram til da har det vore munnleg overlevering av mine historier og dikt. Då eg var tolv år, skreiv eg to timar på skrivemaskin dagleg, rett etter middag. Det endte med ein eventyrroman på 60 maskinskrevne sider. Eg har originalen fortsatt, men har sidan ikkje orka å lese gjennom den, den er nemleg utruleg innhaldsrik og tek lang tid å lese!

Ting 4
Eg har eit spesielt forhold til varmeflaska mi. Eg brukar varmeflaske ca 350 dagar i året, og bruken har sjeldan samenheng med utetemperaturen. Det blir ca 400 varmeflaskefyllingar i løpet av eit år. Eg er rett og slett ein skikkeleg frysepinne når eg er inne!

Ting 5
Eg er i stor grad internett- og PCavhengig. Når internetsignaler uteblir for så kort tid som eit halt minutt, så får eg høg puls, begynner å svette og blir nesten panisk samtidig som eg tenker meg ut alle slags samansvergingar som kan ha ført til tap av signalene. Så blir eg utruleg flau når eg er tilbake på nettet igjen etter berre to minuttar. Eg har også til tross for dårleg økonomi kjøpt meg ein liten reserve-PC, i tilfelle den andre skulle gå i stykke.

Ting 6
Etter definisjonen i Norsk medisinsk ordbok "abdomen: buken, magen, veiklivet, underlivet, "livet"; den delen av kroppen som er mellom mellomgolvet og hofteskåla;" så har eg nesten ikkje mage. Ribbeina mine går nesten heilt ned til hofta, noko som betyr maksimal utnyttelse av plassen til lungene. Det har i alle fall fysioterapeuten min oppdaga, og det synst eg er ein artig anatomisk kuriositet.

Ting 7
Eg er ekstremt distré. Eg veit nesten aldri kor tinga mine er hen. Eg har ein reservemobil slik at eg kan ringe etter mobilen min, den er nemleg stort sett aldri der eg la den sist! Eg drøymer om den dagen det blir laga ein liten teknisk dings som kan festast på nøklar, lommebok, yndlingslue og sykkelverktøy slik at eg kan lokalisere desse tinga same dag som eg skal bruke dei.

Ting 8
Eg har hatt kraniebrudd som seksåring. Då eg gjekk på skøyter ramla eg og datt rett ned på panna på isen. Etter nokre tårer fortsatte eg å gå i 45 minutter, men då eg kom heim kom kvalmen. Det bar rett på sjukehus og det blei konstatert hjernerystelse og kraniebrudd. Etter 10 dagar på sjukehuset kom eg heim att og kan den dag i dag bruke denne ulukka som unnskyldning for at eg er litt rar ... ;)


Så burde eg vel utfordre eit par-tre andre eg au?
Då gjev eg stafettpinnen til å fortelje "Åtte ting du kanskje ikkje visste om meg" vidare til Cathrine frå Catamis resept for god helse, den kvilelause trippelbloggaren Dagfinn og bredden i norsk triatlon, Bent (eg savnar å lese nye blogginnlegg av deg!).

Lykke til og god lesing!

torsdag 28. april 2011

Magekatarr...

Eg er eigentleg påmeldt til Bø Sprinten, som gjeng av stabelen 1.mai i år.
I tillegg til at eg rett og slett ikkje har energi til å vie meg trening og enda mindre konkurranse, så har eg altså fått magekatarr igjen.
Om det er magekatarr eller omgangssjuke er det vanskeleg å vite. Men vondt er det                                          Illustrasjonsbildet er stjelt frå colorbox.com via lommelegen.no.

God gamaldags vondt i magen, sterke krampar rundt magen, kvalme... på fint kalla funksjonell dyspepsi, og det er også blitt stadfesta etter ein ultralydundersøkelse på sjukehuset for to år sida.
Verre er det ikkje.
Men vondt er det jo.
Så nå spørs det om det blir Bø Sprinten på meg?
I morgo håpar eg med at magespetakkelet er over igjen, og er det ikkje det, så er det noko anna rare magegreier eg har fått tiltrekt meg. Eg håpar virkeleg ikkje det. Matlysten er lik null, og det er ikkje snakk om å ta meg ein løpe- eller sykkeltur.
Sjølv om eg ikkje er ute og trenar, så er eg då ute i dette flotte vårvêret. Då får eg tid til å beundre klosterklokka mi :)

Men i dag stod det eigentleg tur på programmet, og me skulle på Bryggefjell, og det hadde eg så veldig lyst til, uansett magesmertar.
Frukosten reduserte eg til berre éi skive, litt egg og eplejuice, noko som fungerte heldigvis bra. Kaffe var det dessverre ikkje godt å tenke på.
Og eg som er så glad i kaffe!!
På turen kjendte eg at eg ikkje hadde spesielt mykje å gå på i motbakkane, men me gjekk i roleg tempo og tok ein del pausar på veg opp, så det gjekk bra.
Og deileg var det å vera litt ute og puste litt inn fjelluft!
Bryggefjell i Bø. Det var godt å puste inn litt frisk fjelluft.
Sjølv om eg var sulten og kvalm samtidig, så gløymte eg det stadig mens eg gjekk.
Tilbake i bilen etter turen kom magekrampane igjen, pussig nok.
Men heile turen gjekk eigentleg forbausande bra, med så lite mat som eg har fått i meg dei siste tre dagane. Men kanskje har alt den rolege treninga ført til at kroppen min er blitt god til å forbrenne fett, og kan derfor tære på reservane når eg treng det?
Det er jo praktisk.
Kroppen er fascinerande. Kven veit  kva som eigentleg skjer på innsida?
Tilbake heime var det godt med eit par timar på sofaen og litt frukt, og seinare litt pasta, men magen er i opprør fortsatt.
Eg tel ned til søndagen og kjenner meir og meir at det ikkje fristar med ein Norges Cup-Sprinttriatlon om tre dagar.
Derimot har eg fått motet opp igjen til Mallorca.
Trur eg skal dra uansett kor sliten eg er, eller kor dårleg råd eg har.
Eg har jo kanskje større reservar enn det eg er klar over?

Varden på Bryggefjell.

tirsdag 26. april 2011

Håp

Kjære triatlondagbok,

eg er så sliten at eg ikkje lenger har lyst til å reise til Mallorca.
Eg har ikkje ein gong lyst på ferie.
Eg er berre sliten.
Eg håpar det går over snart.

fredag 22. april 2011

Å løpe rundt

Eg har i det siste brukt så mykje tid på å skifte sykkeldekk, skifte girwire, skifte tempobøyle, justere bremser, justere gir og mykje meir, at motivasjonen min til å sykle steig til himmels, mens inspirasjonen min til å løpe blei mindre og mindre.
Alt eg ville var ut å sykle.
Innkjøpet av mine nye løpesko førte til eit lite "boost" av motivasjon, men denne dabba av igjen etter tre løpeøkter.
Ikkje at skoene ikkje er gode. Det er dei.
Nye løpesko. Dei MÅ då inspirere til ein lang løpetur?
Ja og så lette som dei er? DET er då motiverande, eller kva?
Men når eg heile tida tek i syklane mine ved å flytte dei ut av stoga, inn på kjøkkenet, ut på plenen, inn igjen, og ved å bruke så mykje tid på å skrue og justere, så blir det rett og slett vanskeleg for meg å motivere meg til lange økter.
Det er spesielt dei lange rolege løpeturane mine som eg har forsømt i år. 
Sjølv om eg har laga meg ein plan fram til IM 70.3 i mai, der dei rolege lange løpeturane sakte men sikkert skulle auke frå 10km til 17/19 eller helst 21km, så har eg rett og slett ikkje greidd å få til desse langøktene.

Formen min har kanskje ikkje vore så god heller i det siste, men eigentleg så mangla det nok meir på motivasjon, og inspirasjon. Det nyttar ikkje at kroppen er klar, når hovudet ikkje ser noko poeng i å springe.


Men så mykje som eg enn prøva, så blei eg ikkje motivert. I går bruka eg ganske lang tid på å kikke på videosnuttar på Youtube, stikkord  "running - inspiration".
Ja da, det såg då ikkje så dumt ut, det.
Der var det både marathonløparar, ironmantriatletar, supermotiverte nybegynnarar, det var fin musikk, men likevel - ikkje noko som fanga meg eigentleg.
Men eg snubla over ei video med tittelen "The Spirit of a Runner"  med ei dame med navnet Suprabha Beckjord, som trena for eit ultraløp, "The Self-Transcendence 3100 Mile Race".

Ups, tenkte eg, det var da eit ganske langt løp, er ikkje 3100 miles noko som nesten 5000km???
Men dama virka ganske så jordnær då ho snakka om sine 12 (eller 13) gjennomførte Self-Transcendence Mile Races:

Eg kunne ikkje tenkt meg å vera med i eit løp som går over 52 dagar der ein skal springe rundt 80km dagleg. Men det som fascinera meg, var at deltakarane spring midt i ein amerikansk by, i ei rundløype på ca 800m. Det blir jo ganske mange rundar på ein dag.
Dessutan må det då vera ganske krevande, å halde på å springe den same runden i fleire dagar på rad, mens folk, og bilar, og syklisar, og skuleelevar, og naboar, er rundt ein heile tida.

I dag skulle eg altså ut på løpetur. Eg ville helst springe minst 15km, eventuelt 17km, viss løypa passa bedre. Og det var akkurat der det låg. Uansett kor mange forslag eg vurderte, så var det ikkje noko som passa. Anten var det for mykje stigning, slik at eg aldri i verden ville kunne springe 15km roleg.
Eller så var det berre asfalt, noko som eg ikkje ville utsette Binna for.
Skulle eg la Binna vera heime?
Nei, det hadde eg heller ikkje lyst til.
Men så var det også såpass varmt ute at det kanskje var best for Binna å sleppe å springe?
Mens eg faktisk treng å springe mens det er varmt, slik at eg er bedre forberedd til å springe på Mallorca...

Plutseleg kom eg i hug videon frå i går, der desse få utvalgte spring i ein 800m runde, rundt og rundt og rundt. Og eg tenkte ved meg sjølv at viss dei kan det, og tilbakelegg 80km om dagen 50 dagar på rad, så ville vel eg også kunne springe litt "rundt"?

Nede ved idrettsbanen i Seljord, på "Eventyrøy" er det ein grussti langs elva som fører vidare rundt fotballbanene. På kartet hadde eg alt plotta inn denne runden som ein fin oppvarmingsrunde på ca 1km.
Eventyrøy. Idrettsbanen ligg på innsida i det store grøne feltet.
Og plutseleg var planen klar:
Eg skulle ned på Eventyrøy og springe 15 rundar. Kanskje 17. Alt ettersom. Og eg skulle køyre ned med bilen, slik at Binna kunne sitte i bilen og vente, og kanskje vera med på nokre rundar.
Og eg kunne ha med både mat og drikke i bilen.
Om det kanskje ser litt rart ut, så skulle eg ikkje bry meg. Antagelegvis har jo halve Seljord lest om den lokale triatleten i Vest-Telemark Blad i fjor, så då kunne dei jo tenke sitt. Dessuten er det langfredag og då rekna eg ikkje med at folk skulle vera ute og mosjonere.

Planen gjekk opp. Bilen blei parkert, drikkeflaskene og powerbar lagt i lasteplanet, og Binna tatt med på første oppvarmingsrunden. Det blei ein del stopp for hennes del, med drikking, bading, snusing og undersøking, så den første runden varte ganske lenge. Så la eg Binna i bilen, skrudde ned alle vindu i bilen til gjennomlufting, og la i veg for dei neste 14 rundane.
Og løp. Rundt og rundt og rundt og rundt og rundt.
Binna likte den første runden, med bading, best. Men så blei ho jo heller ikkje med på fleire rundar etterpå...

Rundt og rundt og rundt og rundt.
Sola skein og folk kom, og gjekk, kom og sykla, og sykla vekk igjen, satte ned kajakken sin i vatnet og padla vekk, ein mann i rullestol trilla forbi og sola seg i vannkanten, nokre guttar spela basket, og forsvann igjen, jenter på sine rosa syklar susa forbi etterfulgt av mammaen sin som prøva å sykle eit godt stykke foran meg, ein kano kom padlande sakte, og forsvann igjen, båtar blei henta opp frå vatnet, barn kom og plaska i vannkanten, barn prøva sine fjernstyrte bilar mens fedrene laga hopprampe, kort sagt, til Seljord å vera var det liv ute på Eventyrøy i dag!

Alt mens eg trava mine rundar. For kvar runde var eg innom bilen, roste Binna som venta så tolmodig i den varme bilen, tok litt drikke, litt powerbar, høyrte på musikk på mp3-spelaren og hadde det ganske bra.
Det kjendest endeleg godt igjen å springe!
Og eg skjønte også at eg eigentleg ikkje er umotivert til å springe.
Eg gir berre så fort opp når eg skal planlegge løypa, og alt skal passe, lengde, stigning, forhold for Binna, tilgang på drikke.. og eg har vel det siste halvåret slite ut dei gode gamle løyperutene mine.


Så sjølv om det kunne virke ganske kjedeleg å berre løpe "rundt", så var det kjempedeileg! Eg trengte ikkje passe på Binna undervegs, trengte ikkje å stoppe for trafikk, eg hadde mat og drikke tilgjengelegheile tida og hadde når som helst kunne gitt meg utan stor omveg. Underlaget var snilt med grus, utsikten mot vatnet og fjellet fin, og eg kunne fokusere fullt og heilt på løpinga.
Herleg.
Det blei 17 rundar, og ein liten 400m runde på banen, for å bestemme farten min. Eg bruka 2:15 på 400m, og det blir ein fart på 5:38/km, noko som er glimrande halvmaratonfart for meg, mens heile økta varte i 1t40min.
Det er kanskje ikkje siste gongen eg har gjort dette. Viss eg ikkje heller skal finne på enda fleire morsamme løysingar for å få fleire mil i beina...
Men fram til mine neste påfunn skal det bli restitusjon her, og Binna er då den beste inspirasjonskjelde eg nokon gong har hatt!
Binna - best på restitusjon!

onsdag 20. april 2011

Grete Waitz

Natt til i går døde Grete Waitz.
Sjølv om ho har vore sjuk lenge, så hadde eg ikkje venta at ho ville til slutt måtte gje tapt for kreften, sterk og uthalden og positiv som ho var.
Det blei ein trist dag i går då eg hørte meldinga "Grete Waitz er død."
Ufatteleg.
Ho har vore ein stor inspirasjon for meg, både til å fortsette med å løpe, men også i frå hennes måte å møte kreftsjukdommen på. 
Eg er utruleg lei meg for at ho er borte nå.

Henta frå NRK's sportsider.
Men heldigvis vil minnene om henne vare, og inspirasjonen vil alltid vare.
I alle fall for meg.

For den som vil hente inspirasjon til å trene etter maratonprogrammet til Grete Waitz, så er boka "Løp din egen maraton - alt du trenger for å nå målet" eit godt utgangspunkt.
 


Den første boka eg las om/av Grete Waitz er kanskje ikkje lenger å få tak i butikkane, men det er fleire bibliotek, deriblant bibliotket  ved Høgskulen i Bø, som har den:




Det er utruleg artig og spennande lesing, om Grete's liv, trening og konkurransar frå 70- og 80-tallet. Den har inspirert meg veldig, og eg hugsar at eg las den på berre nokre få dagar i januar 2007...
"World Class" skrive av Gloria Averbuch/Grete Waitz. Anbefalast!

Hvil i fred Grete.

mandag 18. april 2011

Kjære triatlondagbok...

... nå er det over ei veke sidan eg skreiv sist.
Det er pussig, fordi eg eigentleg har hatt god tid til å skrive. Men motivasjonen til å sette ord på mine opplevingar, aktivitetar og tanker rundt trening og triatlon og livet generelt har vel ikkje vore den store.

Det står jo i margen i denne bloggen at eg likar å skrive om dei små tinga?
Kanskje har eg gløymt dette, og ventar på at det store skal skje, det store eg skal blogge om. Konkurransar, treningscamp, ny PR, ny sponsor, ny sykkel...
Klart dette er artige ting å skrive om, og eg likar absolutt å lese om dette i andre bloggar.

Kan hende det er eit snev av innsikt med i bildet, at alt dette er ikkje i rekkevidde for meg  i det heile tatt for tida?
Eg har nok hatt veldig behov for ein pause etter dei siste åra, og nå kan eg kanskje få den.
Kroppen kjennest ut som om den hentar seg inn igjen. Søvnbehovet er større enn vanleg, til og med større enn det er om seinhausten/vinteren.
Blanklagte nerver gror beskyttelse igjen.
Mellomgulvet slappar av, kvilepulsen går ned og pusten går i roleg takt.
Men det er ein skjør balanse, som plutseleg kan bli forstyrra av ein litt for lang tur med litt for mykje folk rundt, og litt for mykje prat om feil tema, og litt for mange mareritt alt for mange netter på rad.
Då brist roen, og sjelefreden, og mellomgulvet spenner seg og magen knyt seg og gråten kjem i voldsame bølgjer, og folk rundt undrar seg. "Ja men hva skjer nå da?"
Emosjonelt tordenvêr. Det bygger seg opp og så kjem det med eit brak. Kven veit nå grunnen til det...

Tja, eg skulle gjerne visst kva som skjer. Kanskje veit eg det innerst inne, men ønskjer ikkje å vera meg bevisst det akkurat nå. Det er heller ikkje sikkert at det er så mykje hjelp i det?

Det er mange hindringar i livet, og det vil det alltid vera. Men ved å fokusere på målet, kjem ein vidare.
"Obstacles are those frightful things you see when you take your eyes off your goal." skal Henry Ford har sagt.
Og det er mykje sant i det, synst eg. 
Så eg skal ha augo mine retta mot målet mitt: 
Å koma meg til Ironman 70.3 Mallorca.
Og viss det ikkje funkar, så tenker eg heller på at eg skal delta i Ironman Regensburg i august. 

Og viss det heller ikkje skulle ha den ønska effekten, så kan eg alltids drøyme meg bort til den dagen eg skal stå på startstreken i Kona, Hawaii.
Det kan gjerne ta  nokre tiår før eg kjem meg dit.
Og bra er det.
Eg treng nemleg eit godt mål å feste blikket mitt mot, når hindringar kjem veltande innover meg. Og det kunne eg sikkert godt trenge nokre fleire tiår framover.

Målet i det fjerne.


Treninga den siste veka har vore ganske bra eigentleg.
Sjølv om eg kjenner at kroppen min ikkje greier å "absorbere" treningsøktene like godt som tidlegare, eg treng rett og slett lengre restitusjon.
Der eg tidlegare var frisk i kroppen etter ein dags pause etter eit løp, så kjenner eg det nå fortsatt i kroppen etter to dagar. Det kjennest også som om musklane er blitt mindre elastiske, eg får fort krampe i nakke og skuldrer. 
Men pusten er god, tross alt.
Og treningslysten min er god! Kjempegod, ville eg sagt.
Det hjelpar jo veldig at det har blitt skikkeleg vår, og at det er bart og fint på vegane, så racern kan bli tatt fram, og det er såpass varmt i været at det går an å sykle i korte sykkelbukser. Herleg!
Første sykkeltur på racer'n. Deileg!
Midt på dagen på ein mandag. Fine forhold.
Vind i ryggen på veg tilbake langs Seljordsvatnet.

Eg har dessutan investert i eit nytt par løpesko, til tross for at bankkontoen min akka seg og stønna over den ekstra belastninga. Kontoen min er nemleg lik som meg, litt tom om dagen.
Men for meg så har gode (og spesielt nye) løpesko ein slik helsebringande effekt at eg nesten burde få dei på blå resept. Sidan det er lite sannsynleg i nærmare framtid, så postar eg denne utgifta under "helse" og ikkje under "trening", eller "hobby".
Skal desse bli mine? 
Eller kanskje eit par Nike Lunar - tøffelsko utan saumar?
Løpesko-investering 2011: New Balance WR 760. Denne modellen frå i fjor haust sat bedre enn den nyaste frå i vår.
Ikkje at eg held regnskap over mine utgifter på denne måten.

Eg likar då mykje bedre å halde regnskap over mine trenings- og mosjonstimar, og då visar den siste veka seg på følgjande måte:

Måndag: 
2x30km sykling mellom Seljord og Bø. Mål med økta: ærend ved legesenteret i Bø, spare drivstoff, nyte vårsola, teste gir på racer'n
Tysdag:
13km løp.Mål med økta: teste mine nye løpesko, lufte Binna, sortere tankane i hovudet, skape ro i kroppen for ei god natts søvn. 
Forfriskande med nye løpesko!
Onsdag:
Ingen registrering i treningsdagboka mi, ingen hukommelse over kva eg gjorde den dagen, sannsynlegvis raka eg lauv og rusla ein halv times tur med Binna.
Mens eg rakar lauv ventar Binna tolmodig på at eg skal fylle den tome kjelen med mat...
Torsdag:
Gruppetur på eit par timar med middels tung sekk. Ingen registreringar her i treningsdagboka. Men eg hugsar at eg hadde lyst til å trene styrke på kvelden, men blei etterkvart heilt utslitt av at nabogutten køyrde motocrossykkel rundt huset mitt. Ikkje snakk om å vera heime da. Eg rusla heller ein tur med Binna. 
På tur langs Bøelva.

Fredag:
Utslitt etter mange netter med redselsfulle og slitsamme drømmer blei det ikkje energi til trening denne dagen heller, men eg sykla nå ned til sentrum og opp att, og rusla tur med Binna også denne dagen, så heilt inaktiv var eg jo ikkje.
På veg heim frå rusletur oppdaga eg ei padde. Den såg ut til å fryse litt stakkars, og let seg varme i handa mi :)

Laurdag:
Såpass fint vêr ute at det var vanskeleg å bestemme meg. Sidan eg ikkje hadde trent på tre dagar, ville eg helst både svømme, sykle, løpe OG trene styrke. Timane gjekk og det blei seint, men det blei tid til 4x800m intervall på idrettsbanen, ved 5min/k-tempo. Målet med økta: venne kroppen til å springe i 5:00/km fart.
Mobilkameraet syntest at grasset var lettast å fokusere på. Eg og Binna etter årets første intervalløkt på bane.

Søndag:
Trege bein og sløv i kroppen. Men eg ville så gjerne ut og sykle, så eg testa vegen gjennom Åmotsdal. Den var like lang og bratt som i fjor, men bar og sopa fint. Det blei ganske kaldt med motvind i tillegg. Men det blei litt over 2,5t på racern. Målet med økta: teste vegen, teste stigningane og koble litt av.
Det var kaldt på sykkelen gjennom Åmotsdal. Mælefjell i bakgrunnen her.

===> Fasit: Om hovudet ikkje heilt funkar som det skal, og sjelevondt herjar i kroppen, så kan eg tross alt sitte på sykkelsetet i over 5timar, og springe 2timar. 
Det er betryggande.
Det er faktisk ganske bra, det :)

lørdag 9. april 2011

Fjellterapi

Det finst jo mange typar terapi.
Wikipedia føreslår følgende:
--------------------------------------------

Terapi

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Terapi (fra gresk: θεραπεία) er i dagligtale brukt om en aktiv handling for å løse et problem hos seg selv (egenterapi) eller andre.
Som regel brukes ordet om helsehjelp utøvd av en terapeut overfor en pasient eller pasientgruppe, der det anvendes metoder eller prosedyrer som krever skolering.
Samlinger av terapeutiske grep og teknikker utgjør gjerne et hele som får fellesbenevnelsen (Navn)-terapi. Kjente terapiformer er fysioterapi, psykoterapi samt i nyere tid: genterapi.
Utøveren av terapier vil ofte benevnes som terapeut, med den aktuelle terapiformen som prefiks. Der finnes et stort antall behandlingsformer som bruker benevnelsen.
Siktemål er fra helbredelse via bedring av funksjoner til rene velbefinnende, som aromaterapi.
--------------------------------------------

Fjellterapi er ikkje nevnt her, men så er det vel strengt tatt ikkje eigentleg nødvendig å forklare kva fjellterapi inneber.
Klart, me har ingen terapeut her, det burde i så fall vera det personifiserte fjellet, eller så er i dette tilfellet her pasienten = terapeut?
Nemleg den som kjem seg opp i fjellet og gjev seg sjølvhjelp?

Uansett så trur eg siktemålet med fjellterapi er identisk med det som wikipedia nevner i samband med aromaterapi: det "rene velbefinnende".

I går så var det sterk vind over heile Østlandet, men eg greidde ikkje å halde meg inne.
Eg hadde lyst til å sykle, og sidan straumen hadde gått igjen for fjerde gong denne dagen, så var det uaktuellt å sitte på rulle og tråkke uten hjelp av elektronisk underhaldning.

Det er då berre å halde godt fast i styret, passe seg for veltande tre og omkringfykande søppeldunkar og takplater og tenke at det jo også er mykje vind på Hawaii?
Så det kan da ikkje bli bedre?

I full fart som vanleg så røska eg med meg litt mat og drikke, ekstra tøy, ekstra vindvotter og buff. Eg skulle nemleg sykle opp til Grimås, og det er nesten 800m.o.h., og eg har på ein tidlegare tur dit opplevd at ein uansett temperatur ikkje kan kle seg for lite på veg ned, spesielt på hendene.

Sykkelvalget falt på Hardrocxen. Terrengsykkelen min er mykje tyngre enn både ChiCqiloen og Marvilen, og dermed meir stabil i sterk vind, den toler å sykle over stokk og stein og takplater, den har lette gir, og dessutan så er det jo uansett berre grusveg opp til Grimås.
Det som utfordra meg spesielt denne gongen var, at eg siste gong måtta gje meg ved krysset til Grimås, ca.1,5km og 80 høgdemeter før mål...
Bildet er tatt frå første forsøk til motbakkesykling til Grimås, april 2009. Nesten akkurat for to år sida! Då snudde eg ved krysset Grunningsdalen/opp mot Grimås. Det var for kaldt og for bratt denne gongen.

At eg gav meg den første gongen var mest fordi eg hadde med for lite ekstra tøy, og for lite mat, at eg var sulten og sliten og at det begynte å bli kaldt og surt. Dessutan ante eg ingenting om kor langt det var igjen.

Men for berre ei veke sida hadde me vore på hyttetur til Grimås med friluftsgruppa, slik at eg nå hadde visualisert målet mitt: parkeringsplassen ved hytta: Grimås!
Og ja, eg visste at det ville koma nokre bratte og seige bakkar. Men så tenker eg at eg i god fjellvettånd alltids kan snu om eg ikkje orkar meir.
Men alt undervegs blei eg belønna med så fin utsikt!
Utsikt undervegs. Eit lite kraftverk. I bakgrunnen: Skorve.

Dessutan er motbakkesykling 50% mentalt. Og sjølv om eg for tida er sjukmeldt, og dette ikkje skyldest somatisk sjukdom, så håpa eg på at eg hadde såpass av mentalt overskudd igjen (eller kallar ein det for stahet?) til å koma meg heilt opp.
Ha! Dette skal eg klare. Det er jo ikkje beina mine som er sjuke.
Ja da, dei siste par kilometrane var litt bratte og seige. Men det visst eg jo. Men så var det faktisk lite vind der oppe, vegen var tørr og grusen fin, ein bil køyrde forbi meg i sneglefart, skyar dreiv forbi over meg på den blå himmelen, små bekkar av smeltevatn rann langs vegkanten og glitra i sola, dette var da virkeleg fint!
Eg begynner å like motbakkesykling. Det er så flott å få denne utsikten som belønning når ein kjem på toppen! For nokre herlege fjell me har her!


Og så var den siste halvannan kilometer unnagjort, plutseleg så kom det som eg visste var siste svingen inn til parkeringsplassen, og så stod eg der. Eg var framme! Hurra!
Ironmanflaska frå IM Germany bidrar i stor grad til treningsmotivasjon og -glede.
Fin og tørr grusveg, og eit utruleg flott landskap i bakgrunnen. Ikkje rart eg blir i godt humør av å sykle her!
Eg brukte litt over ein time og eit kvarter på veg opp, og hadde det bedre og bedre dess høgare opp eg kom. Det kan ein vel kalle vellykka fjellterapi, når ein blir meir og glad dess nærmare ein kjem fjellet?

Eg har kome fram.Så moro! Vellykka fjellterapi, kan ein vel kalle det?

torsdag 7. april 2011

Big Gear!

Måndag var eg ute på årets andre sykkeløkt.
Bortsett frå mine dagleg småturar ned til Seljord sentrum og opp att, har det ikkje blitt spesielt mange sykkelturar på meg enda. Men meir sykling skal det bli, og på måndag var det så fine forhold, med sol, litt vind og tørr asfalt, at det ikkje var vanskeleg å koma meg ut på sykkelen.
Mandag midt på dagen: Binna nyt vårsola. Eg gjer det same litt seinare, men på sykkelsetet.

Sidan vegane omkring delvis ikkje er kosta enda, og det framleis ligg eindel grus langs vegkanten, så blei det Hardrocxen (terrengsykkelen min) som blei tatt fram.
Dessutan er det fortsatt glattslipne rulledekk på både Marvil'n og Chicqilo'n som er dårleg eigna for utesykling slik at valget denne gongen blei enkelt.
Sidan det er ein del høgdemeter å sykle på IM 70.3 Mallorca, og eg hadde eigentleg litt dårleg tid på mandagsettermiddag, så var bakkane opp og forbi Nutheim eit godt og uverkomeleg mål, med ei mil fram til Flatdal til oppvarming, 4km med 8%stigning, ein herleg utforbakke ned att same vegen, og ei mil sykling tilbake (og denne 1,5km lange bakken heim att, sjølvsagt. Men denne treng eg jo ikkje nevne lenger).

Mila fram til Flatdal blei unnagjort på ein liten halvtime i motvind, og stigninga forsert med friskt mot. Pulsen blei ganske høg, men sola skein og det var lite trafikk (vanskeleg å tru at stamvegen mellom Oslo og Bergen går på denne strekninga, eg har kunna sykla tre-fire minuttar utan å møte ein einaste bil, og klokka var rundt 16.00!!).
Når ein får tid, så kan ein jo nyte utsikten. Anten på veg opp, eller ned.Her mot Flatdal.

Og eg kom meg opp til toppen denne gongen au.
Eg blir ganske fornøydd når eg kjenner pulsen gå ned frå 172bpm til ein meir behageleg frekvens når eg står på toppen, mens eg betraktar trafikkskiltet som advarer bilistane frå Notodden mot bratt utforbakke.
"Flatdal". Åtte prosent stigning er alt anna enn flatt, så det er lurt med varselskilt.
Det slo meg plutseleg at eg for all del IKKJE ville bruke "low gear" på veg ned. Tvert imot. Det er jo nå belønninga for strevet kjem: i utforbakken!
Og eg syntest nok at det trengtest eit anna skilt her:

Er det ikkje slik det burde stått der?
Det hadde vore utruleg kult.
Bra at me alt har passert 1.april, eg trur nemleg neppe at vegvesenet hadde satt pris på ein slik aprilspøk...

mandag 4. april 2011

Klar for Mallorca 70.3?

"Ja er du klar for Mallorca?" blei eg spurt i går. Eg måtte ta ein liten tenkepause.
Kva betyr det eigentleg å vera "klar" for ein konkurranse?
Eg kan ikkje heilt hugse at eg nokon gong har vore ordentleg klar for ein konkurranse.
Men eg har stort sett hatt veldig lyst.
Godt humør og kjempemotivasjon før Bø Sprinten.
Til nokre konkurransar har eg vore veldig motivert.Eg har også vore dårleg motivert, og deltatt likevel, og hatt ei god oppleving.
Umotivert? Eller ikkje klar? Eller berre sliten? Det er det vanskeleg å vite av og til.
Eg hugsar at eg sat i bilen ein gong og køyrde fire-fem mil til eit 10km gateløp der eg heilt klart ikkje var "klar". Og løpet blei heller ikkje noko av skryte av. Tre stopp undervegs der eg faktisk måtte kjempe mot tårene som trengte seg på. Denne dagen var det rett og slett ikkje plass til eit løp.Og det nytta heller ikkje at det var fine forhold, god temperatur, varierande underlag og flotte omgivelser.
Eg var faktisk ikkje klar til dette løpet, og det kjendest som kvar einaste celle i kroppen prosterte vilt mot det eg dreiv med mens eg slepte meg gjennom den lange mila.
Ute på tur, aldri sur? Denne turen var eg i alle fall ikkje klar for. Sliten!

I går så svarte eg at eg var klar. Sjølv om eg ikkje er heilt klar treningsmessig.
Å nei, eg lengter etter fleire sykkelturar ute. Kjenner at det ikkje er nok å tråkke eit par timar på sykkelrulle ved udefinerbar intensitet foran TVen.
Årets første bakkeintervall på sykkelen. Fint med usikt frå toppen.
Eg har også vore lite flink til å gjennomføre mine langturar, som etter planen skulle auke i lengde fram til konkurransen. Eg har kome til km 13,2. På planen står det noko rundt 15km trur eg - eg ser nemleg veldig sjeldan på treningsplanen min.
Binnas variant av "utsikt frå løpetur". Her sist onsdagskveld, mot Skorve.

Om eg ikkje er treningsmessig klar for 1,9km svømming,90km sykling og 21,2 km løp, så tenker eg at eg kan vera klar mentalt sett, uansett kor mange sykkelmil eg får i beina, kor mange kilometer langturløp eg kan loggføre i treningsdagboka mi eller kor mange baner i bassenget eg har svømt.

Eg har hatt tre svømmeøkter så langt i år. Litt tynt treningsgrunnlag kanskje, men det får gå.
Målet mitt med denne IM70.3 konkurransen er først og fremst ei god oppleving og inspirasjon til vidare trening. Det er også tross alt min første Halvironman, sidan det blei forkorta svømming på Tjörn i 2009. Og når målet blir å koma til start, og i mål, så blir eg meir enn klar.
Eg kjenner på meg at blir veldig klar til dette her altså! (Tilfeldig vald bilde som illustrerar fasilitetane rundt hotellet).
Eg skal vera klar uansett til Mallorca. Eg gleder meg nemleg utruleg til denne konkurransen. Mykje fordi eg treng eit avbrekk frå kvardagen, eit miljøskifte, nokre andre enn dei vanlege fire veggar å sjå på, ei anna luft å puste i, å vera omgitt av folk og hus og landskap og ord eg ikkje er van med eller forstår, og alt dette i selskap av gode venner. Det fristar veldig.
Svaret er altså: Ja.