It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

torsdag 28. mars 2013

Nye (påskegule-) løpesko!

Det er jo slik at folk fleste pyntar til påske med påskeegg, og gule stearinlys og gule påskeliljer osv, og det er jo fint med tradisjonar, men i år så har eg tenkt å innføre ein ny tradisjon:
Påske-løpesko-pynt!

Eg har vore på jakt etter eit par nye løpesko i nokre veker nå.
Den sist så fint omtalte K-Swiss Kwicky har eg funne ut er nok best eigna til korte raske løpeturar, den har nemleg litt i overkant hard sole (den skal heller ikkje ha mykje demping) noko som ikkje er snilt med knea mine, spesielt på mølle.

Tidlegare så har eg likt ASICS veldig godt, både som mengedetreningssko (Nimbus) og modellar med mindre demping (Endura, Trabuco og 1100-serien) til terreng og kortare turar.

Men dei siste åra har eg prøvd ut og blitt meir og meir glad i løpesko frå New Balance.
Dei ser ut til å passe føtane mine perfekt (eg har litt breie føtar framme og treng plass - ingen smale sko på mine føtar!) og er gode å ha på i timesvis (gjeld terrengmodellen) og er ikkje i dyraste laget heller.
New Balance 1080 v2 limited edition
Nå med det forholdsvis omfattande treningsprogrammet til Dave Scott så kjendte eg at eg trengte eit par løpesko som sit godt, er behageleg, har mjuk demping (eg er jo ikkje så tung, så om ein sko har mykje demping og er beregna for tyngre personar, så har eg ikkje noko nytte av den) og ser bra ut.

Eg ville heller ikkje bruke altfor mykje pengar på nye sko, sidan eg likar å skifte sko heller ofte.
Budsjettet er stramt nok frå før, så då tråler eg heller gjennom nettbutikkar verden rundt for å finne rette sko.

Til slutt så falt valget på desse:
New Balance 1080 v. 2.0
Påske-neongule er dei. Såå fine! Velkommen hos meg!
Det er løpesko for løparar med nøytralt fotsteg (verken overpronasjon eller supinasjon). Det er ein mengdetreningsmodell som likevel er forholdsvis lette.
New Balance seier det slik: "Built for maximum comfort, performance fit and flexibility, you can count on the New Balance 1080v2's ultimate soft ride and smooth transition from heel to toe to make the most of every run."

Sålen på New Balance 1080 v2
Hmmmm ja eg trur demping er noko eg treng.
Eg har nemleg visstnok ein menisk i venstre kne som er litt irritert over harde støyt i nedoverbakkar, så då skal det dempast.

Fargane er limited edition, og eg som har så fargedilla, måtte berre få tak i denne neongule varianten.
Den fann eg til slutt til akseptabel pris på den britiske amazon.
Bildet er frå amazon.co.uk  - uimotståeleg med desse fargane spør du meg.
Eg har funne ut at New Balanse faktisk lagar skoene sine i Storbritannia. Til samanlikning: ASICS og K-Swiss lagar sko "Made in China" og NIKE "Made in Indonesia". Det er ikkje så nøye for meg eigentleg, men allikevel ei stjerne i boka for New Balance!
Eg brukar størelse 39.
Legg merke til at US 7,5 tilsvarar UK 5,5 og EU 38 i størrelsen hos New Balance.
Dette er ganske forskjellig frå f.eks. ASICS US 7,5=UK 5,5 = EU 39 eller NIKE US 8=UK 5,5=EU 39.
Her skal ein kjenne føtane sine!
Åå som eg ser fram til å prøve dei!

Dei sit nemleg utruleg godt, og dei kjennest som dei inviterar til å løpe!
Klart, som me alle nye løpesko skal dei ikkje ut i snøslaps, vatn, søle og grus med det første - det er berre tørr fin asfalt dei skal koma i kontakt med :D
Eg er i det heile tatt usikker på om eg tør å bruke dei ute!

Det var så mange fine detaljar.
Kanskje blir dei tredemølle-sko til å begynne med?
Uansett, så kjem dei nok til å stå og vera pynt her i leiligheten i påska.
Dei pynter til og med når dei ligg på golvet :D
Med så flotte fine påskefargar på skoene som i tillegg passar perfekt (ein tek jo alltid ein sjans når ein bestiller sko på nettet) så er eg berre så utruleg fornøydd!
Og eg som trudde eg måtte ta og handle inn påskepynt?

Det slepp eg visst i år :)

mandag 25. mars 2013

Gje meg sol! Gje meg varme! Gje meg vår! (Gje meg tolmodighet...!)

Eg har ikkje blogga på to veker, og det finst eigentleg ikkje nokon spesiell grunn for at det er slik.
Det har vore artig å lese andres bloggar, rett og slett.
Så har det heller ikkje skjedd noko spesielt spennande.

Men det som skjer, det eg kjenner, og dette i aukande grad, er at eg har frykteleg lyst på sol og varme.
Nei, eg er ikkje lei av vinteren eigentleg.
Den siste snøen som kom har gjort alt så mykje lysare.
Så lyst at det kombinert med solskinn gjer det faktisk blendande lyst.
Og det er super forhold for å nyte påske med ski på beina (eller snøbrett).
Og mens eg ventar eit par månader til det blir utesvømming,
svømmer eg i bassenget. 
Men eg er blitt så avhengig av sol den siste tida.
Kan ikkje fordra at leiligheten min ikkje har vindu mot sør.
Så eg vurderar sterkt å flytte!
Samtidig så kjenner eg at med det krevande treningsopplegget mitt så er det faktisk ikkje plass til ein ny flyttesjau før sommaren.
Eg er også såpass godt i gang med samtaleterapi, at eg ikkje har lyst til å kaste bort tid, pengar og energi på å flytte.
Så det får vente.

I mellomtida må eg vel koma meg UT i sola.
Og det gjer eg jo.
Men eg skulle ønske at det var litt varmare.
Sjølv om eg vil heller ha eit par kuldegradar og sol enn åtte plussgradar og regn.
Eller...?

Det nærmar seg påske med stormskritt, og samtidig så nærmar det seg dagen for at det er 1000 (tusen!) dagar sidan eg fullførte Ironman i Frankfurt.

Og det er ein grunn å feire.
Dagen fallar på påskeaften.
Kult!

Fram til da så fortset eg med treninga.
Det har gått nokonlunde bra å følge treningsopplegget til Dave Scott.
Det er mange harde økter, mykje intervall, mykje variererande kadens og giring på sykkel.
Men dess meir eg blir kjendt med øktene, og opplegget, dess bedre likar eg det!

Eg har til og med laga meg mine eigne "spinningsprogram" der musikken, eller takten i musikken, angir kadens, dvs tråkk pr minutt.
Ved å følge musikkens rytme er det veldig mykje enklare å halde ein høg kadens, spesielt over 95 rpm.

Eg er også veldig fornøydd med oppfølginga frå teamet Dave Scott/David Glover.
Dei svarar raskt pr email. Først kjem det gjerne ei tilbakemelding på spørsmål frå David Glover, og så eit meir detaljert svar frå Dave Scott (hehe, det er eigentleg ganske kult når eg tenker over det, eg får treningsråd frå sjølve Dave Scott, det er jo så kult, det har vel kanskje ikkje heilt gått opp for meg? Eller har eg kanskje alt blitt vant til det?)

Når det gjeld sol og varme, så er det jo meldt masse fint vêr i påska, så eg får vel anledning til å få sol på meg om eg vil?
Så får varmen heller vente.
Kan ikkje heilt skjønne eigentleg at eg er så opptatt av dette med lys og sol og varme, folk flest er glad i lys og varme, men ikkje så frykteleg avhengig som eg føler at eg er.
Eg har fått nok av at det er kaldt!
Men men, nok med filosofering og fundering, eg får jo ikkje sol på meg når eg sit inne og bloggar i evighetar...
Lukas kosar seg i sola han også!

mandag 11. mars 2013

Er eg "uncoachable"? - Den første treningsveka med Dave Scott

Då er det altså mandag igjen, og den første veka med trening etter programmet frå Dave Sott er tilbakelagt.
Det har vore ganske utfordrande å tilpasse planen, reint praktisk.

Her i Seljord er svømmehallen ikkje open dei dagane det står svømming på programmet.
Dessutan har eg ein fast dag i veka der eg er ute på gruppetur, og då blir det anten tur på beina eller på ski, og intensiteten og lengda osv kan variere, og dette veit eg sjeldan før me er ute.

Dessutan var eg usikker på om eg skulle

  1. prøve å følge planen ganske slavisk, 
  2. følge planen og hoppe over øktene som ikkje passar
  3. legge ny kabal med øktene, dvs endra vekestrukturen men behalde øktene
  4. følge programmet i antall økter men kutte ned på lengda på øktene
Det blei ein mellomting og til slutt ei veke med ganske variert trening!

Måndagen blei det styrktrening på litt over ein time (planlagt svømmeøkt gjekk ut).

Tysdagen var eg skikkeleg støl etter måndagens rare øvingar, så eg droppa intervalløpeøkta og tok 50min på sykkelrulla, med variert giring.
Kjekt med ein app som lagar akkurat
det sykkelprogrammet du treng -
med forskellig kadens - spinning trainer.

Onsdagen var det planlagt "off"-dag, og på kvelden blei det nettmøte med David Scott og Dave Glover, som er assistenten hans.
Det var ganske artig med webcam, me var ein gjeng i Haugesund, meg frå Telemark og så Dave og David frå Boulder i USA. Haugesundgjengen hadde skrive opp ein heil del masse spørsmål som dei stilte, og det var kjekt, sidan eg hadde lurt på mykje av det same.
Dessutan var det kjekt å sitte "ansikt til ansikt" med coachen min, eg trur det er bra for motivasjonen, det.

Torsdagen stod det bakkeløp og svømming på programmet, men dette blei det ikkje noko av, i staden for blei det ei mil på ski med innlagt harde intervall (det blir ganske hardt å skøyte med smørefrie turski, så det var effektivt!).
Nyoppkøyrde løyper! 
Nydeleg vintersol.
På kvelden hadde eg gjerne kunne ha svømt litt, men då hadde magen min slått seg vrang etter noko mat den ikkje tolte, og det blei sofa og smertestillande frå kl.18, der eg greidde så vidt å rusle ein halv time med Lukas før eg la meg.

Fredagen var magen min fortsatt vrang.
Enda ein "off"-dag trengte seg på, men denne var ikkje planlagt.
Men sånn er det. Når eg i tillegg hadde terapisamtale og nokre gruppegreier så var eg i grunnen forsynt.
Då magen min roa seg på kvelden blei det ein god tur med Lukas, men ingen trening.
Det finst omtrent ikkje medisin mot funksjonell dyspepsi (aka magekatarr)
 - men peppermynte er bra!
Laurdagen var formen bra att, og eg tok meg ein tur i bassenget der eg fullførte intervall på 11x100m i ein fart på 1:45-1:55/100m med varierande pause i mellom. Beskrivinga av øktene til Dave Scott's treningsprogram er veldig detaljerte, og alle intervall er nøye beskrive, og det er slett ikkje noko så enkelt som 10x100m i fart x med xsec pause, det er mange forskjellige lengder og fart og pausar imellom, så neste gong skal eg ha med programmet skriftleg, for sånt går det ikkje an å hugse på for meg!
Ja slik skulle det vera!
Med Dave Scott ved bassengkanten hadde eg gjennomført alle desse intervalla hans til punkt og prikke!
Men bildet er frå triathlon competitor.
På laurdagsettermiddag blei det som planlagt ein lang løpetur i roleg tempo ned innlagte gåpausar (oversett: snuse- og markere-pausar, sidan Lukas var med) på ca 1,5t.

sundagen blei det som planlagt ein lengre sykkeltur, på 1,5t. Ikkje gjennomførte eg her dei planlagte intervallenhetane og variabel giring etter planen, men sidan eg sykla på ganske kupert veg, så prøva eg å legge inn forskjellige gir undervegs.

Til saman så blei det 7t15min eller noko, men da har eg ikkje tatt med all transportsykling og turane med Lukas. Det er ikkje så verst, sidan det var planlagt 9t45?

Eg må hugse på at det ikkje er absolutt nødvendig å gjennomføre treningsprogrammet 100%, så derfor er målet mitt å auke fullførte % etterkvart.
Spesielt nå i starten så  brukar eg ganske mykje tid på å sette meg inni programmet hans. Som sagt, det er mange detaljar og forkortningar og soner og kadenssoner å sette seg inni. 
Både Dave Scott og David Glover er idrettsfysiologar av utdanning, og dei tek faget sitt seriøst og brukar kunnskapen sin konkret i treningsprogramma.

Men det kjendest godt å følge ein plan.
Sjølv om eg heile tida har lyst til å stokke om på øktene og tilføye mine eigne variantar, og teknikkar, og øvingar, men kva er då poenget med å ha eit treningsprogram når eg ikkje følger det?
Enkelte dagar den siste veka hadde eg brukt såpass mykje tid på å tilpasse programmet til mine eigne behov ved å kutte ned på tida, stokke om på dagane osv at eg kjendte meg nesten "uncoachable".
Men det trur eg er berre ein overgang.

På søndagen var lårmuskulaturen min i alle fall ganske sliten, og det kjendest godt.
I dag trena eg styrke- og skadeforbyggande stabilitetstrening, og då eg varma opp på tredemølla, så kjendest beina eigentleg fine igjen.
Så det spørs om det ikkje blir den planlagt løpeintervalløkta i morgo...?
Kanskje er eg ikkje uncoachable likevel?

God trening alle saman!

mandag 4. mars 2013

"You're now ready to begin"

Sitat frå Dave Scott's triathlon training guide.


Og nå er eg i gang.
Eller, eigentleg, så startar ikkje treningsprogrammet før i dag.
Men så måtte eg berre tjuvstarte litt i går, med ein sykkeltur.

Første sykkeltur ute i 2013:
Søndag, 3.mars.
Herleg!
I løpet av helga fekk eg tilsendt dei første to vekene med treningsprogrammet frå Dave Scott.
Ein kunne velge mellom "novice", "intermediate" og "advanced" og faktisk ta dette valget for både svømmetreningsplanen og sykkel/løp.
Eg valgte meg "intermediate" for både svømming og sykling/løp.
Utifrå antatt sluttid på halvironman (men den skal eg halde for meg sjølv :D ).

Treningsplanen er dynamisk, dvs den startar frå eit gitt utgangspunkt og blir tilpassa undervegs.
Det er dessutan mogleg å bytte mellom dei tre forskjellige nivåa.
Dave Scott benyttar seg, som mange andre coacher, den nettbaserte treningsanalyse- og planleggingsapplikasjonen trainingpeaks.
Her blir dei planlagte treningsøktene lagt inn, samt at ein kan registrere treningsøktene sine.
Så er det ein heil masse analyse- og statistikkverktøy for pulsdata, wattmåling, tilbakelagt distanse, tid, osv, og mesteparten av dette er faktisk også tilgjengeleg gratis når ein ikkje har treningsavtale.

Eg synst at applikasjonen er heilt grei å bruke, den er til tider litt treg, men dette kan også ha samanheng med den stakkars trege overlasta PCen min.
Det finst også ein app for android (og enda fleire for iPhone, iPad osv), der ein kan legge inn treningsøkter og daglege data for søvn, stress, kvilepuls osv, og den app'en funkar ganske bra.


Så nå er eg jo klar?
Saman med den første e-posten og treningsprogrammet kom også ein video med litt informasjon om opplegget av Dave Scott.

Det er jo slik at treningsprogrammet er ganske omfattande (men det er ganske vanleg for triatlontreningsprogram - triatlon består nå tross alt av tre typar sport), med tre økter for både svømming, sykling og løp.
I tillegg skal ein gjennomføre skadeforebyggande stabilitets - og styrketrening.
Helst to gonger i veka.

Men så sa Dave Scott at viss ein gjennomfører rundt 70% av programmet, så er det bra!
(Det minner meg om eit fag eg tok ved Høgskolen i Bø, Prosjektstyring, der me fekk fortalt at me skulle gå utifrå at ein arbeidskraft kan yte 70 eller 75% av arbeidstida/innsatsen - der er faktisk sjeldan at det blir ytt 100% heile tida!)

For meg er det heilt uaktuelt å svømme 3x i veka, av praktiske grunnar og fordi forbetringspotensialet mitt på svømming ikkje er spesialt stort. Eg svømmer stort sett bra, om eg trenar mykje eller ikkje.
Så eg kjem til å svømme ein gong i veka, kanskje to viss det passar seg slik.
Foreslåtte treningsmengde er forresten nesten 8000m den første veka, og dette er dobbelt så mykje som eg svømte i heile 2012 samanlagt!
Sikkert bra for dei som trening mykje svømming, men for meg er det altfor mykje.

Sykling blir det meir av nå når det har blitt bart ute på mange av vegane, men realistisk er det å tenke to økter i veka for meg. Det blir uansett mykje transportsykling framover, så samanlagt blir det ein del tid i sykkelsetet.
Når forholda er slik, er det moro å sykle. Dette var 3.mars. Herleg :)
På løpinga har eg mykje å forbetre.
Så dei tre øktene pr veka skal eg følgje nøye.
Eller, så godt det let seg gjera, i alle fall.

I dag er det etter planen svømming, men denne økta droppar eg til fordel for skadeforebyggande stabilitets- og styrketrening. Kva det nå konkret inneber skal eg sette meg inni nå etterpå, for me fekk også tilsent ein plan på dette, med beskrivelsar og videoar.

Spennande å følge eit treningsprogram!