It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

onsdag 29. juni 2011

Å svømme etter sjøormen...

Etter den lange beslutningsvegringa i går greidde eg til slutt å rive meg laus og gjera noko. Eigentleg skulle eg berre handle. Klokka hadde alt blitt halv ti (eg er også ganske uthalden når det gjeld beslutningsvegring: eg kan vegre meg i mange timar i strekk: skikkeleg sprøtt eigentleg) på kvelden, så då blei det å pakke fort mobil og lommebok, hive sele på Binna og styrte ned til bilen for å rekke handleturen.
Det var utruleg varmt ute, og ganske høg luftfuktighet.
Det har regna hardt denne sommaren. Kanskje skal eg begynne å dyrke ris?

Ikkje så rart, når regnbygene stod i kø og tømte seg utover landskapet med jamne mellomrom...
Det var nesten nok å berre gå i den fuktige lufta for å bli våt.
Og då slo det meg at det beste eg kunne gjera var vel eigentleg å blir ordentleg våt? Med andre ord, svømme?
Skikkeleg vått regn.
Eg hadde med svømmetøy og våtdrakt i bilen, og eit bittelite handkle, så meir trengst det då ikkje?
Eit kort øyeblikk vurderte eg å fort køyre heim og hente den nye våtdrakta mi, sidan eg eigentleg hadde trengt å teste/bruke den litt meir.
Men eg innsåg fort at fleire beslutningar var det rett og slett ikkje plass til i hovudet mitt, og før eg ombestemte meg, hadde eg alt køyrt ned til Sanden Camping og ned til stranda og parkert bilen med god utsikt over vatnet.
Klokka er ti på kvelden, rett etter ein regnbyge. Vatnet ser deileg ut!
For som tidlegare sagt: Store vannflater tiltrekker meg, og når eg først har stoppa ved eit vatn, og har svømmetøy i bilen, så lar eg meg ikkje stoppe så fort.
Vatnet ved Sande Camping hadde vore iskaldt for 14 dagar sidan, men berre dei få solfulle dagane og den varme lufta hadde greidd å auke vanntemperaturen litegrann, slik at det kjendest ganske greitt.
Dessutan måtte eg tenke på ein av mine Facebookvenner i USA, som nettopp hadde prøva seg på Ironman Coeur d'Alene (IM CdA), og som måtte droppe ut av konkurransen alt etter svømminga på grunn av hypotermi.
Swømminga på Ironman Coeur d'Alene.

Vanntemperaturen i innsjøen der borte (i Lake Coeur d'Alene) var på 56 Fahrenheit, noko som tilsvarar 13 grad Celsius!
Og DET er jo iskaldt!
Då kan eg vel neppe klage over temperaturen som kanskje ligg på rundt 16gradar?
Og dette mentale bilde, av mange tapre Ironmantriatletar som kjemper seg gjennom 3,8km svømming i 13 gradar kaldt vatn hjelpte virkeleg på innstillinga mi mot kaldt vatn.
Eg er riktignok ein frysepinne, men så ille er det jo ikkje.
Ja det beste er jo eigentleg å berre hive seg uti.
Det blei to omgangar svømming på ca 10min. Eg svømte stranda opp og ned eit par gonger og kosa meg ved dei gode forholda, og stillheten, og at vatnet kjendest varmare og varmare etterkvart, kikka ned i djupet etter sjøormen, og hadde det ganske bra.
Er det sjøormen der borte, tru?
Sjøormen dukka ikkje opp denne gongen heller, men utebadesesongen har jo berre nettopp begynt, og er fast bestemt på å ikkje la det regntunge været skremme meg frå å bade.
Å svømme er jo tross alt noko eg likar, og når ein er ute i regnet, blir ein jo våt uansett, så då kan eg jo like godt ta meg ein svømmetur.

Og vera på utkikk etter sjøormen. Kanskje ikkje den store. Kanskje ein liten sjøormunge?
Eg har god tid. Badesesongen er lang. Sjøormen kan jo dukke opp når som helst.

tirsdag 28. juni 2011

Beslutningsvegring (intro)


Etter å ha sitte heime i nesten to timar og vurdert ulike aktivetetar eg kunne halde på med i dag, har eg fått nok.
Det blir mest sannsynlegvis ingen trening i dag heller.
Eg har beslutningsvegring i dag.
Tiltakslysten er borte.
Gleden er borte.
Eg er ganske likegyldig.
So hotfor trene?
Fordi eg har eit mål?
Ironman?
Eg skulle ønske at det var så enkelt som å seie: "Men når eg tenker at eg skal delta i min andre Ironman i år, då blir eg så motivert til å trene, og då blir det lettare å koma i gang."
Og ofte er det slik. Men ikkje i dag.
Etter å ha googla litt på beslutningsvegring og engelsk "indecision", kom eg fram til (igjen) at depresion og tvangsgrubling/beslutningsvegring heng ofte tett saman.
Med tanke på Ironman om fem veker skulle eg gjerne ha gjennomført ein eller annan form for trening i dag. Min siste løpetur på laurdag var aldeles bra og inspirerande.
Utsikt frå ein to mil lang løptur langs Seljordsvatnet.

Søndagen blei det restitusjon (to timar løping + 45min tur rett etterpå blir nesten tre timar på beina og då var det godt å slappe av dagen etterpå), mens det blei ein dårleg dag i går, sånn mentalt, helse-, energi- og tiltaksmessig.
Kanskje litt blogging hjelpar?
Men det er ikkje noko stas å skrive om meg sjølv når sjølvfølelsen er på botnen og eg helst ikkje vil eksistere, men hoppe fram i tid.
Derfor skal eg legge inn eit innlegg her om depresjon, frå studentsamskipnaden i Bergen. Teksten var kort og lettfatteleg skriven, og derfor blir det rett og slett "klipp og lim" her.
Eg har også framheva den setninga som eg brukar som "førstehjelpstiltak" mot beslutningsvegring.

Her kjem du til innlegget mitt, mens originalartikkelen kan du finne ved å klikke her.



God lesing!


mandag 27. juni 2011

Beslutningsvegring (framhald)

Frå nettsida til studentsamskipnaden i Bergen:

(Originalartikkelen finn du her.)

Depresjon

Depresjon er langt hyppigere enn folk flest tror. Man regner faktisk med at risikoen for at en person skal få en depresjon en gang i livet er ca. 20 % for menn og 40 % for kvinner. Til enhver tid har ca. 15 % av befolkningen depressive symptomer.
sjø
”Grubling + pessimisme = depresjon”
Depresjon er en fellesbetegnelse på en rekke tilstander, der de mest fremtredende symptomer er:

manglende overskudd og initiativ

overdrevet negativ tenkning

konsentrasjonsproblemer

søvnvansker

motorisk uro

irritabilitet

angst


Når man har vært deprimert en stund kan man ofte ende opp med depressiv grubling.  Man dveler rundt tap og feilgrep, og sammenligner seg med andre og hva en selv fikk til tidligere. 
Man husker lettest minner som samsvarer med den sinnstemning man er i.  Det vil med andre ord si at er man i dårlig humør så huske man gjerne negative minner, og motsatt, er man i godt humør så husker man bedre de hyggelige tingene som har skjedd en i livet.

Sentrale bekymringstemaer ved depresjon kan for eksempel være:

  • mangel på verdi
  • mangel på mening
  • mangel på håp

En deprimert person har gjerne et negativt syn i forhold til:

  • seg selv (utilstrekkelig, mislykket, uverdig)
  • omverdenen (kjedelig, meningsløs, betydningsløs)
  • fremtiden (dyster, uten håp)
Disse negative tankene kan være et resultat av tidligere vonde livserfaringer og tapsopplevelser. 

Når kan det være nyttig å søke profesjonell hjelp?

En depresjon går i de fleste tilfeller over, enten av seg selv, eller ved behandling. 
Mange mennesker får imidlertid ikke den hjelp de kunne ha nytte av, fordi de ikke forstår at de har en depresjon.

Det er helt normalt å bli trist og nedfor når livet går oss imot.  En livskrise kan medføre håpløshet, tristhet og pessimisme.  Men når dette blir så alvorlig eller langvarig at det skaper store problemer i forhold til de nærmeste, eller medfører arbeidsuførhet og sykemelding, dreier det seg som regel om en tilstand det bør søkes hjelp for.

Ung kvinne

Hva kan du selv gjøre?

Sosial kontakt

  • Prøv så godt du kan å holde kontakt med andre mennesker rundt deg. 
  • Ikke sitt og vent til andre tar kontakt:  Vær aktiv selv! (selv om vi vet dette er spesielt vanskelig i slike perioder....)
  • Sett små delmål, husk at én avtale i uken er bedre enn ingen!
  • Gode relasjoner til andre mennesker motvirker depresjon.  Negative relasjoner eller ensomhet forsterker depresjon og kan bidra til tilbakefall.

Konstruktiv tankegang

  • En kan trene på å snakke mer konstruktivt til seg selv. Det handler om å være en positiv støtte overfor en selv når en trenger det. 
  •  Å lære seg en mer støttende eller optimistisk holdning innebærer ikke at en skal fornekte realismen, men optimisme kan kanskje kalles en form for humanisme, i den betydningen at den formidler toleranse og håp.

Fysisk aktivitet

  • Vi har i dag god dokumentsjon som viser at fysisk aktivitet hjelper mot depresjon og  angst
  • Det er ikke nødvendig med hard fysisk trening inne på et treningssenter mange timer i uken.  Det viktigste er at du finner noe du liker og som du kan mestre i nåværende situasjon. 
  • Dette gjelder både i forhold til intensitet og varighet på aktivitetene.  
  • Mange har for eksempel nytte av å gå på tur, være ute i dagslys og frisk luft.  Gode naturopplevelser kan gi en pause fra vanskelige tanker og følelser, og kanskje få deg til å føle deg litt bedre en liten stund. 

onsdag 22. juni 2011

Er dette sjøormen?

Nå når det har blitt sommar, har eg gjenoppleva den gode vanen min med alltid å ha svømmetøy og handkle når eg er ute på tur. På biltur, nærmare sagt.
Etter at eg har forsømt svømmetreninga noko grovt denne vinteren, skal eg i alle fall ikkje måtte gå glipp av ei anledning å svømme ute, når den måtte by seg.
I går var det ei slik anledning.
På veg tilbake mot Seljord frå Bø kom eg forbi Sanden Camping. Dit syklar eg ofte på kvelden, viss eg skal trene litt bakkar. Og sjølvsagt er det lenge kveldssol der også.
I går var det varmt og nydeleg solskinn, og eg hadde tatt med badedrakt, svømmehette, -briller og eit ørlite handkle i bilen, berre i tilfellet eg skulle plutseleg få lyst til å bade.
Det har jo hendt før. Ein liten biltur langs Seljordsvatnet med den glitrande vannoverflata i solskin, og eg er nødd til å stoppe. Det er heilt magisk. Store vannflater tiltrekker meg. Slik er det kanskje når ein har svømt sidan ein var 4år, og har vakse opp med hytte på ei øy, og strand og bading.
Eg elskar å svømme.
Uimotståeleg. I alle fall på sommaren. Hmmm...
Vatnet ved Sanden Camping hadde eg aldri prøva før. Pussig eigentleg. Men nå hadde eg sjansen. Bilen blei parkert i skyggen med Binna lettare skuffa på passasjersetet, og posen med svømmetøyet tatt ut.
Eg pleier gjerne å spørre om det er greitt at eg trenar svømming på ei strand som er tilknytta ein campingplass, vanlegvis kostar det jo også å parkere, men på Sanden Camping var det berre fritt fram for meg å svømme.
Stranden ved Sanden Camping består av små steinare som fort blir varme i sola.
Stranda består av fin og litt grovare stein, og er ganske langgrunn. Og heilt ved kanten var vatnet utruleg varmt! Vannkanten er halvmåneforma mot sør, slik at det blir fort varmt på stranda og i vatnet, og ein har både morgon-, middags- og lenge kveldssol.
Det er ganske grunt, og då var vatnet utruleg varmt.
Eg hadde ikkje planar om å trene noko særleg, og hadde eg hatt det, måtte eg nok ha svømt ganske fort og hardt for å halde varmen utan våtdrakt. Med jamne mellomrom blei nemleg det varme vatnet avbrote av kalde straumar, så her gjaldt det å svømme med den varme straumen, og samtidig halde kroppen godt i vannoverflata, der vatnet var varmast.
Men herleg var eigentleg å svømme utan våtdrakt.
Kjempefornøydd! Eg kom meg uti og svømte, utan våtdrakt, og det kjendest herleg!
Eg har enno ikkje blitt venner med Orca-drakta mi, og drømmer om ei god våtdrakt utan armar, og med med god frihet i nakken. Det hadde eigentleg vore kjekt om nokon laga ei våtdrakt med glidelåsen framme for meg også...
Vatnet var utruleg honningfarga,
og sola laga noko fantastiske mønster gjennom bølgjene ned mot steinane.
Klart vatn, steinar, sol og små bølgjer skapar fantastiske refleks.
Eg svømte ein liten tur rundt brygga. Der blei det plutseleg utruleg djupt, og vatnet blei heilt svart mot det djupet.
Kanskje det dukkar opp ein ørliten sjøormunge her snart?
Ein må nok ut på det djupe skal ein sjå sjøorm, vil eg tru.
Samla svømmetid kan ikkje ha vore meir enn 10 minuttar, men det var kvalitetstid, og ikkje minst: god restitusjon. Etterpå var det utruleg deileg å strekke seg ut på dei varme steinane og høyre på dei små bølgjene skvulpe i land.
God restitusjon for kropp og sjel var det, og det trengtest!

(Og om eg ikkje såg noko sjøorm denne gongen heller, så skal eg halde augo opne framover. Og ha kameraet klart. Kanskje.)
Er dette sjøormen? Ein må ikkje la seg lure av ting som liknar på ein kvist. Det kunne ha vore ein sjøormunge...

søndag 19. juni 2011

Fart og spenning

God dag, regnfulle søndag!
Eg kan ikkje fatte at det er meldt så mykje regn dei dagane framover.
Så lenge det er varmt ute synst eg ikkje at det gjer noko å bli våt ute, ikkje eingong på lange turar på sykkelen, men dei siste dagane har det også vore ganske kjøleg.
Med ned til 12 gradar på kvelden synst eg at det blir litt i kaldaste laget. Og så er det berre éi veke fram til Sankthans!?
Men men, me får ikkje gjort så mykje med været.
Fordelen med låg temperatur er, at Binna kan vera med på løpeturane mine.

Fredagskvelden med sine tolv kjølege gradar og skya himmel var bra for Binna og meg til å jogge ein lengre tur på eit par timar.
Caps hjelper mot duskregn, Binna får bera drikkeflaska mi, då har me det bra på løpetur!
Klokka er 21.00 på ein fredagskveld. Det var ikkje mange me møtte undervegs. Her i Bringsås.

Ein av mine yndlingsblomar. Binna ventar tolmodig i bakgrunnen.
Såå fine! Eg er nødd til å stoppe og ta bilde. Både på rusletur og løpetur.
Eit heilt tre med rosar! Såå fint! Bildet er tatt på ein rusletur.
Rynkerose. Trur eg. Altså ein nyperose.
Det blei altså ein fin subbe-joggetur på fredag, og samla tid på beina blei to timar, mens netto løpetid kanskje 1t45min. Men det var eg veldig fornøydd med, spesielt dagen etterpå, og i dag, når eg ikkje er støl eingong.
Sist tysdag derimot, då var det tilnærma 20gradar varmt, solskinn og høg luftfuktigheit midt på dagen. Eg var invitert til middag seinare på ettermiddagen, og hadde så lyst til å springe ein liten tur først.
For Binna ville det blitt altfor varmt. Dessutan hadde eg tenkt meg ein tur opp i Kivledalen, og Binna har ikkje så godt av å slite seg opp og ned bratte bakkar i varmen lenger.
Eg blei litt rådvill, sidan eg ikkje er så glad i å løpe aleine. Men så tenkte eg på desse to spreke nabobikkjene Turbo og Ira, to Engelsk Setter, som begge to er aldeles glad i å springe. Spesielt Ira, som framleis er ung og sugen på fart og spenning, er uthalden og lett til beins.
Det endte med at Binna fekk vera heime på sofaen, mens eg tok med meg Ira på tur. Med lang strikk og godt polstra hoftebelte gjekk me i gang, og her blei det ikkje mykje subbing og jogging!
Ira er glad i fart og spenning. Eg blei heilt utslitt. Høg intensitet i ein time!
Også ein engelsk kan slappe av. I eitt minutt eller to...
Eg valgte å springe heile vegen opp til Kivledalen, og fram til starten av Hanakamjuvet. På grunn av den knappe tida, og den høge intensiteten, så var det heilt greitt å snu då etter ein halv time. Ira er virkeleg glad i fart og spenning. Eg hadde ikkje sjangs til å bremse ho i den slake nedoverbakken heller. Og eg skulle gjerne hatt GPS med meg da, for å sjekke kva fart me hadde.
Det gjekk jo så utruleg fort!
Andpustne, men glade og fornøydde!
Det var skikkeleg inspirerande å løpe med Ira. Ho er virkeleg glad i å løpe, og glad i fart, og eg har skjønt at eg har blitt god på akkurat det eg trenar på: nemleg lange rolege løpeturar med mange pausar, slik som eg løper dei saman med Binna. Og bra er det, sidan det er akkurat den treninga eg treng for min neste Ironman.
Men kjekt og inspirerande å variere innimellom.Og moro å la seg smitte av slik løperglede! Også om den berre kjem av ein fartsgal/glad engelsk setter... ;)

søndag 12. juni 2011

Då er utesvømmesesongen for 2011 i gang.

I dag var det ein herleg sommardag, med så mykje sol og blå himmel, og så var det faktisk også ganske varmt. Sidan eg sykla ein lengre sykkeltur i går (90 km med 980m stigning), så stod det restitusjon på programmet i dag.

Mesteparten av dagen i dag var det rett og slett deileg å ligge ute og nyte varmen og sola.
Dessutan var Binna ikkje heilt i form i dag.
Eg tippar på at dei store porsjonane med pølse og hamburgarar etter grillinga i går kveld låg litt tunge i magen hennes. Eller var det den seine spaserturen heim att som ho blei sliten av?
Så svømmeturen i dag skulle eg vente med til kvelden, når Binna også hadde restituert seg.

Eg har kvia meg litt for å svømme ute etter  IM Mallorca. Eg vil rett og slett ikkje bli minna på at Seljordsvatnet er langt ifrå så varmt som havet i den langgrunne bukta utanfor Alcúdia på Mallorca...
Eg er alltid skeptisk før eg skal svømme ute - eg er rett og slett ein frysepinne, og det anar meg at vatnet er kaldt.

Men eg skal tross alt svømme 3,8km i august, og svømmetreninga har eg meir enn forsømt i år. I gjennomsnitt blei det noko som to svømmeøkter i månaden. Det er for lite.
Dessutan treng eg å venne meg til den nye våtdrakta mi.
Den sit ikkje så godt rundt halsen som eg trudde, og dette er eg nødd til å finne meir ut av.

Jepp - vatnet kjennest alt for kaldt - eg treng ei svømmehette til. Og kanskje eit neopren-skjerf?

Så i dag blei det altså meir testsvømming enn svømmetrening, og det passa eigentleg bra.
Vatnet i Seljordsvatnet ved Bjørgesanden såg herleg honningfarga ut, men var altså iskaldt!
Eg begynte først med éi svømmehette, men tok etterkvart på meg ei til, og då blei det ikkje så verst.
Eg anar ikkje kor kaldt det var i vatnet i dag, men det kan neppe har vore varmare enn 15-16 gradar.
Vatnet ser utruleg deileg ut - men er ganske kaldt.

Klart og fint, og kveldssola lagar reflekser gjennom bølgjene.
Det er vel berre å hoppe uti - eller?

Så det blei nokre svømmetak, så justering av våtdraktkragen, så fleire svømmetak, litt meir justering, så litt meir svømming, og tida gjekk fort. 
Etterkvart kjendest ikkje vatnet så kaldt lenger heller, og det var artig å svømme litt igjen, til tross for temperaturen. Binna sat imens og såg på, og kommenterte det heile med jamn bjeffing, noko som eg ikkje merka før eg hadde snudd og svømt tilbake til plassen hennes, det er jo ikkje så mykje lyd som treng igjennom eit par øyreproppar og to svømmehettar!
Binna er sjokkert over at ho må vera i band, mens to andre bikkjer leikar ved vannkanten.
Men nå er i alle fall utesvømmesesongen min i gang, og godt er det!
Då Binna fekk bli med uti vatnet, syntest ho også at det var moro - endeleg kunne ho redde meg!

fredag 10. juni 2011

Minner frå IM 70.3Mallorca :)

Då har pressebildene tikka inn etterkvart, og her kjem to bilde som er tatt av Tritime Magazin (nettsida her) sin utsendte (K.Ahrendt).
Alvorleg talt, dette er altså to bilde som blei tatt då eg spurde Andreas Raelert om autogramm, og fekk det også, rett på leggen.
Fotografen frå det tyske triatlonmagasinet synstest jo at dette var stilig, og tok litt bilde.
Me hadde det ganske morsamt.

"Eg og Andreas Raelert" :D :D
Bildene blei tatt laurdag, 13.mai 2011 i skiftesona ved innlevering av syklane. Andreas Raelert hadde startnummer ein, og dermed var sykkelen hans plassert heilt i starten av skiftesona, og eg og Helene med startnummer 218 og 225 passerte forbi der.
Det var fint vær, deileg varmt og solskinn, folk rundt omkring var i godt humør, og dreiv ivrig med forberedelsar til konkurransedagen, og storfavoritten Andreas var også i godt humør og tok seg god til sine fans.
Artig!
Det er ikkje kven som helst som får skrive på leggen min altså. Spesielt ikkje med vannfast tusj! Andreas Raelert var veldig jordnær og hyggeleg og sjarmerande, så han fekk lov ;)
Artige minner frå IM 70.3 Mallorca!

(Copyright av bildene er ved Klaus Ahrendt frå Tritime Triathlon Magazin).

mandag 6. juni 2011

"Så tar du kneskåla di og drar den litt opp..."

sa fysioterapeuten min til meg og demonstrerte dette på kneet sitt.
Det var på fredag. Eg var skeptisk. Det går då ikkje an å TA i kneskåla si og DRA den opp, for så å sleppe den ned att???
Skal me sjå, kor hen er handtaket på kneskåla igjen...?

Vanlegvis så er det rygg og nakke og skuldre som er i fokus når eg har fysioterapi. Der sit det spenningar gjerne godt og lenge, og fører til dårleg pust, hodepine og svimmelhet.
Kven har ikkje opplevd det, å ha vondt i nakken?
Sånne fargerike røntgenbilder er så artige! Berre illustrasjon dette. Rappa frå ein eller annan nettstad.

Men når tilstanden av stive musklar begynner å bli kronisk, er det på tide å søkje hjelp. Det gjorde eg. Hos ein fysioterapeut.
Det var hausten 2007.
Og nå er året 2011 og det er eigentleg ingen grunn til å slutte med behandlinga, spesielt når fysioterapeuten min også kan mange knep om tøying og trening, avspenning og oppmerksamhetstrening/meditasjon, noko som eg har godt av i allerhøgaste grad.
Og sjølv om eg veit at han kan og veit mykje om korleis det heng saman med kropp og psyke, og trening og kropp, så overraska han meg nok ein gong denne fredagen.

Etter ein masse undersøking og knebøy og trykking her og observasjon der, så konstatere han at eg hadde større bevegelighet/utoverrotasjon i høgre hofteledd, og mykje mindre av det i det venstre. Noko som fører til/kjem frå at lårmusklane på innsida av venstre låret er meir spente/kortare enn dei på utsida. Det visar seg når venstre foten, i avslappa, liggande stilling ikkje dett på utsida, men mot innsida (roterer innover). Dessutan er muskulaturen min rundt knea dårlegare utvikla enn dei store lår-og leggmusklane, og dermed kan knea vera utsett for lateral bevegelse.
Men kneleddet er eit hengselledd, og skal berre bevege seg i eitt plan (slik som i fingrane), og ikkje sidelengs. Dette skulle eg passe på når eg er ute og syklar.
Det venstre kneet mitt kjem nemleg ofte bort i overrøret når eg syklar, mens det høgre kneet aldri gjer det. Dessutan kunne eg med fordel begynne å trene balansemuskulaturen min, enkelt å greitt med for eksempel knebøy utan vekt, først på begge bein, så på berre eitt bein, helst, og etterkvart med ekstra vekt.


Så viste han meg dette knepet for å få kneskåla inn i riktig stilling.
Ein skal altså ta tak i festet av kvadricepsmusklane ned mot kneskåla, dra forsiktig opp, og så sleppe ned igjen. Då vil kneskåla etterpå havna i meir riktig stilling. I det venstre kneet mitt er kneskåla mi visst nok litt for høgt oppe, nemleg.


Og det kan vera orsak til at eg har hatt litt for mykje vondt i dette kneet i det siste.

Ja når eg tenker meg om så er dette her ikkje noko nytt. Eg kan vel hugse å ha fått det rådet før, om å trene meir balansemuskulaturen i beina. Men når knea begynner å mase om det også, så burde eg vel også gjera noko med dette, i staden for å berre høyre på gode råd?
På sykkelturen min i går hadde eg ikkje tid til å passe på sykkelteknikken min, og om venstre kneet bevega seg i eitt plan eller roterte innover.
Det var heilt andre tekniske ting som krevde fokus:
  • laus tempobøyle
  • slak girwire (minst ein, kanskje begge to)
  • sykkelcomputer som slutta å fungere etter 12minuttar
  • laus skrue i pedalklossen under høgre sykkelskoen (den andre skrua mangla faktisk! Godt dette ikkje skjedde på Mallorca)
  • dårleg justert girwire som gjorde at det største giret ikkje gjekk an å bruke
  • rar suse/skubbelyd av metall mot gummi (viste seg som enden av ein wire mot dekket)
Dermed blei det alt fem stoppar før eg hadde sykle den førsta mila. Og eg kjende at eg ikkje i det heile tatt hadde nerver til å drive med tekniske justeringar. Eg ville jo berre sykle ein tur i det fine været!
Tennane på kranken er skarpe! Det kjennest.
Sjå så skarpe tenner! Det skulle ikkje mykje til for å lage eit godt hakk inni skinnleggen min.

Sur og forbanna over alle dingsebumsar som ikkje funka fortsette eg og tenkte at eg jo eigentleg ikkje hadde noko å tape på å sykle vidare. Innerst inne håpa eg også på at nokre sure bilistar skulle tute på meg, slik at eg hadde ein grunn til å vise nokon fingeren, eller riste med knyttneven. Men til tross for hektisk søndagstrafikk, der bilane kom i kolonnar på seks til sju køyretøy, så var bilistane i går greie og høflege, og gav dessverre ingen grunn til å kefte tilbake...
Det blei mange stopp langs vegen i går.
Etterkvart roa nervene mine seg. Eg bestemte meg for å trene på "sykling med tekniske utfordringar". Tenkte at teknisk svikt like godt kan skje under ein Ironman, og då skal eg jo også kunne takle å fortsette.
På den måten kom eg meg både til øvre Bø,  rundt heile Seljordsvatn, og tok til og med ein ekstra liten sving rundt Seljord i kveldssola på slutten av turen.
Så bra at eg heldt ut.
Eg fekk meg nesten tre timar i nydeleg sol i går.
Og i dag er det regntungt vær. Lågt skydekke og regnbygar.
Som skapt for å halde seg inne og trene balansemuskulatur...

Etter to timars sykling var eg i godt humør igjen og utsikten kunne nyte utsikten og det flotte været :)

torsdag 2. juni 2011

Hanakamjuvet

Det er ikkje så mange veker igjen til Ironman Regensburg.
Då eg sjekka løpeplanen min frå ifjor, såg eg at eg alt hadde sprunge mange fleire turar som også var mykje lengre enn det eg har fått gjort i år.
Sjølv om det var utruleg deileg å berre liggje i sola i går og vera lat, så hadde eg lyst til å koma i gang igjen med meir strukturert trening etter to veker med "pause" etter halvironman på Mallorca.

I går hadde eg meir lyst til å springe på grus/variert underlag enn å slite asfalten. Målet for løpeturen blei derfor Hanakamjuvet.
Stien/vegen langs Hanakamjuvet er ganske brei, og består av litt grus og skogsunderlag og delvis ganske store, kantete og lause steinar:
Nei, dette er ikkje ein uttørka bekk. Delar av stien er ganske røffe, med mykje stein.
Så det er best å ta runden rundt Hanekamjuvet medsols (turkart i PDF her), for å unngå å springe på slikt laust underlag i bratt nedoverbakke. Eg synst eigentleg at det er kjekt med litt krevande underlag. Ein får brukt mange fleire musklar for å halde balanse, og hovudet blir opptatt med å koordinere føtane, så negative tankar er det neimen ikkje plass her!
Dessutan er det fint å springe på denne gamle vegen.
På grunn av alt regnet dei siste dagane var fossen blitt ganske stor:
Fossen i Hanakamjuvet.
Binna var i god form i går, og i godt humør:
Binna på tur, aldri sur.
Sjølv var eg ikkje i spesielt god form i går, men humøret blei i alle fall bedre og bedre etterkvart:
Yndlingsmotivet mitt: eg og Binna på tur.
Runden eg sprang er til saman nesten 12km lang, og omfattar ein del høgdemeter:
Høgdeprofil frå turen min i går.
Sjølv om eg stoppa mange gonger undervegs, omtrent (minst) kvar 15.minutt, så kjende eg at det var ganske tungt å springe. Binna derimot kom etterkvart (ved km 5-6) i ein skikkeleg god rytme, og trava av garde ganske så lettbeint:
Binna travar i fin stil. Då er ho nesten ustoppeleg.
Etter all stigning var det var godt å koma til nedoverbakken. Utsikten var fin, sjølv om eg ikkje kan forstå at denne halvdaue grana der har fått stå i fred så lenge???
Kan nokon ta vekk den grana der???

Uansett: det blei ein fin tur i går. I og med at eg gjekk den første kilometeren for å varme opp, stoppa mange gonger for å ta bilder og for å la Binna bade, så varte turen frå 17:30 til 19:10. Og det er bra. Det kjenner eg også i beina i dag.
Men i går så var det deileg å springe, og humøret godt, og då er det heilt greitt å sitte heime på himmelfartsdagen på stive lår dage etterpå. Og eg ser alt fram til neste tur i fjellet.
Den velkjende effekten av auka serotoninproduksjon etter trening visar seg ganske tydeleg her: godt humør.