Det er pussig, fordi eg eigentleg har hatt god tid til å skrive. Men motivasjonen til å sette ord på mine opplevingar, aktivitetar og tanker rundt trening og triatlon og livet generelt har vel ikkje vore den store.
Det står jo i margen i denne bloggen at eg likar å skrive om dei små tinga?
Kanskje har eg gløymt dette, og ventar på at det store skal skje, det store eg skal blogge om. Konkurransar, treningscamp, ny PR, ny sponsor, ny sykkel...
Klart dette er artige ting å skrive om, og eg likar absolutt å lese om dette i andre bloggar.
Kan hende det er eit snev av innsikt med i bildet, at alt dette er ikkje i rekkevidde for meg i det heile tatt for tida?
Eg har nok hatt veldig behov for ein pause etter dei siste åra, og nå kan eg kanskje få den.
Kroppen kjennest ut som om den hentar seg inn igjen. Søvnbehovet er større enn vanleg, til og med større enn det er om seinhausten/vinteren.
Blanklagte nerver gror beskyttelse igjen.
Mellomgulvet slappar av, kvilepulsen går ned og pusten går i roleg takt.
Men det er ein skjør balanse, som plutseleg kan bli forstyrra av ein litt for lang tur med litt for mykje folk rundt, og litt for mykje prat om feil tema, og litt for mange mareritt alt for mange netter på rad.
Då brist roen, og sjelefreden, og mellomgulvet spenner seg og magen knyt seg og gråten kjem i voldsame bølgjer, og folk rundt undrar seg. "Ja men hva skjer nå da?"
Emosjonelt tordenvêr. Det bygger seg opp og så kjem det med eit brak. Kven veit nå grunnen til det... |
Tja, eg skulle gjerne visst kva som skjer. Kanskje veit eg det innerst inne, men ønskjer ikkje å vera meg bevisst det akkurat nå. Det er heller ikkje sikkert at det er så mykje hjelp i det?
Det er mange hindringar i livet, og det vil det alltid vera. Men ved å fokusere på målet, kjem ein vidare. |
Og det er mykje sant i det, synst eg.
Så eg skal ha augo mine retta mot målet mitt:
Å koma meg til Ironman 70.3 Mallorca.
Og viss det ikkje funkar, så tenker eg heller på at eg skal delta i Ironman Regensburg i august.
Og viss det heller ikkje skulle ha den ønska effekten, så kan eg alltids drøyme meg bort til den dagen eg skal stå på startstreken i Kona, Hawaii.
Det kan gjerne ta nokre tiår før eg kjem meg dit.
Og bra er det.
Eg treng nemleg eit godt mål å feste blikket mitt mot, når hindringar kjem veltande innover meg. Og det kunne eg sikkert godt trenge nokre fleire tiår framover.
Målet i det fjerne. |
Treninga den siste veka har vore ganske bra eigentleg.
Sjølv om eg kjenner at kroppen min ikkje greier å "absorbere" treningsøktene like godt som tidlegare, eg treng rett og slett lengre restitusjon.
Der eg tidlegare var frisk i kroppen etter ein dags pause etter eit løp, så kjenner eg det nå fortsatt i kroppen etter to dagar. Det kjennest også som om musklane er blitt mindre elastiske, eg får fort krampe i nakke og skuldrer.
Men pusten er god, tross alt.
Og treningslysten min er god! Kjempegod, ville eg sagt.
Det hjelpar jo veldig at det har blitt skikkeleg vår, og at det er bart og fint på vegane, så racern kan bli tatt fram, og det er såpass varmt i været at det går an å sykle i korte sykkelbukser. Herleg!
Første sykkeltur på racer'n. Deileg! |
Midt på dagen på ein mandag. Fine forhold. |
Vind i ryggen på veg tilbake langs Seljordsvatnet. |
Eg har dessutan investert i eit nytt par løpesko, til tross for at bankkontoen min akka seg og stønna over den ekstra belastninga. Kontoen min er nemleg lik som meg, litt tom om dagen.
Men for meg så har gode (og spesielt nye) løpesko ein slik helsebringande effekt at eg nesten burde få dei på blå resept. Sidan det er lite sannsynleg i nærmare framtid, så postar eg denne utgifta under "helse" og ikkje under "trening", eller "hobby".
Skal desse bli mine? |
Eller kanskje eit par Nike Lunar - tøffelsko utan saumar? |
Løpesko-investering 2011: New Balance WR 760. Denne modellen frå i fjor haust sat bedre enn den nyaste frå i vår. |
Eg likar då mykje bedre å halde regnskap over mine trenings- og mosjonstimar, og då visar den siste veka seg på følgjande måte:
Måndag:
2x30km sykling mellom Seljord og Bø. Mål med økta: ærend ved legesenteret i Bø, spare drivstoff, nyte vårsola, teste gir på racer'n
Tysdag:
13km løp.Mål med økta: teste mine nye løpesko, lufte Binna, sortere tankane i hovudet, skape ro i kroppen for ei god natts søvn.
Forfriskande med nye løpesko! |
Ingen registrering i treningsdagboka mi, ingen hukommelse over kva eg gjorde den dagen, sannsynlegvis raka eg lauv og rusla ein halv times tur med Binna.
Mens eg rakar lauv ventar Binna tolmodig på at eg skal fylle den tome kjelen med mat... |
Gruppetur på eit par timar med middels tung sekk. Ingen registreringar her i treningsdagboka. Men eg hugsar at eg hadde lyst til å trene styrke på kvelden, men blei etterkvart heilt utslitt av at nabogutten køyrde motocrossykkel rundt huset mitt. Ikkje snakk om å vera heime da. Eg rusla heller ein tur med Binna.
På tur langs Bøelva. |
Fredag:
Utslitt etter mange netter med redselsfulle og slitsamme drømmer blei det ikkje energi til trening denne dagen heller, men eg sykla nå ned til sentrum og opp att, og rusla tur med Binna også denne dagen, så heilt inaktiv var eg jo ikkje.
På veg heim frå rusletur oppdaga eg ei padde. Den såg ut til å fryse litt stakkars, og let seg varme i handa mi :) |
Laurdag:
Såpass fint vêr ute at det var vanskeleg å bestemme meg. Sidan eg ikkje hadde trent på tre dagar, ville eg helst både svømme, sykle, løpe OG trene styrke. Timane gjekk og det blei seint, men det blei tid til 4x800m intervall på idrettsbanen, ved 5min/k-tempo. Målet med økta: venne kroppen til å springe i 5:00/km fart.
Mobilkameraet syntest at grasset var lettast å fokusere på. Eg og Binna etter årets første intervalløkt på bane. |
Søndag:
Trege bein og sløv i kroppen. Men eg ville så gjerne ut og sykle, så eg testa vegen gjennom Åmotsdal. Den var like lang og bratt som i fjor, men bar og sopa fint. Det blei ganske kaldt med motvind i tillegg. Men det blei litt over 2,5t på racern. Målet med økta: teste vegen, teste stigningane og koble litt av.
Det var kaldt på sykkelen gjennom Åmotsdal. Mælefjell i bakgrunnen her. |
===> Fasit: Om hovudet ikkje heilt funkar som det skal, og sjelevondt herjar i kroppen, så kan eg tross alt sitte på sykkelsetet i over 5timar, og springe 2timar.
Det er betryggande.
Det er faktisk ganske bra, det :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar