It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

mandag 30. august 2010

Are you willing to see what's inside your soul?

Denne har eg sett så mange gonger.
Den blir eg nok aldri lei av:


søndag 29. august 2010

Vest-Telemark karusell - 3.løp - 5000m

Yr hadde heldigvis tatt grundig feil. Det blei solskinn og vind og ikkje regn kl.16.00, tidpsunktet for starten til det tredje løpet i Vest-Telemark karusell i går laurdag, 28. august 2010.
Ein klassiker: Nike Pegasus. Raske? Nei, men gode. I alle fall på korte løp.

Eg har lyst til å fullføre karusellen i år. Karusellen er eit av dei eldste slaget her i landet, og har første gong blitt arrangert i 1971.
For å fullføre karusellen, skal ein ha deltatt i minst fire av dei fem løp. Desse består av 3km terrengløp, 10km gateløp, 5000m bane, 8km terrengløp og sidan 2009, eit motbakkeløp (i staden for halvmaraton, som tidlegare).
I dag er det 8km terrengløp i lysløypa på Rauland, og sjølv om været i dag med blå himmel, litt skyer, og sol og litt vind hadde frista, og eg til og med har ordna meg skyss frå Seljord til Rauland, så står eg over i dag.

Grunnen til det er at bestemora mi døde i går, og eg blei så lei meg.
Bestemora har berika livet mitt med sitt gode humør, glimt i øyet, sin fantasi, sin livslyst og optimisme. Ho hadde planar om å bli 100 år.
Tre generasjonar har det vore. Nå er det berre to igjen.

Det sa ho då ho var 86 år, og alt då ganske dårleg med mange år med kreft bak seg.
Men bestemora mi er seig, og sjølv om kroppen hadde begynt å svikte henne, så svikta ikkje motet hennes.
Men etter to lungebetennelsar kort etter kvarandre på kort tid, og mange dagar på sjukehus der ho helst ikkje vera, så blei det litt for tøft for henne til slutt.

Eg blei så trist då eg fekk beskjeden, men glad også over at eg og bestemora mi alltid var einige om at det ikkje gjorde noko om me budde langt ifrå einannan, sidan me var nære einannan i hjartaet.
Og at vår siste telefonsamtale var veldig fin.
Me var glad i einannan. Heldigvis sa me det også høgt. Og på denne måten skilte me oss ut frå mange i familien. Heldigvis.
Det skal eg ta vare på.

Så blei det slik at Marie og Sakarias hadde tenkt seg ein tur innom meg den dagen, og det var fint. Det er godt å ha gode venner rundt seg når ein treng det.
Så var det framleis god tid igjen til å dra til Høydalsmo på løpet.
Eg var litt usikker om eg skulle delta, men kom fram til at det var kanskje like greitt å koma litt ut og få eit avbrekk på sorgen.

Så store forventningar hadde eg ikkje til tida mi. Både på bakgrunn av den nesten fråverande fartstreninga mi sidan 4.juli, og på grunn av alle følelser i meg.
For å ære bestemora mi tok eg fram eit halskjede som eg hadde fått frå henne for mange år sida.
Det kjedet var det godt å kjenne på dei mange rundane på banen.
Kjedet til bestemor mi fekk seg ein liten løpetur i går. Det var fint.

Det blei nemleg ganske tungt å springe.
Beina kjendest sterke og gode og klare, til tross for ein rask 30km temposykkeltur på ChiCqiloen kvelden før. Men lungene skreik etter meir oksygen, og hjartet var vel litt tyngre enn vanleg, og gjorde sitt beste med ein frekvens som kjendest som  to slag under makspuls.

Det blei altså ingen ny pers på 5000m i går. Men med ei tid på litt over 25min kan eg vera veldig fornøydd, tatt forholda i betraktning.
Eg skulle ønske meg at me hadde vore fleire jenter med i går. Me var heile to stykke i klassa 35-39, og også to damer totalt.
Litt synd, det var me begge to einige om. Ikkje minst så hadde det vore fint å hatt ein rygg å henge seg på. Det var lite deltaking også blant karane i går, slik at "feltet" fordelte seg fint på den 350m lange banen.

Sidan det ikkje blir det fjerde løpet på meg i dag, så skal eg satse på mitt første motbakkeløp, "Tveitgrendtunet opp". Som gjeng av stabelen om tre veker (18.september, sjå kondis terminliste)
Det er kanskje litt kort tid å forberede meg.
Motbakken består av 5km lengde, og ca 350 høgdemeter.
Fjorårets beste tid i klasse KV 35-39 var litt over 25min.
Det same altså som eg brukte i går på FLAT bane!!
Nåja.
Eg har aldri deltatt i eit motbakkeløp, og hadde eg valget, ville eg heller springe ein halvmaraton enn ein motbakke på 5km.
Men me får sjå.
Eg har jo eit par-tre veker å trene opp pusten min på.
Og god pust kan eg trenge.
Og eit sterkt hjarte.
Absolutt.

mandag 23. august 2010

Trening etter innfallsmetoden

Det er ei merkeleg tid. Det nærmar seg slutten på triatlonkonkurransesongen.
For første gong, så skal eg prøve å vera med på Skarphedins treningstriatlon - Seljordsormen Triathlon.

Navnet på triatlonen forpliktar nærmast til deltaking, dessutan er det den førebels einaste triatlon som finn stad i Seljord kommune.

Det er ein uformell triatlon med mini-supersprintdistansane 0,35km - 10km - 2,5km.
Men alt skal skje i og rundt Seljordsvatnet ved Tellnes Camping, og då kan eg nesten ikkje la vera å delta.

Treninga mi i det siste har verkeleg vore etter innfallsmetoden.
Ustruktert.
Spontan.
Siste veke har eg for eksempel hatt følgjande økter:

måndag: 1t lett løp
tysdag: ein time veldig lett sykling på rulle
onsdag: ein time tur med tung sekk
torsdag: rusletur med Binna på ein halv time (maks)
fredag: 4t20min/92km/900høgdemeter sykling "roleg"langtur, med gjennomsnittspuls på 161 på dei første 2,5t
laurdag: 1t styrketrening, fokus på kjernemuskulatur og øvre rygg
søndag: 5x800m intervall på bane på 3:33-3:37-3:36-3:45-3:50 med jogging imellom

I tillegg kom det "transportsykling" måndag, tysdag, torsdag og laurdag, der eg sykla ned til sentrum og bakken heim, som er 2km og 125høgdemeter, med andre ord: 12-15min høg puls...

Det blir ikkje så lite trening av det eigentleg, sjølv om eg har funne på alt saman spontant, og minde enn ein halv time før eg kom meg ut.
Spesielt den 90km lange sykkelturen frå Seljord gjennom Åmotsdal, Kvambekkheia og Øyfjell, og tilbake til Seljord på E134 visste knapt at eg skulle sykla ein halv time ført eg kom meg ut.
Heldigvis hadde eg ein stopp (og puste- og oppvarmingspause med mykje te og god mat og kaffe og treningsprat) hos Marie i Øyfjell, som varte over ein time.
Eg merka nok at beine mine ikkje lenger var vant med slike lange harde bakkar, så dei hadde godt av ein liten pause...


Men fint er det eigentleg, denne tida, der eg berre kan finne på å trene akkurat som eg vil.
Samtidig så går det ikkje ein dag der eg ikkje planlegg littegrann treninga framover og spesielt neste år.
Kva er dei neste måla mine?
Kva skal eg finne på om vinteren, for å halde motivasjonen oppe?

Halde meg til triatlontrening, med løp, svømming, og sykling på rulle, supplere med litt langrenn?
Eller til og med delta i eit skirenn, for å koma meg meir på ski, noko som eg sikkert har godt av, men gjer alt for lite viss eg ikkje har noko mål å trene mot.
Eller plukke meg ut ein halvmaraton eller maraton tidleg i 2011 slik at eg blir motivert til å halde løpinga vedlike over vinteren, noko som eg trur er veldig viktig, og som fungerte bra sist vinter.

Spennande.
Plan for nærmaste konkurranse er i alle fall to korte løp:
5000m bane og 8km terrengløp.
Det er to løp som høyrer til Vest-Telemark karusell.

Og det blir spennande om eg greier å slå tidene mine frå siste gong (som var også første gong - ever).
Det var i 2007, og den gongen var eg utruleg nok i veldig god løpeform, sjølv om det var første konkurranseåret mitt etter at eg hadde starta å springe.

Mine 800m løpeintervall frå i går tyder på at det blir hardt å slå mine eigne tider.
Eg har rett og slett ikkje fart i beina.

Binna var med på oppvarminga, det første intervallet, og  på dei 400m jogging mellom intervalla. Og på nedtrappinga. Og blid og fornøydd og gira blei ho og ville springe meir! Mens eg var fornøydd med økta og ville heim...

Det gjekk lettare og fortare tidlegare i år mens eg trena mot Ironman. Pussig nok, sidan eg då fokuserte på langdistanseturar i roleg joggetempo, med berre få raske turar eller intervall ca to gonger i månaden.

Eit snev av haust: soppl på Seljords idrettsbane...(heldigvis ikkje i bane 1)


Men me får sjå om eg eg vil utfordre meg sjølv til helga.
Det er berre meg sjølv eg skal konkurrere mot i så fall.
Og det spørst om det er nok til å få fram konkurranseinstinktet...

tirsdag 17. august 2010

Mini-blogging

Endeleg!
Eg har investert i ein liten mini-PC.
Gamle labtopen min er der fortsatt, den står på skrivebordet og susar og pustar og pesar mens eg held på med sikkerhetskopiering av harddisken, i påvente av avinstallering av driftssystemet og nyinstallering av windows 7, ein vakker dag (forhåpentlegvis ikkje så veldig lang i framtida).
Så liten ein mini-PC kan vera, og så rask!?
Dette likar eg, det visar at det ikkje er størrelsen det kjem an på...

Mini-PCen er kjekk å ha som blogge- og skrivemaskin, den passar fint i fanget mitt, er lett, har ganske lang batterilevetid og er berre etter ei veke alt blitt ein god venn.

Så kva har skjedd sidan siste blogginnlegg, 1.august?

Ikkje stort, spesielt ikkje på triatlonfronten.
Eller betre sagt, på treningsfronten.
Norseman er jo ingen liten sak, og den har eg og Marie og nesten heile familie Veslestaul sett på littegrann, ved Gaustatoppen.
Så har eg fått trent litt også, men det var heller etter innfallsmetoden og utan "mål og meining".


Eg hadde meldt meg på Tjörn Halvironman, men motivasjonen min for å delta er ikkje den store. Og når pengane ikkje strekkerheilt  til og heller burde brukast for å få gamle bilen min gjennom EU-godkjenninga nå i september, så er det ikkje så vanskeleg å velge bort konkurransen.
Eg får heller mimre litt med minnene frå i fjor, og hive meg med på det tredje og fjerde løp i Vest-Telemark karusellen denne siste helga i august, viss eg blir alt for rastlaus...

Det er ganske sjeldan at eg ser på triatlonkonkurransar, men det burde eg eigentleg gjera oftare, fordi det er jo utruleg artig og inspirerande og motiverande.
Her kjem det berre nokre få bilde frå Norseman 2010:


Gaustatoppen på Norsemandagen. Mystisk gøymt i tåka...

Her startar stigen opp til Gaustatoppen. Like før dei første Norsemandeltakarane kom opp...

I fjor og i førefjor fylgde eg Marie til toppen. I år blei det med eit kort besøk og litt rusling langs stigen. Men så fekk eg også betre tid til å ta litt bilder. Slikt gjekk ikkje an i den vanvittige farten Marie hadde på veg opp 
til toppen i 2008 og 2009...

Utsikt frå stien opp til toppen og nedover. Her blir deltakarane og sekkane deira sjekka før dei blir sleppt vidare til topps.

I år var det to stykke frå Skarphedin IL som deltok på Norseman. Eg rakk å ta bilde av Michael her, mens André var for rask for kameraet mitt eit lite stykke lenger ned på vegen mot Stavro...
Michael frå Skarphedin på veg til Gaustatoppen og ei bra plassering.


Marie har deltatt på Norseman fem år på rad, og med fem svarte trøyer også gjort seg fortent den berømte grøne trøya. Her kikker ho etter den første av damene som tok stien fatt oppover.

Marie er fotogen, men her visste ho ikkje at ho blei tatt bilde av.

søndag 1. august 2010

Post ironman recovery

Dette er veke 4 etter min Ironman.


Eg kjenner eigentleg ikkje så mykje ettervirkning lenger.
Treningsmotivasjonen min, eller rettare sagt, treningsgleda mi, er stor. Formen derimot har ikkje vore på topp på dei få mosjonsøktene. Eit par-tre rolege sykkelturar, og eit par løpeturar på rundt 30 min har eg hatt denne veka.
Det har vore tungt i alle motbakkane.
Kanskje eit teikn på at det var for tidlega å begynne igjen?
Men eg taklar rett og slett ikkje lenger å la vera.
Ingen av dei andre fritidsinteressane mine kan måle seg med triatlontrening.

Det er moro å skrive, å blogge, å ta bilde, å redigere bilde, å lage nytt sofatrekk, å strikke, designe klesplagg, men alt saman virkar på meg berre som eit midlertidig tidsfordriv.
Dessutan merkar eg at eg faktisk har lagt på meg littegrann dei siste vekene.
Fysioterapeuten min kunne ikkje akkurat bekrefte mistanken min.
Men det er sjokkerande når buksar som har passa fint før plutseleg har blitt litt for trange!
Enda ein god grunn altså til å begynne å lea meg igjen, meir regelmessig.

Eg kan jo ta det med ro?
Både på løpeturen min i dag, og på sykkelturen onsdag har eg oppdaga fine stadar der det går an å slappe av midt i ei lengre økt.
Det gjev ei god "her og nå"-stemning og senkar pulsen.

Ein nyoppdaga plass for ein stopp langs Seljordsvatnet nær Garvikstrondi. Med benk, sykkelstativ og fin utsikt.