Sjølv om ho har vore sjuk lenge, så hadde eg ikkje venta at ho ville til slutt måtte gje tapt for kreften, sterk og uthalden og positiv som ho var.
Det blei ein trist dag i går då eg hørte meldinga "Grete Waitz er død."
Ufatteleg.
Ho har vore ein stor inspirasjon for meg, både til å fortsette med å løpe, men også i frå hennes måte å møte kreftsjukdommen på.
Eg er utruleg lei meg for at ho er borte nå.
Henta frå NRK's sportsider. |
I alle fall for meg.
For den som vil hente inspirasjon til å trene etter maratonprogrammet til Grete Waitz, så er boka "Løp din egen maraton - alt du trenger for å nå målet" eit godt utgangspunkt.
Den første boka eg las om/av Grete Waitz er kanskje ikkje lenger å få tak i butikkane, men det er fleire bibliotek, deriblant bibliotket ved Høgskulen i Bø, som har den:
Det er utruleg artig og spennande lesing, om Grete's liv, trening og konkurransar frå 70- og 80-tallet. Den har inspirert meg veldig, og eg hugsar at eg las den på berre nokre få dagar i januar 2007...
"World Class" skrive av Gloria Averbuch/Grete Waitz. Anbefalast! |
Takk for minnene om henne og bok-anbefalingen! Er selv en 22 år gammel student og har lyst å begynne å trene meg opp til maraton og triatlon, men er usikker på om jeg vil klare det... Hva fikk deg til å begynne med det? Hva holder motivasjonen din oppe?
SvarSlettJeg visste ikke Grete hadde ei bok og kommer til å se etter den på biblioteket for inspirasjon;). Har du andre bøker om trening, særlig maraton og triatlon du kan anbefale, og ellers andre treningsråd for disse konkurransene?=)
Hei Anna!
SvarSlettSå hyggeleg at du vil begynne å trene!
Eg begynte i utgangspunktet å løpe fordi eg kjente meg slapp, nedstemt og sliten samtidig som eg var full av spenningar og sinne, og dette trengte eg eit sunt utløp for. Løping er enkelt, eg kjøpte berre eit par gode sko og satte i gang. Seinare sykla eg i tillegg, for å trene meir variert, og eg har alltid svømt litt uansett, og då venninna av ei vennina av meg vann Norseman, blei eg inspirert til å prøve triatlon.
Men det er jo eit godt spørsmål, kva held motivasjonen min oppe, også når eg eg alt er i god form, til å halde på med trening?
Det er kanskje den gode følelsen av å nå mine mål, om dei nå er store eller små?
Eg hugsar fortsatt gleda over å kunne springe 5km i sprekk, for første gong, det var hausten 2006. Og tilfredsstillelsen då eg sprang 10km for første gong, og så to mil... det er plutseleg som om grensene for kva eg kunne få til, blei utviska.
Og det gir meg ein følelse av frihet, å kunne løpe langt, eller sykle langt.
Med regelmessig trening har eg også blitt min kroppens "beste venn", det har eg ikkje vore tidlegare, tvert imot. Nå er eg faktisk stolt av den ;)
Så blir eg også kjent med mange hyggelege menneske på desse lange løp og triatlonkonkurransane, noko som er berikande.
Eg er sikker på at du kan klare å trene deg opp til ein maraton, og/eller ein triatlon, viss du vil det. Motivasjon er drivkraften din, og viss du set deg eit konkret mål, så veit du kva du trenar mot/for.
For meg så hjelpte det å melde meg på ein konkurranse, slik at eg hadde eit konkret mål (Fjellmaraton på Beitostølen 2007) å trene mot.
Bøker eg les om trening er det mange av, det skal eg lage eit blogginnlegg om, men dei eg har brukt mest er Hal Higdons "Marathon", Amby Burfoot "Alt om løping", og for triatlon "The Woman Triathlete" av Christina Gondolfo og "The Triathlete's Training Bible" av Joe Friel.
Men det viktigaste når ein brukar desse bøkene er derimot, å tilpasse forslaga til sin eigen situasjon. Eg har gjerne korta ned treningsplanene ein del, og mens andre kanskje likar å trene både ofte og mykje, så held det for meg med færre økter av god kvalitet. Men dette finn du ut etterkvart.
Lykke til med treninga! :)