It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

søndag 30. oktober 2011

Trappeløpetrening i sjøormtårnet

I går var eg ute på løpetur, på første gong på lenge. Eg har ikkje løpt på heile to månader no, bortsett frå halvmaraton i Oslo for ein månad sida, og eit halvhjarta forsøk på å springe i skogen med lett sekk.
Men i går så var både inspirasjonen og motivasjonen såpass stor at eg faktisk berre måtte ut!

Dessutan har eg tenkt på at eg burde prøve å halde Binna i litt bedre form enn det ho får av å gå rusleturar. Så derfor var det på med joggesko, løpetøy og refleksvest, Binna fekk på reflekssele, og eg røska med meg ein energigel, sidan eg i god gamal, laurdagstradisjon hadde ikkje ete på ganske lenge...

Sidan eg ikkje hadde løpt på ei stund tenkte eg meg at eit nytt mål å løpe mot, ville vera fint.
Og kva finst det av større attraksjon i Seljord for tida en sjølve

sjøormtårnet     

å oppsøkje?

Eg skulle uansett berre jogge littegrann, kanskje 5km eller noko.
Det var mørkt ute, og eg hadde berre sett sjøormtårnet midt på dagen. Nokon meinte at tårnet ser imponerande ut i mørkret.
Så det ville eg finne ut.
Og eg blei ikkje skuffa.
Seljord har jo med dette fått si første femetasjers-bygning! 
Seljord har ein nokså flatt struktur ellers, må vite.
Eit par bygningar på tre etasjar, og resten er på to etasjar.
Så sjøormtårnet er virkeleg blitt landemerke.
Sjøormtårnet "by night". Nedste etasje med inngangen.
Ein velfortent kvil etter ca fem km og fem etasjer med trapper. Både eg og Binna har fortsatt løpeformen i  behold.
Det er sittebenkar og utsiktspostar på kvar av dei fem etasjene.
Sjøormtårnet sett utan- og nedanfrå. Heile fem etasjer.
Sjøormtårnet by night.
Etter at eg og Binna hadde sprunge opp fem etasjar med trapper, tatt litt bilder, og sprunge ned att, og tatt enda fleire bilder på utsida, bar det tilbake. Og eg begynde å kjenne at eg hadde tapt litt av løpeformen, i alle fall i motsetning til Binna, som lystig og fornøydd trava foran meg med hanskene mine i munnen. Kondis er ferskvare, påstår nokon. Det høyrest rimeleg ut. Godt at ikkje Binna visst det, da.
På motsatt side er det eit rom med benk og informasjonstavler.  Binna hadde benken heilt for seg sjølv denne kvelden. Sjølv om ho ikkje hadde så veldig lyst til å sitte på den. Ho ville springe vidare, nemleg. Sprek jente!

fredag 28. oktober 2011

Do-it-yourself: Å reparere sko

Eg har alltid likt å gjera ting sjølv, og å lage ting sjølv.
Dessutan likar er å fikse ting.
Sjølv om posen med etiketten "Skal fiksast" stort sett blir stappfull før eg begynner å ta tak ting.

Men av og til så kan det ikkje vente.
Då eg gjekk pilgrim frå Vågsli til Røldal i slutten av august dette året, så heldt mine gamle fjellstøvlar ganske bra. Og nesten heilt fram også.
Men ved synet av stavkyrkja i Røldal, så kollapsa dei.
Solen løsna.
Frå halve støvelen.
Sidan eg hadde rekna med dette, hadde eg tatt med tape. Elektrisk tape.
Elastisk og sterk.
På denne måten fekk eg surra fast solen til støvelen igjen og gjekk dei siste 50m fram til kyrkja.

Eg er så glad i desse gode gamle støvlane mine. Dei er riktignok over 10 år gamle nå, og har fått skikkeleg juling gjennom åra. Spesielt under redningshundtrening kunne det gå hardt for seg, over stokk og stein og gjennom myrar og buska og kratt i full fart. Om vinteren blei det mykje tråkking i snø, og spesielt vårskaren tok til slutt knekken av tåforsterkninga laga av gummi.

Sidan gore-texen framleis er tett, og støvlane er utruleg gode, mens økonomien er dårleg, så ville eg ta og reparere støvlane framfor å kjøpe nye.
"Bruk Sikaflex!" fekk eg høyre som tips av ein annan pilgrim.
Som sagt, så gjort.
Eg tok ikkje bilder av reparasjonen. Eg må innrømme at eg var såpass skeptisk at eg nesten blei overtruisk. "Berre eg ikkje tek bilder av dette og bloggar om det, så gjeng det sikkert bra."

Det gjekk bra. Støvlane har alt vore på fleire fjellturar nå.
Solane heng fortsatt på.
Okay, dette ser ut som reklame for Sikaflex. Det er det ikkje. Eller jo da, men ikkje betalt. 

Sikaflex (Sikaflex®-11 FC+)er basert på polyuretan, noko som også er ingrediensen for reparasjonslim som "Seamgrip Seam Sealer" og "Freesole® Urethane Formula Shoe Repair", og det funkar veldig bra!
Og det ser ut til at det er ganske så mykje den kan brukast til: "Allsidig liming, tetting og fuging av de fleste materialer, for eksempel: tre, betong, siporex, murverk, metall, plast, keramiske fliser etc." som nettsida til Sika opplyser om.

Det er nok berre fantasien min som set grenser her for kva eg nå kan finne på å fikse!

Og når eg først var i gang med do-it-yourself og skoreparasjon, fann eg eit anna par gamle sko.
Gode, gamle sko.
Dei har eg også slitt ut i årevis, og eit par saumar hadde løsna. Men her også, så var gore-texdelen i orden, og skoene er såpass gode å gå med, at det er heilt uaktuelt å kaste dei enno.

Denne gangen brukte eg nål og tråd.
Det er alt som trengst: ei kraftig men ikkje for tjukk rundnål, veldig sterk tråd (helse av lin og den typen som er laga til å sy skinn og lær med, det er denne eg hadde liggande heime, og ein skarp saks. Eventuell ei tang, men det kjem an på kor sterk ein er i nevane.

Ved første forsøk sydde eg på vanleg måte, ved å stikke nåla gjennom hola frå den gamle saumen, og dra godt til. Men etterkvart blei det vanskeleg å dra nåla igjennom.
Det er lettare å sy "laust", altså sy slik at ein ikkje drar i tråden, men let den lenge i løkker. På den måten er det lettare å kome til på undersida av skolæret.
Utstyret eg brukte: rundnål, skarp liten saks og tang (ikkje med i bildet).
Første saum blei litt klønete. Men øvelsen gjer meistar.
Det var vanskeleg å få til ein fin saum her, men den blei i alle fall sterk.

Med litt skokrem på er saumen ikkje så synleg lenger.

Det ser ganske brukbart ut frå avstand. Og det viktigaste er jo, at den nye saumen er sterk.
Og så var det ein saum på den andre skoen også. Her let eg tråden henge i større løkker mens eg sydde, og stramma til alt saman heilt til slutt (brukte tang her).,
Denne gongen blei resultat bra, og saumen ganske pen også.
Eit par gode knuter til slutt.
Og skoene er fiksa og klar til bruk igjen :)

fredag 21. oktober 2011

"Off"-season eller "inn"-season?

For mange triatletar er det gjerne "off-season" nå gjennom hausten/vinteren. Då er det tid for å kutte ned på triatlonspesifikk trening, drive alternativ trening og lade opp til neste årets sesong.

Eg kjenner det kanskje litt annleis i år, sidan eg enno ikkje har planlagt konkurransar for neste år.
Mest sannsynlegvis blir det triatlonkonkurransar i Norge, det har eg ikkje hatt ein einaste av i år, og det har eg savna!
Og sidan min siste triatlon har vore i mai, så har "off-season" min vart ganske lenge nå...

Og eigentleg kjenner eg det som eg er midt i ein kjempesesong!
Hausten har vore så flott fram til nå, med fint solskinn, klar luft og fine fargar i fjellet.
Og eg har aldri gått så mykje tur i skog og fjell, og sykla i terrenget som i år.

Og det er jo ganske god trening, det!
Så eg er midt i terrengsesongen, kjenner eg. ta fram terrengsykkelen, pakke ein lett sekk, og rett ut på tur. Pakke stor sekk, ta med litt ekstra vekt oppi, og ut i skogen og i motbakke.
Ta med ein god venn, pakke tursekken og opp på nærmaste topp.
Ta Binna, fleecejakke og hundeutstyr og ut på hunde-luftetur.
Ta veslesekken, pakke lett, og ut på skogsjoggetur.

Så mange moglegheitar!
Så sidan sist har eg følgt innfallsmetoden nøye, og gjort folgjande:

Torsdag:
- fellestur i lett terreng

Fredag:
- 30min transportsykling inkl. 125m stigning

Laurdag:
- Skogsløping med lett sekk, 40min, 160m stigning
- 45min rusletur med Binna
Utsikt frå skogsløpetur.
Søndag:
- Tur i hyggeleg selskap til Hattefjell (med 10kg sekk, for ekstra trening)
Binna på Hattefjell sist søndag
Måndag:
- Rusletur med Binna, 30min (i Seljord ser me vel bort frå så lite som 65m stigning, gjer me ikkje det?)

Tysdag:
- Transportsykling 30min, 125m stigning, og det var alt beina kunne gje meg den dagen. Sliten...

Onsdag:
- Terrengsykling, 30km, >500m stigning (her skulle eg gjerne hatt GPS - dei forskjellige nettbaserte karttenester visar høgdeforskjell på mellom 550 og 1000m. Det var sterk stigning i starten og ganske kupert etterpå - dessutan var det motvind - men fint var det)
- Rusletur med Binna (125m stigning med lett sekk)
Min kjære Hardrocx shock machine, i Kivledalen. Rekognosering av turvegar, her skilting mot Nordnibba. Kanskje går neste tur dit???
Torsdag:
- Fellestur med middels tung sekk (ca 8kg) 160m stigning, over to timar
- Transportsykling med middels tung sekk etterpå (125m stigning kjendest ganske mykje da)
- Rusletur med Binna ca 35min, 100m stigning (det kan me godt nevne, det)

Fredag (idag)
- sliten... men likevel: transportsykling med 125m stigning (over 1,5km, det kjennest godt i beina)
Haustfargar i Seljord sentrum
Eg er altså frista til enda ein gong å døype om bloggen min, denne gongen til "motbakkebloggen", men så mykje motbakke er det jo ikkje her likevel. Dessutan er det brattare andre stadar.
Og bakkane har jo blitt ei vanesak etterkvart.
Då eg flytta til Seljord blei eg fortvila over alle desse bakkane.
Nå tek eg alle desse ekstra høgdemetrane godt i mot.

Det er praktisk, det. Bakketrening på veg heim. Kjekt, det.
Og så må ein hugse på å slappe av. Viktig det au :)

lørdag 15. oktober 2011

Opp! Med sykkel og på beina.

Eg driv jo ikkje akkurat med systematisk trening for tida. I så fall måtte det vera trening etter "innfallsmetoden".

Men eg kunne jo tenkt meg å koma på ein del lokale toppar her omkringi løpet av hausten, men nå ser det ut som om snøen har lagt seg over 1000m her, så eg får sjå om det ikkje heller bli toppturar til våren/sommaren igjen.
Men det er jo så fristande å koma seg på tur for tida, nå når hausten er så vakker som den er!
Og då kan det godt vera turar på beina, på sykkeln, på løpesko...

Denne veka har eg i alle fall fått bruk for terrengsykkelen min.
Terrengsykkeln min er ganske "sivil" med sykkelstøtte og lås på styre, men den likar segbest på fjellet!

Motbakkesykling er jo utruleg god trening, og det er verdt strevet også, for ein får fin utsikt på toppen, og blir så belønna med ein rasant tur nedover igjen. Og dét er jo moro og verdt strevet!
Spesielt når vêret er fint, grusen er tørr, og haustfargane susar forbi i full fart.
Mellom Grunningsdalsvegen og Grimås. Det blei varmt i motbakken! Og eg måtte ta bilde av Skorve.

Herleg!
Denne veka hugsa eg å stoppa for å ta bilder mens eg syklar oppover.
Det går nemleg ikkje an å stoppe på veg nedover, for då ville eg jo miste fart!
Grimaren (1169 moh.) sett frå vegen lenger ned. Litt snø er det alt kome på den.

Idéen var å å sykle opp til parkeringsplassen på Grimås på ca 760 moh., og så bytte til joggesko og rusle litt oppover på stien mot Tjorbu.
Syklinga gjekk utruleg greitt, og eg kom  meg opp til parkeringsplassen på den vanlege tida mi, 1t15min, inkludert eit par stopp for klesskifte og for å ta bilder.
Standardbildet mitt frå Grimåsturen. Meg, sykkelen, parkeringsplassen (762 moh.) og fjellet i bakgrunnen. Godt med ein pust i bakken etter å ha sykla 626 høgdemeter...

Så tok eg stien fatt og rusla i ein halv time oppover, men fann etterkvart ut at joggesko ikkje var det beste skovalget her. Dessutan var klokka blitt altfor mange, så eg snudde igjen.
Snø! Det hjelper ikkje med joggesko her altså..
Men når stien er slik som her, tørr og fin, er det moro å småspringe i fjellet også. Deileg!
Eg har jo fortsatt lyst til å gå ein tur opp på Grimaren, (1169 moh.), men om det blir noko av i år, får tida vise. Og energinivået mitt ;)
Det er ingen skam å snu. Fjellet vil jo alltid vera der og vente på deg :)

torsdag 13. oktober 2011

Buldring ved Sundsbarm

Eg har merka at kreftdiagnosen til Binna har satt sine spor hos meg.
Det har ikkje ein dag gått sidan eg har tenkt over kva eg skal gjera vidare.
Skal ho bli med på Veterinærhøgskolens forskningsprosjekt?

Det var mange grunnar for og imot.
Etter at eg bestemte meg for å legge til sides dei sentimentale grunnane og la ho delta i prosjektet, så har det dukka opp praktiske forhold som stoppar det heile for tida: bilen har vannlekkasje. Det er mest sannsynlegvis vannpumpa som er gåen. Den må jo fiksast får me legg ut på tur til Oslo.

Så for å "slå i hel" tida, eller betre sagt: avlede meg, så går eg tur, syklar tur, spring rundt i fjellet - det er jo så nydeleg vêr for tida!

I dag blei det torsdagstur igjen. Og det var faktisk godt å måtte koma seg ut av huset litt tidleg, sidan vêret idag var heilt utruleg flott: solskinn og blå himmel heilt frå morgonen av!

Denne torsdagen stod det altså Hanakamjuvet på planen.
Eg kjenner at eg blir ganske lommekjent der snart.
Men det går ikkje an å bli lei av denne turen. Hanakamjuvet er såå fint!
Ulempen akkurat er berre, at med den låge sola nå på denne årstida, så ligg juvet i skyggen også midt på dagen.

Men me gjekk nå igjennom juvet og litt vidare og tok lunsjen i strålande solskinn ved dammen til Sundsbarmvatnet. Med medbrakt suppe, tent bål, pinnebrød og kaffe blei det utruleg deileg å slappe av.
Nokre flotte bergknausar fristar også til litt småklatring og buldring.
Her er det stort potensiale for å rense fjellet litt og lage enkle ruter å klatre i.

Kanskje kan det vera eit prosjekt til neste år viss eg får med meg nokre praktiske menneske?
Alternativ trening til all svømming, sykling og løping er jo alltids kjekt - og sterk i armane blir ein også av å klatre. Og styrke kan ein jo ikkje få nok av eigentleg...

Hanakamjuvet. Litt i skuggen på denne tida av året, men fint likevel.
Kven skulle trudd at magasinene IKKJE er fulle etter så mykje regn i sommar??? Sundsbarm har fortsatt plass til meir...
Det var masse rekved nede ved dammen. Det var utruleg fint!
Vannslipte årringar. Naturskapt kunst?
Utsikten frå dammen ved Sundsbarm gjennom Kivledalen retning Seljord.
Ein klatrande miljøarbeidar.
Det var mange plassar der det gjekk an å buldre.
Kunne dette bli eit lite klatre/buldreområde, tru? Så fint med utsikten over  vatnet også.
Slik ser det ut når ein strekker seg mot himmelen langs ein fjellvegg. Det kriblar litt i handflatene berre ved synet...
Eg gjekk nå der og fekk mange gode idear.  Ikkje så rart med så hyggeleg selskap, blå himmel og solskinn omgitt av vakre fjell og vatn... 

torsdag 6. oktober 2011

Kreftforskning

Det blei ingen operasjon på Binna likevel.
Røntgen av lungene viste at det var spredning av svulstane til lungene, spesielt på den høgre sida.

Så det var ikkje forsvarleg å føreta eit såpass tungt inngrep.
Denne eine operasjonen hadde heller ikkje blitt den siste, sidan det er fleire svulstar som burde vore fjerna.

Det er greitt. Kva skal eg ellers gjera?
Binna er uvitande og har det fortsatt bra.
Ho vil gå tur, ete, sova, leike med nabobikkja, få kos, og slappe av, akkurat som før.
Livskvalitet er viktig for dei som er sjuke. Det gjeld både menneske og hund. Her er Binna i full gang med å leike med nabohunden. Dei er kjempegode venner! 
Men i dag kom eg i kontakt med ein forskar frå Norges Veterinærhøgskole.
Der driv dei med å utvikla ein ny type medisin mot brystkreft/mammary cancer.
Og denne blir tatt opp mykje saktare enn vanleg cellegift, slik at det blir ingen, eller få bivirkningar.

Og hundar som Binna er dei ideelle kandidatane for å delta i prosjektet.
Dei treng fleire hunder, så langt er det tre bikkjer som har deltatt.

Medisinen har sålangt vist seg å stoppe veksten av svulstane (spesielt metastasane).
Denne type forskning er nyttig både for å utvikle medisin mot jursvulst hos hund, men også mot brystkreft hos kvinner. Det visar seg nemleg at hunder "får" kreft akkurat som mennesker.
Mens forsøksdyr (mus, rotter osv) blir påført kreftceller og så forska på.

Så om Binna hadde deltatt i dette prosjektet, så hadde det tilført tyngde til forskningsprosjektet, og dermed kanskje bidratt til at det blir kasta lys over utviklinga av medisin mot brystkreft.
Og det er jo kjekt.
Korleis ville det vera for Binna å bli med på eit forskningsprosjekt? Ein sprøyte kvar dag? Kva er hennes synspunkt på dette, tru?
Ulempen med det heile er, at veterinærhøgskolen er i Oslo, mens eg er i Seljord.
Og Binna skulle bu på høgskolen 7-9 dagar av gongen.

Mens eg blei forsikra om at hundane blir skikkeleg godt ivaretatt, og at dei blir avdelingas "maskot" mens dei bur der denne veka dei får behandling.
Sidan dei hev så få hundar som er med på prosjektet.

Eg har ikkje bestemt meg enno.
Eg skal la det synke litt og sjå kva det blir til etterkvart.

At Binna og eg skal ha det så godt me kan, er klart.
Binna min trufaste treningskamerat, "spotter" på styrketrening og viktig initiativtakar til mange rusleturar når eigentleg hadde bestemt meg for å bli inne, skal ha det så godt som ho kan få det.
Ho skal bli (enda meir) bortskjemt.
Binna ute i sola i dag. Etter å ha leika med nabohunden. 
Gode venner fortener det:)

tirsdag 4. oktober 2011

Operasjon

I morgo er det tid for operasjon. Ikkje for meg, men for Binna.
I to år har ho hatt jursvulstar, noko som er ganske vanleg for tisper over 10år, og så lenge desse svustane ikkje veks så fort, er dei ingen hindring til at hunden kan leva eit godt liv.

Men for ei veke sida har den eine svulsten plutseleg blitt mykje større. Nesten dobbelt så stor, på størrelse med ein flatklemt tennisball. Dessutan la eg merke til at Binna ikkje lenger la seg på golvet utan å ta seg god tid. Den svulsten er tydelegvis i vegen nå.

På fredag var eg til veterinæren med Binna, og det var klart at svulsten såg alt anna enn harmlaus ut, og neste ledige tidspunkt for ein totimars operasjon blei leita fram. Og det er onsdag, i morgo.
Først skal Binnas lunger røntgast. Det er slik at desse svulstane kan utvikle seg til kreft og spreie seg til ulike organ, gjerne først til lungene. Men er dei heilt frie, blir det operasjon i morgo.
Viss ikkje, så kan eg berre håpe på det beste og nyte tida saman med Binna så lenge eg kan.

Det er frykteleg å vite at ho kanskje ikkje er så lenge med meg.
Men foreløpig er ho i god form ellers.
Ho blir med på tur, har god matlyst, besøker nabohunden for å herje, hentar fram leikene sine når eg set musikken litt høgt, "rydder" rundt i sakene mine, inntar med størst selvfølgelighet sofaplassen min, naskar til seg godbitar der ho kan...

Binna blir 11år i november, og eg har kjendt ho sidan ho var fire dagar gamal. Eg har gått tur med mora mens Binna enno var valpen i magen hennes. Me er ganske uatskillelege. Eg er det, i alle fall.
Binna er med på dei fleste køyreturane.
Binna er med på dei fleste turane. Og får alltid litt av maten min, sjølvsagt :)
Kanskje ikkje så morsamt når ho et opp energigel som er vanskeleg å få tak i. Men ho blir alltid tilgitt!
Binna synst jo ikkje alltid at det er like stas å ta bilde. Men ho blir gjerne med når eg badar.
Binna på Hattefjell denne sommaren. 
Binna elskar folk og spesielt gode venner :)
Eg har lært mykje av henne når det gjeld restitusjon. Ein skal kose seg når ein slappar av :)
Eg har mange gode minner frå rusleturar med Binna. Og mange fine bilder også :)
Så får eg håpe at eg har ho ei god stund til.

søndag 2. oktober 2011

Å kome på skråplanet

Siste torsdag var det tid for torsdagsturen vår.
Og vêret var sååå fint!
Sol, blå himmel, temperaturar rundt 20 gradar, var det ikkje slik me skulle hatt det i (heile) sommar?

Men men, det er aldri for seint å nyte sommaren, og sist torsdag var plassen å gjera det på i Vrådal.

Ingen store sprell her, og ingen lang tur, men ein flott tur i eit spesielt og vakkert landskap, med fantastisk utsikt mot fjellet rundt.
Så mange fine fjelltoppar i det fjerne som eg enno ikkje har kome meg oppå...
Stien mot Hægefjell var veldig godt markert med raud farge. I tillegg var det mange stadar satt opp små vardar. Det såg utruleg koseleg ut i det flate landskapet.
Eg var nødd til å legge enda ein liten stein på toppen. Ikkje sikkert den varar gjennom hauststormane, men den får nyte utsikten så lenge den varar :)
Landskapet var utruleg spesielt. Og det var veldig mykje kartlav, nesten overalt.
Kartlav er forresten IKKJE MOSE!
Du kan seie at kartlav levar i kollektiv. Det er ein symbiose mellom algar og sopp. Algene produserar energi/næring i form av fotosyntese, mens soppen sørger for godt feste på undergrunnen, og forsyner algene med mineral og vatn.
Ganske smart, ikkje sant?
Kartlav ( Rhizocarpon geographicum) 
Nydeleg landskap og fantastisk utsikt. Eg kunne ha gått der mange fleire timar utan å gå lei, trur eg.
Hausten er her, og sjølv om mange bjørketre i høgda ikkje har vist så flotte haustfargar i år, så sviktar i alle fall ikkje rypebær - for ein fantastisk farge!
Rypebær (Arctostaphylos alpinus) i haustdrakt.
Det er så utruleg kjekt når det er satt opp skilt med avstandar til turmål. Det var også satt opp kart med jamne mellomrom. Om vinteren er det køyrd opp skiløyper her. Det må då vera eit flott landskap å gå på ski på også?

Med lufttemperaturar på rundt 20 gradar til og med på  860 m.o.h. kunne det ha frista med eit bad. Men - ehem - vatnet hadde nok kjølt seg ned litt for mykje for min smak... men fint var det jo å sjå på.
Eit lite vatn ved "luktarhola"
Sååå fint det var der! Eg må koma meg tilbake dit ein annan dag og går der litt til.
Her var det lett på koma på skråplan. Det var liksom litt skrått overalt.

Endeleg er turstøvlane mine fiksa igjen også. Håpar dei varar ei stund nå.
Klar turen hadde ikkje blitt så fin viss me hadde vore der i frisk bris, skodde og 8 gradar.
Solskin hjelpar på opplevinga, men likevel: eg har nå fult ut skjønt at skisenteret i Vrådal kallar seg for "panorama".
Det passar utruleg bra!