Heilt frå eg var lita hente har eg vore fysisk aktiv, elska å spela fotball og basket, sykla til og frå skulen, drive med ridning, elska å svømme, klatre i tre og gå lange turar med hunden vår. Med tenåra og studiene blei mykje av aktivitetatene mine bytta ut med lesing og deltidsjobb.
I 2005 begynte eg å slite i aukande grad med depressive episodar og angst, noko som førte til sjukmelding og nedsatt aktivitet. Samtidig som eg begynte i terapi hos psykolog i 2006, starta eg også med strukturert løpetrening.
Etterkvart gjenoppdaga eg gleda av bevegelse igjen, og trena meg opp til å delta i både korte og lange løp. I 2007 gjennomførte eg min første maraton og første triatlon, og gnisten blei tent!
Triatlon består av svømming, sykling og løp, og passar meg utmerka som idrett. Eg er fascinert av det inkluderande triatlonmiljøet som omfavnar mennesker i alle slags alder og kroppsfasongar på alle slags treningsnivå og distansar.
For meg så har trening blitt litt terapi, men mest av alt, ein måte å få velvære på, meistring, glede, betre kroppsfølelse og ein måte å bli kjendt med nye flotte menneske på.
Gjennom å blogge håpar eg at eg kan inspirere andre til å prøve ut trening eller annan form for fysisk aktivitet som ein måte for å halde seg i form på, forsone seg med og ta vare på kroppen sin, og oppleve avbrekk i kvardagens gjøremål.
I bloggen min dukkar det opp alt mellom glade forteljingar om løpeturar i skogen, konkurransar, svømmeturar, produkttestar, bilder av natur og hunden min Lukas, innlegg om psykisk helse, beretningar om dårlege dagar, uhemma skryt av eigne prestasjonar og sprø idear ... mykje forskjellig med andre ord, heilt i tråd med bloggforfattarens personlighet.
Uansett funksjonsnivå så har trening blitt ein såpass viktig del av livet mitt at eg kjem til å halde på med dette så lenge eg kan, eit liv utan fysisk aktivitet kan eg rett og slett ikkje tenke meg!
Hugs på at innlegga som omhandlar psykisk helse er basert på mine eigne personlege erfaringar, les og kommentér derfor med respekt!
God lesing!