It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

lørdag 15. januar 2011

Godt nytt (IRONMAN-) år!

Då er me alle godt i gang med eit nytt år, kanskje untatt dei som ikkje brukar den gregorianske kalenderen da.
Eg har aldri brydd meg så veldig om nyttårseftan, og første nyårsdag.
Eg lurar på om eg skal bruke min eigen kalender, basert på treningsåret.
Altså ein IRONMAN-kalender?

Det er jo stort sett slik at ein melder seg på dei store ironmankonkurransane eitt år på førehand,og då ein jo like godt begynne eit nytt år?


Ifølge ein slik ironmankalender er eg alt godt i gang, og det er 8 månader igjen til IM-året er omme, og etter gjeldande halvironmankalender så er det faktisk berre fire månander igjen.
Spesielt nedtellinga til IM 70.3 Mallorca i midten av mai gjer at året blir meir handterleg.

Eg er nemleg fortsatt ganske skremt over at eit nytt år ligg foran meg og eg ikkje er klar til dette i det heile tatt, og heller ikkje veit kva som skjer, samtidig som eg merkar at eg har mindre påverkning på det som skal skje enn det eg skulle ønske.

Men slik blir det gjerne når helsa ikkje er som eg skulle ønskje at den var, og når eg må gje slipp på ein del av kontrollen over livet mitt og gje den over til NAV. Det er litt skummelt, det óg, men det er jo berre å håpe på det beste.

Noko som eg skal prøve å oppretthalde er i alle fall eit minimum av trening.
Seks veker med hornhinnebetennelse ha ført til at eg berre har svømt ein einaste gong sidan november, noko som eg synst det er trist, sidan den siste svømmeøkta for 10 dagar sida var skikkeleg moro, og eg kjente at eg hadde savna følelsen av vatnet rundt meg, å gli gjennom vatnet, vera i ein annan verden...
Men klorvatn og - luft er nok ikkje spesielt bra for betente hornhinner, så dette skal eg halde meg unna fram til eg får klarsignal av lege.


Eg kan ikkje motstå freistinga når bassenget er så innbydande.
Eg blei litt betenkt då eg skjønte at svømming i klorvatn ikkje er noko godt for betente hornhinner...

Sykling har eg drive lite med i det siste. Men eg har lært meg å sykle på balanserulle, og det har vore moro og inspirerande. Eg har laga meg sirkeltrening, der eg syklar 10min på balanserulle, hoppar tau i 5min, og syklar på rulle i 10min. Det gir avveksling og variert belastning på leggane, låra og anklane og ikkje minst, intensiteten. Dessutan krev det konsentrasjon å sykle på balanserulle, slik at tida går fortare enn om eg berre hadde sykla på rulle heile tida.
Med pink styretape er det dobbelt så moro å sykle på ChiCqilo. Også om det berre er på rulle inne i stoga!
Løpinga har eg også drive lite regelmessig sidan november, i snitt ein gong i veka, og det har med få unntak vore gode løpeturar på ein liten time gjennom snø under stjernehimmel eller i lett snødriv, og beina var gode, og pusten var god. Dermed slappar eg meir av med at energien for tida ikkje strekk til for regelmessig og målretta løpetrening, når eg kjenner at dei få løpeturane faktisk er gode.
Kvardagskunst. Eller berre kunst? Denne isskulpturen passerar eg gjerne på ein av mine faste løperundar. Er ikkje den stilig???

Styrketrening har det også blitt ein gong i veka, og det har kanskje vore det eg har drive med mest regelmessig sidan november. Når seige forkjølelsar ikkje slepp tak og det er lite fristande å puste inn luft som held ein temperatur på minus 12 gradar, så er styrketrening eit godt alternativ for meg.
Styrketrening passar også for dei minste. Eg har kjøpt meg vektstang. Endeleg.
Det er faktisk nå eg har god tid til å bygge styrke, sidan eg ikkje treng å bruke mange timar på sykling og løping i samband med ironmantrening.

Mest regelmessig har eigentleg dei vekentlege torsdagsturane vore. Dei har stort sett vara mellom tre og fire timar, og eg har hatt med meg sekk, og det har vore ein del bratte bakkar, og det trur eg har bidratt til å vedlikehalde kondisen min gjennom desember/januar så langt.
Gruppeturane på torsdagar er gode å ha. Godt med utsikt, felleskap og ein sekk å bera på i djup snø og bratte motbakkar.

Eg har også ikkje hatt bil gjennom heile desember, og derfor har det blitt mange turar ned til sentrum og opp heim att, slik at eg har omtrent kome på 1000 høgdemeter i snitt i veka til fots, og med sekk på ryggen så er det jo ikkje så lite trening det heller.
Takk for alt, gamle bilen min, nå skal du snart få ro, og køyre på dei evige autobanane...

Å springe med briller når det er 10 kuldegradar ute er nesten risikosport, så lite som ein ser når det doggar og isar... Eg har prøvd dette eit par gonger, og det har nesten drive meg til fortvilelse, og eg har respekt for dei som brukar briller når dei er ute og løper, og held humøret oppe.
Litt slørete utsikt frå tur i desember. Slik er det med briller. Og det kan vera verre også...
 I går kveld hadde eg fått nok av brillestyret, og kom meg ut på løpetur, med kontaktlinser, og eg kjenner det i dag, at dette ikkje var så lurt, men kva skal eg gjera når eg blir så fortvila at ein løpetur virkar som det mest fornuftige til å få meg opp av det mentale kaoset eg har rote meg bort i?
Det er omtrent slik eg kjenner det for tida. Det er liksom ikkje slik det skal vera...

Netto linsebruktid i går kveld var på ein time, noko som optikaren vurderar som innanfor makstid på to timar, og noko som eg berre burde benytte meg av i krisetilfelle. Og det gjorde eg jo. Eg får berre håpe at skadane på augo held seg i grenser, men det får jo timen hos øyelegen til onsdag vise.
Eg er ikkje så begeistra for overdriven jolepynt, men denne blå joletrepynten som eg såg på løpetur i går kveld var ganske kul. (Berre rart at PCen min/blogspot/firefox  ikkje laster opp det roterte bildet, men etter å ha prøva 4-5 forskjellige triks, så får det bli slik. Rotér hovudet til høgre, så blir der riktig! :D)

Den mentale effekten av løpeturen i går var utruleg. Etter 20min slutta det venstre kneet mitt å verke, eit eller anna bak høgre kne var kome på plass, venstre ankelen hadde også endeleg ordna seg og overkroppen slappa av. Ca10min lett nedoverjogging/-gange, ei lang seig stigning i 20min, etterfulgt av 15min lett nedoverløping, 10min hard motbakke og 5 min gange heim, så var ein liten løpetime unnagjort og humøret mitt var på topp.
Eg er glad over å ha løpt ein heil time (med linser), og Binna er glad over å ha fått votten min til slutt, så då har me det ganske bra :)

Og så er det berre restitusjon igjen på slutten av dagen, for å få maskimalt utbytte av treningsøkta. Eg blir stadig inspirert av Binne til dette ;)