It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

onsdag 29. august 2012

Ny løpesekk! Salomon XA 10+3 EXP

Nåja, ikkje at eg har hatt så mange løpesekkar før.
Eigentleg så er det berre éin av mine sekkar eg har prøvd å løpe med (Bergans Birken 18L), og denne har vist seg til å vera bedre eigna til å sykle med.

Så nå i nesten eit år har eg vore på jakt etter den "perfekte" løpesekken.
Eller i alle fall ein som passar for meg.
Eg er berre 160cm og har ganske lange bein og dermed kort rygg, så CamelBaken har aldri passa meg, den kjem for langt ned på rumpa, rett og slett.

Ellers er det langt til neste Løplabbet ifrå Seljord, så etter grundig etterforskning av løpesekkar på internett kom tre-firemodellar i nærmare utvalg:
Osprey Talon 11 i størrelse S/M (som då blir berre 8L stor),
Nathan vest i damevariant (som eg ikkje hugsar navnet av),
og Salomon 10+3,
og ein liten sekk til som nesten var umogleg å få tak i, utsolgt i dei fleste nettbutikkane og som eg ikkje eingong hugsar merkenavnet til, så uvanleg var sekken, men bra også.

Så hadde Intersport nå kampanje på ein heil masse terrengtreningsutstyr, og deriblant løpesekkar frå Salomon. Då eg fann ut at det var same modell som eg hadde sett meg ut tidlegare, og prisen var ok, og sidan eg følte at eg fortente ei belønning etter eit stort viktig NAV-møte igår, så slo eg til.
Dvs, eg kjøpte meg sekken alt på måndag, dagen før møtet på tysdag.
Og eg hadde han liggande i posen fram til i dag.
Salomon XA 10+3 EXP

Og eg gleda meg såå til å pakke den ut og prøve den!
Som eg altså gjorde i dag.
På ein liten løpetur på sti gjennom skogen her.

For meg er det viktigaste med ein løpesekk at den sit godt på ryggen og ikkje blir slengt att og fram under løpinga. Resten er eigentleg berre bonus.
Og Salomonsekken sat veldig bra på ryggen også i nedoverbakke på sti der eg måtte hoppe litt sidelengs over røtter og steinar og gjørmehull, og den satt godt inntil og var ikkje i vegen.
Den nye løpesekken min på sin første tur!
Sekken er utstyrt med mange artige og nyttige dingsbumsar, men dette skal eg koma tilbake til seinare, trur eg.
Fargen er jo fantastisk, eg er glad for at eg det fantest sekken i denne "jentefargen".

Lukas var faktisk med på turen i dagen, og oppførte seg ganske bra, han.
Eg har funne ein ny måte å feste leibandet i sela på, som gjer at han drar mindre.
Han er ikkje spesielt lykkeleg over det, trur eg.
Lukas på rusleturen tidlegare i dag.
Han vil også framleis bli dratt opp i motbakk, så eg håpar at formen hans stig snart!
Akkurat nå ligg han på sofaen og snorkar seg i form att, så det lovar bra til neste turen.

Gleder meg til å bruke sekken meir!

mandag 27. august 2012

Å vandre med håp - pilgrimsturen til Røldal 2012

Då er eg tilbake frå min andre pilgrimstur!
Sidan det var heilt umogleg å skrive om pilgrimsturen i berre eitt innlegg, har eg lage fem innlegg om vandringa.

Det beste med turen var å sjå att gamle kjendte frå i fjor, samt å bli kjendt med mange nye flotte menneske.
Dagsetappane var overkommelege, sekken passe tung, været viste seg frå blå himmel og sol til yr, skyer og regn, men stort sett var forholda ideelle for å gå i fjellet.

Dag 1, måndag, Grunge Kyrkje til Velemoen Camping i Edland

Etappen var kort, ca.5km. Den gjekk delvis på asfalt, og delvis på smal sti i skogen. Etter ei kort velkomsttale av Eilev Erikstein (som er ein fantastisk flott person, og var med på heile turen, og då var han med med heile seg, heile tida - utruleg kor mykje denne mannen har å gje og korleis han sprer glede og latter!).

På denne etappen hadde med Lukas.
Det viste seg at han verken er van med å gå i større grupper, eller gå saman med andre hunder han ikkje får lov til å helse på. Han drog veldig sterkt i bandet heile tida. Eg var heilt utslitt av å ha han i band etter berre fem minutter. Men eg kom meg gjennom heile etappen. Sjølv om eg var sliten og fortvila og frustrert på kvelden og klar til å dra heim att.

Første etappe blei den einaste etappen eg hadde med Lukas.
(Bildet er tatt av Mathias Noraberg Larsson)


Den første etappen blei også den einaste Lukas var med på.
Eg har hatt vondt i høgre armen i seks dagar etterpå.
Dette bildet er frå ein av kveldsturane eg tok med Lukas, på Fjellstad.


Dette var jo berre starten på pilegrimsvandringa. Vil du lesa meir, kan du klikke her!

Å vandre med håp - pilgrimsturen til Røldal 2012 - dag 2


Dag 2, tysdag, frå Edland til Vågsli (Fjellstad Camping)

Etter å ha levert Lukas i hytta på Fjellstad på morgonen og ein rikeleg og kjempegod frukost servert av femte klasse på Edland skule la meg ut på pilgrimsvandringas andre etappe. 
Den begynte med ein laaang oppoverbakke. 
Me tok fleire pausar, for her var det mange som blei slitnen av den tøffe starten på dagen, inkludert meg.
Då meg hadde kome litt opp i terrenget var det nydeleg landskap å sjå, og lettare å gå. På den eine pausen fann eg meg ein slik behageleg kvileplass at eg heldt på å søvne.
Det var deileg.
Her fekk eg også bruk for mine ny innkjøpte terrengløpesko. 
Det er kjekt å kunne bytte litt sko undervegs når ein går så mange timar i strekk.
Duskmyrull på ei myr langs vegen.

Geologien i området var ganske spesiell.


Godt med litt fint vær.
Pilgrimsmerke visar vegen.
Det var her eg nesten sovna under ein pause...
Nedstigning til (hm tja kva heitte denne plassen igjen?) gjennom bjørkeskog.
Den siste km på nedsida av E134 langs Vågslivatnet (trur eg at det heitte),
då var eg sliten og glad for snart å vera framme på Fjellstad!


Viss du vil fortsette å lesa om pilegrimsvandringa mi, og tredje etappen, så kan du finne dette innlegget ved å klikke her.

Å vandre med håp - pilgrimsturen til Røldal 2012 - dag 3

Dag 3, onsdag, frå Havradalen til Ulevå

Det var frå dag 3 eg hadde vore med på pilgrimsvandringa i fjor, og det er onsdag som har blitt min "yndlingsetappe". Turen går gjennom så flott landskap, her kunne eg ikkje berre gått i timesvis, men i dagesvis!
Men her også, så ville eg ikkje likt å gå her alene. Det er nok den gode felleskapen med så mange forskjellige og flotte menneske som gjorde vandringa til den super opplevinga den blei.
Her også var starten på etappe ein lengre motbakke, men så kunne me gå på nydelege stiar i slakare terreng.
På denne etappen var det Pierre, ein hyggeleg fransk student som slo følgje med oss. Han hadde fått haik med ein av pilgrmane som kom opp tysdagskveld, og han fekk ikkje anna alternativ enn å bli med oss. 
Aldri har eg snakka så mykje fransk på ein tur før, så det var kjekt å ta i bruk gamle kunnskapar!
Sidan eg ikkje kunne ha med Lukas pga vond arm, så kosa eg litt med Fenris, ein sympatisk irsk ulvehund.

På onsdagen var der meir overskya.
Men landskapet var så fint!
Eg måtte klive litt opp på ein liten topp.
Nede på snøen kosar Pierre seg, på snøen.
Det var eit herleg terreng å gå i.
Eg kunne ha gått her i dagesvis!

Legg til bildetekst

Pausaepå vandringa.
Fjellstøvlane mine frå Haglöfs var kjempegode å gå i.
Ingen gnagsår eller blemmar!
Det hadde ikkje forundra meg om eg tok bildet av same vatn på same staden her i fjor.
Det var i alle fall like nydeleg i år.




Her er det søtrot som bløma, og det var mange av dei, og vakte stor oppmerksamhet,
Søtrot er ei gamal medisinplante, men ikkje la deg narre av navnet, rota smakar nemleg alt anna enn søtt!

Været var skiftande på onsdag, så eg gjekk i både  3/4tights og T-skjorte, Gore-tex bukse og jakke og lue,lt ettersom.
På fjellet er det viktig å ha med nok kle!
Viss du vil lesa om den fjerde etappen, så kan du klikke her.

Å vandre med håp - pilgrimsturen til Røldal 2012 - dag 4

Dag 4, torsdag, frå Ulevå til Svanedalsflona


Denne etappen er lettare enn dei andre, men utsikten her er også fantastisk frå den første meteren. Det å gå på ein gamal veg gjer også at ein faktisk kunne nyte landskapet rundt utan heile tida å måtte sjå kor ein satt føtane hen. Me kryssa fylkesgrensa til Hordaland, gjekk opp mot Dyrskar og så forbi Midtlæger (der Haukelitunnelen kjem ut att av fjellet) og dei siste to km langs vegen til Svandalsflona.
Eg opplevde den siste delen av etappen som ganske tung.
Sjølv om stien gjekk i nydeleg landskap omgitt av bratte fjellsider, vatn og bekkar, så hadde eg mest lyst til å legge meg i lyngen og sova. Tankane blei etterkvart ganske negative.
Men det gjekk over.
Her er det igjen den gode felleskapen som kom inn.
Det var godt å kunne lufte også desse tunge tankane med andre pilgrimar, og eg har berre møtt forståelse og gode ord.

Starten frå Ulevå - litt blå himmel.
Denne åi markerar fylkesgrensa mellom Telemark og Hordaland.

Det er lnydeleg utiskt og lett å gå langs vatnet mot Dyrskar.
Ein stopp på støylen - her kjøpte eg med meg noko nydeleg lys geitost.
Kjempegodt!
Fjellmarikåpe - Dyrskar i bakgrunnen.
Me gjekk på den gamle vegen over Dyrskar.
Det var fin avveksling til sti,
og der kunne me berre rusle og prate og kikke -
ingen fare for å snuble her, det var deileg.
Denne lua har eg blitt så glad i nå - den var kjempegod og varm også då det regna litt etterkvart.
Det var bratte fjellsider på alle kantar.
Tilbakeblikk.
Den gamle tunnelen me gjekk igjennom ifjor var fortsatt dekka av snø.
Det var litt stilig, syntest eg.
Reine leikeplassen :)
Lyset i enden av tunnelen.
Mosen ved den gamle tunnelen er alltid ekstra grøn og frodig.
Mose!
Me tok ein lengre pause ved Dyrskar -
her kunne me velge om me ville fortsette på vegen eller på stien.
Sidan eg gjekk på vegen ifjor, valgte eg stien i år.
Med jamne mellomrom blei stien kryssa av små bekkar som var omkransa av frodig Marikåpe.
Like før Midtlæger dukka dette vatnet opp. 
Etter Midtlæger kom regnet på ordentleg, så dei to siste km langs vegen blei me våte.
Men det gjorde ingenting.
Me kom fram til målet for dagens etappe, Svanedalsflona!
Viss du også vil sjå bildene frå siste etappe, kan du klikke her!

Å vandre med håp - pilgrimsturen til Røldal 2012 - dag 5


Dag 5, frå Svandalsflona til Røldal

Det var den siste dagen og etappen på pilgrimsvandringa.
Starten begynner på den gamle vegen til Røldal, som etterkvart gjekk over i ein lang nedoverstigning. Det var mektig landskap rundt oss. Me kryssa E135 og fortsette vandringa på ein smal sti, forbi Olavsteinen, innom lunsjplassen vår ved Hølen Camping, der det var fleire pilgrimar som slutta seg til oss for denne delen fram til Røldal.
Ein siste motbakke gjennom nydeleg kulturlandskap og frodige seterplassar førte oss ned til Røldal.
Været på denne etappen var flott, solskinn og litt skyer, men ikkje altfor varmt.
Det var ein god følelse å koma fram til Røldal.
I stavkyrkja avslutta Eilev pilgrimsvandringa med nokre ord, og det blei sunge og lest opp dikt.
Etterpå blei det middag i Røldal, og det smakte heilt herleg!


Me er i gang att, mot Røldal.
Pilgrimsmerket visar veg.
Blomar langs vegen.
Eg trur dette er Jåblom.
Ein kan føle seg ganske liten i så storslagent landskap.
Fin temperatur å gå i. Seinare blei lue og fleecejakke bytta ut med singlet.
Her gjekk det jo an å fylle vannflaska si.
Her er det så god plass!
Eg fann meg ei ørlita moltemyr langs vegen, gjøymd bak nokre bjørketre...
På Hølen Camping var det ei geit som venta på oss og matpakkene våre.
Luringen greidde å stele/lokke til seg både boller og eple.
Seinare kom resten av flokken, men den greidde me heldigvis å rømme frå ved å fortsette  vandringa.
Turen fortsette gjennom nydeleg kulturlandskap i solskinn.
Pilegrimsvandring for tobeina og firbeina.
Nydeleg røsslyng langs stien.
Nokon påstod at det "ikkje er blåbær i år". Nei vel?
For ein flott siste pilegrimsetappe!
Nedstigninga til Røldal nærmar seg og fører oss gjennom gamalt seterlandskap.
Seter i bakgrunnen.
Naturen var ganske frodig dess nærmare me kom Røldal.
Den siste vesle kilometeren gjennom Røldal mot stavkyrkja,
som er såvidt synleg i bakgrunnen på bildet.
I god pielgrimstradisjon gjekk me tre gonger rundt stavkyrkja då me kom fram.
Avslutningsbildet av pilegrimane foran stavkyrkja i Røldal.


Pilgrimspasset fekk det siste stempelet som bevis for gjennomført pilgrimstur, og med dette tok min andre pilgrimstur til Røldal slutt, i alle fall formelt sett.

For på denne turen har eg blitt kjendt med så mange nye flotte menneske, knytt så gode kontaktar, kjendt på mine begrensnignar og moglegheitar, mine ressursar og evner, slik at eg kjem til å ha med meg denne pilgrimsturen også i lang tid etter at eg kom fram til Røldal.