It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

fredag 30. april 2010

På jakt etter den gode pusten - del II

1) Motbakkeintervall på sykkel

Tysdag blei ein dag utan trening (men med blogging), mens eg på onsdag skulle prøve å finne den gode pusten på ei sykkel(motbakke-)intervalløkt.

Sidan det blir anbefalt å varme opp grundig foran ei intervalløkt, noko som eg har slurva veldig med tidlegare, tok eg meg først ein liten tur ned til (den flate delen av) Seljord, og sykla ca ein halv time i varierande fart.
Luften var kjøleg, det hang låge skyer rundt fjelltoppane omkring, og det var lite trafikk og tørr asfalt.
Terrengsykkelen min var nypussa og smurt, og blei også glad over å ha blitt valgt framfor racern eller temposykkelen.

For å koma meg tilbake til bakkeintervalløktbakken min, må eg altså først koma meg opp ein bakke, sjølvsagt.
125m høgdemeter, med varierande stigning, alt frå 2 til 10%.

Den eigentlege intervallbakken min ikkje så lang og bratt, ca 600m lang, og med større grad av stigning.
Denne bakken har eg valgt meg mest a praktiske orsaker:
- den er veldig nærme huset mitt, og dermed nærme viss eg plutseleg skulle gå tom for karbohydratar, vatn eller varme nok klede;
- det er lite trafikk der
- den er asfaltert
- den byr på flott utsikt på toppen
- og utsikten blir berre finare dess høgare ein kjem: god motivasjon for å ta ekstra i!
Utsikten ved vendepunktet på motbakkeintervall, ved fint vær.

Eg bestemte meg for å ta den første transportbakken som eitt intervall, og ta 5 "ordentlege" intervall etterpå.
Til tross for at eg hadde varma opp, og dette til og med ved hjelp av ein bakke på førehand, så var dei første intervallene tunge og litt kjedelege, men nr 3, 4 og 5 var morsamme, spesielt også fordi eg eit par gonger sykla forbi ei dame på rusletur, og prøva å nikke og forklare at denne bakken var spesielt fin for bakkeintervall,
mens eg prøva å virke "normal".
Det kan jo kanskje virke litt rart å sykle opp og ned ein 600m lang bakke så mange gonger for utenforståande.
Men dama virka venleg og såg ut til å nyte bakken sjølv (ellers hadde ho vel neppe gått ut på tur der, men tatt bilen, vil eg tru).

Men pusten?
Den var definitivt ikkje med meg på intervallene. Det var berre å innsjå at det ikkje skulle så store anstrengelsar til for å få økta til å koma opp mot anaerob terskel, og det var også derfor at eg valgte å avslutte økta etter fem intervallomgangar.
Dessutan venta Binna heime på turen sin, og vår vanlege kveldstur på ein halv time byr jo også på litt stigning, spesielt når ein går på intervallslitne leggar.

I går, på torsdag, så var ryggen fortsatt litt stiv, for ikkje å snakke om mellomgolvet mitt som nektar å samarbeide, og hos legen fekk eg ein rekvisisjon til nye 24 behandlingar hos fysioterapeut.
(Då eg informerte han om prosjektet mitt om å gjennomføre ein Ironman til sommaren, og forklarte distansane, så lo han litt og meinte at det nesten var på grensa til det forsvarlege, men han synst jo at treninga mi er utelukka positivt bortsett frå at han får dårleg samvet av å høyre om det. Hehe.)

2) Løpetur

Tilbake til løping i går og jakten etter pusten.
Til tross for at yr.no hadde trua med fare for ettermiddagsbyger viste kvelden seg frå sin beste sida, med litt sol mellom skyene, og berre litt vind, og god temperatur.
Då var det vanskeleg å ikkje ta ein liten joggetur og kjenne om pusten kanskje kunne lokkast fram med roleg løp.

Etter mine vanlege 10min rusling nedover bakkane, jogga eg fornøydd av garde, beine kjendest sterke og gode etter gårsdagens sykkelintervall, og magen var fornøydd etter ein dag med boller og godteri og småspising, og Binna viste seg villig til å bera vannflaska eit stykke.
På grunn av den gode temperaturen blei det ein del stoppar der Binna gjekk ned til elva for å avkjøle seg, noko som gjorde at eg fekk tid til å kjenne litt etter ryggen og tøye litt.

Pussig nok så kjendest ryggen ganske grei, skuldrane også, og til og med magen var meir avslappa enn vanleg.
Og mens me fortsatte turen, så heldt pulsen seg utruleg lågt, og beina var lette, og plutseleg - så var den der - den gode pusten !!!

Det var ein heilt utruleg deileg følelse.
Det kan nesten ikkje beskrivast. Korleis er det å kunne trekke pusten djupt, når siste gongen er ca to veker tilbake?
Fantastisk.
Eg kjende pusten heilt nede i magen.
Det var omtrent som når ein etter mange timars fjelltur endeleg finn ein bekk med kristallklart fjellvatn og får drikke.
Då smakar vatnet nesten søtt.
Slik var det.
Pusten SMAKA godt!

Eg har likevel vanskeleg for å beskrive det.
Spesielt følelsen når eg gjentatte gonger berre kunne trekke pusten.
Igjen og igjen og igjen.
Breidt smil.
Eg fekk lyst til å juble.

Eg fortsatte løpeturen, kikka litt på pulsklokka og kunne berre konstatere at pulsen var mykje lågare enn vanleg, mens tempoet var bra.
Då eg kom i nærhete av idrettsbanen, kunne eg ikkje dy meg.
Eg tok ein kort 1000m fartstest, får å sjekke farten min (eg har altså ingen tekniske hjelpemidlar som GPS og løpesensor. Slikt står på ønskelista, men ikkje så veldig høgt oppe), og farten låg sånn rundt 5:50min/km, noko som er det vanlege behagelege langturtempoet mitt.

For å nyte følelsen ytterlegare, tok eg ein liten spurt etter dei 1000m, sidan Binna galopperte vilt ved sida av meg og såg ut til å ville utfordre meg.
Det var Binna som vann den 150m lange spurten, mens eg gleda meg fortsatt over det fungerande mellomgulvet mitt.
Vinnaren av 150m-spurten: Binna

Men også ein løpetur med fungerande pust bør ta slutt ein gong, og etter spurten jogga eg og Binna roleg tilbake, og gjekk bakken heim.
Gjennomsnittspulsen min for turen låg 10-15 slag lågare enn på dei siste rolege turane mine, og eg var skikkeleg fornøydd.

Det høyrer med til historia om jakta at pusten berre var å finne på løpeturen. Med andre ord, den hadde blitt igjen der ute, så på kvelden og i dag så er den igjen godt gøymt bak eit skjold som heiter mellomgolv.

Ja vel, då får den vel ligge der og lure?
Eg skal nok lokke den fram igjen. Kanskje med ein sykkeltur, i morgo?

tirsdag 27. april 2010

På jakt etter den gode pusten

Bø Sprinten er over og overstått.
Bortsett frå den fortsatt stive pustemuskulaturen min.
Men den vil måtta gje seg etterkvart.

Nå er eg på jakt etter den "gode pusten" som eg og fysioterapeuten min ofte kallar den.
Den kan skjule seg mange plassar (den gode pusten min altså, ikkje fysioterapeuten min).

På lange rolege turar, der ein kjenner at beina går av seg sjølv, og pusten går jamnt og regelmessig.
På intervaltrening, når pulsen roar seg mellom intervallene, og pusten er djup og kraftfull.
Etter treningsøkt på sofaen eller liggjande på golvet, når musklane er avslappa, kroppen ligg stille og pusten går lett og uanstrengt, frå magen.

Siste laurdag valgte eg og leite etter den gode pusten med sykkel.
Eg hadde ein mistanke om at den kunne vera ein stad langs Seljordsvatnet.
Været var innbydande med berre lite vind, blå himmel, litt skyer og sol.
Tørr og fin asfalt og nypussa og smurt landeveissykkel.

Samtidig ville eg koma i gang med test av sykkelsete. Så stilig som det originale sykkelsete på Chicqiloen er, den er rett og slett ikkje godt å sykle lengre turar på.
Testsykkelsete nr.1: Selle Italia Onda XP Trans Am

På ettermiddagen sat eg meg på testsykkelsete nr. 1 (Selle Italia Onda Trans Am), for denne anledninga flytta over frå terrengsykkeln til racern, slalomsykla i den grove grusen opp den 400m lange gardsvegen og susa ned til Seljord sentrum og til vatnet.

Første runda gjekk medsols rundt vatnet.
Andre runde gjekk motsols rundt vatnet.
Kor er den gode pusten?
Eg oppdaga den til slutt på den andre runden, etter ca 60km.
I kveldssol på tørr og fin asfalt, med lite trafikk og nydeleg utsikt over vatnet.
Herlege forhold på laurdag under sykkelturen rundt Seljordsvatn. Utsikt mot Skorve.

Tre timar med sykling skulle til for å løyse opp musklane.
Resten av turen kunne eg nyte med god pust, i alle fall fram til den bratte bakken heim.
Men då er intensiteten så høg at knapphet på pust uansett er til stede.

Eg skal ikkje legge skjul på at for meg, så funkar tempobøyla på racern som lettvin "støtte". Utan den hadde nok ryggen min slått seg vrang, vil eg tru.
Praktisk at eg valgte meg triatlon framfor landeveissykling kanskje?

Søndagen, dagen etterpå, var musklane nesten like stive igjen og mellomgulvet nekta å samarbeide (kanskje sidan det var søndag, der ein skal kvile?).
Denne gongen blei det styrketrening som blei tatt til hjelp.

I går, måndag, skulle eg leite opp pusten på ein lang og roleg løpetur.
Den første timen var veldig frustrerande.
Etter mykje gråvær igår hadde sola titta fram, og ettermiddagen viste seg stille og døsig. Forholda låg altså til rette for ein fin og avslappe løpetur.
Men pusten hadde denne gongen gøymt seg igjen.
Etter denne første timen med utprøving av forskjellige pusteteknikkar, -rytmar, avslappningsmetodar, visuell meditation måtte eg innsjå at eg rett og slett skulle springe på "halv lungekapasitet".
Dette var litt frustrerande, sidan tempoet mitt var ganske lågt, og det kjendest altså som eg var ganske utrena.
Til og med det sakte joggetempoet krevde store anstrengelsar.

Men så tenkte eg, at det kanskje er slik det kjennest å trene i høgda, og mange proffe athletar gjer jo nettopp det, så kanskje skal eg ikkje klage når eg kan ha det så lettvint som å trene i høgda i lågareliggjande strøk?
Etter rundt halvannan time derimot virka det som om mellomgulvet endeleg slappa litt av, og eg kunne halde på utan å måtte stoppe for å hive etter pusten.

Det var ein god følelse!
Det var ein såpass god følelse at eg virkeleg tok meg ein lang tur, og sidan eg hadde tatt med mat, og Binna var så snill og bar vannflaska mi, og været var fint, og eg var akkurat passe kledd, så forlenga eg dei planlagte 19km med eit par ekstra km, og kosa meg i fint joggetempo i over 2,5 timar.
At slitne lårmusklar kunne kjennest så herleg?

Godt at eg finn att pusten på lange turar, dette lovar godt for Ironmantreninga mi.
Fysioterapeuten min lurte på om det også kunne vera godt å køyre intervall, for å kjenne på pustebegrensningane, og for å kunne jobbe med desse.
Det høyrest jo ikkje spesielt behageleg ut, men dette kan jo vera staden der eg skal finne den gode pusten neste gong?

--------------------------------------------------------------------------
Testresultatet mitt for Selle Italia Onda XP Trans Am:

- langt navn
- mjukt
- god utsparing
- fin overflate
- prisgunstig
- ganske breidt
- behageleg også i aerostilling (=mjuk polstring på tuppen)
- mjukt polstra overalt
- svart (=lettvin og nøytral og fin farge)
- lett å få tak i (kjøpt på Intersport)
- kult mellomnavn: "Onda" :D

torsdag 22. april 2010

Bø Sprinten 2010

Vårens vakraste eventyr blei Bø Sprinten kalla nokre år tilbake. Jammen er det eit eventyr!
I år var det fjerde gong eg deltok i Bø Sprinten, og den har vore forskjellig kvart år.

Derfor har eg sjeldan hatt konkrete mål om plassering eller tid.
I år var eg mest begeistra for å kunne bruke temposykkelen min for første gong i ein konkurranse. Dessutan ville eg stilt på Bø Sprinten nesten uansett form, sidan det er ein for meg lokal konkurranse, og dermed har høg prioritet.

Men høss gjekk det då?
Som vanleg, så hadde eg og Marie kontakt per telefon alt på veg ned til Bø.
Det vil seie, Marie var på veg mens eg fortsatt stod på tunet og diskuterte med Binna om ho skulle vera med eller bli heime.
(Binna ville bli heime, eg ville ha ho med. Me brukar non-verbal kommunikasjon og kroppspråk, og mens Binna var tydeleg på det ho ville, var eg visst mindre overbevisande. Binna fekk det som ho ville og blei verande heime).
Eg kunne dessverre ikkje tilby Marie å hente startnummeret hennes, sidan eg var enda seinare ute enn henne!!

Svømminga føregjekk i heat, og oppsettet blei tilsendt deltakarane alt to dagar tidlegare.
Min heat skulle starte kl.11.00, og eg hadde derfor god tid til å kikke på alle desse raske svømmarane i dei første heat.
Eg hadde estimert svømmetida mi på 14min (750m innandørs svømming i 25m-basseng), sidan eg trudde at eg hadde brukt 13:50 i fjor.

To svømmarar starta per bane, noko som var nytt for Bø Sprinten i år, men som fungerte veldig bra, og gjorde dessutan at svømmedelen blei avvikla på kortare tid. Eg havna ytterst i første banen, noko som eg syntest var veldig hyggeleg.
Svømminga på Bø Sprinten. Eg er der, heilt nederst til høgre :D

På denne måten kunne eg alltid puste til sida der speakeren stod, og etterkvart slappe meir av (og Lars, viss du les dette her, takk for at du heia på meg :o)

Det kjendest godt å svømme, men pussig nok var konkurranseinstinktet mitt nærmast fråverande, og eg kosa meg meir enn at eg tok ordentleg i.
Dei 750m blei unnagjort på 13:59, berre eitt sekund forskjell til seedingtida mi :)
Eg tenkte nok at eg hadde brukt lengre tid enn i fjor, sidan eg ikkje brukte så mykje energi, men var heller ute etter den "gode følelsen".
Men då eg hadde kome heim og sjekka tida eg hadde brukt i fjor, så var jo den på 14:07. Eg svømte altså fortare enn i fjor, sjølv om eg anstrengte mykje mindre!
Eg lurar på om det er styrketreninga som har gjort litt forskjell her?

Henting av startnummer. Sidan deltakarane på den korte distansen skulle koma i mål først, blei det ein del venting. Best å kle seg godt for å halde varmen da...

Sykkelstarten foregår som jaktstart, og eg hadde fått startnummer 17 (av 42, kult!).

Sykkelen min står klar til innsats. Den kosar seg åpenbart i nærheten av Guys Ironmansekk :D

Det blåste ganske kraftig frå alle kantar, men heldigvis var vegen fri for kvistar og greinar og kongler og liknande, og bortsett frå eit kortare stykke er asfalten ganske ny og fin å sykle på. Sykkelløypa ville eg kalle for småkupert, og eg kjende fort at leggane mine fortsatt er bortskjemde etter vintaren med lett spinning på rulle.

Det viste seg å vera godt og lurt å ligge i tempobøyla heile tida, på den måten så minska eg angrepsflata for vinden betrakteleg, og det gjekk stort sett greitt å halde retninga.
Med min såpass tidlege start kunne eg berre vente på å bli forbisykla.
Dette er noko eg har alt vent meg til.
Det er jo ganske underhaldande å sjå på alle desse karane som susa forbi med dei muskuløse leggane sine?

Dei 20km gjekk fort å sykle, eg savna riktignok speedometer, men så var det kanskje like greitt å ikkje vite kor langsamt eg krabba opp stigningane?
--> eg kjende littegrann rykk i sykkelen min av og til også, ChiCqilo beteknar seg sjølv som "temposykkel", og ville gå mykje fortare, mens eg vil poengtere her at det dreier seg om ein dame-triatlonsykkel i størrelse XS, og ville tru at legg- og lårstørrelsen min ligg i same størrelsesklasse...

Overgangen til løping var greitt. Eg hadde gløymt hurtiglås på skolissene mine (som til dette formålet hadde blitt klipt ekstra kort, noko som gjorde at snøringa tok kanskje ørlitegrann lengre tid enn planlagt. Men så fekk eg jo ein ekstra pustepause. Viss det kan vera snakk om å puste i
slik samankrøkt snøre-skolissene-stilling).

Beine mine kjendest faktisk gode i starten av den første løperunden.
Noko som ikkje kjendest godt var mellomgulvet mitt, magen min, ryggen min, ribbeina mine og skuldrane mine...
Magen kjendest som ein einaste hard flate, og det kjendest nærmast umogleg å puste imot den. Puslen steig høgare og høgare mens eg prøva å slappe av i magen, men den verka og krampa seg og nekta å slappe av.
Eg trøsta meg med at eg slikt stort sett går over etterkvart, så lenge eg ikkje auka tempoet og prøva å puste godt.
På bakken forbi Gullbring nådde eg makspulsen umiddelbart, og eg valgte å gå, i håp om at magen skulle slappe av. Pulsen roa seg littegrann, og etter første runden opplevde eg eit par minuttar med behageleg løping.
På runde to manifesterte krampane seg ytterlegare, og eg vurderte om det ikkje ville gå fortare å gå, sidan eg nå hadde begynt å jogge så veldig sakte. Bak meg hørte eg spenstige og energiske løpeskritt, og då eg snudde meg, såg eg Helene i uforskamma god form og full fart.
Ho ropte noko til meg, og eg ropte noko tilbake, men eg hugsar verken det eine eller det andre.
Det såg utruleg godt ut med berre singlet og eg tenkte at eg sannsynlegvis var for varmt kledd, og mens eg slepte meg opp bakken forbi Gullbring andre gongen, tok eg av meg ulltrøya.
Med mindre vekt håpa eg på litt lindring, og jammen var det blitt litt lettare å springe, og for eit kort øyeblikk (15sekund) kosa eg meg då krampane plutseleg gav seg littegrann.
Men då eg nærma meg bakken forbi Gullbring for tredre gong, hadde også andre pustemusklare blitt stive, og mens beina mine fortsatt kjendest sterke og gode, føltest overkroppen som eit for trongt muskelpanser.
På tredje og siste runden skulle me ta ei ekstra sløyfe rundt idrettsbanen. Ved forbipasseringa av skiftesonen høyrte eg igjen (kvinnelege) steg bak meg, og eg trudde at det var nokon som ville ta frå meg fjerdeplassen min.
Det synstest eg var heilt greitt. Eg hadde eigentleg alt nådd grensa for kor mykje krampar eg kunne tole, og jogga berre stille vidare.
Til og med på dei siste 400m rundt idrettsbanen, der eg altså hadde begynt å gå, måtte eg berre stoppe, fleire gonger, for å ta igjen pusten.
Det var ganske frustrerande.
Eg hadde ikkje nok pust for å gå eingong???

Målområdet var nå nærma, og eg jogga letta i mål.
Så blid eg var då eg kom i mål. Det var jo noko eg hadde sett fram til gjennom heile løpeetappen!!.

Det kjendest som om kroppen min var delt i to:
- spreke lår og leggar
- anstrengt og utslitt og forkrampa mage og overkropp

Det var ein merkeleg følelse.

Samanlagt var tida mi eigentleg bra, spesielt tatt i betraktning mine mange stopp og all den tida eg brukte på å gå i staden for å løpe.
Men noko må eg gjera i forhold til mine pusteproblem (Torbjørn? Har du forslag?)

Eg er glad for at eg skal delta i ein Ironman og ikkje i ein serie med sprinttriatlonkonkurransar i år.

Men uansett så var Bø Sprinten ein hyggeleg start på triatlonsesongen, spesielt når det er så mange koselege venner som er med på den!
Og om følelsen min på sjølve konkurransen kanskje ikkje alltid var spesielt god, så var den veldig god etterpå!

[Bortsett frå det første bildet er alle bilder hemningslaust kopiert frå Guy si bildesamling. Takk, Guy :o) ]

Intermezzo - mellom(in)legg

Det er eigentleg ikkje det fysiske treningsgrunnlaget mitt som utløyser tvilen over IM-deltakelsen.
Eg er redd for å gå på ein smell.
Eg har gått på ein smell på veg til ein konkurranse før.

Då var konkurransen i same fylke som eg bur i.
Nå skal eg altså til Tyskland og vegen dit er lengre og kan by på mange anledningar til denne smellen.

Det er for komplisert å blogge om.
Men eg trur viss ikkje askeskyer set ein stoppar på det, så er ein flytur den beste og faktisk sikraste måten å transportere meg sjølv til Frankfurt på, utan fare for smell.

Sykkelen min har også uttalt seg heilt klart: ChiCqilo VIL til Frankfurt!

Sjå berre på dette bildet her, der den prøvar å koma tett inntil IM-sekken til Guy, som han fekk etter sin deltakelse i Ironman Germany i Frankfurt for nokre år tilbake...

Avslørande: ChiQilo prøver å få kontakt med Ironmansekken til Guy her i skiftesona på Bø Sprinten sist laurdag. Den er sugen på langtur :D (Bildet er hemningslaust tatt frå Guy sine sider med bilder frå Bø Sprinten. Takk, Guy!)

mandag 19. april 2010

Tynn tråd

Min deltakelse i IM Germany heng i ein tynn tråd.

Eg skulle ønske at Frankfurt var litt nærmare.

mandag 12. april 2010

Årets første triathlonkonkurransen nærmar seg...

og fram te torsdag kl.15:00 er det fortsatt mogleg å melde seg på. Ganske enkelt pr e-post. Startkontingent blir betalt kontant ved framkomst.
For vidare informasjon, sjå her, der det ligg meir informasjon frå IL Skarphedin sine sider.

Bø Sprinten har funne stad fleire år på rad.
Men det ser ut som om det er gjort ein del endringar i år.

Mens svømmedelen fortsatt er den same, er det i år sykling på asfalt.
I 2007 hugsar eg ein middels krevjande terrengløype med litt stigning og nokre bratte svingar. I 2008 og 2009 var størstedelen på asfalt, men ein god del på grusveg.

I år skal det altså syklast ei mil frå Bø mot Lunde, og så tilbake.
Og det betyr at det blir konkurransepremiere for temposykkelen min!
I alle fall viss det blir fint vær (og det har dei meldt), for Chiqiloen skal berre ut når det er tørt og varmt og fint og grusfritt på vegen.
Slik er det når ein er importert bortskjemt og overbeskytta temposykkel :D

Løpedelen bestod tidlegare av to runder, som gjekk frå skiftesonen eit stykke ut mot sentrum, gjennom ein liten park, og så opp ein kjempebratt bakke og ned igjen.
Den bakken er utstyrt med tau, og det er ikkje snakk om å løpe den opp. Eg trur den bakken tok pusten frå dei fleste. Littegrann i alle fall.
Denne bakken er borte.
(Hurra! Den var grusam. Sjølv om eg altså på fredag manna meg opp til bakkeintervall. Som ein liten forberedelse. Som om det ikkje er nok bakkar her.)
Det skal nå springast tre runder "rundt" Gullbringanlegget. Snillare for beina, og ikkje minst: mykje meir publikumsvenleg, sidan deltakarne kjem innom skiftesone og målområde to gonger før dei kjem inn til mål.

Det virkar spennande.
Ein annan ting som er ny i år, er at eg har meldt meg på FØR påmeldingsfristen.
Det er virkeleg nytt og har aldri skjedd før.

Sist men ikkje minst skal eg ta med vêrmelding for Bø til og med laurdag:


Det er i alle fall kjekt om det blir opphaldsvêr.

Det var det ifjor, og korleis det var ellers på Bø Sprinten i fjor, har eg skrive her.
God lesing!

torsdag 8. april 2010

Den manglande brikken ("brick work-out"en)?

Gjennom påskeferien blei treningsveka mi ein del snudd opp ned.
I det siste har eg stort sett trent på denne måten:

måndag: styrke
tysdag: svømming
onsdag: middels lang roleg løpetur
torsdag: kort+lett sykling; styrke
fredag: kort lett løpetur
laurdag: roleg langtur sykling
søndag: roleg langtur løp

Den fasta ramma danna svømming på tysdagar, og dei lange rolege turane på laurdag og søndag. Dei resterande øktene blei også bytta på innimellom, men pussig nok så har dette mønsteret etablert seg.

Nå er ikkje svømmehallen i Seljord open lenger.
Det betyr at svømmedagen min kan falle på nesten kva som helst dag i veka.

Siste veke begynte uansett heilt annleis enn vanleg:

Måndag: roleg langtur løp (sidan det ikkje blei noko av på søndagen)
Tysdag: styrketrening (saman med Marie, noko som førte til fleire dagars stølhet etterpå, sidan me syntest det var så moro begge to, og nesten ikkje kunne gje oss)
Onsdag: svømming (denne gongen i bassenget i Åmot i Vinje)
(Skjær)Torsdag: min tradisjonelle skjærtorsdagsturen, ca ein time
Fredag: Styrketrening
Laurdag: Roleg langtur sykling
Søndag: ingen trening, men besøk, og ein lang tur

--> berre laurdagen var "vanleg", altså som før.

Så var det altså denne veka:

Måndag: roleg langtur løp
Tysdag: ordne-dag med påfølgjande time-out slokning på sofaen, altså resitusjon
Onsdag: brikk

Brikk, hæ?

Det blir diskutert mykje om nødvendigheten av å trene "brick workout", altså treningsøkter der ein kombinerar to eller tre av triatlondisiplinene.

I går var været såpass fint og temperaturen god, at eg eigentleg ikkje greidde å bestemme meg om eg skulle springe eller sykle ute.
Då var det vel ikkje noko enklare enn å gjera begge delar??

Sidan eg skulle treffe Marie seinare den dagen, måtte eg koma meg tidleg ut, og organisere meg litt. Ein liten times sykling langs Seljordsvatnet med utsikt over enda frosent vatn, der berre små hol i isen avslørte at også sjøormar lengter etter vårsola, i ganske kupert terreng.

For å gjera det enkelt, sykla eg rett og slett fram og tilbake. Det skulle bli omtrent 20km.

Så var planen å skifte heime, ta joggeskoa fatt, ta med meg Binna og jogge littegrann. Flaske med ekstra drikke sto klar, ein gelpose i jakkelomma, og klesskift.
Det er jo skikkeleg luksus å ha T2 heime på soverommet.
Det blei omtrent 10min med klesskift, så bar det ut igjen.

Eg har alltid likt å springe etter syklinga (faktisk). Klart, det kjennest kanskje litt rart.
Spesielt i går da eg skulle gå ned denne bratte bakken på gummimusklar. Eg hadde jo ikkje akkurat halde noko igjen i motbakkane på sykkelen.
Binna var glad over at ho endeleg fekk bli med ut. ho synt jo at det alltid er trist når eg reiser ut med terrengsykkelen utan at ho får bli med.
Eg hadde planlagt maks ein time på beina.
Det tok 12-15min å rusle ned til det "flate" Seljord:


Så sprang eg ca ein halv time, der beina kjendest utruleg bra, men magen forferdeleg tom.
Eg hadde då ete lunsj like før eg begynte å sykle, tom alt nå???
Gelposen blei tømt, halve innhaldet av vannflaska også, og bakken heim att tilbakelagt dels joggande, dels gåande.
Rett og slett for å halde pulsen på eit behageleg (aerobt) nivå.

Binna er som alltid eit stykke foran. Med mindre ho er eit stykke bak. Eller rett ved sida.

Og - ikkje minst - for å kunne nyte omgivelsane rundt meg.
Det var veldig moro og inspirerande å gjera noko heilt anna enn det gode gamle som eg hadde vend meg til.
Og beina kjennest også gode i dag.
Kan hende dette var den manglande brikka i treninga mi?

lørdag 3. april 2010

Konkurranse-simulerande trening

For å lykkast i konkurransen burde ein vel ganske ofte trene på forholda ein kan møte på ein konkurranse.
Denne vesle filmsnutten er eigentleg reklame, men illustrerar meir enn mange ord utfordringane svømmestarten på ein triatlonkonkurranse kan by på.



Lykke til :D !