It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

mandag 31. desember 2012

Ha det, 2012!

Siste dagen i 2012.
Kjendte eg litt lettelse der?

Eg er superklar for eit nytt år.
Sjølv om eg ikkje har nyttårsforsett, for dei er eg ikkje spesielt glad i.
Viss det er noko som eg vil endre, så set eg heller i gang med det same, eller så let eg like godt vera det heile.

Planar for eit nytt år er sjølvsagt noko anna.
Dei har eg.
I alle fall eit par stykke så langt, treningsmessig.

Eg er nå påmeldt IM 70.3 Haugesund/Norway, og med startkontingent i julekalenderpremie var det ei fryd å taste meg gjennom den lange påmeldingsprosessen.


Ein annan del i konkurranseplanen min er Trondheimtriatlon.
Og den gledar eg meg like mykje til som til Haugesund.

Så skal det bli spennande korleis det blir å få ein tidlegare verdsmeister i ironman triatlon som Dave Scott som coach fram til IM 70.3 Haugesund.
Eg hadde jo eigentleg alt planen klar for treninga mi basert på Joe Friels metodar, men men, klart det kan vente til seinare.

Det blir spennande!

Godt nyttår!


mandag 24. desember 2012

HUUUUURRRRRAAAAAAA!!!!

I dag kl 9:45 fekk eg ein mystisk telefon av eit nummer eg ikkje hadde vore borti før.
Midt i jolefrokosten saman med venner.
Eg rakk ikkje ta den.
Skeptisk.
Men nysgjerrigheten tok overhand til slutt.

Eg fann ut at nummeret tilhøyrte racedirector for IM 70.3 Haugesund.
WHAT?

Eg ringte opp att eit kvarter seinare.
Då fekk eg gladmelding om at eg hadde vunne i jolekonkurransen til IM 70.3 Haugesund!

HUUUURRRAAAAA!

Samtidig tikka det inn ein epost frå Haugeund.
Premien inneber startkontingent til IM 70.3 Haugesund, overnatting på hotel i konkurranseveka, og coaching med DAVE SCOTT (mangfoldig IM Hawaii Worldchampion frå den tida IRONMAN triatlon blei til).


For ei fantastisk jolegave eg har fått!!
Eg er berre sååååå happy :) :)

Fortsatt god jol!

søndag 23. desember 2012

God samvittighet med Joe Friel

--> i alle fall viss eg er heldig og får ein plass på IM 70.3 Haugesund som alt er utsolgt.

Slik som Joe Friel delar inn treningsåret (dette er forøvrig ikkje noko uvanleg for andre trenarar heller) i dei ulike fasane fram til konkurransedagen, så er eg nemleg midt i "prep-"fasen i forhold til Haugesund.
I denne prep-fasen nevner Friel fire store mål:

  1. gradvis tilbake til normal trening
  2. begynne å utvikle aerob uthaldenhet og tempo"ferdighetar" (fart skills)
  3. utvikle generell muskelstyrke med styrketrening
  4. redusere fare for skader
Det passar meg bra, eg kan nemleg neppe omtale treninga mi som strukturert for tida. 
Den er tilfeldig, og ha vore det lenge.
Eg prøver å få til eit par styrketreningsøkter i tillegg til eit par løpeøkter i veka.

Og det er mykje tid eg tilbringar med alternativ aerob trening som skogsturar i djup snø og snøbrettkøyring (såkall freeride ute i terrenget, ikkje snakk om bekvem heis her altså når eg først skal opp bakkane!)

Tempoferdighetar driv eg kanskje ikkje spesielt med, men å henge i bandet etter Lukas i full fart dei første 10min på løpetur får i alle fall opp stegfrekvensen min og steglengda, i tillegg til at eg får øvd meg i raske stopp og start (når han bråstoppar og snusar, og så spring avgarde igjen i full fart med meg på slep).

Likevel så blir eg litt rastlaus, tenker at eg burde sykle litt nå også, og svømme meir, osv.
Men nå er det snart joleferie, og då synst eg det er moro å tilbringe tid med venner, spesielt dei som eg ikkje har sett på lenge.
Og då blir treninga gjerne litt nedprioritert.
Og eg lurar på kva som skjer med formen min da.
Det er mange gode svar å finne på bloggen til Joe Friel.
Bloggen fin du her.

Men  - så var det den flotte setninga i Joe Friels "Your Best Triatlon"-bok om prep-perioden som skulle gje meg god samvittighet:
"As a coach, I think it's great that you are not in race shape now [...while your training partners are.]"
Hæ???

Og så: "You don't want to have great fitness now - that would be a mistake on a grand scale [...]"
Ja vel...?

Grunnen til dette er at det fortsatt er mange månader igjen til min planlagte konkurranse (i beste fall IM 70.3 Haugesund, ellers blir det ein annan halvironman seinare på året), og fordi det ikkje går an å opretthalde toppform gjennom dei neste 20 vekene fram til konkurransen. Formen skal byggast nå framover, og denne prosessen kan ikkje framskyndast.

Takk, Joe Friel! 

Ha ei riktig god jol alle samen!

fredag 21. desember 2012

Før-jolegåve

Nå på onsdagen kom det ei gåve i posten til meg.
Frå meg sjølv.

Eg som er så glad i treningsplanlegging (sjølv om eg sjeldan gjennomfører treningsplanane til punkt og prikke, hehe, planlegging er morsamt, eller kanskje det er heller målsetting eg eigentleg driv med?), har blitt inspirert av eit blogginnlegg frå Iron-Rune om triatlonlitteratur.

Eg likar godt bøkene til Joe Friel, men synst jo at eg har lest og bladd og knadd Triatlonbibelen hans frå perm til perm og på kryss og tvers og baklengs at det var på tide med noko nytt.
Så då bestilte eg meg "Your Best Triathlon" frå Joe Friel, utgitt frå VeloPress Forlaget.


Den er nok meir detaljert i forhold til treningsbibelen, men samtidig meir lettlest, og meir rett på sak.
Men det er berre første inntrykket, og eg ser fram til å lese meir i den og la meg inspirere til nye treningsøkter og -opplegg.

Kjekt å kunne fordjupe seg i ei god bok midt i all denne søte julestria ;)

søndag 16. desember 2012

Endeleg snø! :)

Eg synst at november har vore litt i mørkaste laget, med tåke og regn og få soldagar, så nå etter at det har snødd så mykje, kjenner eg at litt av energien er på veg tilbake.
Det har blitt lite trening i form av løping, svømming eller sykling i det siste, men turar har eg gått med Lukas.
Og med litt stigning og snø å vasse igjennom, kvalifiserar det t i alle fall som vedlikehaldstrening av kondis og beinmuskulatur.
Utsikt frå tur.
Men nå har det jo blitt lysare ute, med all den deilege snøen som kom i det siste!
Og eg har faktisk også endeleg kome meg ut på brett igjen.
Hurra!!
K2 Kandi - snobrettet mitt er jo så utruleg fint!
Valget stod mellom å ta ein tur og handle (var heilt tom for brød og pålegg) eller å prøve snøbrettet i treningsbakken min resten av dagen.

Så då fann eg ut at eg heller ville kome meg ut i den deilege snøen med det same sjølv om det betydde at eg kanskje måtte nøye meg med å ete graut til frukost fram til mandag (og eg er IKKJE spesielt glad i graut, men den går nå ned den, og fyller magen).
(Note to self: Hugs å ha knekkebrød i huset!)
Lukas elskar snø (og pinner)!
Lukas skulle også vera med.
Og eg var veldig spent på korleis han ville reagere på snøbrettet.
Han kan jo vera ganske vill til tider...
Etter at eg hadde koma meg på toppen av bakken og fått på meg brettet og satt utfor, var det heller ikkje tvil at Lukas likar fart og spenning, og elskar å springe fort.

Då Binna var med siste gong, pleidde eg å ha med eit leiketøy eller ein gamal vott ho kunne bera på. Det er nemleg noko med leikedrifta til labradorane som er så sterk at dei MÅ ha eit eller anna å bera på, ellers blir dei heilt ustyrlege.
Det gløymde eg i går.
Så det blei ein del napping etter jakke, votter og beina den første turen ned, og jammen er Lukas god til å springe raskt i djup snø!
Han er jo ganske høg og har store sterke musklar, så det skulle vel berre mangle.

På  turen opp att bakken skaffa han seg heldigvis ein stor pinne som han kunne herje med, og det hjelpte, for nå sprang han like entusiastisk bakken ned etter meg, men utan å nappe.
Lukas kosar seg med ein god pinne.
Det blei berre fire turar ned og opp bakken, det var nemleg ganske tungt å vasse opp att i den djupe snøen. Og så blei det plutseleg mørkt også, men det passa bra, sidan eg begynte å bli skrubbsulten.
På snobrett i den blå timen...
Det er eit eller anna med ny snø, vind og snøbrett og bakkar og moro som virkeleg set fart på matlysten min. Så då eg kom heim blei det først ei rask banan, så ultrarask tomatsuppe (heimelaga, det tek 3min + oppvarming) som magefyll, så kokte eg poteter samtidig som eg laga vårrull, og alt saman gjekk ned på rekordtid.

Bra.
Nå er fortsatt meldt snø i to dagar framover, om enn litt mildare eit par dagar.
Eg håpar virkeleg at snøen blir liggande!


Det var moro med snowboard igjen, herleg!
Gleder meg virkeleg til fleire turar.
Bra at Lukas likte det også, ein fin måte å mosjonere han på samtidig ;)

søndag 2. desember 2012

Vinterdvale...

Når eg ser tilbake på månad november, så blir det tydeleg at det eg har nærma meg ein tilstand av vinterdvale.
I gjennomsnitt har eg løpt 1-2 gonger.
Styrketreninga som eg skulle fokusere på, har det blitt lite av, ingenting dei siste tre vekene faktisk.

Grunnen til det er at eg ikkje har orka.
Pusten var og er dårleg, og det betyr at det nesten er umogleg å trene med låg intensitet, eller slik som eg føler for.
Eg har blogga mykje om det før, så dette er jo ikkje noko nytt.
Eg håpar berre så veldig på at det løsnar snart igjen!

For ei veke sida var eg og ei venninne på tur med hundane, og eg sleit meg opp bakkane i ein time, mens venninna mi hensynsfult føreslo at me kunne ta det rolegare (ho trenar ikkje, og røyker. Snakk om at eg føler meg i dårleg form altså!).

Men med nokre pustepausar kom me oss til toppen etter ein time.
Hundane fekk leika og herja så mykje dei ville, det er heilt utruleg kor hundar får denne energien ifrå altså, det skulle eg gjerne visst!
Lukas og Bianco leika og herja heile tida!
På veg ned att blei me belønna med ein superfin solnedgang.
Turen varte berre i to timar, men for meg med forbigåande redusert lungekapasitet var dette ei ganske bra økt og god prestasjon.
Nå skal eg avtale ny time hos fysioterapeut, og prøve å fordjupe meg i meditasjon, avspenningsteknikkar osv, kanskje lære meg yoga, og ete og sova så mykje eg treng.
Kanskje er eg i ferd med å gå i vinterdvale?