Tida går fort nå, synst eg, og eg har hatt mange bloggetema i hovudet, men ingenting av dette blei
Men nå!
Den siste tida har faktisk vore litt tung, både treningsmessig og ellers.
Eg har måtte droppe altfor mange økter.
Eg har nemleg blitt kronisk støl i ryggen.
Det er mest sannsynlegvis den iliopsoasen igjen, som eg har krangla med før.
Eg tok meg ein tur til fysioterapeuten for å avklare dette, men "dessverre" så var det ingen styrkeøving eg gjorde feil, eller ingen løpeteknikk som var for dårleg, ingen dårlege sko, dårleg haldning, feil sykkel eller andre eksterne faktorar som eg lett kunne ha fiksa.
Nei da, det er nok totalbelastninga som er litt stor for tida, og han beklaga at han måtte gje meg ei så kjedeleg forklaring.
![]() |
| Syklinga har ikkje skylda for støl hoftemuskulatur. |
Og det er berre så stressfult og frustrerande når eg ikkje får puste ordentleg!
Dårleg pust er virkeleg teikn på at det er litt too much for meg.
Så då prøva eg å kjenne litt bedre etter.
Og tok dei øktene som passa.
Eg trur faktisk om eg hadde fordelt ein vekesplan på 10 dagar, så hadde det blitt optimalt for meg.
Men nå er det ikkje lenge igjen til IM 70.3 Haugesund, så eg skal gjera så godt eg kan.
Eg vil heller stille til start litt undertrent enn å ikkje stille i det heile tatt.
![]() |
| Løpeintervall har eg løpt ein gong i veka - sidan mars! |
Restitusjon er nok ekstra viktig for meg, trur eg.
Sjølv om eg kan ta ein heil dag "fri" for trening, er det dermed ikkje sagt at eg er restituert til ny treningsøkt dagen etterpå.
Så det gjeld å ha litt is i magen og ikkje tenke på alle dei øktene eg ikkje greier å gjennomføre, men heller vera trygg på at det er den gjennomførte treninga som gir effekt!
Og apropos is i magen, så kjenner eg også at mat er noko eg kan bli flinkare med.
Når eg ikkje er i form, dvs ikkje greier å trene ein dag, så har eg også stort sett også dårleg matlyst, og får i meg altfor lite mat.
Så eigentleg burde eg ha is i magen, bokstaveleg talt!
Eller helst mat med bedre næringsinnhald enn is kanskje.
Sidan konkurransen nærmar seg, så brukar eg mykje av treninga for å teste utstyr og bruk av næring (=energibarar, gel og sportsdrikke). Våtdraktene blir også fortsatt testa.
| Re-testing av ORCA-våtdrakt. Den er berre trang, den :/ |
Blir det dette...
![]() |
| CRAFT tri singlet og 2XU - tri comp shorts |
eller dette...?
![]() |
| Blue Seventy tri-drakt |
Fargane på det første alternativet er jo såå fine, men samtidig så er tri-drakta så utruleg behageleg å ha på, den sit som støpt. Ingenting som strammar rundt magen, og ingen top som kryper opp når ein løper...
Så kva blir det til slutt?
Det blir spennande :D



























