It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

tirsdag 21. februar 2012

Skitur med knall og fall...(au)

Med det fantastiske vêret på søndagen så blei det faktisk ein lengre skitur på søndagen.
Sjølv om det blåste ganske sterkt på fjellet (snøføyken stod på alle dei kringliggande toppane), så frista solskinn og blå himmel oss ut.

Sekk med ekstra kle, vindsekk, termos med te, niste, sitteunderlag, tibetansk lammeskinn og kvikklunsj blei fordelt på sekkane våre. Me drog på skifeller sidan det var delvis ganske forblåst og hardt, og sidan den lange bratte stigninga frå parkeringsplassen frå Grimås opp mot Lifjell er litt i det brattaste laget for smørefri ski utan stålkanter i fiskebeinteknikk.
I alle fall for oss.

Det var herleg å vera tilbake på Grimås!
Grimaren låg der og frista, utsiken mot Skorve og Mælefjell var vakker, og etterkvart som me klatra oss opp utallige høgdemeter så dukka fleire og fleire fjelltoppar opp rundt oss.
Skorve sett frå Grimås. Vakkert!!
I starten så hadde med vinden i ryggen, og så snart me kom opp på toppen av bakken var det berre å ta av fellene og gå langs den oppstikka løypa. Eller på sida av den.
Det var eigentleg like greitt å gå overalt, og den snøen som hadde samla seg i løypa var lett og fin å gå på.
Masse vind på fjellet! Men det var likevel fint å gå i løypa.
Der var det fin snø å gå i.
Med solskinn og vinden i ryggen var det fantastisk lett å gå. Eit øyeblikk vurderte me å berre gå vidare heilt til Bø, men så var det ingen av oss som hadde gått heile den løypa her, så dette ville me gjera ein annan dag.
Sol, vind og blå himmel i vinterfjellet på veg til Tjorbu.
Sjølv om det blåste noko heilt forferdeleg, så var me godt kledd, og når vinden enkelte stader stilna, ja då var det heilt nydeleg. Ikkje heilt påskeforhold enda, men det var ikkje langt unna.

Under lunsjen fann me begge to ut at våre turkokkekunstar var noko rustne: me hadde begge to laga ein termos kvar med altfor svak te! Eg hadde laga ei eventyrleg blanding av nypete og adventste frå desember 2009, og det var sukkeret i teen som redda smaksopplevinga.
Teen til Bjørg Irene, som me kallar for tigerte, og som vanlegvis er sterkt krydra, hadde kanskje fortent å bli døypt om til "Lille-pus-"te, så svak var den.
Men det var godt med varm drikke, og vondt smakte det heller ikkje, berre veldig, veldig svakt...
Utsikt frå lunsjplassen vår. Trea såg ut som dekka med pepperkake-melispynt!
Me gjekk eit lite stykke forbi Tjorbuvatnet og snudde så, sjølv om det var utruleg fristande å berre gå vidare i timesvis. Men det var blitt ettermiddag, og me rekna med å bruke litt meir tid på tilbakevegen, med den sterke iskalde vinden imot oss.
Vestre Tjorbu 1074 moh.
Men også tilbakevegen gjekk greitt - i alle fall fram til me kom fram til den bratte utforbakken ned til parkeringsplassen.
Planen var å renne ned med feller på skiene ved å krysse att og fram. Det er nemleg noko heilt utruleg bratt ned der.
Ulykkeleg utvitande om kva som skulle skje mot slutten av turen.
Skorve i bakgrunnen.
Så skjedde det, nesten heilt øverst i bakken, då eg skulle krysse bakken på skrå, der den var på det brattaste: fellene under skiene slapp taket, og skiene mine rasa ned på den harde snøskorpa utan feste. Sidan det var så bratt så ramla eg berre sidelengs med ski og stavar og arm og bein på kryss og tvers.
Spesielt det venstre kneet mitt havna på tvers, vrei seg rundt mens eg datt på det.

Sååååå vondt!
Eg kjendte at dette ikkje var noko "vanleg" fall. Det var vanskeleg å få av meg skiene. Det venstre kneet mitt gjorde så utruleg vondt. Tårene pressa seg på mens eg prøva å løsne bindingane på skiene og prøva å skli ned den vesle bakken til den flata litt ut.
Bjørg Irene hadde heldigvis ikkje følgte same spor, men kom til hjelp, og plukka opp skiene.

Heldigvis så kjendest det ikkje ut som noko var brekt.
Men kneet var blitt skikkeleg instabilt og hengslete, og alle sidelengs bevegelsar gjorde kjempevondt, for ikkje å snakk om å løfte venstre foten/bøye kneet. Heilt umogeleg!

Støtta på ski og stavar greidde eg å gå ned bakken, snøen var jo hard og fast og grei å gå på. Hadde eg synke nedi med venstre foten, hadde eg faktisk ikkje visst korleis eg skulle ha greidd å dra den opp att!

Det blei likevel lite dramatikk av det heile. Det hadde seg nemleg slik at Seljord Røde Kors hadde stor øving denne helga, så Grimås var fult av folk frå hjelpekorset som sikkert hadde hive seg rundt på null komma niks for å hente ned ein halvlam haltande skigåar...Så eg følte meg tross alt ganske trygg.

Då eg hadde kome meg heim og dusja, var smertane i kneet ganske uuthaldeleg, og eg hangla meg frå bord til bord og mellom stolar og greidde så visst å løfte venstre fot over den 5cm høge (låge) dørterskelen.
Bortsett frå eit sjukehusopphald då eg var seks år etter ei lite ulykke på skøyter har eg aldri nokon gong øydelagt meg på trening eller turar. Så dette var nyt!

Eg har også visstnok ganske sterke og elastiske sener og leddband, og "kvalitetsmuskulatur" (seier fysioterapeuten). Så eg visste ikkje i det heile tatt kva eg skulle gjera.
"RICE" = Rest, Ice, Compression, Elevation er noko brukt som akutttiltak for idrettsskadar.
Men ise ned kneet når det ikkje hadde hovna opp? Når det alt hadde gått meir enn ein time etter fallet?
Kompresjon, greitt, men korleis da???

Etter ein telefon med ein bekjent av meg som er ein dyktig og erfaren fysioterapeut, fekk eg råd: halde kneet i ro i eit par dagar, få tak i krykker viss eg ikkje greidde å gå utan å halte, belaste kneet forsiktig, eventuelt trene opp att frå torsdag med lett spinning på sykkel.
Og smertestillande.

Eg fekk tak i krykker på søndagskveld. Kneet mitt isa eg forsiktig.
På måndagen var det fortsatt vondt, og i tillegg så hogg det til noko grusamt også når eg heldt beinet i ro. Det verste var eigentleg når eg skulle snu meg, eller stå opp.

Så eg fekk meg ein akuttlegetime. Berre for å sjekke.
Legen kjendte etter og drog opg trykte og sjekka, og både menisken og leddband var mest sannsynlegvis like heile.
Hurra!
Så nå var det berre å bruke støttebandasje, bruke venstre bein forsiktig, ta voltaren og vente nokre dagar. Om det då ikkje er bedring, skulle eg til legen igjen og ta MR/røntgen.
Støttebandasje (men dette er ikkje mitt kne).
Eg hev tru på at det ordnar seg.
Kanhende det er den vidunderlege virkninga av smertestillande, eller så er det "kvalitetsmusklane" mine som driv med hurtigrestitusjon, i alle fall så er kneet ein god del bedre alt i dag.
Så fint bilde på veggen på venterommet på legekontoret i Seljord!
Eg har nemleg fastlegen min i Bø, så  det var første gong eg sat her.
Følte meg med det same litt friskare :D
Med broddar på både beina og krykkene kom eg meg ut i dag for å lufte "Bonni", ei golden retrievertispe som eg skal passe denne veka.
Litt kjedeleg å ha ei bikkje på besøk som eg ikkje får gått ordentleg tur med, men sånn er det.
Matmora hennes syntest det var heilt ok.


Så denne veka er det treningspause. Dessverre.
Eg hadde jo alt koma så godt i gang!
Og til og med pusten var ferd med å bli god!

Kjedeleg med krykker.
Men eg får vel opp humøret etterkvart.
Eg trur nok eg skal kunne trene litt lett styrke for overkropp og mage/rygg, berre eg er forsiktig.
Det er jo ganske mykje eg kan gjera sjølv om eg må passe ekstra godt på kneet mitt.
Og det skal eg.
Og når det gjeld avslapping, så har eg visst fått meg ein hund på besøk nå som virkar like inspirerande til akkurat dette som Binna var.
Og det er jo bra.
"Bonni" hjelpar til på både blogging av avslapping ;)