It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

onsdag 29. februar 2012

"Du går som ein slagpasient!"...

... fekk eg høyre i dag frå fysioterapeuten, då eg skulle vise han stolt og fornøydd kor flink eg var til å gå utan krykker.
Men såå flink var eg visst ikkje likevel.
Og det kjendte eg vel eigentleg sjølv.
Eg løfter jo ikkje vanlegvis foten min ved hjelp av hoftemusklane for så å slepe den etter meg med eit strakt bein?
Stakkars smurf...
Det bar inn på fysiorommet og på benken, og så blei både det skada og det friske kneet strekt, dreidd rundt, kjent på, løfta på, og betrakta og vurdert.
Det er nok mest sannsynleg ingen avrivne leddband, heldigvis. Men det mediale leddbandet (mediale kollateralligamentet) mitt har fått seg ein strekk slik at kneet mitt er litt ustabilt mot innsida av låret. Vidare har den mediale menisken fått seg ein smell den også og er derfor øm, og musklane rundt kneet på innsida av låret har fått ein strekk.
Det venstre kneleddet med ligamentar sett forfrå.
Skadeforløpet så langt har vore som følgande:
(Dette er mest skrive for min eigen del, i tilfellet noko slikt skulle skje igjen)

Sundag: Knall og fall på skituren. Sterke smertar i venstre kneet etterpå, ikkje i stand til å løfte foten så lite som 5cm eingong, og ibux og paracet blir knaska som godteri og to krykker mine to nye bestevenner.

Måndag: Etter ei natt med mykje smertar i kneet var eg nesten ikkje i stand til å koma meg rundt i huset, også ved hjelp av krykker. Akuttime hos lege og det blir konstatert at mest sannsynlegvis alle leddband er inntakt og at eg skal tinge ein legetime til etter ei veke viss kneet ikkje blei bedre. Støttebandasje hjelper og er heilt nødvendig for å halde kneet på plass.

Tysdag: Etter å ha vridd meg i senga i timesvis om natta fann eg ei god kvilestilling for kneet slik at eg fekk sova og eg begynte å sjå grøne enger med blomar og syngande fuglar i rein lykke. Litt mindre vondt, slik at det går an å sitte i sofaen og slappe av. Eg tuslar langs gardsvegen og luftar "Bonni". Den vesle nedoverbakken er grusam, men ellers går det bra. Voltaren er vidunderleg men ganske søvndyssande...

Onsdag: Eg refererar med fysioterapeuten igjen, pr sms. Kneet er litt bedre og mindre vondt, og dei få korte lufteturane med "Bonnie" gjer at eg løyser opp muskulaturen i kneet og får blodsirkulasjonen i gang. Støttebandasje er tingen fortsatt, og ibux smakar fortsatt godt.

Torsdag: Eg greier nå bedre å løfte foten/kneet, slik at dørtersklar på 5cm blir mindre skremmande. Når kneet i ro, gjer det faktisk ikkje vondt ein gong. Men kneet er "laust" og det høgg til på innsida av kneet når eg ikkje  passar på. "Bonnie" reisar heim og eg kjedar meg utan Binna og utan trening.

Fredag: Blir flink med krykker og kjem meg ganske godt rundt i huset. Berre eg gjer alt i saktefilm, så går det bra. Eg tek ein telefon til fysio'n igjen, for å vera sikker på at eg ikkje gjer noko feil. Sidan eg er litt ivrig til å gå. Får beskjed om at eg kan belaste kneet sålenge eg ikkje utfordrar smerteterskelen, og at eg kan sykle på rulle forsiktig i 5min (berre fem?!?!) og ta forsiktige knebøy. Kan gå over til sportsknestøtte om ønskeleg.

Laurdag: Nå kjenner eg at kneet blir bedre og får større bevegeligheit. Eg kan bøye kneet passivt ganske mykje, men ikkje så mykje ved å bruke musklane, då er det frykteleg vondt. Sidan "Bonnie" har reist, blir det mindre rusling. Men eg trenar styrke for overkropp, og finn mange øvingar der kneet kan vera heilt i ro. Er fornøydd! Ei treningsøkt, endeleg, herleg!
Chin-ups går fint an med eit skada kne!
Søndag: Enda litt meir bevegelighet i kneet. Men å strekke ut beinet i liggande stilling er ganske ubehageleg. Eg har funne ut at puter er bra for skada kne. Puter er tingen, og ibux mindre populært. Eg set meg på sykkelen og syklar forsiktig 5min, og så likegreitt 5min til. Sidan det gjekk så bra liksom.
Det verste med syklinga er eigentleg å koma meg oppå den og ned att. Men som sagt: i sakte film går det meste an.

Måndag: Eg er ganske lei av støttebandasjar og knestøtter og prøver meg forsiktig utan. Det kjennest godt. Men når eg er ute, brukar eg sportsknestøtte. Då slenger kneet mindre liksom. Ørlitegrann støtte e bra men mest av alt: bedre følelse for kva stilling kneet er i. Eg lengtar etter råd og oppmerksamhet frå den faste fysioterapeuten min (jada, eg har mange), og ringar han og får ein liten konsultasjon pr telefon, sånn på generelt grunnlag. Han fråråder meg å svømme, men er einig i at sykling på rulle er bra, så lenge eg passar på kneet.
Eg syklar 20min denne kvelden, veeeldig forsiktig, dvs låg kadens og middels belastning.

Tysdag: Hurra, første natt utan støttebandasje, og eg vakna berre eingong på grunn av feil og vond bevegelse.  Eg går faktisk også ute utan knestøtte, når eg passar på. Når eg er saman med andre, er det tryggast med den ekstra vesle støtta. Ingen ibux i dag! Nå kan eg faktisk sitte og ha kneet i 90gradar bøydd og slappe av samtidig. Ute er det mildt og sol, og eg kan faktisk sitte ute og slappe av og gløyme kneet littegrann. Det går fint å bruke berre éi krykke inne.

"The Futuro Sport Moisture Control Knee Brace " 
Onsdag (idag): Brukar berre  éi krykke eller går heilt utan. Fysio'n meiner eg skal bruke to krykker når eg er ute, og først og fremst trene på å gå "riktig" dvs vanleg (eg er tross alt ingen slagpasient), eller droppe krykkene så lenge eg ikkje haltar. Me diskuterar opptreninga framover, også med tanke på IM 70.3 Norway i Haugesund 8.juli. Eg får litt skryt for at hamstringmusklane mine er så mjuke, det gjer undersøkinga lettare og er bra for kneet (har vanlegvis litt stramme hamstrings, men dei har eg trent  styrke på, dessutan har eg jo ikkje løpt på ei stund heller, så dei er mjuke).


Så kva blir det vidare?
Løping er ganske utelukka ei stund (og fysio'n lo godt då eg spurde om det etterkvart er greitt å hoppe tau, sidan ein berre hoppar opp og ned da, men det er ganske klart ikkje greitt). Svømming er heller ikkje så bra, sidan beinet då er litt meir laust, og kan lea seg i mange uheldige retningar. Å gå litt er berre fint, så lenge eg går riktig.
All belastning under smertegrensa er bra. Styrketrening for kneet er bra. Styrketrening ellers er berre bra. Ute skal eg helst berre bruke to krykker, for ikkje å gå skeivt, men gå riktig, og slik at eg ikkje sklir på isen (kjekt med broddar på både krykker og sko).
Kjedeleg med to krykker. Så mykje å halde styr på.
Men men, om det hjelper, så greitt for meg...
Å sykle på rulle/stasjonær sykkel er også bra, og om eg utmattar musklane litt/blir støl rundt kneet dagen etterpå, så gjer det ikkje noko.

Kva som skjer med IM 70.3 Norway 8.juli vil vise seg etterkvart, og mest kanskje i løpet av neste veke, og om det blir nødvendig med MR, og om kneet betrar seg slik det burde.
I forhold til treninga fram til Haugesund tenker eg at eg godt kan trene alternativt (ingen løping eller svømming) heilt fram til ca slutten av april, men i starten av mai burde eg begynne å kunne jogge litt.

Trykk her så kjem du til ein artikkel om Oddbjørn Homstvedt,
som deltek i mange løp i året på krykker, pga av ein lammelse i det eine beinet.
Då eg nevnde for fysio'n at det heldigvis berre er ein halvmaraton eg skal springe i juli (etter å ha sykla 9 mil), så lo han igjen. "Berre ein halvmaraton???"
Mens eg tenkar at eg hadde avlyst konkurransen om det hadde dreidd seg om maraton til slutt.
Men eit par mil skal eg greie å jogge/springe/gå også med tynt løpegrunlag. Berre eg syklar for kondisen sin del og opprettheld muskulaturen min i beina.

Etterkvart reknar eg med at eg koma meg ut på tur igjen også.
For det savnar eg virkeleg.
I og med at Binna også er borte, så er eg plutseleg mykje mindre ute i naturen, og det savnar eg...
Men det kjem nok igjen etterkvart.
Eg er virkeleg optimistisk med tanke på opptreninga.
Dette skal gå bra!

tirsdag 21. februar 2012

Skitur med knall og fall...(au)

Med det fantastiske vêret på søndagen så blei det faktisk ein lengre skitur på søndagen.
Sjølv om det blåste ganske sterkt på fjellet (snøføyken stod på alle dei kringliggande toppane), så frista solskinn og blå himmel oss ut.

Sekk med ekstra kle, vindsekk, termos med te, niste, sitteunderlag, tibetansk lammeskinn og kvikklunsj blei fordelt på sekkane våre. Me drog på skifeller sidan det var delvis ganske forblåst og hardt, og sidan den lange bratte stigninga frå parkeringsplassen frå Grimås opp mot Lifjell er litt i det brattaste laget for smørefri ski utan stålkanter i fiskebeinteknikk.
I alle fall for oss.

Det var herleg å vera tilbake på Grimås!
Grimaren låg der og frista, utsiken mot Skorve og Mælefjell var vakker, og etterkvart som me klatra oss opp utallige høgdemeter så dukka fleire og fleire fjelltoppar opp rundt oss.
Skorve sett frå Grimås. Vakkert!!
I starten så hadde med vinden i ryggen, og så snart me kom opp på toppen av bakken var det berre å ta av fellene og gå langs den oppstikka løypa. Eller på sida av den.
Det var eigentleg like greitt å gå overalt, og den snøen som hadde samla seg i løypa var lett og fin å gå på.
Masse vind på fjellet! Men det var likevel fint å gå i løypa.
Der var det fin snø å gå i.
Med solskinn og vinden i ryggen var det fantastisk lett å gå. Eit øyeblikk vurderte me å berre gå vidare heilt til Bø, men så var det ingen av oss som hadde gått heile den løypa her, så dette ville me gjera ein annan dag.
Sol, vind og blå himmel i vinterfjellet på veg til Tjorbu.
Sjølv om det blåste noko heilt forferdeleg, så var me godt kledd, og når vinden enkelte stader stilna, ja då var det heilt nydeleg. Ikkje heilt påskeforhold enda, men det var ikkje langt unna.

Under lunsjen fann me begge to ut at våre turkokkekunstar var noko rustne: me hadde begge to laga ein termos kvar med altfor svak te! Eg hadde laga ei eventyrleg blanding av nypete og adventste frå desember 2009, og det var sukkeret i teen som redda smaksopplevinga.
Teen til Bjørg Irene, som me kallar for tigerte, og som vanlegvis er sterkt krydra, hadde kanskje fortent å bli døypt om til "Lille-pus-"te, så svak var den.
Men det var godt med varm drikke, og vondt smakte det heller ikkje, berre veldig, veldig svakt...
Utsikt frå lunsjplassen vår. Trea såg ut som dekka med pepperkake-melispynt!
Me gjekk eit lite stykke forbi Tjorbuvatnet og snudde så, sjølv om det var utruleg fristande å berre gå vidare i timesvis. Men det var blitt ettermiddag, og me rekna med å bruke litt meir tid på tilbakevegen, med den sterke iskalde vinden imot oss.
Vestre Tjorbu 1074 moh.
Men også tilbakevegen gjekk greitt - i alle fall fram til me kom fram til den bratte utforbakken ned til parkeringsplassen.
Planen var å renne ned med feller på skiene ved å krysse att og fram. Det er nemleg noko heilt utruleg bratt ned der.
Ulykkeleg utvitande om kva som skulle skje mot slutten av turen.
Skorve i bakgrunnen.
Så skjedde det, nesten heilt øverst i bakken, då eg skulle krysse bakken på skrå, der den var på det brattaste: fellene under skiene slapp taket, og skiene mine rasa ned på den harde snøskorpa utan feste. Sidan det var så bratt så ramla eg berre sidelengs med ski og stavar og arm og bein på kryss og tvers.
Spesielt det venstre kneet mitt havna på tvers, vrei seg rundt mens eg datt på det.

Sååååå vondt!
Eg kjendte at dette ikkje var noko "vanleg" fall. Det var vanskeleg å få av meg skiene. Det venstre kneet mitt gjorde så utruleg vondt. Tårene pressa seg på mens eg prøva å løsne bindingane på skiene og prøva å skli ned den vesle bakken til den flata litt ut.
Bjørg Irene hadde heldigvis ikkje følgte same spor, men kom til hjelp, og plukka opp skiene.

Heldigvis så kjendest det ikkje ut som noko var brekt.
Men kneet var blitt skikkeleg instabilt og hengslete, og alle sidelengs bevegelsar gjorde kjempevondt, for ikkje å snakk om å løfte venstre foten/bøye kneet. Heilt umogeleg!

Støtta på ski og stavar greidde eg å gå ned bakken, snøen var jo hard og fast og grei å gå på. Hadde eg synke nedi med venstre foten, hadde eg faktisk ikkje visst korleis eg skulle ha greidd å dra den opp att!

Det blei likevel lite dramatikk av det heile. Det hadde seg nemleg slik at Seljord Røde Kors hadde stor øving denne helga, så Grimås var fult av folk frå hjelpekorset som sikkert hadde hive seg rundt på null komma niks for å hente ned ein halvlam haltande skigåar...Så eg følte meg tross alt ganske trygg.

Då eg hadde kome meg heim og dusja, var smertane i kneet ganske uuthaldeleg, og eg hangla meg frå bord til bord og mellom stolar og greidde så visst å løfte venstre fot over den 5cm høge (låge) dørterskelen.
Bortsett frå eit sjukehusopphald då eg var seks år etter ei lite ulykke på skøyter har eg aldri nokon gong øydelagt meg på trening eller turar. Så dette var nyt!

Eg har også visstnok ganske sterke og elastiske sener og leddband, og "kvalitetsmuskulatur" (seier fysioterapeuten). Så eg visste ikkje i det heile tatt kva eg skulle gjera.
"RICE" = Rest, Ice, Compression, Elevation er noko brukt som akutttiltak for idrettsskadar.
Men ise ned kneet når det ikkje hadde hovna opp? Når det alt hadde gått meir enn ein time etter fallet?
Kompresjon, greitt, men korleis da???

Etter ein telefon med ein bekjent av meg som er ein dyktig og erfaren fysioterapeut, fekk eg råd: halde kneet i ro i eit par dagar, få tak i krykker viss eg ikkje greidde å gå utan å halte, belaste kneet forsiktig, eventuelt trene opp att frå torsdag med lett spinning på sykkel.
Og smertestillande.

Eg fekk tak i krykker på søndagskveld. Kneet mitt isa eg forsiktig.
På måndagen var det fortsatt vondt, og i tillegg så hogg det til noko grusamt også når eg heldt beinet i ro. Det verste var eigentleg når eg skulle snu meg, eller stå opp.

Så eg fekk meg ein akuttlegetime. Berre for å sjekke.
Legen kjendte etter og drog opg trykte og sjekka, og både menisken og leddband var mest sannsynlegvis like heile.
Hurra!
Så nå var det berre å bruke støttebandasje, bruke venstre bein forsiktig, ta voltaren og vente nokre dagar. Om det då ikkje er bedring, skulle eg til legen igjen og ta MR/røntgen.
Støttebandasje (men dette er ikkje mitt kne).
Eg hev tru på at det ordnar seg.
Kanhende det er den vidunderlege virkninga av smertestillande, eller så er det "kvalitetsmusklane" mine som driv med hurtigrestitusjon, i alle fall så er kneet ein god del bedre alt i dag.
Så fint bilde på veggen på venterommet på legekontoret i Seljord!
Eg har nemleg fastlegen min i Bø, så  det var første gong eg sat her.
Følte meg med det same litt friskare :D
Med broddar på både beina og krykkene kom eg meg ut i dag for å lufte "Bonni", ei golden retrievertispe som eg skal passe denne veka.
Litt kjedeleg å ha ei bikkje på besøk som eg ikkje får gått ordentleg tur med, men sånn er det.
Matmora hennes syntest det var heilt ok.


Så denne veka er det treningspause. Dessverre.
Eg hadde jo alt koma så godt i gang!
Og til og med pusten var ferd med å bli god!

Kjedeleg med krykker.
Men eg får vel opp humøret etterkvart.
Eg trur nok eg skal kunne trene litt lett styrke for overkropp og mage/rygg, berre eg er forsiktig.
Det er jo ganske mykje eg kan gjera sjølv om eg må passe ekstra godt på kneet mitt.
Og det skal eg.
Og når det gjeld avslapping, så har eg visst fått meg ein hund på besøk nå som virkar like inspirerande til akkurat dette som Binna var.
Og det er jo bra.
"Bonni" hjelpar til på både blogging av avslapping ;)

søndag 19. februar 2012

Ein godbit i posten

Eg veit ikkje korleis eg skulle greidd meg dei siste dagane om eg ikkje hadde trent så mykje som eg gjorde.
Det kjennest som om ein stor del av meg er blitt borte saman med Binna.
Og det gjer vondt.
Samtidig har eg hatt ein del møte angåande behandling denne våren, og søknaden om AAP er enno ikkje blitt behandla.
Og dermed er eg stressa og anspent stort sett heile tida, for eg veit ikkje heilt kva som skjer vidare.
Og når sorgen over tapet av Binna kjem i tillegg, så er dette ikkje småtteri, kjenner eg.

Og det er då eg merkar kor godt det er å trene og vera i aktivitet.
Det er ikkje så farleg i kva pulssoner eg er i, eller farten, eller lengda på ei økt.
Viktig er, at eg får tenke på noko enn det som stressar meg.

Og at kroppen blir brukt på ein positiv måte.
Pusten er fortsatt ikkje heilt god att, men eg kjenner bedring. Det at eg har halde på med ein eller annan aktivitet i omtrent ein time dagleg, har hjelpt. For meg er det avspenning. Etterpå i alle fall.
Kroppen får ro.

Etter skituren på torsdag tok eg og trente styrke i 50min.
Sjølv om eg ikkje tok så hardt i, var eg støl i heile to dagar etterpå.
Så kroppen er ikkje heilt klar for hardtrening enda.
For den som har lyst til å bli skikkeleg støl (sterk) i dei skrå magemusklane, prøv gjerne denne øvinga her:
"Angled Side Bridge". Denne øvinga er effektiv! 
På fredag hadde eg eit par viktige møte, og eg var utruleg sliten av dette resten av dagen.
Samtidig så fekk eg ikkje ro då eg la meg på sofaen for å slappe av.
Tvert imot, pulsen gjekk berre opp.

Så då tok eg på meg løpesko og kom meg ut på løpetur. Eg var ute i ca 50min, og det var heilt merkeleg å vera på løpetur utan Binna. Ingen stopp, ingen pausar, ingen Binna som ville snuse her, tisse der, fann ein matbit der, eller berre småsprang lystig foran meg.
Men det kjendest godt, faktisk. Minnene etter Binna er jo overalt der eg spring.
Så ho var med meg, på ein måte. Og det var fint.

I går (laurdag) var eg ganske sliten i kroppen, og rastlaus samtidig.
Det regna ute, og dermed var det uaktuelt å stå på brett.
Men inne er det alltid stabil temperatur og gode sykkelforhold, så eg tok fram ChicQiloen, rigga meg til foran TVen og sykla i veg.
Dessutan hadde eg fått ein liten godbit i posten, som eg hadde lyst til å prøve:

Den har eg ønska meg leeeeenge. Nå er den her! :)
Så då var det i alle fall godt å sykle!
Det blei snaue 45min, der eg stort sett fokuserte på høg kadens (flest mogleg "omdreiingar"=pedaltråkk i minuttet), og der eg justerte vinkelen og avstand på tempostyret og setet.
Temposykkelen min (ChiQiloen) er godt innstilt så langt.
Den nye triatlontoppen fungerar veldig bra. Og stilig er den også. 
I dag er det solskinn. Det blåser ein del. Det er isete, men me skal prøve å koma oss ein tur på fjellet på ski, og håpar på bedre forhold der.
Eg er spent på kor lenge eg skal halde på med denne hyperaktiviteten.
Enno kjennest det godt.

Men eg ser fram til den dagen eg kan med go ro i kroppen berre slappe av og pusle med eitt eller anna. For nå er det ingen Binna her lenger som kan inspirere meg til avslapping.
Men eg skal prøve så godt eg kan å halde denne inspirasjonen/tradisjonen i live her i huset :)

Binna var flink til å slappe av.
Dette skal eg også bli!

torsdag 16. februar 2012

Kan hundar stå på snowboard?

Ja, dei kan.
I alle fall i mine tankar.
På tysdagen, dagar etter at eg måtte ta avskjed frå Binna, tok eg med meg brettet mitt opp til den vesle bakken eg brukar for å trene snowboardteknikk.

Dei siste turane har Binna vore med meg på desse turane:
Ho tråkka tappert gjennom snoen opp til toppen av bakken, planta beina godt i snøen, observerte meg interessert mens eg stramma bindingane, og begynte etterkvart å springe rundt meg og bjeffe.
Av rein glede og forventning.
Me skulle visst springe/køyre om kapp ned bakken!
Best å få på brettet så fort som mogleg.
Binnas begeistring var ustoppeleg!
Og bjeffinga hennes likeeins.
Viss eg skulle trene på bremsing/sakte køyring, så sprang ho utolmodig rundt meg og bjeffa.
Eller så sprang ho logrande etter meg.
I bunnen av bakken stoppa ho, og venta tolmodig mens eg tok av meg brettet.

Så tråkka ho friskt framfor meg gjennom snoen bakken opp att .
Som om ho var to år og ikkje elleve år og kreftsjuk.
Snakk om glede i bevegelse!

Dei to øktene på snowboard denne veka var kjempefine.
Snøen har blitt litt fastare i det siste, slik at det går fint an å køyre på uberørt laussnø utan å synke heilt nedi.
Nydeleg snø på Raudkleiv.
Utsikten frå Raudkleiv er heller ikkje å forakte.
Deileg!
Tysdagskvelden tok eg meg i tillegg ein tur i bassenget igjen - stillheten i huset mitt er litt vanskeleg å halde ut nemleg. Det viste seg at 100m-tida mi var like bra som ifjor, og det utan å ha trent noko særleg det siste halvåret. Det var betryggande.

Og idag var det tid for torsdagstur igjen, og denne gongen tok eg faktisk på meg turski eg også!
Det var fine forhold med nokre minusgradar fram til lunsj, og eit par plussgradar etterpå.
Eg fekk heller ikkje gnagsår (berre nesten - skal ha med sportstape neste gong).
Skitur på turski.
Men kven er denne karen (til venstre)?
Så dette er bra.
Eg kjenner fortsatt sorgen etter tapet av Binna, men merkar at det blir lettare når eg held meg i aktivitet, slik at kroppen får ro til å sove godt om natta, og eg får danna humørhevande seroton og endorfin.
Dessutan får eg tenke på noko anna.
Og i tankane mine, så er jo Binna med meg.
Også på snowboard ;)
Binna og meg på den siste turen vår saman, på søndag. 

tirsdag 14. februar 2012

R.I.P. Binna

I går måtte eg dessverre ta med Binna til hennes siste besøk hos dyrlegen.
Ho blei diagnostisert med kreft i oktober i fjor, og sidan har jursvulstane hennes berre blitt større.
Natt frå torsdag til fredag gjekk det hol i den største av svulstane.

Eit rask besøk hos dyrlegen avgjorde at me kunne vente til over helga, og eg fekk nokre dagar til å ta skikkeleg avskjed med Binna.
Det var nokre tunge dagar.
Nå er ikkje Binna meir, og eg er så lei meg.

Først hadde eg tenkt å samle saman bildene av meg og Binna på løpeturar, skiturar, fjellturar, osv, og laga eit skikkeleg minne-blogginnlegg, men det blei for mykje.
Eg vil alltid minnast Binna.
Ho var den hunden eg alltid drøymde om då eg var liten.
Takk for alt, Binna.
Binna (8.november 2000 - 13.februar 2012)

torsdag 9. februar 2012

Er aking bra for pusten?

Nå har halvparten av veka gått og eg har alt fullført tre av dei fire "minimums"- øktene som eg hadde planlagt: ein time sykling på rulle (på måndag), ei økt svømming (på tysdag), og ei økt styrketrening (i går).
I dag var det som vanleg torsdagsgruppetur igjen, og der blei det tur til fots og aking på rumpeakebrett (som nok kvalifiserar til ei lett styrkeøkt med fokus på å halde kroppspenning, og statisk trening av  magemusklane).

Om eg derimot gjennomfører den planlagte løpeturen denne veka, er eg ikkje så sikker på.
Eg trur kanskje at når det gjeld pust, så er det best å heller trene styrke ein gong til, eller svømme.

På tysdag svømte eg for første etter eit halv års opphald. Minst!
Eg kan eigentleg ikkje hugse siste gong eg svømte.
Det må ha vore ute, i august kanskje.

Forholda i bassenget på tysdag var perfekte: eg hadde heile bassenget for meg sjølv.
Herleg!
Eg svømte litt krål og litt rygg, mellom to kortare opphald i badstoga.
Slik føltest det å svømme igjen: Deileg!
Dagen etterpå var eg støl i musklane som ligg mellom ribbeina (external intercostal muscles): klassisk for meg når eg svømmer og ikkje har god og djup nok pust: dei intercostale musklane jobbar på spreng for å utvide brystkassa og dermed auke lungevolumen, noko som mellomgulvet er blitt dårleg til...
Eg måtte snike inn eit anatomi-bilde. Er ikkje anatomi fascinerande?
Eg synst det.
Styrke hadde eg ikkje trent på heile fire veker, så det blei ei forholdsvis lett og allsidig økt, med størst fokus på kjernemuskulatur og øvre rygg og nakke.
Dessutan fekk eg tid til nokre push-ups!
Sidan eg startar her heilt på scratch (skrætsj?) så blei det 3-2-2-3-4 push-ups, med eit minutt pause imellom. Så får eg sjå om eg har nok sjølvdisiplin til å bygge vidare på dette.
Jammen fekk eg også skvisa inn nokre chin-ups. Like mange omtrent, innleda av eit lite hopp opp mot stanga. Ellers greier nok dei puslete armmusklane mine ikkje heilt utfordringa ;)
Chin-ups. Ein plass må ein jo starte.
Dette var i alle fall ein god start på triatlontreninga.
Og det kjendest godt.
Nå skal eg berre ikkje forhaste meg.
Pusten er viktigast, og den lar seg ikkje tvinge fram, så gjerne eg enn skulle ønskje det.
Men eg kjenner at både svømminga og styrketreninga har gjort godt for pusten så langt.
Og sidan eg bytta til rulle-dekk på ChiCqiloen, pussa eg like godt heile sykkelen.
Hmmm ja blank og fin :)
Og akinga i dag gjorde godt.
Eg skulle hatt med kamera.
For ein fart me fekk på den nypreppa bakken i anlegget i Morgedal...
Kanskje er det lettelsen over at alle bein fortsatt var i god behold etter dei fartsfylte turane som fekk lokka fram eit par gode djupe innpust?
I så fall skal eg også begynne med regelmessig aking i bratte bakkar.
Ikkje den verste øvinga i så fall ;)
Og så turar med Binna er fint.
Spesielt i så nydeleg  vintervêr!

mandag 6. februar 2012

AAP

Nå har det gått heile tre veker med dårleg pust.
Men det blir verken bedre eller verre, så eg held ut.
Sjølv om eg framleis lurar på om eg skal kontakte fysioterapeuten min.
Kanskje det hjelper med ein time fysioterapi?

I dag leverte eg søknad om AAP (arbeidsavklaringspengar, tidlegare attføringspengar) til NAV, saman med eigenerklæringa. Legen min hadde visstnok enno ikkje sent legeerklæring dit, så nå skal eg mase litt på han. Han hadde heile 10 dagar på seg å skrive attesten, då er det vel lov å mase litt?

Eg har dei siste fem åra vore nesten like mykje sjukmeldt som friskmeldt, alt frå 6 mnd til 9mnd i året og i varierande grad, frå 20 til 100%.
Det var lettare å vera student og sjukmeldt, for då kunne eg tilrettelegge dagane min ganske fritt.
Men dette blei ganske vanskeleg då eg begynte å jobbe i Morgedal i 2009.
Vikariet der borte blei avslutta 2010, og sidan har eg ikkje hatt fast jobb.
Huff ja, stress fører til mange rare plagar.
Helsa mi har vore og er fortsatt utruleg svingande og utforutsigbar, og det er ganske slitsamt å ha det slik.
Så når skal eg gå over til AAP, og håpar at det skal bli lettare å få tilrettelagt ein ny jobb i forhold til mine helsemessige utfordringar. Og desse utfordringane er under utredning også.
Vil hjenen min få eit stempel etter utredninga, tru?
(Bildet er knabba frå webpsykologen.no)
Kort oppsummert:
Livssituasjonen min er i endring, og det er ein krevande prosess å få kartlagt helsa mi på denne måten, og finne ut korleis ein framtidig arbeidsplass skal bli tilrettelagt for at eg skal kunne fortsette i jobb over lengre tid.

Så det er da kanskje ikkje rart at dette tek pusten frå meg?
Det meinte i alle fall legen min då eg nevnde det låste mellomgulvet mitt og nakke- og skuldersmertane sist eg hadde time.

Men eg har jo hatt det slik ganske lenge, og er på ein måte vant med det.
Eg veit at akkurat pusteproblema mine vil gå over av seg sjølv.
Når eg slappar meir av igjen.
Når ting dett litt på plass.
Helsa kan vera i ein skjør balanse.
Eg synst jo at det er krevjande å måtte forhalde meg til NAV. Det er mange reglar ein skal sette seg inni og som ein skal kunne ein del om. Dessutan er det ikkje alltid like lett å akseptere at det er NAV som bestemmar over kva dei synst er riktig for meg, sidan dei disponerar midlar som eg treng til å leva av for tida.

Men eg skal nå få det bedre igjen etterkvart.
Eg har ikkje trent noko spesielt i det siste, men eg har vore mykje ute og trent snowboard(teknikk).
Det er utruleg morsamt å lære noko nytt, synst eg.
Og snowboard er så allsidig og artig, og det er mykje nytt å lære.
Laussnø-krussedullar laga med brett. Nydeleg!
Etter mine første turar i ny laussnø kan eg skjønne kvifor off-pist-entusiastar blir hekta på pudder.
Det er ein utruleg deileg følelse og opplevelse å stå ned ein bakke i masse djup og fluffy snø på brett.
Deileg med fluffy laussnø og sol!
Så dette vil eg gjerne ha meir av!

Og så har eg også tenkt at eg skal koma i gang igjen med triatlontreninga mi.
Har satt opp ein plan.
I februar nå blir det "forberedningsfase", som Joe Friel kallar "prep" eller preparation period.
Eg har lyst til å bli klar for meir strukturert trening igjen.

Men med slik varierande helse så skal eg ikkje kaste meg ut i ein altfor ambisiøs plan.
Målet er å svømme, sykle og løpe minst ein gong i veka.
Ikkje altfor lange økter, kanskje opp til ein time.
Så ei økt med styrketrening, eller to korte.
Eg trur utfordringa mi her blir å gjennomføre dette opplegget utan å slite meg heilt ut, og utan å ta alfor mykje i. Eg har jo ein tendens til å ta ekstra i på ein god dag, for då er motivasjonen kjempestor og uthaldenheten tilnærma ubegrensa!
Og så kjem reaksjonen dagen etterpå og kroppen og hovudet er heilt utslitt i fleire dagar...
Så dette vil eg prøve å unngå.
Maks éin time pr økt.

Begynt har eg alt i dag, med ein times sykling på rulle.
Det var eigentleg utruleg deileg å sitte på ChiCqiloen igjen. Den passa meg utruleg godt i dag!
(Dessutan gjer tempostyret at eg får puste godt. Eg har støtte for armar, rygg og nakke og får dermed pustehjelp - praktisk :D).
Og det var deileg å sykle igjen!
Med riktig program på TV gjekk timen kjempefort.

Nå er eg spent korleis det går med opplegget mitt resten av denne veka.
Eg er ved godt mot!
Dette skal gå bra :)