Dag 2, tysdag, frå Edland til Vågsli (Fjellstad Camping)
Etter å ha levert Lukas i hytta på Fjellstad på morgonen og ein rikeleg og kjempegod frukost servert av femte klasse på Edland skule la meg ut på pilgrimsvandringas andre etappe.
Den begynte med ein laaang oppoverbakke.
Me tok fleire pausar, for her var det mange som blei slitnen av den tøffe starten på dagen, inkludert meg.
Då meg hadde kome litt opp i terrenget var det nydeleg landskap å sjå, og lettare å gå. På den eine pausen fann eg meg ein slik behageleg kvileplass at eg heldt på å søvne.
Det var deileg.
Her fekk eg også bruk for mine ny innkjøpte terrengløpesko.
Det er kjekt å kunne bytte litt sko undervegs når ein går så mange timar i strekk.
Duskmyrull på ei myr langs vegen. |
Geologien i området var ganske spesiell. |
Godt med litt fint vær. |
Pilgrimsmerke visar vegen. Det var her eg nesten sovna under ein pause... |
Nedstigning til (hm tja kva heitte denne plassen igjen?) gjennom bjørkeskog. |
Den siste km på nedsida av E134 langs Vågslivatnet (trur eg at det heitte), då var eg sliten og glad for snart å vera framme på Fjellstad! |
Viss du vil fortsette å lesa om pilegrimsvandringa mi, og tredje etappen, så kan du finne dette innlegget ved å klikke her.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar