It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

onsdag 12. juni 2013

Kva skal eg ha på meg? (Blir eg ein rosabloggar???)

Nå var det jammen på tide med litt bloggoppdatering.
Tida går fort nå, synst eg, og eg har hatt mange bloggetema i hovudet, men ingenting av dette blei brakt ned på papiret digitalisert og publisert.
Men nå!

Den siste tida har faktisk vore litt tung, både treningsmessig og ellers.
Eg har måtte droppe altfor mange økter.
Eg har nemleg blitt kronisk støl i ryggen.
Det er mest sannsynlegvis den iliopsoasen igjen, som eg har krangla med før.

Eg tok meg ein tur til fysioterapeuten for å avklare dette, men "dessverre" så var det ingen styrkeøving eg gjorde feil, eller ingen løpeteknikk som var for dårleg, ingen dårlege sko, dårleg haldning, feil sykkel eller andre eksterne faktorar som eg lett kunne ha fiksa.
Nei da, det er nok totalbelastninga som er litt stor for tida, og han beklaga at han måtte gje meg ei så kjedeleg forklaring.
Syklinga har ikkje skylda for støl hoftemuskulatur.
Pusten min har deretter også vore litt plagsam og har krangla.
Og det er berre så stressfult og frustrerande når eg ikkje får puste ordentleg!
Dårleg pust er virkeleg teikn på at det er litt too much for meg.

Så då prøva eg å kjenne litt bedre etter.
Og tok dei øktene som passa.

Treningsopplegget til Dave Scott likar eg eigentleg godt, men det berre litt for lite tid til restitusjon for min del.
Eg trur faktisk om eg hadde fordelt ein vekesplan på 10 dagar, så hadde det blitt optimalt for meg.
Men nå er det ikkje lenge igjen til IM 70.3 Haugesund, så eg skal gjera så godt eg kan.
Eg vil heller stille til start litt undertrent enn å ikkje stille i det heile tatt.
Løpeintervall har eg løpt ein gong i veka - sidan mars!
Det er jo mellom treningsøktene at kroppen hentar seg inn igjen og betrar formen, det er viktig å hugse på!
Restitusjon er nok ekstra viktig for meg, trur eg.
Sjølv om eg kan ta ein heil dag "fri" for trening, er det dermed ikkje sagt at eg er restituert til ny treningsøkt dagen etterpå.
Så det gjeld å ha litt is i magen og ikkje tenke på alle dei øktene eg ikkje greier å gjennomføre, men heller vera trygg på at det er den gjennomførte treninga som gir effekt!

Og apropos is i magen, så kjenner eg også at mat er noko eg kan bli flinkare med.
Når eg ikkje er i form, dvs ikkje greier å trene ein dag, så har eg også stort sett også dårleg matlyst, og får i meg altfor lite mat.
Så eigentleg burde eg ha is i magen, bokstaveleg talt!
Eller helst mat med bedre næringsinnhald enn is kanskje.

Sidan konkurransen nærmar seg, så brukar eg mykje av treninga for å teste utstyr og bruk av næring (=energibarar, gel og sportsdrikke). Våtdraktene blir også fortsatt testa.
Re-testing av ORCA-våtdrakt. Den er berre trang, den :/
Kva eg skal ha på under konkurransen er eg heller ikkje sikker på enda, det står mellom to "outfit" (hehe, blir snart sånn rosabloggar eg :D):

Blir det dette...
CRAFT tri singlet og 2XU - tri comp shorts

eller dette...?
Blue Seventy tri-drakt
Å finne om akkurat dette er berre moro eigentleg, og av erfaring så blir den siste beslutninga ikkje tatt før kvelden før konkurransen.
Fargane på det første alternativet er jo såå fine, men samtidig så er tri-drakta så utruleg behageleg å ha på, den sit som støpt. Ingenting som strammar rundt magen, og ingen top som kryper opp når ein løper...
Så kva blir det til slutt?

Det blir spennande :D

9 kommentarer:

  1. Restitusjon er viktig; amen! Og fra det du skriver så forstår du hva jeg mener: uten tilstrekkelig restitusjon får man ikke optimal treningseffekt. Det samme gjelder riktig og nok ernæring: spiser man ikke ordentlig etter øktene så får man heller ikke optimalt igjen for øktene. Jeg merker et helt annet behov for mat etter at jeg begynte å trene mer strukturert (de siste par årene) men jeg må også minne meg selv på viktigheten av å spise nok og riktig på hviledagene også; det kan jeg nemlig fort glemme litt. Hvor mye mat og restitusjon man trenger må man også vurdere for det er så utrlig individuelt. Lytt til kroppen og ta hensyn til siganalene -da tror jeg du kommer langt! ;-)

    Og hva du skal ha på deg: begge deler var smashing så det kan ikke bli lett å velge MEN, du kommer til å se bra ut uansett hva du velger! ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det, Silja! :)

      Det ER faktisk viktig å synst sjølv at ein ser bra ut på ein konkurranse (eg seier berre: løpeskjørt! Kuuult - det finst forresten triatlonskjørt også - kanskje ein vakker dag må eg få meg eit slikt i garderoben?)
      --> Og det uansett om ein har god eller dårleg smak eigentleg - berre ein likar det sjølv.

      Ja eg har ikkje vore spesielt flink med maten i det siste - og som du seier: det er like viktig å ete riktig på kviledagane - kanskje enda viktigare?

      Eg får jobbe litt med dette framover.

      Slett
  2. Jeg kan nok dessverre ikke komme med like gode og fornuftige svar på det du lurer på her, som det du kommer med av gode forslag til meg. Men det jeg kan si, er at jeg syns du burde gå for den "outfit`en" som du føler er mest behagelig å ha på, og konkurrere/trene i. For det beste er vel å kunne konsentrere seg om selve konkurransen, og ikke på trøya som kryper oppover hele tiden ;)

    Meen, såklart, hvis du skulle ha ett ønske om å være en rosablogger (hihi) så burde du jo absolutt gå for den rosa shortsen (?) da. For da blir du en blogger, som går med rååsa! ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja ikkje sant, det Er jo kult med den rosa shortsen, hehe, og snart skal eg legge ut fleire bilder av den rosa triatlonsykkelen min, då blir eg nok rosabloggar uansett :D

      Jaaa det er viktig med godfølelse på konkurransane, og i fjor bruka eg ein topp som heile tida krøp oppover, så den skal eg berre bruke på treninga.

      Den lyseblå Craft-toppen sit som støpt, men det gjer drakta også, som kanskje ikkje er så knæsj i fargane, men som eg synst er utruleg fin.
      (Og veldig behageleg å ha på, virkeleg).

      Det blir spennande - heldigvis blir det råååsa uansett - pga sykkeln :D

      Slett
    2. Whaat? Har du rosa sykkel ??? :D

      Slett
    3. Hihi, jepp!
      Den er sølvgrå/rosa.
      Med rosa styretape, rosa /sølv sete...
      Den finn du her:
      http://triimke.blogspot.no/2012/09/chicqilon-har-kome-heim-att-hurra.html

      Den har fått heilt ny knallrosa styretape, så det må eg snart blogge om.

      Kuult, ikkje sant? ;)

      Slett
    4. Uuuuh, ja den var kjempekul!! Sånn vil jeg òg ha! :D

      Slett
  3. Fra din blogg er det en ting jeg aldri glemmer. En setning som jeg bruker BEVISST og kommer til å ta med meg videre på min egen ferd mot IM neste år. Dette fra Dave:
    DO WHAT YOU CAN DO IN THE MOMENT......
    Fy søren denne setningen har hjulpet meg veldig de siste dagene. Alt er bedre enn ingenting liksom:) Div plager er vel det som må til - du har deltatt på IM tidligere, hadde du samme plager med kroppen i forkant da også? det er nok totalbelastningen ja...huff! slev får jeg sinnsyke smerter i skulderen ved svømming i våtdrakt. HVER ØKT! går til Osteopat...
    Outfit: er det ikke bedre med to-delt drakt? tenk HVIS du må tisse undeveis da?? :)) selv bruker jeg tridrakt (hel), men det er jo på myyye kortere distanser enn det du er med på. Du blir smashing anyway!

    SvarSlett
  4. Taakk!! ;)

    Så bra at du brukar denne setninga, den har eg også heile tida i bakhodet: veldig nyttig er den!

    Eg har nok aldri trent så mykje foran ein konkurranse (uansett distanse), og spesielt ikkje så mykje hardt, så det er nok berre kroppen som seier ifra at dette var litt i overkant.
    Ellers er eg jo plaga av kroppslege og mentale ting heile tida, så det er jo ingen bombe dette :P :P

    Det høyrest ikkje bra ut at skulderen din fortsatt gjer vondt når du svømmer.
    Osteopat hm det har eg faktisk ikkje vore borti før.
    Det finst våtdraktar utan armar, kanskje kan det vera verdt eit forsøk?
    Eg har ei slik, og skal sjå om det ikkje blir den i Haugesund, vatnet blir vel varmt nok der borte, og bevegelsesfriheten i overkroppen er herleg!

    Forresten så svømte eg dei 3,8km på Ironman i Frankfurt i badedrakt, det var non-wetsuit-svømming "heldigivs".

    To-delt er kanskje meir praktisk, men med sports-Bh under så går tissepausane undervegs fint med tri-drakt (har testa, den er lett å få av og på), men ein sparar nok litt tid likevel med to-delt, den er jo enda raskare.

    Akkurat nå har eg mest lyst på to-delt, pga av dei fine fargane, dei får eg så godt humør av ;)

    Men eg kjem nok til å ta med ørten tri-toppar og -buksar til Haugesund, sånn i tilfelle :D)

    Då blir det litt oppvisning og motediskusjon dagen før, moro det au :)

    SvarSlett