Dag 3, onsdag, frå Havradalen til Ulevå
Det var frå dag 3 eg hadde vore med på pilgrimsvandringa i fjor, og det er onsdag som har blitt min "yndlingsetappe". Turen går gjennom så flott landskap, her kunne eg ikkje berre gått i timesvis, men i dagesvis!
Men her også, så ville eg ikkje likt å gå her alene. Det er nok den gode felleskapen med så mange forskjellige og flotte menneske som gjorde vandringa til den super opplevinga den blei.
Men her også, så ville eg ikkje likt å gå her alene. Det er nok den gode felleskapen med så mange forskjellige og flotte menneske som gjorde vandringa til den super opplevinga den blei.
Her også var starten på etappe ein lengre motbakke, men så kunne me gå på nydelege stiar i slakare terreng.
På denne etappen var det Pierre, ein hyggeleg fransk student som slo følgje med oss. Han hadde fått haik med ein av pilgrmane som kom opp tysdagskveld, og han fekk ikkje anna alternativ enn å bli med oss.
Aldri har eg snakka så mykje fransk på ein tur før, så det var kjekt å ta i bruk gamle kunnskapar!
Sidan eg ikkje kunne ha med Lukas pga vond arm, så kosa eg litt med Fenris, ein sympatisk irsk ulvehund. |
På onsdagen var der meir overskya. Men landskapet var så fint! |
Eg måtte klive litt opp på ein liten topp. Nede på snøen kosar Pierre seg, på snøen. |
Det var eit herleg terreng å gå i. Eg kunne ha gått her i dagesvis! |
Legg til bildetekst |
Pausaepå vandringa. |
Fjellstøvlane mine frå Haglöfs var kjempegode å gå i. Ingen gnagsår eller blemmar! |
Det hadde ikkje forundra meg om eg tok bildet av same vatn på same staden her i fjor. Det var i alle fall like nydeleg i år. |
Her er det søtrot som bløma, og det var mange av dei, og vakte stor oppmerksamhet, Søtrot er ei gamal medisinplante, men ikkje la deg narre av navnet, rota smakar nemleg alt anna enn søtt! |
Været var skiftande på onsdag, så eg gjekk i både 3/4tights og T-skjorte, Gore-tex bukse og jakke og lue,lt ettersom. På fjellet er det viktig å ha med nok kle! |
Viss du vil lesa om den fjerde etappen, så kan du klikke her.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar