It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

mandag 14. november 2011

Fjelltur til det amerikanske flyvraket på Skorve

Det er faktisk ein del historie i Seljord som det går an å ta på!
Det amerikanske flyvraket på Skorve er ein del av det.

I dag var det så fantastisk fint vêr at eg berre måtte koma meg ut på tur.
Det fekk ikkje hjelpe at eg hadde avslutta løpeturen min i går kveld så seint som kl.22.00, slik at beina mine ikkje eigentleg kjendest spesielt spreke.
Dessutan viste det seg at bilen min riktignok hadde fått på seg fire vinterdekk, men det blei ein kraftig og skummel bankelyd rundt det høgre hjulet, som gjorde at eg snudde etter nokre 100m, og lot bilen stå.

Klokka var alt rundt 12.00, og dermed var det ikkje aktuelt for meg å gå heilt opp til Gøysen (toppen på Skorve). Dessutan blei motbakkane lange og bratte, og beina var som sagt ikkje heilt restituerte.

Det som er fint med stien opp til Skorve på "framsida" som eg kallar den, altså mot sør, er at du får fin utsikt ned mot Seljord og vatnet og dei kringliggjande toppane ganske fort.
Utsikt over Seljordsvatnet frå stien opp til Skorve.
Stien oppover er godt merka, i alle fall fram til krysset der ein kan velge mellom å gå opp til Gøysen eller fortsette mot det amerikanske flyvraket.
Flyvrak eller topptur? Det blei flyvrak på oss i dag.
Ifrå krysset blei det heldigvis mindre krevande å gå, noko som beina mine sette veldig pris på!
Binna såg derimot ut til å vera i storform, og gjekk stort sett foran. Ho hadde dessutan fylgt spora etter gruppen frå folkehøgskolen, og eg tippar på at ho syntest det var kjempespennande å snuse seg oppover fjellet.
Sjølv om me aldri blei godkjent redningshundekvipasje, så sit nok søkstreninga hennes godt i, og ho hadde nok meir enn gjerne gjennomsøkt fjellet etter ein bortkomen turgåar for å bli belønt med masse mat og kos :)
Binna ventar på meg. Sprek ho er! 
Det som skjedde under andre verdenskrig på Skorve, var at eit amerikansk fly som skulle frakte forsyningar kom i for låg høgde og flaug rett inn i fjellveggen nedanfor Gøysen (les gjerne meir detaljert her).
Tenk så fin utsikt - men så skjebnesvangert denne fjellsida blei for mannskapet i flyet i 1944...
Det som er igjen av flyet i området er vrakrestar:
Dette er ein del av ein vinge.
Vrakdelane er faktisk strødd omkring i landskapet.
Binna inspiserar ein vrakdel. 

Det finst ei veldig god nettside om dei to flyvraka som finst på Skorve (www.flyvrak.net).


Eg må seie at restane etter det amerikanske flyvraket gjorde enda meir inntrykk på meg nå etter at eg har sett korleis mannskapet på 10 som hadde omkome i styrtet såg ut:
Dette bildet er tatt av J.B.O'Hara, frå flyvrak-nettsida.
Eg tok meg ikkje spesielt god tid til pause der oppe, eg var eigentleg litt trøtt og sliten og hadde lyst til å benytte meg av den fine sola på vegen ned. Gjengen frå folkehøgskolen eg møtte såg derimot ut til å ta livet litt meir med ro, og satt seg godt til rette i lyngen då eg gav meg på veg ned att.
Så praktisk det er nå myra er frosen - ein blir ikkje blaut på beina!
Det blei ein ganske drøy tur utan bil, men så tenker eg at det å gå heile vegen gir ekstra trening, og eg hadde god tid, og vêret var fint, så det var eigentleg heilt greitt og litt artig å ta ein fjelltur rett frå husdøra.
På veg ned att - deileg med utsikt i ettermiddagssola.
Så nå er det restitusjon for Binna og meg. Etter ein god middag og varme i ovnen kjennest det godt å sløve litt resten av kvelden. Det er nesten som om den fine utsikten frå turen i dag har brent seg fast på netthinna. Og der er fint, det. Då kan det gjerne vera mørkt ute resten av dagen.

1 kommentar:

  1. Fantastisk fine bilder og kjempefint vær for en tur i skogen.Man får oppdage mye når man går ut døra :o)

    SvarSlett