Og haldninga, som ofte blir "Ja det er sikkert tretthetsbrudd der, så då skal eg vel ikkje løpe kvar dag, men har ein dag pause i veka" eller "Legen sa ingenting om løpeforbud, så då kom eg meg ut og sprang ei mil same kveld."
Ja det er ikkje lett å la vera å trene/trene riktig når ein er skada.
Men eg er heilt sikker på at det alltid finst ein form for veleigna alternativ trening ein kan drive med når det oppstår ein skade, spesielt når skaden har oppstått pga av einsidig overbelastning.
Heldigvis så skal det ganske mykje til for at ein får ein skade pga av einsidig overbelastning når ein driv med triatlon. Ein skal tross alt både svømme, sykle og løpe heile tida.
Og gjerne trene litt styrke i tillegg.
Og då blir treninga allsidig heilt av seg sjølv!
Triatlontrening er ingen garanti for skadefrihet, men samanlikna med meir einsforma idrett, så trur eg at triatletar har virkeleg ein fordel her.
Så i dag har eg igjen satt meg på sykkelsete.
Først så skulle eg berre ut og løpe, sidan eg då samtidig ville fått lufta Lukas i same slengen.
Men så hadde eg virkeleg meir lyst til å sykle.
Det var så nydeleg haustvêr i dag også, og det var lenge sida eg hadde sykla.
Terrengsykling i strålande haustvêr. |
Det blei berre ein kortare tur, 50min til saman, i motbakkar med til saman 300m stigning.
Og deileg var det!
Det er kjekt å kunne trene høg intensitet utan at det blir for stor belastning for beina.
Hard sykling er likevel "snill" trening for beina.
Motbakkesykling, kortbukse måtte til, så varmt blei det! |
Stranda ved Bjørgesanden er fin å vera på, også om hausten.
Lukas badar ved Bjørgesanden. |
Og sjølv om eg hadde tatt med svømmetøy, eg trur nok det hadde blitt litt i kaldaste laget nå.
Vatnet ser jo så fristande ut! |
Fint. |
Det er utruleg kva litt sandstrand og innsjø kan utrette for humøret, både hos meg og Lukas.
Lukas legg ut på svøm etter ei pinne. |
Etterpå blei det leik med pinnen på land. Såå moro! |
Det hadde jo vore moro å svømt med Lukas om kapp etter pinnen?
Nemleg. Leike er viktig. Lukas har skjønt dette, men har vi det? |
Dette fristar, absolutt! |
Skulle ønske jeg likte både svømme, sykle og løpe. Det er vel latskap. Synes at svømming tar så lang tid (spesielt når man må til svømmehalen) og sykling er jeg kjempedårlig i.
SvarSlettLucas ser ut til å elske å bade!!!
Å ja Lukas elskar å bade! Eg gledar meg til sommaren igjen neste år, når me kan svømme saman. Med våtdrakt er det heller ikkje så farleg med tanke på labbar og klør.
SvarSlettKva ein likar å trene er jo veldig smak og behag.
Svømming er jo litt tungvint (kanskje med mindre ein bur rett ved svømmehallen og har årskort eller noko), derfor gjer eg det minst, sjølv om likar det kjempegodt.
Sykling er eg heller ikkje spesielt god på,men formen kjem etterkvart, mens ein syklar ;)