It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

lørdag 13. oktober 2012

Ironman World Championship 2012 på Hawaii er i gang!

Og det er for første gong livestreaming.


Ca.2000 triatletar er i gang og svømmer 3,8km  i det krystallklare vatnet ifrå Kailua Koan Pier på Big Island, Hawaii...
for så å sykle 180km og springe maraton, 42,2km.

Viss de vil ta ein titt, så klikk på bildet, så burde de koma dit:

Bildet er frå Profile Design og visar svømmestarten.

Nå skal eg kosa meg med å følge med på IM på Hawaii resten av kvelden, og la meg inspirere.
Og sidan cut-offen for heile Ironman og dermed siste deltakar kan koma i mål om 17timar, så blir det Ironman TV både i kveld og i morgo.

Spennande!
Ein dag skal eg au dit.
Men sidan årsklassene går frå 18-24 heilt opp til 80+, har eg vel fortsatt god tid igjen.

Treng ikkje heilt sprette opp og sette meg på sykkelen i kveld, når eg har så god tid.
Drømmer skal ein ha :)

2 kommentarer:

  1. Dit skø me ein gong, Imke!!! Å mens eg ventar på at det bli min tur, æ det bare veldig artig å fyge mæ, på dei som he kåma dit... Søøø moro!!! :-)

    SvarSlett
  2. Ja det er veldig moro å fylgje med og hente inspirasjon. Spesielt den siste timen på søndagen, då dei aller siste blei heia fram til mål.
    Siste triatlet, med 20 sekund margin, meir spennande enn alt krim altså ;)

    SvarSlett