It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

onsdag 10. oktober 2012

Fysisk aktivitet og angst-eit eksperiment på meg sjølv

Mange blir ramma av angst i løpet av livet sitt.
Men mange er ikkje klar over kva angst eigentleg er for noko.
Eg sjølv har aldri skjønt kva angst er for noko, sjølv om eg har hatt det til tider.

For å vera tydeleg: eg har ingen konkret diagnostisert angstlidelse, for meg er angst meir symptom at noko er galt (kaos i systemet liksom).
Eg opplever, som mange andre, tilstandar av angst, i svakare eller sterkare utgåver.

Sidan eg ikkje greier å gje ein god nok omskriving av angst, skal eg heller la ekspertane kome til ord, og gjengje ein definisjon av angst, slik som Egil W. Martinsen gir i boka "Aktivitetshåndboken - fysisk aktivitet i forebygging og behandling" utgitt av Helsedirektoratet i 2008:


"Angst består av et bredt spekter av følelser, fra engstelse og uro til redsel og panikk. Angsten følges av kroppslige symptomer, som er tegn på overaktivitet i det sympatiske nervesystemet: pustevansker, hjertebank, svette, svimmelhet, illebefinnende samt symptomer på spenninger i muskulaturen, for eksempel skjelving og rastløshet. I tillegg opplever de fleste bekymrings­ og katastrofetanker, og atferden kjennetegnes av unngåelse og tilbaketrekning. Angst har en overlevelsesfunksjon, men kan bli dysfunksjonell ved feil læring eller en biologisk betinget økt sårbarhet. Begrepet angst brukes også om normale følelsesmessige reaksjoner ved store påkjenninger, og det er en bred gråsone mot sykelig angst [...]"

Høyrest ikkje spesielt koseleg ut, eller kva?

Angstsyndromen kan delast inn i følgjende kategoriar, etter DSM-IV:
  • panikklidelse
  • agorafobi
  • sosial fobi eller sosial angstlidelse
  • spesifikke fobier
  • obsessiv-kompulsiv lidelse (tvangslidelse eller tvangsnevrose)
  • posttraumatisk stresslidelse
  • generalisert angstlidelse
Ein skil vidare mellom situasjonsangst (state anxiety) som gir uttrykk for tilstanden i det aktuelle øyeblikk, og den mer karakteravhengige eller personlighetsrelaterte angsten (trait anxiety).

Det som skjer meg av og til, er at det oppstår situasjonsangst (state anxiety). Det kan vera mange ting som utløyser dette, tankar, hendelser, eg har ikkje heilt funne ut kva konkret det kan vera.
Og sidan eg ikkje kan finne heilt ut om årsaken til denne angsten, fokuserar eg heller på kva eg kan gjera med den, med andre ord:

Korleis skal eg bli kvitt angsten, eller dempe den, eller kome meg igjennom den?
Går det an å løpe frå angsten, tru?
I går var det superflott haustvêr, og eg lurte på kva eg skulle finne på. 
Blå himmel, sol, lite vind, nydeleg temperatur, og eg hadde nesten heile dagen til disposisjon.
Då eg hadde satt meg ned og lurte på kva turar eg kunne ta, så kjendte eg angsten koma.
Merkeleg.
Det som først begynte med mange moglegheitar, blei etterkvart meir og meir snevert.
Tvangsgrubling/ambivalens er det også noko som heitar, når ein ikkje får tatt eit valg og same tankar kverner om att og om att og ein ikkje kjem seg ut att, og tida går, og det var det var i ferd med å oppstå.
Hos meg så kjenner eg også at det blir "støy" i hovudet. Det er som om tankane mine slåst mot einannan, sjølv om dette ikkje er høyrbart eigentleg. 
Tenk deg ei treg datamaskin. 
Den går utruleg tregt fordi det er altfor mange prosessar som køyrar i bakgrunnen, du kan faktisk høyre at ho slit med å bearbeide det du tastar inn. 
Og viss du berre fortset å bombardere datamaskina med informasjon, så vil den til slutt henge seg opp.
Restart in safe modus?
I går var vêret altfor fint til at eg skulle gå i stå og sitte i timesvis inne, handlingslamma og med aukande frustrasjon. Uansett kor mykje eg prøva å finne ut om kva eg skulle finne på, angsten var der.
Til slutt tenkte eg at  - nå - er det nok - nå skal eg prøve dette med fysisk aktivitet osv, eg skal koma meg ut og LØPE, og eg skal ta ein runde som eg har tatt mange gonger, ikkje noko superopplegg og fjelltoppar, berre ein god, klassisk roleg løpetur.

Det er nemleg heilt merkeleg, når angsten ikkje er så sterk, så kjenner eg at den er der, men eg kjem ikkje ut av den. Eg kjenner behovet for å "slå av" hovudet mitt, for så slå det på att.
Akkurat som den datamaskina som har hengt seg opp. 
Restart.
Det er ein litt skummel tilstand, nemleg, som hos meg fort kan eskalere ut i sterkare angst, frustrasjon, sinne, destruktivitet, panikk, osv.

Så "av-og-på-knappen" blei ein løpetur.
I sånne situasjonar kan eg ikkje planlegge spesielt mykje, eller velge kva løpetights eg skal ha på, då risikere eg å sabotere mitt eige tiltak.
Så eg måtte berre kle på meg i full fart, ha med meg det viktigaste (kle, mobil, nøkkel, og Lukas) og koma meg ut.

Og korleis gjekk dette?

Ganske bra.
Etter berre 10minutt motbakke kunne eg sleppe Lukas laus på eit jorde, og me sprang om kapp. Så fann Lukas ein fotball (utruleg, anar ikkje kor han fann denne hen, det var langt til neste hus), og me sparka litt ball.
Lukas fann ein ball! Lykke!
Så gjekk løpeturen vidare oppover mot Kivledalen, først på den iskalde, trekkfulle, skyggelagt sida av dalen, og så over på andre sida ut i SOLA!
Frå skyggesida (til høgre) over mot solsida (til venstre) i Kivledalen.
Det var herleg å springe på grusvegen med den fantastiske utsikten, me møtte ikkje ein einaste bil, der var bekkar der Lukas kunne bade, herlege haustfargar og gode luktar av lauv og fuktig jord og tørt gras, himmelen mot fjellet var knallblå, sola glitra gjennom tre og greinar, fjelltoppar lokka i det fjerne...
Nydeleg å springe på tørr grus med fint utsikt!
Beina var gode å springe på, grusen gav ein herleg knaselyd mot dei gode nedslitte Nimbus-skosålene mine, og fotomotivene stod i kø ved sida av vegen.
Nimbus'ane mine er 4år gamle og har løpt maraton og gjennomført ein Ironman -
dei kosa seg ute på tur!
Sjekk den blå himmelen! Herleg!
Til og med i halvskyggen er det fint!
Kva er det som gjer at haustfargar er så fine, tru?
Uansett, her var det fint å springe!
"Drikkestasjon" langs vegen.
Nydeleg utsikt som alltid, frå Venås utover Seljordsvatnet.
Heile turen inkludert 10min ballsparking og 15min solbad ved hytta i skogen gav til saman 2t på beina, 9,6km og 469m stigning og nedoverløp. 
Og mange bilder.
Og stillhet i hovud og sjel.
Små øyeblikk av ro. 


4 kommentarer:

  1. Det er vanskelig å forstå angst for meg, men du forklarer det så bra. Fint at du fant måter til å gjøre det bedre på. Jeg føler ofte at naturen og " frisk luft " virkelig funker

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja det er eit vanskeleg tema, håpar eg kan greie å kaste litt lys over det.
      Av og til er det ein slit med komplisert, men gode tiltak enkle, men ikkje alltid.
      Eg for min del trur at eg alltid vil ha godt av å vera ute i naturen, i frisk luft og i bevegelse, om det er løping eller tur.
      Og me er heldige som kan og likar å løpe, då får me alltid ein god dose med frisk luft :)

      Slett
  2. Godt å være ute i naturen, og særlig på slike dager, Imke. En turkamerat gir mer å glede seg over.
    En dag, natur, et par løpesko og en turkamerat. Enkle ting som gir glede. Kunsten er å gjøre sine gleder enkle.

    Jannicke

    SvarSlett
    Svar
    1. Så sant Jannicke!
      Dette kan eg berre skrive under på :)

      Slett