It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

tirsdag 30. oktober 2012

Min medisin er fysisk aktivitet.

Takk, Elisabeth, for at du minte meg på dette med eit av dine siste blogginnlegg!

For dikkøn som ikkje har lest på Elisabeths blogg, så står "Min medisin er fysisk aktivitet" på T-skjorter som ein fysioterapeutar går rundt med.
Fysio'n min inkludert.

Det er jo eit bra motto.
Det har blitt gjort mykje forskning rundt dette med helse og fysisk aktivitet.
Og det er vel ingen tvil om at fysisk aktivitet fører til bedre helse?

Noko som eg synst er fint med tanken på at fysisk aktivitet er min "medisin" er jo at metaforet inneber at ved riktig dosering så gir fysisk aktivitet helsegevinst.
For lite har for liten effekt.
For mykje blir overdosering.
Så kva som funkar for den enkelte, er jo forskjellig frå person til person.
Med all den deile nye snøen og det fine vêret blei det løpetur i dag!
Det som funkar av trening/aktivitet for meg, funkar kanskje ikkje for ein annan.
Eg synst ofte at det er slitsamt å ein tur når eg føler meg dårleg, sidan det er då mange av dei negative tankane kjem.
Ut på løpetur i det fine vêret! Herleg!
Og mange gonger kan ein løpetur føre til bedre humør og gode tankar.
Andre dagar blir løping berre stress, og ein lang tur er tingen.
Eller så har det bygd seg opp så mykje spenning i kroppen, at det er best med styrketrening.
Av og til treng eg berre fart og spenning, og då passar det beste med terrengsykling.
Nydeleg vintervêr i dag!
Den siste veka har eg fortsatt med opplegget mitt: trening etter innfallsmetoden, men fokus på løping og styrketrening:
Løpetur på 55min på asfalt på tysdag, løpetur på 45min i skogen på torsdag, og ein løpetur på 55min på asfalt igjen på fredagen.
Ei økt med styrketrening blei det også.
Skulle gjerne tatt to styrketreningsøkter, men det kan det jo bli denne veka.
"Yndlingsstien", dekka i nysnø.
Og denne veka er eg alt godt i gang!
I går trena eg styrke i over ein time, og i dag løp eg i skogen.
Sjølv om eg hadde tenkt å gje dei støle musklane mine litt restitusjon i dag.
Det var rett og slett alt for fint vêr til å la vera å løpe!
Godt eg var mykje ute i dag, så fint som det var!
Kva som skjer resten av veka, har eg ingen planar om, og det er herleg.
Eg likar innfallsmetoden.
Ellers håpar eg på at det kjem meir snø.
Det er riktig nok meldt regn denne veka, men det er lov å håpe.
Snobrettet mitt ventar nemleg på å koma ut...
Hm ja noko sånt ja, det hadde vore herleg!!
Dette bildet er ikkje meg, det har eg funne her.

8 kommentarer:

  1. Sol, snø og flott natur. Det kan ikke bli bedre enn det :-)
    Du har flotte omgivelser å trene i, Imke.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, Jannicke, det har eg virkeleg.
      Og eg prøver å benytte meg av det også.
      Og nyte det :)

      Slett
  2. Det må jo være deilig det da, og bare kunne ta treningen sånn etter innfall :)
    Jeg er redd for at hvis jeg skulle ha ventet på "riktig tidspunkt", så hadde det nok blitt lite med trening fra min side ;p Nei, her er det nok bare ren og skjær struktur som gjelder for min del :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja den innfallsmetoden har sine utfordringar slikt sett - men på denne tida av året passar den meg bra. Einaste planen er: fokus på løping og styrketrening.
      Resten er meir tilfeldig.
      Ja, det ER deileg :)

      Slett
  3. Enig med Jannicke. Du har virkelig helt fantastisk vakker natur å trene i. Her jeg bor er det nesten helt flatt. Litt skog, men mest dyrket mark. Det er fint, for det gir ro, men jeg savner å bo nærmere noen høye fjell.

    At fysisk aktivitet er medisin er helt sant. Både for den mentale og fysiske helsa. Du er lur som trener etter infallsmetoden, sånn at du får helt passende dose.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja det er praktisk med fjell, men eg savnar litt flatt landskap eg da, slik at eg kunne tatt nokre lange og rooolege løpeturar, eller rusleturar med Lukas.
      Men til gjengjeld er det fin utsikt her på alle kantar.

      Ja eg trur det er lurt med trening utan struktur og detaljert planlegging i periodar - det er i alle fall noko som passar for meg.
      Andre tider i året synst eg det er fint å følgje eit program: då slepp eg å lura på kva eg skal finne på heile tide og er sikker på at eg får gjennomført den treninga som skal til.
      Men passende dose er viktig uansett, ja.

      Slett
  4. Så fantastisk fine bilder. Synes også at det kribler i beina når det er så fint ute; skikkelig skivær med sol og nysnø. Men når det gjelder løpetrening så hjelper med bart i hvertfall foreløpig. snøen smelter foresten hos meg.

    SvarSlett
  5. Ja Ania her også, snøen blei borte igjen etter alt regnet etter berre få dagar.
    Men akkurat den dagen eg var ute så var det fint med snø til å løpe på, den hadde godt grep, liksom.
    Når den smeltar igjen, er det verre - eller når det frys på.
    Eg skulle ønske at det var bare og tørre vegar å springe på om vinteren, og så masse deileg snø i terrenget, det hadde vore topp.

    Eg er glad for at eg tok alle dei fine bildene, for dette varte ikkje lenge akkurat ;)

    SvarSlett