It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

søndag 21. oktober 2012

Kva motiverar til styrketrening?

Dette har eg lurt på heile denne veka.
Det har seg slik at eg får kommentarar/komplimentar på at eg er "flink til å trene styrke".
Men så trenar eg mykje mindre styrke enn det eg skulle ønske.
Det er merkeleg, dagane går ofte fort, og så er veka omme, og eg har ikkje trent styrke ein einaste gong, men tat meg tid til både sykling og løp.
For å få plass til styrketrening denne veka, så begynte eg derfor med ei styrkestreningsøkt på måndag.

Dagen etterpå kjendte eg godt at dette hadde eg ikkje hadde gjort på ei god stund.
Stiv og støl i rygg og nakke var eg, og spesielt armane.
Og skuldrane.
Så det var definitivt bra at eg la inn denne økta!

Dagane etterpå var det lett å få på plass dei planlagde løpeturane.
Det var jo berre å kle på seg treningstøy og koma seg ut og løpe?
Og det var det også.
Eg løp altså ein tur på tysdag, gjekk ein times tur på onsdag, og løp ein time på torsdag, og gjekk tur igjen på fredag.
Rosa himmel er noko ein kan oppleve på løpetur, men ikkje når ein trenar styrke -
med mindre  ein trenar foran eit stort vindu?
Men i går blei eg usikker.

Eg hadde godt kunne løpt meg ein tur, men så hadde eg vore på stranda med Lukas tidlegare på dagen, og kjendte derfor ikkje det store behovet for meir frisk luft.
"Eg burde trene styrke", sa eg til meg sjølv.
Men burde er ikkje eit ord som motiverar spesielt, ikkje sant?

"Det hadde vore godt å trene styrke i dag", tenkte eg så, "ryggen min er i ferd med å stivne, og styrketrening pleier å hjelpe" sa eg til meg sjølv, og kjendte at eg dette trudde eg meir på.
"Eg treng nok meir styrke i mage/rygg, der kjenner eg at det manglar når eg er ute og løper" var også eit godt argument.
"Styrketrening aukar muskelmassen og auka muskelmasse fører til høgare forbrenning og finare kropp", ja dette var absolutt ein tanke som gjekk rett heim hos meg.
Hadde ikkje vore dumt å hatt så fine veldefinerte musklar?
(Bilde: iStockphoto/Jacom Stephens)
Til slutt så huka eg tak i ein av dei gode tankane, skifta til treningstøy og trena styrke.
Det vanlege programmet mitt, for å gjera det enkelt.
Og godt var det jo.
Det kjendest faktisk godt.
Den svampete følelsen i kroppen veik etterkvart for følelsen av styrke og elastisitet og smidighet, og det var i alle fall ein god følelse.
Push-ups på kne. Hugs polstring under knea.
Synst denne øvinga er eit fint alternativ til klassisk push-ups i starten.
Så når det kjennest så godt å trene styrke, kvifor er det så vanskeleg å sette i gang med denne styrketreninga?
Det er ikkje meir tungvint å trene styrke som å løpe ein tur, spesielt når alt utstyret som trengst er klart heime, eller?
Mens eg løfta manualar, tok push-ups og granska utføring av øvelsane i speilet med god musikk og drikke lett tilgjengeleg så funderte eg fortsatt over desse spørsmåla.

Og eg har ikkje funne noko gode svar.
Antagelegvis så er dette svært individuelt.
Men likevel, så er det ein trend blant dei eg møter som trenar utholdenhetsidrett som løping, sykling eller triatlon: styrketrening er forsømt.
Ikkje med vilje.
Dei fleste ønsker faktisk å trene meir styrke.

Så kva er grunnen til at det er så vanskeleg å fått trent styrke?
Dette skal eg jammen fundere litt meir på.
Med godfølelsen av å ha trent styrke denne veka heile to gonger skal det vera lett å nyte søndagen.
Mens eg fundere vidare over dette:
Kva er motivasjon for å drive med styrketrening?
Hm.... eg lurar.
Viss du hadde blitt like sterk og glad (og vill) som Pippi, ville du da trent  meir styrke? 

4 kommentarer:

  1. Godt innlegg! Og du har helt rett: styrketrening får langt fra like stor plass i timeplanen som det burde ha!

    Noe av bøygen, for meg, er at jeg føler jeg hele tiden må passe på å ikke trene for hardt på bena for jeg skal jo yte på løp dagen etter.... eller yte på sykkel. Styrketrening passer liksom så mye bedre inn i timplanen i vinterhalvåret, utenfor konkurransesesongen, for da er det ikke så farlig om jeg er litt støl eller sliten i bena dagen etter. Derfor blir det mest core på meg, og litt armer, om sommeren. Jeg får vel tenke litt på dette med styrketrening jeg også og se om jeg ikke kan få til bitte-litt mer utover nå ;-)

    SvarSlett
  2. Takk Silja!
    Ja eg skjønner deg veldig godt.
    Midt i treninga fram mot ein langdistansetriatlon skjønner eg heller ikkje korleis eg skal få plass til styrketrening. Ja nettopp, for ikkje å slite ut beina sidan eg skal løpe/sykle dagen etterpå.
    Og eg har heller ingen løysing på dette.
    Bortsett frå at eg, liksom seg, fokuserar på core og overkroppen.
    Og det trur eg har med mykje igjen for, beina får jo ofte nok gjennom løpinga.

    Men samtidig trur eg det ligg noko meir bak.
    Proffe triatletar trenar jo mykje styrke.
    Eg har høyrt at du godt kan trene styrke og kondisjon same dag.
    Fokuserar du på kondisjonstrening, trenar du styrke rett etterpå (for å kunne løpe på friske bein).
    Er styrketrening hovedfokuset, skal du først trene styrke på utkvilte musklar, og så løpe etterpå.
    Men det høyrest krevande ut, eller kva?

    Dette er stoff for eit heilt nytt innlegg.
    Hm ja skal sette meg ned og undersøke litt meir ja.
    Men eg har ein mistanke om at det er mest motivasjon/målsetting det går ut på.
    Og om mykje av den gode effekten av styrketrening er skjult for oss som mest trenar uthaldenhet...

    Spennande tema ;)
    Nå er det jo snart meir off-season, då blir det nok meir plass for styrketrening i timeplanen ;)

    SvarSlett
  3. Sø artig eit innlegg!!!
    SØ bra me æ ulike!!!
    Eg trener gjønne litt styrketrening kvør dag...
    Kanskje bare ein hell to øvelsar (som eg bestemmer meg fe på morgosida) og sø gjer eg dei mæ jevne mellomrom utivi dagen! Åssø he eg styrke fast på planen to gongur i vika!
    (Der æ nok nokon av damun som æ på styrketreninga mi på grenduheset sundagar og onsdagar som flirer litt, når eg trur at styrke æ noko alle gjer heile tida!! :-) :-) )
    Eg gledar meg te høyre meri om temaet!!!
    Mæn eg æ full av motovasjon, fordi eg trur det forebygger skader, gjer meg meir uthaldande og eg syns det æ veldig artig å sjå raskt målbart resultat (mæ at eg kan legge på meir vekt, ta fleire repetisjonar, flerire repetisjonar på kortare tid... osv)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Marie!

      Ja tenk så forskjellige me er?
      Så utruleg artig at du trenar litt styrke kvar dag!
      Nå las eg ein stad at akkurat dette kan vera nøkkelen, å gjera ein aktivitet mykje, for då vil kroppen ha meir av akkurat dette.
      Du har jo så rett i det du skriv, det forebygger skadar, gjer deg meir uthaldande osv, det er eg heilt med på!
      Men likevel, sjølv om eg trur på dette, så synst eg at det er meir "bry" å trene styrke enn å løpe ein tur, det er berre såp rart?
      Dette må me drøfte litt meir :)

      Det er nok eit godt poeng, at du har målbar framgang. Eg skriv jo opp antall repetisjonar osv, og blir glad når eg slår min eigen rekord frå før :)

      Dette er berre så spennande!
      Du inspirerar meg alltid til meir styrketrenig, så dette må me få tak i, hot det er :))


      Slett