For dei som har vore på besøk hos meg ville svaret vera enkelt. Det er berre å ta eit blikk bort på bokhyllene mine, og det er opplagt at eg er glad i å lese bøker og likar å ha bøker rundt meg.
Eg manglar framleis tre-fire hyllemeter for å få plass til bøkene mine. Ein tur til IKEA hadde vore fint, for å få tak i rimeleg hylleplass. Men då treng eg ein bokhyllesponsor først.
Slik er det.
Tilbake til bøker om trening.
Då eg starta med regelmessig trening seinsommaren 2006, så var det éi bok som eg hadde røska med meg spontant etter deltidsjobben på biblioteket ved Høgskolen i Bø:
"Tren - boken som hjelper deg med å komme i form"av Jill Jarhmann, Gyldendal Forlag. |
Nøkkelen for meg blei å begynne ganske sakte, med intervall som bestod av eitt minutt sakte jogging og tre minutters rask gange. Den gode gamle Casioklokka mi blei innstilt på eittminutters nedtelling, og så bar det i veg. I ein halv time. Tre gonger i veka.
Så forlenga eg joggedelen og korta ned på gangedelen, og til slutt så kunne eg jogge 20min i strekk, 30min i strekk, og plutseleg så fekk eg lyst til å prøve meg på ei strekning eg visste var ca 5km lang.
Eg jogga bestemt avgarde, og gjennomførte 5km på 45min...
Det var ein skikkeleg god følelse, og eg blei så fornøydd og inspirert, at eg frå då av ikkje lenger var i tvil om kva eg kunne klare etterkvart, berre eg tok det roleg i starten og ikkje aukte treningsmengda for fort.
Boka "Tren" inneheld dessutan mange tips om trening generelt og mange fargebilder, noko som appellerte til meg også.
Neste bok på lista mi er "Alt om løping", av Amby Burfoot, som er redaktøre for "Runners World":
"Alt om løping" av Amby Burfoot, Tell forlag. |
Etterkvart som eg skjønte at korte, raske distansar ikkje appellerte til meg, og den første tomilsøkta gav meirsmak på lengre distansar, fekk eg tak i ei bok som handlar om trening fram til maraton:
Hal Higdon: "Marathon - The Ultimate Training og Racing Guide", forlag: Rodale Books. |
Hal Higdon's bok omhandlar løpetrening fram til maraton, gjerne den første maraton, og er veldig detaljert. Den utgåva eg har, inneheld ikkje eit einaste fargebilde, men er såpass godt skriven at dette ikkje er ein ulempe. Dessutan er det nok av bilder og tabellar på Hal Higdon sine nettsider (http://www.halhigdon.com/), og her finn ein også ein enda meir detaljert løpeplan fram til maraton, med gode forslag for korleis ein skal gjennomføre treninga dei forskjellige vekene fram til det første maratonløpet.
Denne boka har eg hatt veldig godt nytte av fram til min første maraton, det kjendest nesten som om eg hadde ein personleg trenar som hadde skrive bok til meg. Ulempen med boka er at ein må rekne om frå miles til km, men dette venner ein seg fort til. Ein annan ting er at eg også her synst at treningsplanane inneheld utruleg mange treningsøkter, og at ein skal springe veldig mange kilometer i veka. Men her kjem Higdon også med råd: Viss du ikkje greier alle øktene, så er det ikkje farleg å glipp av nokre. Det er sjølvsagt lov å jonglere rundt på dei enkelte treningsøktene, slik at dei passar bedre til livet ellers. Fokuset er på dei lange turane, og at ein sakte aukar distansen av desse, så ei setning har brent seg inni hovudet mitt: "Don't cheat on the long runs".
Og dette fungerar for meg. Eg har droppa gjerne to av dei fem forslåtte løpeøktene pr veke, men den langsamme progresjonen med langturane har eg følgt. Riktignok ikkje heilt, det blei få økter på over 25km, men det er nå slik det har blitt for meg.
Då eg gjennomførte min første maraton i 2007, hadde eg også nokre veker tidlegare gjennomført min første triatlon, Bø Sprinten. Eg kjendte alt då, at rein løping blei litt for einsidig for meg, så eg lånte meg ein racersykkel og prøva meg på sykling i tillegg. Den lånte sykkelen var altfor lang for meg, sykkelbuksa var ubehageleg, ryggen min likte heller ikkje sittestillinga, og dessutan hadde eg punkteringsskrekk, noko som gjorde at turane ikkje blei spesielt lange. Men eg ville ikkje gje meg, og bestemte meg for å investere mesteparten av studielånsutbetalinga mi på ein racersykkel i min størrelse.
Hausten 2007 blei eg heldigivis også kjent med Caroline, som akkurat hadde begynt med masterstudier i idrett ved høgskolen i Bø, og trengte selskap på sykkelturane sine. Eg trengte nokon som kunne lære meg litt landeveissykling, så då passa dette perfekt. Kvar onsdag ettermiddag sykla me stort sett same turen på litt over 5mil, noko som var ein heftig tur for meg, mens det var lett restitusjon for Caroline.
Men fortsatt så var det mykje eg lurte på angåande trening av sykling og løp, og svømming, og korleis ein på best måte skulle kombinere desse tre. Eg ville vite meir. Så eg gjekk til innkjøp av Joe Friel's klassiker:
"The Triathlete's Training Bible" av Joe Friel, forlag: Velo Press. |
Med sesongen 2008 kom også fleire triatlonarrangement, og eg leitte etter meir informasjon. Det måtte då finnast bøker om triatlontrening med mindre enn 12 timar trening i veka, og der ein ikkje skulle trene eit eller anna både morgon og kveld?
Engelske bøker er rimelege å få tak i, og eg prøva meg på denne:
John Mora: "Triathlon 101"1.utgåve, Human Kinetics Forlag. |
Her eit lite utdrag frå forordet:
"Remember when you were a kid? Think back for a minute and remember a time that was simpler, less worrisome, and, well, more fun. Close yur eyes. Think about how you used to play: chasing your friends shouting, "Let's jump in the pool! Let's go bike riding! Race you to the corner!"
See what I'm getting at? In a sense, we all grew up triathletes. [...]" Karen Smyers, Professional Triathlete,
1995 Hawaiian Ironman Champion.
Forordet er så utruleg bra, så forventnigane mi til boka var kanskje litt store. Boka er alt i alt heilt grei, kanskje litt uryddig, og oppsettet for treningsplanane litt merkeleg, og lite av denne grunnleggjande entusiasmen over sport, triatlon og mosjon frå Karen Smyers' forord er å finne igjen i resten av boka. Så eg har boka fortsatt i hylla, og den er nok brukande for den som enno ikkje har lest noko anna om trening og triatlon før. Ei heilt grei nybegynnarbok for den ferske triatleten, spesielt eigna for den som skal delta i sin første triatlon, sidan det er mange praktiske tips å finne her.See what I'm getting at? In a sense, we all grew up triathletes. [...]" Karen Smyers, Professional Triathlete,
1995 Hawaiian Ironman Champion.
Ei anna bok som eg fann etter ein del leiting gjennom BIBSYS over tilgjengeleg triatlonbøker ved det heile landets bibliotek, var denne:
"The Woman Triathlete" av Christina Gandolfo, Forlag Human Kinetics. |
Omslaget virka nesten som om boka er frå 80-tallet, men den er altså frå 2005. Boka er satt saman av kapitler skrivne av ulike kvinnelege triatletar, og dekkar det meste som er relevant å vite for ein kvinneleg triatlet. Den inneheld gode og realistiske treningsplanar for alle distansane, frå Sprint over Olympisk til Halv Ironman og Ironmandistansar. Planane er oversiktlege og lett å skjønne, og forslaget for korleis ein kan gjennomføre øktene er detaljert omskrive. Boka inneheld mindre rein treningsteori (spesielt samanlikna med Joe Friels treningsbibel), men tek opp dei forskjellige utfordringane for både svømming, sykling og løp, utstyr, næring, mental trening, litt styrketrening (om enn litt for lite etter min smak) og trening gjennom graviditet. Til tross for at boka er skriven av forskjellige forfattarar, så er den godt gjennomført, og kapitlane utfyller ein annan. Inspirerande er det også å lese om bakgrunnen til dei enkelte forfattarane bak i boka.
Med andre ord, så er dette her ei bra bok som eg gjerne anbefalar til andre (kvinner).
Så gjekk det ganske lang tid utan at eg trengte meir lesestoff om triatlon, og sesong 2008 var også inspirerande og lærerik nok med mange gjennomførte triatlonkonkurransar og løp. Eg trur fortsatt at 2008 var det beste året mitt prestasjonsmessig, både fysisk og mentalt. Det meste eg opplevde av konkurransar var inspirerande, og då eg blei kjent med Helene denne sommaren på Stavern, så blei me fort einige om at me også skulle ta ein Ironman ein gong. Kanskje ein vakker dag, for eksempel i 2010 (som var leeenge til den gangen). På det tidspunktet hadde eg enda ikkje tatt ein olympisk distanse ein gong, men me var optimistiske, fulle av pågangsmot og litt herleg crazyness.
Og kva skal ein da med lesestoff når alt går så bra?
I neste innlegg, "Lesestoff om trening - del 2" skal eg blant anna fortelle litt om bøkene: "Breakthrough Triathlon" av Brad Kearns, GreteWaitz's maratonbok, Mark Allens første bok om triatlon frå åttitallet (herleg), og også sveipe innom inspirerande lesestoff som autobiografien av Paula Radcliffe, to bøker av Lance Armstrong, og IRONMANbøker som har lege på nattbordet mitt i fleire månader i strekk, og som eg har lese om att og om att og om att...og som eg framleis enno ikkje har blitt lei av.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar