It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

søndag 19. juni 2011

Fart og spenning

God dag, regnfulle søndag!
Eg kan ikkje fatte at det er meldt så mykje regn dei dagane framover.
Så lenge det er varmt ute synst eg ikkje at det gjer noko å bli våt ute, ikkje eingong på lange turar på sykkelen, men dei siste dagane har det også vore ganske kjøleg.
Med ned til 12 gradar på kvelden synst eg at det blir litt i kaldaste laget. Og så er det berre éi veke fram til Sankthans!?
Men men, me får ikkje gjort så mykje med været.
Fordelen med låg temperatur er, at Binna kan vera med på løpeturane mine.

Fredagskvelden med sine tolv kjølege gradar og skya himmel var bra for Binna og meg til å jogge ein lengre tur på eit par timar.
Caps hjelper mot duskregn, Binna får bera drikkeflaska mi, då har me det bra på løpetur!
Klokka er 21.00 på ein fredagskveld. Det var ikkje mange me møtte undervegs. Her i Bringsås.

Ein av mine yndlingsblomar. Binna ventar tolmodig i bakgrunnen.
Såå fine! Eg er nødd til å stoppe og ta bilde. Både på rusletur og løpetur.
Eit heilt tre med rosar! Såå fint! Bildet er tatt på ein rusletur.
Rynkerose. Trur eg. Altså ein nyperose.
Det blei altså ein fin subbe-joggetur på fredag, og samla tid på beina blei to timar, mens netto løpetid kanskje 1t45min. Men det var eg veldig fornøydd med, spesielt dagen etterpå, og i dag, når eg ikkje er støl eingong.
Sist tysdag derimot, då var det tilnærma 20gradar varmt, solskinn og høg luftfuktigheit midt på dagen. Eg var invitert til middag seinare på ettermiddagen, og hadde så lyst til å springe ein liten tur først.
For Binna ville det blitt altfor varmt. Dessutan hadde eg tenkt meg ein tur opp i Kivledalen, og Binna har ikkje så godt av å slite seg opp og ned bratte bakkar i varmen lenger.
Eg blei litt rådvill, sidan eg ikkje er så glad i å løpe aleine. Men så tenkte eg på desse to spreke nabobikkjene Turbo og Ira, to Engelsk Setter, som begge to er aldeles glad i å springe. Spesielt Ira, som framleis er ung og sugen på fart og spenning, er uthalden og lett til beins.
Det endte med at Binna fekk vera heime på sofaen, mens eg tok med meg Ira på tur. Med lang strikk og godt polstra hoftebelte gjekk me i gang, og her blei det ikkje mykje subbing og jogging!
Ira er glad i fart og spenning. Eg blei heilt utslitt. Høg intensitet i ein time!
Også ein engelsk kan slappe av. I eitt minutt eller to...
Eg valgte å springe heile vegen opp til Kivledalen, og fram til starten av Hanakamjuvet. På grunn av den knappe tida, og den høge intensiteten, så var det heilt greitt å snu då etter ein halv time. Ira er virkeleg glad i fart og spenning. Eg hadde ikkje sjangs til å bremse ho i den slake nedoverbakken heller. Og eg skulle gjerne hatt GPS med meg da, for å sjekke kva fart me hadde.
Det gjekk jo så utruleg fort!
Andpustne, men glade og fornøydde!
Det var skikkeleg inspirerande å løpe med Ira. Ho er virkeleg glad i å løpe, og glad i fart, og eg har skjønt at eg har blitt god på akkurat det eg trenar på: nemleg lange rolege løpeturar med mange pausar, slik som eg løper dei saman med Binna. Og bra er det, sidan det er akkurat den treninga eg treng for min neste Ironman.
Men kjekt og inspirerande å variere innimellom.Og moro å la seg smitte av slik løperglede! Også om den berre kjem av ein fartsgal/glad engelsk setter... ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar