It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

mandag 6. juni 2011

"Så tar du kneskåla di og drar den litt opp..."

sa fysioterapeuten min til meg og demonstrerte dette på kneet sitt.
Det var på fredag. Eg var skeptisk. Det går då ikkje an å TA i kneskåla si og DRA den opp, for så å sleppe den ned att???
Skal me sjå, kor hen er handtaket på kneskåla igjen...?

Vanlegvis så er det rygg og nakke og skuldre som er i fokus når eg har fysioterapi. Der sit det spenningar gjerne godt og lenge, og fører til dårleg pust, hodepine og svimmelhet.
Kven har ikkje opplevd det, å ha vondt i nakken?
Sånne fargerike røntgenbilder er så artige! Berre illustrasjon dette. Rappa frå ein eller annan nettstad.

Men når tilstanden av stive musklar begynner å bli kronisk, er det på tide å søkje hjelp. Det gjorde eg. Hos ein fysioterapeut.
Det var hausten 2007.
Og nå er året 2011 og det er eigentleg ingen grunn til å slutte med behandlinga, spesielt når fysioterapeuten min også kan mange knep om tøying og trening, avspenning og oppmerksamhetstrening/meditasjon, noko som eg har godt av i allerhøgaste grad.
Og sjølv om eg veit at han kan og veit mykje om korleis det heng saman med kropp og psyke, og trening og kropp, så overraska han meg nok ein gong denne fredagen.

Etter ein masse undersøking og knebøy og trykking her og observasjon der, så konstatere han at eg hadde større bevegelighet/utoverrotasjon i høgre hofteledd, og mykje mindre av det i det venstre. Noko som fører til/kjem frå at lårmusklane på innsida av venstre låret er meir spente/kortare enn dei på utsida. Det visar seg når venstre foten, i avslappa, liggande stilling ikkje dett på utsida, men mot innsida (roterer innover). Dessutan er muskulaturen min rundt knea dårlegare utvikla enn dei store lår-og leggmusklane, og dermed kan knea vera utsett for lateral bevegelse.
Men kneleddet er eit hengselledd, og skal berre bevege seg i eitt plan (slik som i fingrane), og ikkje sidelengs. Dette skulle eg passe på når eg er ute og syklar.
Det venstre kneet mitt kjem nemleg ofte bort i overrøret når eg syklar, mens det høgre kneet aldri gjer det. Dessutan kunne eg med fordel begynne å trene balansemuskulaturen min, enkelt å greitt med for eksempel knebøy utan vekt, først på begge bein, så på berre eitt bein, helst, og etterkvart med ekstra vekt.


Så viste han meg dette knepet for å få kneskåla inn i riktig stilling.
Ein skal altså ta tak i festet av kvadricepsmusklane ned mot kneskåla, dra forsiktig opp, og så sleppe ned igjen. Då vil kneskåla etterpå havna i meir riktig stilling. I det venstre kneet mitt er kneskåla mi visst nok litt for høgt oppe, nemleg.


Og det kan vera orsak til at eg har hatt litt for mykje vondt i dette kneet i det siste.

Ja når eg tenker meg om så er dette her ikkje noko nytt. Eg kan vel hugse å ha fått det rådet før, om å trene meir balansemuskulaturen i beina. Men når knea begynner å mase om det også, så burde eg vel også gjera noko med dette, i staden for å berre høyre på gode råd?
På sykkelturen min i går hadde eg ikkje tid til å passe på sykkelteknikken min, og om venstre kneet bevega seg i eitt plan eller roterte innover.
Det var heilt andre tekniske ting som krevde fokus:
  • laus tempobøyle
  • slak girwire (minst ein, kanskje begge to)
  • sykkelcomputer som slutta å fungere etter 12minuttar
  • laus skrue i pedalklossen under høgre sykkelskoen (den andre skrua mangla faktisk! Godt dette ikkje skjedde på Mallorca)
  • dårleg justert girwire som gjorde at det største giret ikkje gjekk an å bruke
  • rar suse/skubbelyd av metall mot gummi (viste seg som enden av ein wire mot dekket)
Dermed blei det alt fem stoppar før eg hadde sykle den førsta mila. Og eg kjende at eg ikkje i det heile tatt hadde nerver til å drive med tekniske justeringar. Eg ville jo berre sykle ein tur i det fine været!
Tennane på kranken er skarpe! Det kjennest.
Sjå så skarpe tenner! Det skulle ikkje mykje til for å lage eit godt hakk inni skinnleggen min.

Sur og forbanna over alle dingsebumsar som ikkje funka fortsette eg og tenkte at eg jo eigentleg ikkje hadde noko å tape på å sykle vidare. Innerst inne håpa eg også på at nokre sure bilistar skulle tute på meg, slik at eg hadde ein grunn til å vise nokon fingeren, eller riste med knyttneven. Men til tross for hektisk søndagstrafikk, der bilane kom i kolonnar på seks til sju køyretøy, så var bilistane i går greie og høflege, og gav dessverre ingen grunn til å kefte tilbake...
Det blei mange stopp langs vegen i går.
Etterkvart roa nervene mine seg. Eg bestemte meg for å trene på "sykling med tekniske utfordringar". Tenkte at teknisk svikt like godt kan skje under ein Ironman, og då skal eg jo også kunne takle å fortsette.
På den måten kom eg meg både til øvre Bø,  rundt heile Seljordsvatn, og tok til og med ein ekstra liten sving rundt Seljord i kveldssola på slutten av turen.
Så bra at eg heldt ut.
Eg fekk meg nesten tre timar i nydeleg sol i går.
Og i dag er det regntungt vær. Lågt skydekke og regnbygar.
Som skapt for å halde seg inne og trene balansemuskulatur...

Etter to timars sykling var eg i godt humør igjen og utsikten kunne nyte utsikten og det flotte været :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar