betyr
hjelm på spansk.
Denne her var eit lykkefunn på ein lokal sykkelbutikk i Alcúdia på Mallorca (
Wheels Sport. Rent a Bike & Bicycle Shop).
|
Ny hjelm! Som passar perfekt. . |
Mens Helene fekk ekstra service av ein medarbeidar på Wheelssport (som faktisk tilbød seg å montere sin eigen tempobøyle på den leigde sykkelen hennes, sidan tempostyret til Helene ikkje hadde riktig diameter), kikka eg meg rundt kva mallorkanske sykkelbutikkar har å by på.
|
Wheels - Cycling Clothing And Bike Hire Avda. S'Albufera 13b, Playa de Muro
t : +34 971 891 0 |
Eg har og har hatt mange sykkelhjelmar, men eigentleg er det ingen av desse som har passa meg ordentleg. Men då eg fekk auge på denne her, og prøva den "for moro skyld", så passar den som støypt. Fargane lilla, turkisblå, mellomblå og limegrønn og kvit var så utruleg fine saman, med uansett utsjånad, så var det nok passformen som gjorde at eg ikkje tvilte. Dessutan var den på tilbod.
|
Ein skal ikkje bruke nytt utstyr på ein konkurranse, men denne hjelmen passa så perfekt, at eg etter 3-4km testsykling var sikker på at den ville vera perfekt for 9 mil også. Og den gav grunn til smil undervegs. |
At eg ikkje kjente til merke "Catlike"frå før, brydde eg meg ikkje så mykje om. Men då eg fann ut at Thor Hushovd brukar Catlike hjelm (aha, det er "Catlike" som lagar desse rare hjelmane med desse runde hullene i), blei eg enda meir fornøydd med kjøpet mitt.
|
Thor stolar på Catlike, då kan vel eg også gjera det. |
Catlike kompakt pro, forgjengaren til Catlike Whisper, kjem i tre størrelser S, M og L, og M går frå 54-58cm og passar perfekt på meg.
Eg er så fornøydd!
Endeleg ein hjelm så passar bra, ser fin ut og som er lett (berre 230g!!!) og luftig!
|
Ja eg er jo religiøs, men handstillinga på tempostyret visar nok meir at eg slappar av og er i flyt på sykkelen. |
For eit fint suvenir eg har fått meg frå Mallorca da, og så er den faktisk Made in Spain ;)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar