It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

onsdag 22. juni 2011

Er dette sjøormen?

Nå når det har blitt sommar, har eg gjenoppleva den gode vanen min med alltid å ha svømmetøy og handkle når eg er ute på tur. På biltur, nærmare sagt.
Etter at eg har forsømt svømmetreninga noko grovt denne vinteren, skal eg i alle fall ikkje måtte gå glipp av ei anledning å svømme ute, når den måtte by seg.
I går var det ei slik anledning.
På veg tilbake mot Seljord frå Bø kom eg forbi Sanden Camping. Dit syklar eg ofte på kvelden, viss eg skal trene litt bakkar. Og sjølvsagt er det lenge kveldssol der også.
I går var det varmt og nydeleg solskinn, og eg hadde tatt med badedrakt, svømmehette, -briller og eit ørlite handkle i bilen, berre i tilfellet eg skulle plutseleg få lyst til å bade.
Det har jo hendt før. Ein liten biltur langs Seljordsvatnet med den glitrande vannoverflata i solskin, og eg er nødd til å stoppe. Det er heilt magisk. Store vannflater tiltrekker meg. Slik er det kanskje når ein har svømt sidan ein var 4år, og har vakse opp med hytte på ei øy, og strand og bading.
Eg elskar å svømme.
Uimotståeleg. I alle fall på sommaren. Hmmm...
Vatnet ved Sanden Camping hadde eg aldri prøva før. Pussig eigentleg. Men nå hadde eg sjansen. Bilen blei parkert i skyggen med Binna lettare skuffa på passasjersetet, og posen med svømmetøyet tatt ut.
Eg pleier gjerne å spørre om det er greitt at eg trenar svømming på ei strand som er tilknytta ein campingplass, vanlegvis kostar det jo også å parkere, men på Sanden Camping var det berre fritt fram for meg å svømme.
Stranden ved Sanden Camping består av små steinare som fort blir varme i sola.
Stranda består av fin og litt grovare stein, og er ganske langgrunn. Og heilt ved kanten var vatnet utruleg varmt! Vannkanten er halvmåneforma mot sør, slik at det blir fort varmt på stranda og i vatnet, og ein har både morgon-, middags- og lenge kveldssol.
Det er ganske grunt, og då var vatnet utruleg varmt.
Eg hadde ikkje planar om å trene noko særleg, og hadde eg hatt det, måtte eg nok ha svømt ganske fort og hardt for å halde varmen utan våtdrakt. Med jamne mellomrom blei nemleg det varme vatnet avbrote av kalde straumar, så her gjaldt det å svømme med den varme straumen, og samtidig halde kroppen godt i vannoverflata, der vatnet var varmast.
Men herleg var eigentleg å svømme utan våtdrakt.
Kjempefornøydd! Eg kom meg uti og svømte, utan våtdrakt, og det kjendest herleg!
Eg har enno ikkje blitt venner med Orca-drakta mi, og drømmer om ei god våtdrakt utan armar, og med med god frihet i nakken. Det hadde eigentleg vore kjekt om nokon laga ei våtdrakt med glidelåsen framme for meg også...
Vatnet var utruleg honningfarga,
og sola laga noko fantastiske mønster gjennom bølgjene ned mot steinane.
Klart vatn, steinar, sol og små bølgjer skapar fantastiske refleks.
Eg svømte ein liten tur rundt brygga. Der blei det plutseleg utruleg djupt, og vatnet blei heilt svart mot det djupet.
Kanskje det dukkar opp ein ørliten sjøormunge her snart?
Ein må nok ut på det djupe skal ein sjå sjøorm, vil eg tru.
Samla svømmetid kan ikkje ha vore meir enn 10 minuttar, men det var kvalitetstid, og ikkje minst: god restitusjon. Etterpå var det utruleg deileg å strekke seg ut på dei varme steinane og høyre på dei små bølgjene skvulpe i land.
God restitusjon for kropp og sjel var det, og det trengtest!

(Og om eg ikkje såg noko sjøorm denne gongen heller, så skal eg halde augo opne framover. Og ha kameraet klart. Kanskje.)
Er dette sjøormen? Ein må ikkje la seg lure av ting som liknar på ein kvist. Det kunne ha vore ein sjøormunge...

3 kommentarer:

  1. Svømming - allerede, UTEN våtdrakt!! Ikkje rart du smiler!! Det he du all maugleg grunn te! Inponerande! Mæn pass deg fe sjøormen! ;-)

    SvarSlett
  2. Ein fryd å lesa bloggen din Imke - du skriv heilt makalaust fengjande!! Til og med pysa meg fekk verkeleg lyst til å bade nå - Herleg !! Men stakkars Binna som måtte nøye seg med å sjå på ;o)

    Helsing Bente

    SvarSlett
  3. Tusen takk Bente, godt å høyre at bloggen min fengjar, eg skriv jo berre i veg utan å tenke så mykje over det...
    Eit lite apropos angåande svømme"pyser" (eg er ein skikkeleg frysepinne eg au, og brukar laaang tid før eg kjem meg uti kaldt vatn):
    Det er lurt a bruke svømmebriller som har varme fagar (rosa funkar bra for meg),då ser i alle vatnet litt varmare ut ;)

    Eg skal passe meg for sjøormen, Marie :)
    (Eller må sjøormen passe seg for meg,mon tru?)

    SvarSlett