It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

mandag 23. august 2010

Trening etter innfallsmetoden

Det er ei merkeleg tid. Det nærmar seg slutten på triatlonkonkurransesongen.
For første gong, så skal eg prøve å vera med på Skarphedins treningstriatlon - Seljordsormen Triathlon.

Navnet på triatlonen forpliktar nærmast til deltaking, dessutan er det den førebels einaste triatlon som finn stad i Seljord kommune.

Det er ein uformell triatlon med mini-supersprintdistansane 0,35km - 10km - 2,5km.
Men alt skal skje i og rundt Seljordsvatnet ved Tellnes Camping, og då kan eg nesten ikkje la vera å delta.

Treninga mi i det siste har verkeleg vore etter innfallsmetoden.
Ustruktert.
Spontan.
Siste veke har eg for eksempel hatt følgjande økter:

måndag: 1t lett løp
tysdag: ein time veldig lett sykling på rulle
onsdag: ein time tur med tung sekk
torsdag: rusletur med Binna på ein halv time (maks)
fredag: 4t20min/92km/900høgdemeter sykling "roleg"langtur, med gjennomsnittspuls på 161 på dei første 2,5t
laurdag: 1t styrketrening, fokus på kjernemuskulatur og øvre rygg
søndag: 5x800m intervall på bane på 3:33-3:37-3:36-3:45-3:50 med jogging imellom

I tillegg kom det "transportsykling" måndag, tysdag, torsdag og laurdag, der eg sykla ned til sentrum og bakken heim, som er 2km og 125høgdemeter, med andre ord: 12-15min høg puls...

Det blir ikkje så lite trening av det eigentleg, sjølv om eg har funne på alt saman spontant, og minde enn ein halv time før eg kom meg ut.
Spesielt den 90km lange sykkelturen frå Seljord gjennom Åmotsdal, Kvambekkheia og Øyfjell, og tilbake til Seljord på E134 visste knapt at eg skulle sykla ein halv time ført eg kom meg ut.
Heldigvis hadde eg ein stopp (og puste- og oppvarmingspause med mykje te og god mat og kaffe og treningsprat) hos Marie i Øyfjell, som varte over ein time.
Eg merka nok at beine mine ikkje lenger var vant med slike lange harde bakkar, så dei hadde godt av ein liten pause...


Men fint er det eigentleg, denne tida, der eg berre kan finne på å trene akkurat som eg vil.
Samtidig så går det ikkje ein dag der eg ikkje planlegg littegrann treninga framover og spesielt neste år.
Kva er dei neste måla mine?
Kva skal eg finne på om vinteren, for å halde motivasjonen oppe?

Halde meg til triatlontrening, med løp, svømming, og sykling på rulle, supplere med litt langrenn?
Eller til og med delta i eit skirenn, for å koma meg meir på ski, noko som eg sikkert har godt av, men gjer alt for lite viss eg ikkje har noko mål å trene mot.
Eller plukke meg ut ein halvmaraton eller maraton tidleg i 2011 slik at eg blir motivert til å halde løpinga vedlike over vinteren, noko som eg trur er veldig viktig, og som fungerte bra sist vinter.

Spennande.
Plan for nærmaste konkurranse er i alle fall to korte løp:
5000m bane og 8km terrengløp.
Det er to løp som høyrer til Vest-Telemark karusell.

Og det blir spennande om eg greier å slå tidene mine frå siste gong (som var også første gong - ever).
Det var i 2007, og den gongen var eg utruleg nok i veldig god løpeform, sjølv om det var første konkurranseåret mitt etter at eg hadde starta å springe.

Mine 800m løpeintervall frå i går tyder på at det blir hardt å slå mine eigne tider.
Eg har rett og slett ikkje fart i beina.

Binna var med på oppvarminga, det første intervallet, og  på dei 400m jogging mellom intervalla. Og på nedtrappinga. Og blid og fornøydd og gira blei ho og ville springe meir! Mens eg var fornøydd med økta og ville heim...

Det gjekk lettare og fortare tidlegare i år mens eg trena mot Ironman. Pussig nok, sidan eg då fokuserte på langdistanseturar i roleg joggetempo, med berre få raske turar eller intervall ca to gonger i månaden.

Eit snev av haust: soppl på Seljords idrettsbane...(heldigvis ikkje i bane 1)


Men me får sjå om eg eg vil utfordre meg sjølv til helga.
Det er berre meg sjølv eg skal konkurrere mot i så fall.
Og det spørst om det er nok til å få fram konkurranseinstinktet...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar