It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

søndag 29. august 2010

Vest-Telemark karusell - 3.løp - 5000m

Yr hadde heldigvis tatt grundig feil. Det blei solskinn og vind og ikkje regn kl.16.00, tidpsunktet for starten til det tredje løpet i Vest-Telemark karusell i går laurdag, 28. august 2010.
Ein klassiker: Nike Pegasus. Raske? Nei, men gode. I alle fall på korte løp.

Eg har lyst til å fullføre karusellen i år. Karusellen er eit av dei eldste slaget her i landet, og har første gong blitt arrangert i 1971.
For å fullføre karusellen, skal ein ha deltatt i minst fire av dei fem løp. Desse består av 3km terrengløp, 10km gateløp, 5000m bane, 8km terrengløp og sidan 2009, eit motbakkeløp (i staden for halvmaraton, som tidlegare).
I dag er det 8km terrengløp i lysløypa på Rauland, og sjølv om været i dag med blå himmel, litt skyer, og sol og litt vind hadde frista, og eg til og med har ordna meg skyss frå Seljord til Rauland, så står eg over i dag.

Grunnen til det er at bestemora mi døde i går, og eg blei så lei meg.
Bestemora har berika livet mitt med sitt gode humør, glimt i øyet, sin fantasi, sin livslyst og optimisme. Ho hadde planar om å bli 100 år.
Tre generasjonar har det vore. Nå er det berre to igjen.

Det sa ho då ho var 86 år, og alt då ganske dårleg med mange år med kreft bak seg.
Men bestemora mi er seig, og sjølv om kroppen hadde begynt å svikte henne, så svikta ikkje motet hennes.
Men etter to lungebetennelsar kort etter kvarandre på kort tid, og mange dagar på sjukehus der ho helst ikkje vera, så blei det litt for tøft for henne til slutt.

Eg blei så trist då eg fekk beskjeden, men glad også over at eg og bestemora mi alltid var einige om at det ikkje gjorde noko om me budde langt ifrå einannan, sidan me var nære einannan i hjartaet.
Og at vår siste telefonsamtale var veldig fin.
Me var glad i einannan. Heldigvis sa me det også høgt. Og på denne måten skilte me oss ut frå mange i familien. Heldigvis.
Det skal eg ta vare på.

Så blei det slik at Marie og Sakarias hadde tenkt seg ein tur innom meg den dagen, og det var fint. Det er godt å ha gode venner rundt seg når ein treng det.
Så var det framleis god tid igjen til å dra til Høydalsmo på løpet.
Eg var litt usikker om eg skulle delta, men kom fram til at det var kanskje like greitt å koma litt ut og få eit avbrekk på sorgen.

Så store forventningar hadde eg ikkje til tida mi. Både på bakgrunn av den nesten fråverande fartstreninga mi sidan 4.juli, og på grunn av alle følelser i meg.
For å ære bestemora mi tok eg fram eit halskjede som eg hadde fått frå henne for mange år sida.
Det kjedet var det godt å kjenne på dei mange rundane på banen.
Kjedet til bestemor mi fekk seg ein liten løpetur i går. Det var fint.

Det blei nemleg ganske tungt å springe.
Beina kjendest sterke og gode og klare, til tross for ein rask 30km temposykkeltur på ChiCqiloen kvelden før. Men lungene skreik etter meir oksygen, og hjartet var vel litt tyngre enn vanleg, og gjorde sitt beste med ein frekvens som kjendest som  to slag under makspuls.

Det blei altså ingen ny pers på 5000m i går. Men med ei tid på litt over 25min kan eg vera veldig fornøydd, tatt forholda i betraktning.
Eg skulle ønske meg at me hadde vore fleire jenter med i går. Me var heile to stykke i klassa 35-39, og også to damer totalt.
Litt synd, det var me begge to einige om. Ikkje minst så hadde det vore fint å hatt ein rygg å henge seg på. Det var lite deltaking også blant karane i går, slik at "feltet" fordelte seg fint på den 350m lange banen.

Sidan det ikkje blir det fjerde løpet på meg i dag, så skal eg satse på mitt første motbakkeløp, "Tveitgrendtunet opp". Som gjeng av stabelen om tre veker (18.september, sjå kondis terminliste)
Det er kanskje litt kort tid å forberede meg.
Motbakken består av 5km lengde, og ca 350 høgdemeter.
Fjorårets beste tid i klasse KV 35-39 var litt over 25min.
Det same altså som eg brukte i går på FLAT bane!!
Nåja.
Eg har aldri deltatt i eit motbakkeløp, og hadde eg valget, ville eg heller springe ein halvmaraton enn ein motbakke på 5km.
Men me får sjå.
Eg har jo eit par-tre veker å trene opp pusten min på.
Og god pust kan eg trenge.
Og eit sterkt hjarte.
Absolutt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar