It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

søndag 1. august 2010

Post ironman recovery

Dette er veke 4 etter min Ironman.


Eg kjenner eigentleg ikkje så mykje ettervirkning lenger.
Treningsmotivasjonen min, eller rettare sagt, treningsgleda mi, er stor. Formen derimot har ikkje vore på topp på dei få mosjonsøktene. Eit par-tre rolege sykkelturar, og eit par løpeturar på rundt 30 min har eg hatt denne veka.
Det har vore tungt i alle motbakkane.
Kanskje eit teikn på at det var for tidlega å begynne igjen?
Men eg taklar rett og slett ikkje lenger å la vera.
Ingen av dei andre fritidsinteressane mine kan måle seg med triatlontrening.

Det er moro å skrive, å blogge, å ta bilde, å redigere bilde, å lage nytt sofatrekk, å strikke, designe klesplagg, men alt saman virkar på meg berre som eit midlertidig tidsfordriv.
Dessutan merkar eg at eg faktisk har lagt på meg littegrann dei siste vekene.
Fysioterapeuten min kunne ikkje akkurat bekrefte mistanken min.
Men det er sjokkerande når buksar som har passa fint før plutseleg har blitt litt for trange!
Enda ein god grunn altså til å begynne å lea meg igjen, meir regelmessig.

Eg kan jo ta det med ro?
Både på løpeturen min i dag, og på sykkelturen onsdag har eg oppdaga fine stadar der det går an å slappe av midt i ei lengre økt.
Det gjev ei god "her og nå"-stemning og senkar pulsen.

Ein nyoppdaga plass for ein stopp langs Seljordsvatnet nær Garvikstrondi. Med benk, sykkelstativ og fin utsikt.


1 kommentar:

  1. Bildet ditt va gruleg fint Imke!! :-)
    D æ fint å finne seg ein plass i soli på roleg treningsturar!!

    SvarSlett