Ikkje at eg ikkje likar fjell.
Det er flotte, vakre deilege fjell her i Telemark, og eg nyt utsikten frå plassen der eg bur nå kvar einaste dag (når det ikkje er tåka eller låge skyer). Verkeleg.
Men eg har sidan eg flytta til Vest-Telemark lengta etter ein deileg, roleg sykkeltur. Sykle roleg. Ikkje anten i bratt oppoverbakke, eller nedoverbakke.
Eg har funne det vanskeleg å halden pulsen på eit nivå som kvalifisera ei økt som "roleg langtur". Hm.
Men i det siste har eg trent litt mindre, og praktisert meir rekognoseringsturar på sykkel, som endte med at eg oppdaga ei flott strekning med minst 10km flatt terreng. Yessss.
Det hadde eg eigentleg kunna tenkt meg: FLATDAL. Navnet seier då sitt. At eg ikkje kunne koma på det før..
Ut med sykkelen og ta pedalane fatt, retning Flatdal. Det MÅ det då vera flatt.
Og det var det. Utruleg flatt. Og for å poengtere dette endå meir, så sykla eg på E134 langs elva Flatdøla, som har sitt utsprang i det vesle vatnet Flatsjå. Har du høyrt?
Det gjeld jo å opne opp augo.

Klart, der det er flatt, er det gjerne vind. Men det er greitt. Ein fin sykkeltur på ein liten time i den flotte varme vårsola blei det.
(Etterfulgt av dei vanlege 2km med bratt bratt bratt stigning for å koma meg heim, sjå høgdeprofil lenger nede i tidlegare post).
Og så ein kort rusletur med bikkja mi opp i høgda. Med fin fin utsikt over Seljordsvatnet med fjell på alle kantar.
Då fekk eg også unnagjort fleire høgdemeter:

Hei Imke!
SvarSlettDu får ta deg en tur inn til Oslo :-)
Her er det mange fine turer som er (relativt) flate og fine.
Lykke til videre med treningen :-)
Takk for det! Og takk for invitasjonen! Og du må gjerne ta deg ein tur hit til det flotte Vest-Telemark og prøve deg på nokre bakkar her. Og nyte utsikten etterpå :)
SvarSlett