It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

torsdag 28. mars 2013

Nye (påskegule-) løpesko!

Det er jo slik at folk fleste pyntar til påske med påskeegg, og gule stearinlys og gule påskeliljer osv, og det er jo fint med tradisjonar, men i år så har eg tenkt å innføre ein ny tradisjon:
Påske-løpesko-pynt!

Eg har vore på jakt etter eit par nye løpesko i nokre veker nå.
Den sist så fint omtalte K-Swiss Kwicky har eg funne ut er nok best eigna til korte raske løpeturar, den har nemleg litt i overkant hard sole (den skal heller ikkje ha mykje demping) noko som ikkje er snilt med knea mine, spesielt på mølle.

Tidlegare så har eg likt ASICS veldig godt, både som mengedetreningssko (Nimbus) og modellar med mindre demping (Endura, Trabuco og 1100-serien) til terreng og kortare turar.

Men dei siste åra har eg prøvd ut og blitt meir og meir glad i løpesko frå New Balance.
Dei ser ut til å passe føtane mine perfekt (eg har litt breie føtar framme og treng plass - ingen smale sko på mine føtar!) og er gode å ha på i timesvis (gjeld terrengmodellen) og er ikkje i dyraste laget heller.
New Balance 1080 v2 limited edition
Nå med det forholdsvis omfattande treningsprogrammet til Dave Scott så kjendte eg at eg trengte eit par løpesko som sit godt, er behageleg, har mjuk demping (eg er jo ikkje så tung, så om ein sko har mykje demping og er beregna for tyngre personar, så har eg ikkje noko nytte av den) og ser bra ut.

Eg ville heller ikkje bruke altfor mykje pengar på nye sko, sidan eg likar å skifte sko heller ofte.
Budsjettet er stramt nok frå før, så då tråler eg heller gjennom nettbutikkar verden rundt for å finne rette sko.

Til slutt så falt valget på desse:
New Balance 1080 v. 2.0
Påske-neongule er dei. Såå fine! Velkommen hos meg!
Det er løpesko for løparar med nøytralt fotsteg (verken overpronasjon eller supinasjon). Det er ein mengdetreningsmodell som likevel er forholdsvis lette.
New Balance seier det slik: "Built for maximum comfort, performance fit and flexibility, you can count on the New Balance 1080v2's ultimate soft ride and smooth transition from heel to toe to make the most of every run."

Sålen på New Balance 1080 v2
Hmmmm ja eg trur demping er noko eg treng.
Eg har nemleg visstnok ein menisk i venstre kne som er litt irritert over harde støyt i nedoverbakkar, så då skal det dempast.

Fargane er limited edition, og eg som har så fargedilla, måtte berre få tak i denne neongule varianten.
Den fann eg til slutt til akseptabel pris på den britiske amazon.
Bildet er frå amazon.co.uk  - uimotståeleg med desse fargane spør du meg.
Eg har funne ut at New Balanse faktisk lagar skoene sine i Storbritannia. Til samanlikning: ASICS og K-Swiss lagar sko "Made in China" og NIKE "Made in Indonesia". Det er ikkje så nøye for meg eigentleg, men allikevel ei stjerne i boka for New Balance!
Eg brukar størelse 39.
Legg merke til at US 7,5 tilsvarar UK 5,5 og EU 38 i størrelsen hos New Balance.
Dette er ganske forskjellig frå f.eks. ASICS US 7,5=UK 5,5 = EU 39 eller NIKE US 8=UK 5,5=EU 39.
Her skal ein kjenne føtane sine!
Åå som eg ser fram til å prøve dei!

Dei sit nemleg utruleg godt, og dei kjennest som dei inviterar til å løpe!
Klart, som me alle nye løpesko skal dei ikkje ut i snøslaps, vatn, søle og grus med det første - det er berre tørr fin asfalt dei skal koma i kontakt med :D
Eg er i det heile tatt usikker på om eg tør å bruke dei ute!

Det var så mange fine detaljar.
Kanskje blir dei tredemølle-sko til å begynne med?
Uansett, så kjem dei nok til å stå og vera pynt her i leiligheten i påska.
Dei pynter til og med når dei ligg på golvet :D
Med så flotte fine påskefargar på skoene som i tillegg passar perfekt (ein tek jo alltid ein sjans når ein bestiller sko på nettet) så er eg berre så utruleg fornøydd!
Og eg som trudde eg måtte ta og handle inn påskepynt?

Det slepp eg visst i år :)

4 kommentarer:

  1. De så jo bare supre ut! jeg elsker freshe farger!
    Må også spørre deg, er du fornøyd med treningsprogrammet til Dave?
    Håper å kunne vurdere noe slikt neste år, da målet er en IM 70,3 i Haugesund. I år må jeg teste en Olympisk distanse først....brrrrgrugleder meg!
    Men du; disse skoene ser knalle ut - kom med rapport underveis da!

    SvarSlett
    Svar
    1. Hmmm ja nå tok eg og blogga svaret på kor fornøydd eg er med treningsprogrammet i eit nytt innlegg, ellers hadde kommentaren blitt sååå lang ;)
      --> eg har vore min eigen trenar også med god suksess fram til ein full Ironman, så det går an, spes viss ein er interessert i treningslære og -fysiologi osv
      Men eg hugsar at eg fram til min første maraton i 2007 følgte Hal Higdons maratonprogram (det var gratis den gangen) og der stod det veldig godt forklart kva ein skulle gjera, kvar dag.
      Og det syntest eg var utruleg hjelpsam!
      Trur ikkje eg hadde skjønt så mykje av det som er viktig ellers.
      Om det lønner seg for deg å bruke pengar på ein coach har jo litt med målsettinga di å gjera. Bur du sentralt eller har tilgang til ein god triatlonklubb er det mange erfarne triatletar også som kan hjelpe deg fram til ein IM 70.3.
      Du kan jo sjå korleis det går med den olympiske distansen først, og så vurdere?
      Kva opplegg brukar du nå da som trening fram til denne?

      PS: skoene har enno ikkje blitt brukt - ehem - ja dei er nå så fine at eg har spara dei så langt :D :D

      Slett
  2. Så bra (eller flaks?) at de passet bra da :)
    Gratulerer med nytt, sunt påskesnop! Disse legger du ihvertfall ikke på deg av ;p

    SvarSlett
    Svar
    1. Litt flaks må ein ha ;)
      Men påskesnop ja...ehem...det blei visst noko av også, av det etande slaget :D

      Slett