It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

mandag 25. mars 2013

Gje meg sol! Gje meg varme! Gje meg vår! (Gje meg tolmodighet...!)

Eg har ikkje blogga på to veker, og det finst eigentleg ikkje nokon spesiell grunn for at det er slik.
Det har vore artig å lese andres bloggar, rett og slett.
Så har det heller ikkje skjedd noko spesielt spennande.

Men det som skjer, det eg kjenner, og dette i aukande grad, er at eg har frykteleg lyst på sol og varme.
Nei, eg er ikkje lei av vinteren eigentleg.
Den siste snøen som kom har gjort alt så mykje lysare.
Så lyst at det kombinert med solskinn gjer det faktisk blendande lyst.
Og det er super forhold for å nyte påske med ski på beina (eller snøbrett).
Og mens eg ventar eit par månader til det blir utesvømming,
svømmer eg i bassenget. 
Men eg er blitt så avhengig av sol den siste tida.
Kan ikkje fordra at leiligheten min ikkje har vindu mot sør.
Så eg vurderar sterkt å flytte!
Samtidig så kjenner eg at med det krevande treningsopplegget mitt så er det faktisk ikkje plass til ein ny flyttesjau før sommaren.
Eg er også såpass godt i gang med samtaleterapi, at eg ikkje har lyst til å kaste bort tid, pengar og energi på å flytte.
Så det får vente.

I mellomtida må eg vel koma meg UT i sola.
Og det gjer eg jo.
Men eg skulle ønske at det var litt varmare.
Sjølv om eg vil heller ha eit par kuldegradar og sol enn åtte plussgradar og regn.
Eller...?

Det nærmar seg påske med stormskritt, og samtidig så nærmar det seg dagen for at det er 1000 (tusen!) dagar sidan eg fullførte Ironman i Frankfurt.

Og det er ein grunn å feire.
Dagen fallar på påskeaften.
Kult!

Fram til da så fortset eg med treninga.
Det har gått nokonlunde bra å følge treningsopplegget til Dave Scott.
Det er mange harde økter, mykje intervall, mykje variererande kadens og giring på sykkel.
Men dess meir eg blir kjendt med øktene, og opplegget, dess bedre likar eg det!

Eg har til og med laga meg mine eigne "spinningsprogram" der musikken, eller takten i musikken, angir kadens, dvs tråkk pr minutt.
Ved å følge musikkens rytme er det veldig mykje enklare å halde ein høg kadens, spesielt over 95 rpm.

Eg er også veldig fornøydd med oppfølginga frå teamet Dave Scott/David Glover.
Dei svarar raskt pr email. Først kjem det gjerne ei tilbakemelding på spørsmål frå David Glover, og så eit meir detaljert svar frå Dave Scott (hehe, det er eigentleg ganske kult når eg tenker over det, eg får treningsråd frå sjølve Dave Scott, det er jo så kult, det har vel kanskje ikkje heilt gått opp for meg? Eller har eg kanskje alt blitt vant til det?)

Når det gjeld sol og varme, så er det jo meldt masse fint vêr i påska, så eg får vel anledning til å få sol på meg om eg vil?
Så får varmen heller vente.
Kan ikkje heilt skjønne eigentleg at eg er så opptatt av dette med lys og sol og varme, folk flest er glad i lys og varme, men ikkje så frykteleg avhengig som eg føler at eg er.
Eg har fått nok av at det er kaldt!
Men men, nok med filosofering og fundering, eg får jo ikkje sol på meg når eg sit inne og bloggar i evighetar...
Lukas kosar seg i sola han også!

6 kommentarer:

  1. Jeg skjønner godt at du har lyst på litt sol nå. Det er liksom på tide syns jeg, at den kommer -og blir værende en stund. For ikke å snakke om; varmen! ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Heilt einig. Det er på tide :)

      Slett
  2. Hang in there; snart, snart, snart blir det varmt ;-) (håper jeg i alle fall, hehe) ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja eg skal nok halde ut!
      Har funne meg ein fin plass til PCen på kjøkkenet der sola skin om føremiddagen, og då kjennest det varmt og godt.
      Ein lun plass i sola midt på dagen hjelpar også.
      La oss håpe at me får litt varme i år! :)

      Slett
  3. I Ås har vi hatt sol fra blå himmel i over en uke nå. Jeg prøver å komme meg ut en tur i dagslys hver dag. For å fylle opp energilagrene etter den lange, mørke vinteren. Jeg skjønner veldig godt behovet ditt for sol. Selv om det er sol her, er det dessverre kaldt. Jeg savner varmen og gleder meg til å slippe den tunge vinterjakka. Og ulltrøya jeg fortsatt løper med. Og til å se grønt gress utenfor stuevinduet. Sukk.

    Så bra at du er i gang med trening sånn ordentlig. Jeg skjønner at det er inspirerende å få sånn oppfølging. Jeg håper du kan skrive litt mer om hvordan du trener etterhvert. Jeg er nemlig veldig nysgjerrig på dere som både svømmer, sykler og løper. :-)

    God påske!

    SvarSlett
    Svar
    1. Så deileg med sol da!
      Eg trur me er heldige i år med påskesola, så den må me nyte!
      Ja veit du det kjennest virkeleg som om eg har innebygde solceller som eg ladar opp i sola!
      I går kunne eg for første gong ta av jakka og løpe i langerma trøye (jaja med T-skjorte over og vest, men likevel, berre eitt lag på armane, ikkje verst).
      Det var riktig nok i motbakke i sola.

      Apropos motbakke, eg skal nok skrive litt meir om kva treninga består i.
      Når det gjeld triatlon er det mange måtar å trene på.
      Veldig spennande.
      Kos deg i sola! :)

      Slett