It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

onsdag 3. april 2013

Ein månad trening med Dave Scott (så langt)

Så nå er det april.
Eg har altså trent etter treningsprogrammet til Dave Scott gjennom heile mars og tenkte at det kunne vera artig å fortelle litt om korleis akkurat dette var.

Nokon har spurt meg om eg er fornøydd med programmet.
Det kan eg jo enda ikkje svare på.
Det vil tida vise.
Men så langt?
Så langt er eg veldig fornøydd med opplegget.

Det var veldig lurt å ha ein kick-off, slik som me hadde i februar, då Dave Scott kom på besøk til Norge, først til Oslo og så til Haugesund.
Eg har nemleg dei siste vekene merka at ein stor del av motivasjonen min for å følge dette treningsprogrammet har sin bakgrunn i at eg har tillitt til Dave Scotts treningsmetodar og til han som person.
Han tek atletane sine seriøst uansett nivå, og tek seg tid til å svare på spørsmål ganske detaljert.

I starten så trudde eg jo at eg var "uncoachable", sidan eg f.eks. ikkje følgte intervalla så nøye.
Tok lengre pausar enn det som stod i programmet.
Og sjølvsagt, så skal ein tilpasse treningsøktene til eigen situasjon.
Men når det nå ein gong står at pausane mellom intervalla skal vera 15 sekund, kvifor i all verda skal eg da ta 45sekund?
Intervalltrening i skarp sollys.
Eg skulle ha brukt solbriller!
Dette blei faktisk påpeika av Dave Scott, og han kommenterte ganske nøyaktig akkurat dette i ein treningsvideo, og forklarte kva som blir forskjellen mellom 15 og 45 sekund for heile treningsøkta (og eg som trudde at eg sat laaaangt unna Boulder Colorado og at kunne svømme og løpe slik som eg ville, kven skulle trudd at både Dave Scott og David Glover skulle følge nøye med og faktisk sjå på treningsdataene mine som eg har lagt inn i online-treningsdagboka på treningspeaks???)

Ja da.
Så nå har eg begynt å følge treningsøktene meir nøye. I den grad eg får det til.
Det har blitt lettare også.
Eg slepp jo å lure.
Eg berre gjer det som står der.
Skal eg springe 2min - 6min i to uliker intensitetar med 30 sekund pause og gjenta dette fire gonger etter å ha varma opp 10min  og avslutte 15min i roleg tempo, ja, så gjer eg det.
Eg tek også med mobilen min og slår på GPS og registrerar pace og tilbakelagt distanse pr intervall.

Og så skriv eg ned alt saman etterpå, lengda på intervalla, pausane, pulsen, pulsen i enden av intervalla, fart, pace osv og skriv det inni treningsdagboka.
Eg har altså blitt meir coachable, med andre ord.

Ellers er det utruleg artig å prøve alle desse treningsøktene.
Dei er så utruleg forskjellige at det aldri blir kjedeleg.
Spesielt sykkeløktene med alle dei forskjellige kadensane.
Sjølv om det er også litt til å bli sprø av.
Beskrivelsane av øktene er nemleg veldig detaljerte.
Det finst ikkje eitt minutt der eg lurar på kva eg skal gjera.
Det står sjeldan "sykle roleg i ca 2t og legg inn nokre harde drag" eller "køyr 4x4 etter oppvarming og jogg ned".

Det ser heller ut som dette:


Og det er faktisk første gong at det står at "suggested ride duration" er 90 til 135min. Vanlegvis så er også dette ganske nøye oppgitt.
Så langt har eg tatt annankvar sykkeløkt inne på rulla, spesielt dei som stort sett bestå av korte intervall med varierande kadens. Men å sykle inne i to timar når det er blå himmel og sol ute, nei der går grensa, huff, då syklar eg heller ute. Eg ser meg faktisk sjølv syklande ute, men ein liten lapp tapa på styret for å halde oversikt over korleis økta skal gjennomførast! (ehem altså alvorleg talt, ovanståande økta er planlagt til laurdag eller søndag, og eg har ikkje snøring korleis eg skal hugse dette opplegget. Kanhende eg må virkeleg ta med ein lapp altså:D).

Det som eg likar veldig godt med å ha Dave Scott som coach er at eg får virkeleg raskt svar på spørsmåla mine om trening. Det at han også svarar på spørsmål felles ved å legge ut svara som videosvar og sende pr epost er også veldig bra.

Innimellom følger eg ikkje opplegga til punkt og prikke allikevel, til tross for større ønske om coachability.
Eg synst det er morsammare å springe opp ein motbakke i intervall, istadenfor å springe bakken opp og ned.
Men klart det er meir målbart med korte, gjentatte motbakkar. Og ikkje alle har sånne laaaaaange motbakkar som me har her som endar gjerne med fin utsikt på toppen.

Og står det 3 min lågt gir - 4 min timetrial gir - 2 min stort gir og eg velger meg musikk som indikerar kadensskifte, og låtene varer i 3:18, 4:15 og 2:30 så er det heller ikkje så nøye.
Dave Scott har ein Vlog på Youtube.
Vil du vite noko meir om  fast twitchmusklar og høgintensitetstrening? Klikk her :)
Men det blir noko ganske anna når du skal løpe intervall og trigge "fast twitch muskelfibrane": dei går tom for energi etter 30-45 sekund (opp til eit minutt) og då gjeld det å vera nøye med å overhalde lengda på intervalla!

Så det er viktig å vite kva som er poenget med dei enkelte treningsøktene, slik at ein kan tilpassa dei om ein må, utan at sjølve meininga med desse blir borte.
Og det er akkurt der coachingsopplegget fungerar så bra: ein får svar på det ein lurar på!

Det som eg alltid fokuserar på er, at 70-75% gjennomføring av treningsprogrammet er bra nok.
Eg har nemleg ikkje sjans å gjennomføre det 100% uansett.
Svømmehallen her er stengt, og dessutan har eg pådratt meg eit eller anna i høgre augaet mitt (la oss inderleg håpe at det ikkje utviklar seg til hornhinnebetennelse slik det har gjort før!!!) så då er klorvatnet ikkje gunstig.

Dei tre løpeøktene i veka har eg klart bra så langt, og slik har eg tenkt å fortsette også.
Av dei tre sykkeløktene i veka har eg alltid valgt med dei to som var viktigast.
Eg syklar ein god del kvar dag uansett, og for meg er løping i fokus denne våren.

Styrketrening har eg greidd ein gong i veka, men målet mitt er å ta to økter i veka.
Eg merkar ganske tydeleg at effekten av berre éi økt i vekta ikkje er spesielt stor, framgangen er merkbar, men det går sakte.

Men av 10 planlagde timar siste veka fullførte eg faktisk heile 7,5timar, og det synst eg er ganske bra.
Greier eg å halde det rundt 75%, skal eg virkeleg vera fornøydd!
(ikkje minst fordi coachen meiner det og coachen skal eg prøve å høyre på ;)

Og litt meditasjon for restitusjonens skyld...

6 kommentarer:

  1. Hihi, så smart (og ganske morsomt) å henge en lapp på sykkelstyret når du er ute og sykler! Tipper det er litt av et syn ;)
    Sånt sett så er det nok veldig greit å ha et treningsprogram som er helt skreddersydd for deg og dine behov (selv om du kanskje ikke alltid føger det 100%), for da er det jo som du sier, mye lettere å gjennomføre. Istedet for å bare gjøre ting "etter lyst". Hmm, kanskje jeg også burde få meg ett eksakt program som jeg kan følge ?...

    Jeg syns iallefall du er veldig flink som trener så mye som du gjør. Jeg mener, 7,5 time i uken er jo faktisk ganske mye...
    Men jeg lurte på hva det er du trener, når du trener styrke? Og tar du den treningen i slutten av en løpe/sykkel/svømmeøkt?

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe ja hadde ein slik lapp på styret hadde eg vel ledd mykje av meg sjølv, og dermed fått ei ganske bra sykkeløkt, kven veit?

      Eg trenar styrke den dagen det er "treningsfri".
      Ellers så har eg gjerne tatt det etter å ha løpt eller sykla det gjorde eg mykje i 2009), og fokuserar mest på overkropp+kjernemuskulatur.
      Skulle nok gjerne trent meir målretta for beina, men dei får nok via intervall + motbakkeøkter,synst eg.

      Kan fort ramse opp øvingane til deg, du er jo ganske kjent med styrketrening:

      Markløft+Skulderpress m/manualer
      Pushups
      einarmsroing på benk m/m
      ryggstrekk
      crunch
      sidehev m/manualer
      Sideplanke/hev på benk
      "DB Raise" (for lateral deltoid)
      einarmsroing på benk for bakre deltoid m/m
      Fronthev m/m
      Tricepsextensjon m/m
      Bicepscurls m/m

      Og viss eg har lyst, øvingar for rotator cuff, altså skulderinnover- og utoverroatsjon med strikk, og sittande roing med strikk, pluss litt meir kjerne.
      (Og så eit lite program av coach som styrker setemuskulatur+hofte+knebøyvariantar)

      Eg må innrømme at eg ofte har fått nok av trening når eg har løpt eller sykla, og det krev ganske mykje å ta styrketrening etterpå. Men eg skal prøve det også, tenkte eg. Kanskje eit kortare program da.

      Ja det er morsamt å følge eit program eigentleg. Tenker mindre på "lyst" men meir på "kva slags økt passar i dag?" - sidan eg ikkje alltid gjer øktene den dagen dei er satt opp.
      Det er godt å sleppe å lure ja :)

      Slett
  2. Tøft! Dette var åde inspirerende og interessant å lese! :-) Stilig å ha en egen coach, og det virker helt klart som at det får deg til å skjerpe sansene litt; det er bra! Moro!

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe, ja heilt riktig, han får meg faktisk til å skjerpe meg litt uansett, sist etter gårsdagens korte nettmøte, så kom hans kommentar i dag: "I know your pool is closed, but Imke, get out in the pool!! Find an alternative!".
      Ja da coach! ;)
      Og det er moro, han bryr seg jo :)

      Slett
  3. Bra lesning! takk. Programmet , og det med å ha Dave til Coach virker veldig bra. Utrolig detaljert og nøye ser det ut til. Og at han er så "tilstedeværende" er jo gull verdt.
    Det er også godt å høre at du faktisk kan gjøre dette i forhold til egne forutsetninger - dette med at svømmehallen er stengt, at det ikke alltid er mulig å legge alt i programmet inn i en hektisk hverdag.
    Er det dyrt? du trenger ikke skrive konkret pris, men er dette overkommelig for de fleste?
    Høres fristende ut DERSOM jeg skal prøve meg på en IM neste år:) Gøy å følge deg!Lykke til med treninga!

    SvarSlett
  4. Hei Janne!
    Nå oppdaga eg nettopp at eg aldri svarte på spørsmålet ditt her.
    Håpar at du abonnerte på oppfølgande kommentarar via e-post, då får du beskjed om svaret mitt i alle fall :P

    Det er nok ganske dyrt å ha Dave Scott som coach, synst eg, men dette er jo litt i relasjon til inntekta alltid.
    Eg meinar at det kostar mellom 2000 og 3000kr/mnd.

    Eg var jo den heldige vinneren av julekalenderen frå IM Haugesund i fjor, og fekk det gratis, så eg er ikkje heilt oppdatert på prisane.
    Eg trur nok at coachinga er verdt pengane. Det inkluderar i dette tilfelle "kick-off" møte med Dave Scott og masse ekstra forberedelsar i race-week.
    Så det kan hende at det eigentleg er heilt andre prusar.
    Så kan ein vel også berre abonnere på/kjøpe treningsplan frå Dave Coach, til forskjellige distansar (sjå www.trainingpeaks.com).
    Eg er så begeistra over å ha ein treningsplan at eg nok brukar same plan igjen ved seinare konkurransar, og definitivt for min neste fulldistanseironman!
    Har eg ikkje råd til Dave Scott, får det bli ein annan som eg har tillitt til.
    Trur det er verdt pengane!

    SvarSlett