It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

mandag 11. mars 2013

Er eg "uncoachable"? - Den første treningsveka med Dave Scott

Då er det altså mandag igjen, og den første veka med trening etter programmet frå Dave Sott er tilbakelagt.
Det har vore ganske utfordrande å tilpasse planen, reint praktisk.

Her i Seljord er svømmehallen ikkje open dei dagane det står svømming på programmet.
Dessutan har eg ein fast dag i veka der eg er ute på gruppetur, og då blir det anten tur på beina eller på ski, og intensiteten og lengda osv kan variere, og dette veit eg sjeldan før me er ute.

Dessutan var eg usikker på om eg skulle

  1. prøve å følge planen ganske slavisk, 
  2. følge planen og hoppe over øktene som ikkje passar
  3. legge ny kabal med øktene, dvs endra vekestrukturen men behalde øktene
  4. følge programmet i antall økter men kutte ned på lengda på øktene
Det blei ein mellomting og til slutt ei veke med ganske variert trening!

Måndagen blei det styrktrening på litt over ein time (planlagt svømmeøkt gjekk ut).

Tysdagen var eg skikkeleg støl etter måndagens rare øvingar, så eg droppa intervalløpeøkta og tok 50min på sykkelrulla, med variert giring.
Kjekt med ein app som lagar akkurat
det sykkelprogrammet du treng -
med forskellig kadens - spinning trainer.

Onsdagen var det planlagt "off"-dag, og på kvelden blei det nettmøte med David Scott og Dave Glover, som er assistenten hans.
Det var ganske artig med webcam, me var ein gjeng i Haugesund, meg frå Telemark og så Dave og David frå Boulder i USA. Haugesundgjengen hadde skrive opp ein heil del masse spørsmål som dei stilte, og det var kjekt, sidan eg hadde lurt på mykje av det same.
Dessutan var det kjekt å sitte "ansikt til ansikt" med coachen min, eg trur det er bra for motivasjonen, det.

Torsdagen stod det bakkeløp og svømming på programmet, men dette blei det ikkje noko av, i staden for blei det ei mil på ski med innlagt harde intervall (det blir ganske hardt å skøyte med smørefrie turski, så det var effektivt!).
Nyoppkøyrde løyper! 
Nydeleg vintersol.
På kvelden hadde eg gjerne kunne ha svømt litt, men då hadde magen min slått seg vrang etter noko mat den ikkje tolte, og det blei sofa og smertestillande frå kl.18, der eg greidde så vidt å rusle ein halv time med Lukas før eg la meg.

Fredagen var magen min fortsatt vrang.
Enda ein "off"-dag trengte seg på, men denne var ikkje planlagt.
Men sånn er det. Når eg i tillegg hadde terapisamtale og nokre gruppegreier så var eg i grunnen forsynt.
Då magen min roa seg på kvelden blei det ein god tur med Lukas, men ingen trening.
Det finst omtrent ikkje medisin mot funksjonell dyspepsi (aka magekatarr)
 - men peppermynte er bra!
Laurdagen var formen bra att, og eg tok meg ein tur i bassenget der eg fullførte intervall på 11x100m i ein fart på 1:45-1:55/100m med varierande pause i mellom. Beskrivinga av øktene til Dave Scott's treningsprogram er veldig detaljerte, og alle intervall er nøye beskrive, og det er slett ikkje noko så enkelt som 10x100m i fart x med xsec pause, det er mange forskjellige lengder og fart og pausar imellom, så neste gong skal eg ha med programmet skriftleg, for sånt går det ikkje an å hugse på for meg!
Ja slik skulle det vera!
Med Dave Scott ved bassengkanten hadde eg gjennomført alle desse intervalla hans til punkt og prikke!
Men bildet er frå triathlon competitor.
På laurdagsettermiddag blei det som planlagt ein lang løpetur i roleg tempo ned innlagte gåpausar (oversett: snuse- og markere-pausar, sidan Lukas var med) på ca 1,5t.

sundagen blei det som planlagt ein lengre sykkeltur, på 1,5t. Ikkje gjennomførte eg her dei planlagte intervallenhetane og variabel giring etter planen, men sidan eg sykla på ganske kupert veg, så prøva eg å legge inn forskjellige gir undervegs.

Til saman så blei det 7t15min eller noko, men da har eg ikkje tatt med all transportsykling og turane med Lukas. Det er ikkje så verst, sidan det var planlagt 9t45?

Eg må hugse på at det ikkje er absolutt nødvendig å gjennomføre treningsprogrammet 100%, så derfor er målet mitt å auke fullførte % etterkvart.
Spesielt nå i starten så  brukar eg ganske mykje tid på å sette meg inni programmet hans. Som sagt, det er mange detaljar og forkortningar og soner og kadenssoner å sette seg inni. 
Både Dave Scott og David Glover er idrettsfysiologar av utdanning, og dei tek faget sitt seriøst og brukar kunnskapen sin konkret i treningsprogramma.

Men det kjendest godt å følge ein plan.
Sjølv om eg heile tida har lyst til å stokke om på øktene og tilføye mine eigne variantar, og teknikkar, og øvingar, men kva er då poenget med å ha eit treningsprogram når eg ikkje følger det?
Enkelte dagar den siste veka hadde eg brukt såpass mykje tid på å tilpasse programmet til mine eigne behov ved å kutte ned på tida, stokke om på dagane osv at eg kjendte meg nesten "uncoachable".
Men det trur eg er berre ein overgang.

På søndagen var lårmuskulaturen min i alle fall ganske sliten, og det kjendest godt.
I dag trena eg styrke- og skadeforbyggande stabilitetstrening, og då eg varma opp på tredemølla, så kjendest beina eigentleg fine igjen.
Så det spørs om det ikkje blir den planlagt løpeintervalløkta i morgo...?
Kanskje er eg ikkje uncoachable likevel?

God trening alle saman!

6 kommentarer:

  1. For ei flott treningsuke Imke! Og når det er finvær og en vil ut på ski i stedet for å svømme eller løpe eller hva nå planen sier så synes jeg en kan gjøre det :)
    Herlig!

    SvarSlett
  2. Ja, ikkje sant.
    Dessutan er det lenge til 7.juli, så treninga treng da ikkje vera så spesifikk enda.
    Apropos racersykkelføre vs skiføre:
    Her dalar det ned av snø, og dei har meldt meir snø i to veker framover!
    Så det spørs om det blir skiturar istadenfor sykkelturar nå :)

    SvarSlett
  3. Det var litt av en treningsuke. Hva er neste konkurranse?

    SvarSlett
  4. Ja den veka var artig, eg likar å trene variert, sjølv om ein då kanskje ikkje får den framgangen, men det er moro likevel, synst eg.

    Neste planlagte konkurranse er faktisk berre IM 70.3 Haugesund, 7.juli.
    Det finst nokre kortare triatlon i juni, det hadde vore artig å prøva meg der (Hove triatlon er dessverre fullteikna, ellers så er det Ringshaugdysten triatlon og Nesodden triatlon, men dei er i slutten av juni og det blir litt tett innpå Haugesund - men me får sjå!)

    SvarSlett
  5. det virker så inspirerende og motiverende å følge et slikt program
    Tenk alt du lærer. Men du har jo også relativt bra innsikt fra før etter hva jeg kan forstå.
    Masse lykke til:) Dette går bra!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk Janne!
      Ja eg kjenner at eg virkeleg må utvide kunnskapane mine om trening, sidan Dave Scott virkar å ha teoriar om dette som er nye for meg.
      Og det er bra det, er virkeleg spent på korleis det går.
      Har i mellomtida også blitt litt mindre "uncoachable" og blitt vant til treningsprogrammet (sånn stort sett) så det lovar bra :)

      Slett