It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

onsdag 29. august 2012

Ny løpesekk! Salomon XA 10+3 EXP

Nåja, ikkje at eg har hatt så mange løpesekkar før.
Eigentleg så er det berre éin av mine sekkar eg har prøvd å løpe med (Bergans Birken 18L), og denne har vist seg til å vera bedre eigna til å sykle med.

Så nå i nesten eit år har eg vore på jakt etter den "perfekte" løpesekken.
Eller i alle fall ein som passar for meg.
Eg er berre 160cm og har ganske lange bein og dermed kort rygg, så CamelBaken har aldri passa meg, den kjem for langt ned på rumpa, rett og slett.

Ellers er det langt til neste Løplabbet ifrå Seljord, så etter grundig etterforskning av løpesekkar på internett kom tre-firemodellar i nærmare utvalg:
Osprey Talon 11 i størrelse S/M (som då blir berre 8L stor),
Nathan vest i damevariant (som eg ikkje hugsar navnet av),
og Salomon 10+3,
og ein liten sekk til som nesten var umogleg å få tak i, utsolgt i dei fleste nettbutikkane og som eg ikkje eingong hugsar merkenavnet til, så uvanleg var sekken, men bra også.

Så hadde Intersport nå kampanje på ein heil masse terrengtreningsutstyr, og deriblant løpesekkar frå Salomon. Då eg fann ut at det var same modell som eg hadde sett meg ut tidlegare, og prisen var ok, og sidan eg følte at eg fortente ei belønning etter eit stort viktig NAV-møte igår, så slo eg til.
Dvs, eg kjøpte meg sekken alt på måndag, dagen før møtet på tysdag.
Og eg hadde han liggande i posen fram til i dag.
Salomon XA 10+3 EXP

Og eg gleda meg såå til å pakke den ut og prøve den!
Som eg altså gjorde i dag.
På ein liten løpetur på sti gjennom skogen her.

For meg er det viktigaste med ein løpesekk at den sit godt på ryggen og ikkje blir slengt att og fram under løpinga. Resten er eigentleg berre bonus.
Og Salomonsekken sat veldig bra på ryggen også i nedoverbakke på sti der eg måtte hoppe litt sidelengs over røtter og steinar og gjørmehull, og den satt godt inntil og var ikkje i vegen.
Den nye løpesekken min på sin første tur!
Sekken er utstyrt med mange artige og nyttige dingsbumsar, men dette skal eg koma tilbake til seinare, trur eg.
Fargen er jo fantastisk, eg er glad for at eg det fantest sekken i denne "jentefargen".

Lukas var faktisk med på turen i dagen, og oppførte seg ganske bra, han.
Eg har funne ein ny måte å feste leibandet i sela på, som gjer at han drar mindre.
Han er ikkje spesielt lykkeleg over det, trur eg.
Lukas på rusleturen tidlegare i dag.
Han vil også framleis bli dratt opp i motbakk, så eg håpar at formen hans stig snart!
Akkurat nå ligg han på sofaen og snorkar seg i form att, så det lovar bra til neste turen.

Gleder meg til å bruke sekken meir!

5 kommentarer:

  1. Åååå, den var fin!!! Håper du blir fornøyd med den ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja det blir spennande! Eg gledar meg alt nå til neste tur med den ;)

      Slett
  2. Så fin. Jeg hater å løpe med sekk, men det er kanskje fordi jeg ikke har løpesekk?

    SvarSlett
    Svar
    1. Tja... kanskje det?
      Eg likar veldig godt å GÅ med sekk, og eg har virkeleg hatt behov for å ha med ein liten sekk på løpeturane mine, når eg skal opp på fjelltoppar der det kan blåse litt, slik at eg kan ha med ekstra klær.
      Men ein må jo ha lyst til å løpe med sekk da, og ha behov for det.
      Ellers likar eg best å løpe utan ting&tang ;)

      Slett
    2. Det er jo best å løpe uten ting og tang, men noen ganger er det greit med tøy og drikke på lengre turer, og drikkebelte funker ikke så bra for magemusklaturen min :D kanskje jeg skal se på en liten camelback.

      Slett