It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

lørdag 16. juli 2011

Reviderte mål

Nå er det altså bestemt - til 99,9%: det blir ingen Ironmandeltaking på meg i år.
Eg har brukt eit par veker til å koma fram til beslutninga mi.
Grunnen er vel både det økonomiske som ikkje er på plass,
men også at eg rett og slett ikkje har hatt overskot til å trene til ein langdistansetriatlon.
Det er vel heller noko slik eg treng for tida...

Eg som synst at det er moro å trene, måtte nemleg meir og meir nærmast sparke meg sjølv ut av døra for å koma meg ut. Og ofte så hjelpte ikkje det heller.
Så etter lang betenkningstid har eg bestemt meg for å ikkje reise til Regensburg.
Og sidan eg tok den beslutninga, har eg kjent at brikkene i hovudet sakte men sikkert har dette på plass igjen. Og at eg blir inspirert til å trene igjen.
Den friheten eg har fått, at eg kan hoppe over både to og tre dagar med trening, har inspirert meg.
Så mykje eg kan finne på nå!

Men dei siste to vekene har eg tatt det med ro. Eg svømte ein ettermiddag, og torsdagskveld blei det ein liten joggetur. Etter 10 dagar utan løp eller sykling kjendest denne joggeturen ganske tung, men pussig nok var tida eg brukte på denne "standardturen" den same som alltid, om ikkje mindre, og eg har ikkje kjent noko stølhet etterpå.
Ny ermellaus våtdrakt frå AquaSphere, som eg skulle bruke i Guggenberger See. Men nå får eg jo tid til å teste den litt meir i lokale vatn i staden for...

Eg har også brukt tida til å ta meg av hagen min her heime og nede i Seljord. Om det har vore mykje regn i sommar, så har det vore ypperleg for reddikavlinga!
Og salaten har det også heilt glimrande.
Om regnet er kjedeleg, så er det i alle fall bra for reddikavlinga.

"It's a Jungle Out There"? Det er berre frodige reddik- og ruccolaplanter...
Binna delar ikkje heilt entusiasmen min med hage. Men ho er faktisk veldig glad i salat. I alle fall den med dressing på.

Og med mindre å tenke på, så har også sakte men sikkert matlysten kome tilbake og den konstante kvalmen forsvunne. Magen min reagerar fort og sterkt på stress, og eg har virkeleg hatt vanskeleg for å få i meg mat den siste tida. Så det er deileg å slappe av mesteparten av dagen, ete godt, bruke regndagane til å rydde inne, planlegge nye prosjekt, få orden på ting, og rusle tur med Binna.
På Bringsåsnuten med Binna.
Utsikt frå Bringsåsnuten over Seljordsvatnet.
Så nå sit eg ute på ein finværsdag og nyt sola som skin, og tenker på nye mål.
Eg kjenner at eg har lyst på, og bruk for, eit nytt mål eg kan trene mot.
Og eg har kjent at eg har lyst til å fokusere litt meir på løping utover hausten.
Kanskje skal eg til og med hive meg på ein maraton igjen, det har eg hatt lyst på lenge, men i år så har det ikkje vore plass til dette.Så mykje som eg likar triatlon med både svømming, sykling og løping, så kjennest det ganske befriande å berre kunne fokusere på éin av disiplinane.
Eg har faktisk ikkje deltatt på eit einaste løp i år. Dét kunne eg tenke meg å gjera noko med.Vest-Telemark karusell har sine tre siste løp i august og september, og det er også ein god del halv- og heilmaratonarrangement andre stader denne hausten.
Eller så kan eg plutseleg og uforberedd finne på eitt eller anna morsamt løpeprosjekt, slikt som Linda Eide gjorde. Ho sprang nesten 3 maraton på eit døgn for "å hedre den ukjente løperkongen Mensen Ernst frå Sogn". Det lengste ho hadde sprunge i strekk fram til den dagen, var to mil. Sprek dame!
Linda Eide er ei tøff og morsam dame. Ho sprang nesten tre maraton etter einannan. Les meir her.

Så får eg sjå kva inspirasjon eg får ut av det heile?

2 kommentarer:

  1. Du he fænje deg ein flott hage Imke!! Kjæm gjønne innom å smakar!:-)
    Åssø ser eg fram te neste mål (stort hell "litt minder") - me kanskje, slik heilt plutsleg finn på vegen kåns!!
    Hørr fann du dæn armlause våtdrakti forresten?

    SvarSlett
  2. Ja hagen er blitt frodig:)
    Drakta fann eg på Toma-versand.com, ein tysk nettbutikk. Den går under "swimskin", men er ikkje tillatt når det er våtdraktforbud.
    Første inntrykk er: god passform (endeleg lange nok bein!!), god bevegeliget i skuldrane, lite gnaging rundt halsen.
    Meir seinare, eg fekk berre testa den i 16gradar "varmt" vatn, og då var den i kaldaste laget.
    Men i Guggenberger See haddde den gjort seg bra! --> du får reportere derifrå da, sidan eg ikkje blir med ;)

    SvarSlett