Etter dei siste dagane med så mykje tunge nyheitar på TV, kjenner eg veldig behovet for å framheve det som har vore bra den siste veka.
Treningsmessig har eg igjen følgt den vel utprøvne innfallsmetoden. Eg trenar det som fallar meg inn.
Det var nok ikkje spesielt mykje den siste veka, men litt blei det jo.
Sist måndag var det opphaldsvêr og god temperatur, ikkje for varmt heller, og då blei det motbakketrening.
Rett på andre sida av åsen der eg bur, er lysløypa Raudkleiv.
|
Eg og Binna blei i godt humør av fjellufta. Og sidan eg ikkje tok ein dans på dansarsteinen, så blei det litt sprell på Raudkleiv istadenfor :) |
Det er ein god del høgdemeter opp til Raudkleiv, men ikkje meir enn at ein fint kan jogge opp på ca 25min med eit par-tre puste- og drikkepausar undervegs.
|
Binna i superform. Spesielt på veg opp, mens dette bildet er tatt på veg ned. Sprek til 10år gamal å vera! |
|
Drikkestasjon undervegs. |
|
Utsikt. Belønning for å kome til topps! |
Torsdagen var det tid for tur igjen, og denne dagen var me faktisk veldig heldige med vêret. Blå himmel og strålande solskinn! Oppover i Grunningsdalen (Grunningsdalen ligg
her) hadde eg aldri vore før, men der er det lett å gå, og kjempefint terreng, og nydeleg landskap!
|
Åi i Grunningsdalen. |
|
På tur i Grunningsdalen. Litt hodepine, men det får ein tole. |
Sjølv om eg var ganske plaga av hodepine eit par timar på turen, noko som eg trur har samanheng med felleslunsjen vår, som består av middels tung mat i form av brød, suppe og kaffe, så gjekk eg og tenkte mykje på kva eg skulle finne på neste gong eg skulle opp hit. Vegen var innbydande til både vandring, løping og sykling, så her var moglegheitane mange!
|
Fantastisk lett terreng i Grunningsdalen. |
Sidan både blodtrykket og blodsukkeret mitt antagelegvis hadde sunke heilt ned til dei djupaste avgrunnane og hodepinen ikkje ville gje seg, valgte eg å springe dei tre siste kilometrane tilbake til parkeringa, med sekk. Logikken var at eg fortare ville koma fram. Det gjorde eg. Med 4-5kg på ryggen i over 20 gradar og steikesol var det ikkje ideelle forutsetningar for å kvitte meg med hodepinen, men siden Grunningsdalsvegen helte svak nedover igjen mot parkeringa, var det forbausande lett å springe. Ryggsekken satt faktisk ganske godt (til tross for at den har eit volum på 40L), Goretex skoene frå Lowa (10år gamle) hadde akkurat nok demping igjen, og eg hadde med både nok vatn og ein reserveenergibar, så turen på snaue 16minuttar blei utruleg bra, og hodepinen ikkje å merke (i alle fall ikkje mens eg sprang).
|
Årets første molte! Hurra! |
|
Hm... molte er godt! |
|
Slåkavatn i enden av Grunningsdalen. Og molteterreng. |
Turen til Grunningsdalen sist torsdag var første fjellturen etter to veker, så saman med motbakkeløpet mit på mandagen var det nesten som om eg hadde fått ein overdose med fjelluft.
Herleg forfriskande!
Det burde ikkje gå så lang tid til neste gong eg kjem meg til fjells altså...
|
Å gå i fjellet er alltid bra. Det har det alltid vore, og vil det alltid vera!* |
|
|
|
(*bildet er tatt med mobilkamera og så "poladroidisert", med programmet Poladroid)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar