It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

lørdag 26. mars 2011

Ny våtdrakt!!!

Siste helg var eg på besøk hos Helene på ei slags triatlontrenings- og inspirasjonshelg.
Det blei ikkje så reint lite diskusjon med tanke på alt det morsamme me kunne finne på av trening i løpet av helga:
  • utesykling: " ...det går vel an? Det er jo bart? Men det kom jo snø i natt. Eller?..."
  • sykling på rulle: "...me kunne sykle på laurdag og springe på søndag? Eller ha ei overgangsøkt? Eller roleg langtur, det er jo morsammare når ein er to stykke?..."
  • løp: "...eg treng å løpe. Men det burde vera på laurdag. Viss ikkje me spring ein roleg tur på søndag da. For då spring eg berre ein kort tur på fredag. Løp etter å ha sykla? Kva intensitet da?..."
  • styrketrening: "...ryggen min treng å trene styrke. Viss me gjorde det på laurdag? Det er så godt å løpe dagen etter styrketrening. Me kunne jo både sykle inne og trent styrke? Skal me berre trene kjernemuskulatur? Det kunne me gjort inne. Nei det hadde vore morsamt å trent på styrkerom også...."
  • ski: "...ja det hadde jo vore deileg med ei skitur. Nei veit du me droppar skitur, det blir for mange valg.."
  • tur: "...altså me skal jo gå tur med Binna uansett. Men skal me gå lang tur? Men det blir berre rusletempo, ikkje sant? Ikkje så bra å springe same dag kanskje?..."
  • svømming: "..det er jo teknikktrening på søndag som me kan dra på. Kanskje ikkje så lurt at det er så tidleg? Den eine svømmehallen er open på laurdag også. Nei kor mykje folk er det da, tru? Me kunne svømme og trent styrke same dag. Blir kanskje litt mykje å gå tur same dag i tillegg?.."
Dette er berre eit bittelite utdrag frå den telefonsamtalen me hadde to dagar før.
Både eg og Helene hadde berre trent roleg gjennom veka og var så og seie klar for det meste. Det endte med at me droppa utesykling og skitur, og at eg pakka med meg sykkel + rulle + sykkeltøy, løpetøy og svømmetøy.
Pakking som før ein konkurranse. Det er moro å bruke "beutlane" frå IM i Frankfurt!

Valget falt til slutt på å sykle mest mogleg, og gå tur med Binna ute i det fine været. På den måten fekk me både nyte det fine været ute, og ein del timar på sykkelrulle. Det blei i overkant av to timar på laurdag ved heller låg intensitet, og litt over ein time på søndag, med litt meir variasjon i kadens, motstand og intensitet. Dessutan gjekk me ganske mykje tur med Binna, og Helene fekk også med seg svømmeteknikktrening på søndagen (mens eg føretok med nødvendig restitusjon på sofaen saman med Binna).

Binna blei skikkeleg bortskjemt hos Helene, og fekk til og med ligge på sofaen. Derfor tok ho det også med knusande ro då to halvgalne hobbytriatletar sat og tråkka lystig framfor TVen INNE, mens det var fint turvêr UTE. Menneske er rare...
Det var ei inspirerande og motiverande helg, og eg kjenner at eg virkeleg har fått opp lysten til å trene enda meir nå.
Synd berre at eg virkeleg har slite med dårleg pust i snart fire veker nå, og går med konstant stivt mellomgulv og støle ryggmusklar, slik at trening ikkje virkeleg er så artig som den kunne ha vore. Men då eg antyda at eg kunne trengt ein triggerpunktbehandling for å løyse opp i stive musklar, så hadde Helene løysinga: eit slags "gjør det self"-instrument, til triggerpunktbehandling:
Ein merkeleg dings. Men den funkar. Å så herleg å kunne trykke vekk litt muskelsmerte altså. Den dingsen har eg lyst på!

Eg fekk også prøvd og lånt med meg ei våtdrakt av Helene. Eg og Helene er omtrent like høge og brukar same klesstørrelse, så sjansane var gode for at drakta skulle passe meg. Spesielt sidan denne drakta viste seg å vera for kort i ryggen og rundt skuldrene for Helene. Me har nemleg ganske så forskjellige proporsjonar, og med min korte rygg kunne det kanskje klaffe.
Den våtdrakta som eg har brukt hittil er ei prisgunstig triatlondrakt frå O'Neill, og den isolerar godt og glir godt gjennom vatnet. Men eg kjenner altfor lite bevegelighet i skuldrane når eg brukar den, og dessutan er ryggen min for kort, slik at drakta faktisk "saggar". Ikkje så farleg når ein skal svømme krål eigentleg, men likevel, den sit ikkje spesielt godt.
ORCA women's sonar.
Orcadrakta derimot sat som støypt, og det beste med den var, at armane mine fekk ei slags "oppdrift". Det kjendest som om drakta nesten "slengte" armane opp og fram i krålstilling!
Ingen sagging heller.
Og onsdagen viste det seg også at den stod si siste prøve, nemleg i bassenget. Sjølv om det var vanskeleg å kjenner etter kor mykje vatn den ville sleppe inn rundt halsen (vatnet i bassenget i Seljord held nemleg heile 30gradar, då er det ikkje lett å kjenne etter), så kjendest den ellers kjempebra.
Eg har fått meg ny våtdrakt, sykkelen er klar, løpesko er klare. Ein litt utolmodig triatlet som ventar på sesongstart.
Eg testa også farten med drakta, og med tida på 1:32 på 100m virkar den lovande. Isoleringsevnen kan eg ikkje seie nokonting om, for eg greidde såvidt å unngå heiteslag etter 10min i bassenget, og snøen utanfor svømmehallen frista VELDIG til å kjøle meg ned i, men eg let vera, for ikkje å kaste noko tvilsamt lys over triatletar og deira oppførsel.
Eg er så fornøydd. Ny våtdrakt. Hurra!


Så inspirert som eg blei og så god plass som det var i bassenget, så frista det med ein rask 1000m på tid (i vanleg badedrakt), og med tida på rundt 18min blei eg enda meir fornøydd.
Berre synd at eg må vente med å bruke den nye våtdrakta til laaaaangt på våren. Det er jo tvilsamt at eg får meg ei utesvømmingøkt i Norge før 14.mai i år, så det kan hende at første gong blir faktisk på Mallorca...

Kan hende det ikkje er så dumt å vente med å prøve våtdrakta til eg kjem til Mallorca...?

lørdag 19. mars 2011

Våt på beina. Bra! ( - Hæ? Vent litt nå...)

Ja det er stort sett ikkje godt å bli våt på beina, og spesielt ikkje når ein er på løpetur og det kjennest som om ein har på seg våte svampar i staden for sokkar.
I går kom det nesten heile 20cm med ny snø over natta. Skikkeleg vinter igjen, og det midt i mars.
Å nei! Masse snø som kom over natta! Det er blitt vinter igjen! Midt i mars! Eg er sjokkert.
Men så lysna det til ute, og sola trengte seg igjennom skyene, og det blei blå himmel etterkvart, og snøen smelta, og fuglane begynte å kvitre igjen, og sjølv om eg hadde tenkte å vente til kvelden med løpeturen, så greidde eg ikkje å la vera: eg ville ut å kjenne på den vårlege snøsmeltinga.
Dette var mykje bedre. Same dag, åtte timar seinare.

På med løpesko og løpetøy, Binna fekk på seg sele, leiebandet blei røska med, mp3-spelaren lada opp littegran i full fart, og ut bar det.
Eg likar å høyre på musikk når eg spring. Men berre på eit øyra. Når ein spring på vegen er det kjekt å høyre kva som skjer rundt meg.
Alt etter å ha forsert den 50m lange stien bort til vegen skjønte eg at dette ville bli ein våt fornøyelse.
Dei 20cm med ny fluffy snø frå natta var blitt forvandla i ein slags blanding av våt snø, vatn, sørpe og kvit slush.
Ute på vegane var heldigvis snøen smelta bort stort sett.
Hm ja, dette var også mykje betre. Våt asfalt er myje betre enn isete asfalt.
Og sjølv om skoene etterkvart var blitt klissblaute, så brydde eg meg ikkje stort om det, til det var sola alt for fin, og himmelen for blå, og eg skjønte at eg akkurat ville kome heim att frå turen i det sola er på veg ned bakom fjella.
Slaps på sidene. Binna var sprek og valgte å springe frivillig i slaps. Kvifor gjer ho det, tru?
 Det var ganske tungt å springe i denne våte snøen, så delvis løp eg på vegen istadenfor.
Men eg hadde ikkje trudd at eg ville bli så glad over å bli våt på beina.
Men i går, så var våte løpesko definitivt eit vårteikn!
Godt er det!
Utsikt frå løpetur. Våt men bar asfalt. Bra!!

onsdag 16. mars 2011

Ut på tur, (nesten) aldri sur

Kvar torsdag er eg på tur.
Det er ein gruppetur, der me er ute og går på beina, eller på ski.
Med sekk. Og mat og drikke. Og ved. Og målet med turen er ikkje akkurat å koma fram dit me skal, men sjølve turen.
Det å vera saman ute, i felleskap.
Sist torsdag var det ski for andre gong. Ein deltakar i gruppen ville ikkje gå på ski på grunn av ein skade i hofta, og dårlege kne.
Sjølv om me andre som gjekk på ski tenkte at me kunne gå litt sakte og vente på fotgjengaren, så blei det fort tydeleg at fartsforskjellen mellom å ta seg fram på ski og vasse gjennom djup snø på beina blei for stor.
Årets første skitur - bedre seint enn aldri...

Etter ein knapp halv time tok fotgjengarens krefter slutt.
Det stod mellom å snu, eller å slå leir med det same.
For oss som gjekk på ski var det ingen tvil, er me saman på tur, er me saman, og me vil få med også den svakaste i gruppa.
Dette er i Tokke. Det snødde mykje den dagen, og mine ski hadde dårleg gli. Men me gjekk ikkje så langt, og så blir det jo gjerne ekstra trening med dårleg gli, og det likar eg jo ;)
Utanfor løypa var snøen aldeles djup og laus, og å ta seg fram berre 20m til ein eigna bålplass, blei plutseleg ganske utfordrande.
Fotgjengaren ville i all sin beskjedenhet snu igjen, og sjølv om det er ingen skam å snu, så var det for oss andre ikkje noko alternativ. Me to spadar, og snøskuffing på omgang, blei det raskt frigjort ein smal gang gjennom snøen inntil ei lite gruppe av høge grantre med innbydande plass til bål.
På den måten kunne alle ta seg greitt fram også på beina.
Eg synst det er godt å skuffe snø, og sist torsdag kom eg på at eg ikkje hadde trent styrke på ei stund, og var derfor meir enn villig til å flytte fleire kubikmeter med snø.
Men til slutt måtte eg gje frå meg spaden og utforske skiløypa litt til, slik at andre kunne fortsette med leirplassryddinga.
Etter ein halv times skigåing kom me tilbake til plassen, og der brann bålet lystig, og det var lagt ut granbar og sitteunderlag.
Me tek med litt ved på turane, og fyrer bål. Kjempekoseleg, og verdt den ekstra vekta i sekken.
Etter litt suppe og rundstykke blei det også steikt vaflar på bålet, og termosane med kaffe sendt rundt.
Stemninga rundt bålet var upåklageleg, spesielt ettersom det viste seg at den rause dosen med ekstra bakepulver i vaffelrøra førte til spennande suselydar og eksplosjonar av smør og røre på bålet.
Lag vaffelrøre heime, fyll på ei brusflaske, lag eit bål og steik vaflar med bålvaffeljern. Kjempegodt!

Av og til står jo ikkje dei fysiske prestasjonane i fokus, men opplevinga og gleda av å vera ute, i bevegelse, ute i naturen, i det fri, i frisk luft, og saman med andre.
Og då er det ikkje farleg å ikkje få skrive tilbakelagte mil i treningsdagboka, forbrente kaloriar og tid i pulsmålsone.
Utsikten frå ein tur der me gjekk opp på ein liten topp på ca 1000moh. Her ser me mot Skorve.
Eg kjenner på meg at det skal bli ei utfordring å samkoordinere torsdagsturane med resten av treninga mi når det går mot Ironmantrening og dei lange sykkel- og løpeturane.
Etter fem timar på beina i frisk luft blir eg ganske doven på kvelden, uansett kor fysisk krevjande turen var. Og det er ikkje alltid like fristande å supplere med ein liten time sykling på rulle når kroppen alt kjennest litt god og slapp.
Men det kan jo hende eg kan gjera om torsdagane framover til "restitusjonsdagar"?
Tur som restitusjon?
Det virkar i alle fall som ein god idé å ha éin dag i veka, der eg er på tur og (nesten) aldri er sur...

Når eg og Binna er på tur, er me sjeldan sure!!

onsdag 9. mars 2011

Årets første sykkeltur ute. Endeleg!

I går kom eg meg tidleg heim frå jobb.
Løpeturen frå dagen før sat fortsatt litt i beina, og eg tenkte at litt spinning på rulla ville gjort susen for å løyse opp musklane. Og når eg først er motivert for å sykle på rulla, så burde eg ikkje vente så altfor lenge med å kome meg på sykkelen, det er ikkje sikkert motivasjonen varar evig.
Men så kjende eg at dette umogleg kunne bli riktig. Ute var det solskinn, om enn av det litt slørete slaget, og temperaturen i sola utanfor huset var på heile +6 gradar, og eg hadde også nettopp sitte ute i 20min og kjend sola varme ansiktet.
Dette er kjempebra sykkelforhold til 8.mars og Vest-Telemark å vera!
 Det kjendest meir og meir feil å sitte og tråkke på rulla innanfor fire veggar, når det var så lyst og fint ute, og stort sett bart på vegane.
Den bratte bakken ned til sentrum var riktignok fortsatt dekka av både is, slaps, snø og søyle, men rundt Seljord sentrum og på hovedvegane var det jo tross alt bart, så kvifor skulle eg ikkje heller ta ut terrengsykkelen og ta meg ein sykkeltur ute?
Og ikkje berre kva som helst sykkeltur, men årets første sykkeltur!
Ikkje alltid full kontroll på isete og slapsete bratte utforbakkar. Men det gjekk veldig bra!

Det tok meg forbausande nok berre 10min å finne fram til treningstøy, hjelm og sykkelbriller, så bar det rett ut i snøen, ned att den bratte bakken, fint balanserande mellom stripar av is, slaps, på rennande småbekkar av smeltevann og haugar av strøsand og salt og småkvistar.
Og for ein deileg følelse det var!

Fine og bare vegar og lite trafikk på E134 i går. Herleg med tørr asfalt og kveldssol!
Sidan eg ikkje hadde tatt med verktøy, reserveslange og pumpe, så valgte eg ei enkel løysing: Rundturar rundt Seljord. Ein runde er på rundt 10km, og tek mellom 25 og 30min, alt etter form og vindforhold. Og i går så blåste det godt frå vest, slik at den lange seige bakken oppover frå sentrum blei ei god utfordring for uthaldenhet og muskelstyrke. Men med sola rett i ansiktet og den deilege følelsen av å endeleg vera UTE på sykkelen igjen, blei det berre rein fryd å tråkke med ein fart som kjendest som i underkant av 10km/t...

Og eg trudde at eg ville vera den einaste syklisten der ute. Men jammen så møtte eg ein landeveissyklist!
Ved slutten av den tredje runden begynte sola å gå ned, og temperaturen å falle merkbart, og det blei på tide å dra heim før smeltevatnet på vegane ville bli forvandla til is igjen.
Eg var superfornøydd med å starte utesykkelsesongen så tidleg i år, sjølv om det nok er meldt ein del snø framover, og det kanskje blir lenge igjen til neste tur.
Men denne turen har absolutt tent sykkelgnisten i meg igjen!

Å tenke litt mindre på kva som går an og ikkje går an, men berre koma seg ut og prøve, gjorde susen. Kanskje burde eg gjera det oftare?