I går kom det nesten heile 20cm med ny snø over natta. Skikkeleg vinter igjen, og det midt i mars.
Å nei! Masse snø som kom over natta! Det er blitt vinter igjen! Midt i mars! Eg er sjokkert. |
Dette var mykje bedre. Same dag, åtte timar seinare. |
På med løpesko og løpetøy, Binna fekk på seg sele, leiebandet blei røska med, mp3-spelaren lada opp littegran i full fart, og ut bar det.
Eg likar å høyre på musikk når eg spring. Men berre på eit øyra. Når ein spring på vegen er det kjekt å høyre kva som skjer rundt meg. |
Dei 20cm med ny fluffy snø frå natta var blitt forvandla i ein slags blanding av våt snø, vatn, sørpe og kvit slush.
Ute på vegane var heldigvis snøen smelta bort stort sett.
Hm ja, dette var også mykje betre. Våt asfalt er myje betre enn isete asfalt. |
Slaps på sidene. Binna var sprek og valgte å springe frivillig i slaps. Kvifor gjer ho det, tru? |
Men eg hadde ikkje trudd at eg ville bli så glad over å bli våt på beina.
Men i går, så var våte løpesko definitivt eit vårteikn!
Godt er det!
Utsikt frå løpetur. Våt men bar asfalt. Bra!! |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar