It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

onsdag 16. mars 2011

Ut på tur, (nesten) aldri sur

Kvar torsdag er eg på tur.
Det er ein gruppetur, der me er ute og går på beina, eller på ski.
Med sekk. Og mat og drikke. Og ved. Og målet med turen er ikkje akkurat å koma fram dit me skal, men sjølve turen.
Det å vera saman ute, i felleskap.
Sist torsdag var det ski for andre gong. Ein deltakar i gruppen ville ikkje gå på ski på grunn av ein skade i hofta, og dårlege kne.
Sjølv om me andre som gjekk på ski tenkte at me kunne gå litt sakte og vente på fotgjengaren, så blei det fort tydeleg at fartsforskjellen mellom å ta seg fram på ski og vasse gjennom djup snø på beina blei for stor.
Årets første skitur - bedre seint enn aldri...

Etter ein knapp halv time tok fotgjengarens krefter slutt.
Det stod mellom å snu, eller å slå leir med det same.
For oss som gjekk på ski var det ingen tvil, er me saman på tur, er me saman, og me vil få med også den svakaste i gruppa.
Dette er i Tokke. Det snødde mykje den dagen, og mine ski hadde dårleg gli. Men me gjekk ikkje så langt, og så blir det jo gjerne ekstra trening med dårleg gli, og det likar eg jo ;)
Utanfor løypa var snøen aldeles djup og laus, og å ta seg fram berre 20m til ein eigna bålplass, blei plutseleg ganske utfordrande.
Fotgjengaren ville i all sin beskjedenhet snu igjen, og sjølv om det er ingen skam å snu, så var det for oss andre ikkje noko alternativ. Me to spadar, og snøskuffing på omgang, blei det raskt frigjort ein smal gang gjennom snøen inntil ei lite gruppe av høge grantre med innbydande plass til bål.
På den måten kunne alle ta seg greitt fram også på beina.
Eg synst det er godt å skuffe snø, og sist torsdag kom eg på at eg ikkje hadde trent styrke på ei stund, og var derfor meir enn villig til å flytte fleire kubikmeter med snø.
Men til slutt måtte eg gje frå meg spaden og utforske skiløypa litt til, slik at andre kunne fortsette med leirplassryddinga.
Etter ein halv times skigåing kom me tilbake til plassen, og der brann bålet lystig, og det var lagt ut granbar og sitteunderlag.
Me tek med litt ved på turane, og fyrer bål. Kjempekoseleg, og verdt den ekstra vekta i sekken.
Etter litt suppe og rundstykke blei det også steikt vaflar på bålet, og termosane med kaffe sendt rundt.
Stemninga rundt bålet var upåklageleg, spesielt ettersom det viste seg at den rause dosen med ekstra bakepulver i vaffelrøra førte til spennande suselydar og eksplosjonar av smør og røre på bålet.
Lag vaffelrøre heime, fyll på ei brusflaske, lag eit bål og steik vaflar med bålvaffeljern. Kjempegodt!

Av og til står jo ikkje dei fysiske prestasjonane i fokus, men opplevinga og gleda av å vera ute, i bevegelse, ute i naturen, i det fri, i frisk luft, og saman med andre.
Og då er det ikkje farleg å ikkje få skrive tilbakelagte mil i treningsdagboka, forbrente kaloriar og tid i pulsmålsone.
Utsikten frå ein tur der me gjekk opp på ein liten topp på ca 1000moh. Her ser me mot Skorve.
Eg kjenner på meg at det skal bli ei utfordring å samkoordinere torsdagsturane med resten av treninga mi når det går mot Ironmantrening og dei lange sykkel- og løpeturane.
Etter fem timar på beina i frisk luft blir eg ganske doven på kvelden, uansett kor fysisk krevjande turen var. Og det er ikkje alltid like fristande å supplere med ein liten time sykling på rulle når kroppen alt kjennest litt god og slapp.
Men det kan jo hende eg kan gjera om torsdagane framover til "restitusjonsdagar"?
Tur som restitusjon?
Det virkar i alle fall som ein god idé å ha éin dag i veka, der eg er på tur og (nesten) aldri er sur...

Når eg og Binna er på tur, er me sjeldan sure!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar