It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

lørdag 26. mars 2011

Ny våtdrakt!!!

Siste helg var eg på besøk hos Helene på ei slags triatlontrenings- og inspirasjonshelg.
Det blei ikkje så reint lite diskusjon med tanke på alt det morsamme me kunne finne på av trening i løpet av helga:
  • utesykling: " ...det går vel an? Det er jo bart? Men det kom jo snø i natt. Eller?..."
  • sykling på rulle: "...me kunne sykle på laurdag og springe på søndag? Eller ha ei overgangsøkt? Eller roleg langtur, det er jo morsammare når ein er to stykke?..."
  • løp: "...eg treng å løpe. Men det burde vera på laurdag. Viss ikkje me spring ein roleg tur på søndag da. For då spring eg berre ein kort tur på fredag. Løp etter å ha sykla? Kva intensitet da?..."
  • styrketrening: "...ryggen min treng å trene styrke. Viss me gjorde det på laurdag? Det er så godt å løpe dagen etter styrketrening. Me kunne jo både sykle inne og trent styrke? Skal me berre trene kjernemuskulatur? Det kunne me gjort inne. Nei det hadde vore morsamt å trent på styrkerom også...."
  • ski: "...ja det hadde jo vore deileg med ei skitur. Nei veit du me droppar skitur, det blir for mange valg.."
  • tur: "...altså me skal jo gå tur med Binna uansett. Men skal me gå lang tur? Men det blir berre rusletempo, ikkje sant? Ikkje så bra å springe same dag kanskje?..."
  • svømming: "..det er jo teknikktrening på søndag som me kan dra på. Kanskje ikkje så lurt at det er så tidleg? Den eine svømmehallen er open på laurdag også. Nei kor mykje folk er det da, tru? Me kunne svømme og trent styrke same dag. Blir kanskje litt mykje å gå tur same dag i tillegg?.."
Dette er berre eit bittelite utdrag frå den telefonsamtalen me hadde to dagar før.
Både eg og Helene hadde berre trent roleg gjennom veka og var så og seie klar for det meste. Det endte med at me droppa utesykling og skitur, og at eg pakka med meg sykkel + rulle + sykkeltøy, løpetøy og svømmetøy.
Pakking som før ein konkurranse. Det er moro å bruke "beutlane" frå IM i Frankfurt!

Valget falt til slutt på å sykle mest mogleg, og gå tur med Binna ute i det fine været. På den måten fekk me både nyte det fine været ute, og ein del timar på sykkelrulle. Det blei i overkant av to timar på laurdag ved heller låg intensitet, og litt over ein time på søndag, med litt meir variasjon i kadens, motstand og intensitet. Dessutan gjekk me ganske mykje tur med Binna, og Helene fekk også med seg svømmeteknikktrening på søndagen (mens eg føretok med nødvendig restitusjon på sofaen saman med Binna).

Binna blei skikkeleg bortskjemt hos Helene, og fekk til og med ligge på sofaen. Derfor tok ho det også med knusande ro då to halvgalne hobbytriatletar sat og tråkka lystig framfor TVen INNE, mens det var fint turvêr UTE. Menneske er rare...
Det var ei inspirerande og motiverande helg, og eg kjenner at eg virkeleg har fått opp lysten til å trene enda meir nå.
Synd berre at eg virkeleg har slite med dårleg pust i snart fire veker nå, og går med konstant stivt mellomgulv og støle ryggmusklar, slik at trening ikkje virkeleg er så artig som den kunne ha vore. Men då eg antyda at eg kunne trengt ein triggerpunktbehandling for å løyse opp i stive musklar, så hadde Helene løysinga: eit slags "gjør det self"-instrument, til triggerpunktbehandling:
Ein merkeleg dings. Men den funkar. Å så herleg å kunne trykke vekk litt muskelsmerte altså. Den dingsen har eg lyst på!

Eg fekk også prøvd og lånt med meg ei våtdrakt av Helene. Eg og Helene er omtrent like høge og brukar same klesstørrelse, så sjansane var gode for at drakta skulle passe meg. Spesielt sidan denne drakta viste seg å vera for kort i ryggen og rundt skuldrene for Helene. Me har nemleg ganske så forskjellige proporsjonar, og med min korte rygg kunne det kanskje klaffe.
Den våtdrakta som eg har brukt hittil er ei prisgunstig triatlondrakt frå O'Neill, og den isolerar godt og glir godt gjennom vatnet. Men eg kjenner altfor lite bevegelighet i skuldrane når eg brukar den, og dessutan er ryggen min for kort, slik at drakta faktisk "saggar". Ikkje så farleg når ein skal svømme krål eigentleg, men likevel, den sit ikkje spesielt godt.
ORCA women's sonar.
Orcadrakta derimot sat som støypt, og det beste med den var, at armane mine fekk ei slags "oppdrift". Det kjendest som om drakta nesten "slengte" armane opp og fram i krålstilling!
Ingen sagging heller.
Og onsdagen viste det seg også at den stod si siste prøve, nemleg i bassenget. Sjølv om det var vanskeleg å kjenner etter kor mykje vatn den ville sleppe inn rundt halsen (vatnet i bassenget i Seljord held nemleg heile 30gradar, då er det ikkje lett å kjenne etter), så kjendest den ellers kjempebra.
Eg har fått meg ny våtdrakt, sykkelen er klar, løpesko er klare. Ein litt utolmodig triatlet som ventar på sesongstart.
Eg testa også farten med drakta, og med tida på 1:32 på 100m virkar den lovande. Isoleringsevnen kan eg ikkje seie nokonting om, for eg greidde såvidt å unngå heiteslag etter 10min i bassenget, og snøen utanfor svømmehallen frista VELDIG til å kjøle meg ned i, men eg let vera, for ikkje å kaste noko tvilsamt lys over triatletar og deira oppførsel.
Eg er så fornøydd. Ny våtdrakt. Hurra!


Så inspirert som eg blei og så god plass som det var i bassenget, så frista det med ein rask 1000m på tid (i vanleg badedrakt), og med tida på rundt 18min blei eg enda meir fornøydd.
Berre synd at eg må vente med å bruke den nye våtdrakta til laaaaangt på våren. Det er jo tvilsamt at eg får meg ei utesvømmingøkt i Norge før 14.mai i år, så det kan hende at første gong blir faktisk på Mallorca...

Kan hende det ikkje er så dumt å vente med å prøve våtdrakta til eg kjem til Mallorca...?

1 kommentar:

  1. Herlig med ny drakt! Og du svømmer fort! Ikke lenge igjen til Mallorca nå :)

    SvarSlett