It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

tirsdag 11. mai 2010

Endeleg tilbake

Då er endeleg omgangssjuka overstått. Den varte i heile fem dagar og eg merka at det har tappa meg litt for krefter.
Men laurdagen våga eg meg ut på sykkel igjen. Ikkje av rein lyst, men av følelsen å måtte vedlikehalde sykkelformen min. Det kjendest nemleg som om kvalmen aldri ville gje seg.
Og om dette ville vise seg å vera sant, kunne eg jo like greitt begynne å trene igjen med ein gong.

Det blei ein grei tur, det var sol, og då får eg det ganske bra med ein gong. Eg valgte meg Flatdal som mål og ein liten ekstra runde "Seljord rundt", og denne siste avstikkaren på ei knapp mil var ikkje så mykje for å fylle opp treningsmil, men mest for å avdramatisere minnene om den siste sykkelturen min, då omgangssjuka slo til ved km 83 (gulp) i Nordbygda i Seljord.
Då eg måtte stoppe, gå av sykkelen, støtte meg til eit trafikkskilt og vurdere å skaffe meg haik heim.

Dette trafikkskiltet blei sykla forbi utan fornemmelse av magesjuke denne gongen, heldigvis.
Pulsen hadde vore utruleg låg gjennom heile turen, og undervegs begynte til og med sulten å melde seg og eg kjente faktisk matlyst!
For første gong på 5 dagar.
Herleg.

Eg la inn ein stopp for å handle, og med sekken stappfull av mat på ryggen la eg med blanda følelser i veg på den etterkvart så vante bakken heim.
Med så stor stigning, sekk på ryggen og på landeveissykkeln som har altfor mange tenner på kranken greidde eg akkurat å halde nok fart for å unngå stillstand og velt. Konsistensen til musklane i låra mine minte meg spontant om pudding, men denne assosiasjonen hadde vel utgangspunktet sitt i matlysten min der og då, vil eg tru.
For overraskande nok kom eg meg greitt opp, og heim, og formen var såpass god at eg like greitt tok meg tid med ein gong til ein liten rusletur med Binna, som jo alltid er litt skuffa når eg er ute og syklar utan henne og ventar til eg kjem tilbake.

Utsikt over Seljordsvatnet frå den korte kveldsrunden til meg og Binna (2km: 15min motbakke, 80høgdemeter, og dei same metrane ned igjen, på 10min)

Det var ein god følelse å vera på beina igjen utan at magen dreidde seg i protest. Sjølv om formen kanskje ikkje var heilt tilbake, så trur eg kanskje at fem dagar med tvangspause frå treninga kan også ha ein positiv effekt.
Eg hadde ikkje trudd at eg ville savna det så mykje å vera ute i frisk luft, kjenne kroppen fungere, nyte frihetsfølelsen av å kunne halde ut lenge og den gode roen etter gjennomført treningsøkt.

For å teste formen på søndag, våga eg meg ut igjen.
Denne gongen ville eg finne ut om det alt var mogleg igjen å springe.
Sykling er jo forholdsvill snill med magen, men dei harde støyt under løpinga utset fordøyelsessystemet for mykje større belastning.

Det skulle vise seg at det var heilt greitt å springe.
Eg hadde som dagen før, valgt meg ut ei snill løype, med lite stigning og varierande underlag. Dei første 2km gjekk eg ned ein liten sti gjennom skogen, og til min store overrasking var den alt i gang med å bli grøn.
Endeleg!
Det var utruleg tungt å springe. Sjølv om magen ikkje protesterte, var det mange rare musklar i nedre rygg og mage som var stive og støle og rare, og eg gjorde mine teoriar om kva ein kropp går igjen ved skikkeleg magesjau, og kva for musklar å trer i aksjon når tykktarmen for lengst har gitt opp å fungere...

Men lufta var frisk og fin etter årets første vårlege regnbyge med innlagt torden denne dagen, og det var stille og fredeleg, og pulsen var,og Binna lykkeleg over å vera med på ein etterlengta langtur, at turen var verdt slitet.
Absolutt.
Plutseleg begynner det å bli grønt i skogen. Fint!Men Binna skjønner ikkje at eg må stoppe av den grunn...

For også denne dagen blei eg så bevisst på kvar for ein luksus det eigentleg er å kunne trene. Eller - det å ha glede av trening.
Godt å vera tilbake.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar