It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

onsdag 22. mai 2013

Spis og drikk og vær glad! (Spesielt på treningsøkter over fire timar...)

Søndagen som var var det siste gong det blei lagt opp til ein slik brikk-økt av typen bike-run-bike.
Frå nå av blir det "berre" bike-run.
Altså ein lang sykkeløkt etterfølgt av ein lang løpetur.

Eg må innrømme at eg er glad for det.
Artig er det jo med utfordringar, og eg var utruleg fornøydd med meg sjølv og ikkje lite stolt at eg kom meg heilskinna gjennom den siste økta på søndag, og i tillegg med det gode humøret i beholdt!

På planen stod det:

- 100 min sykling
- 80 min løp
- 75 min sykling

Sjølvsagt, med litt ulik intensitet. Men stort sett roleg.
Ingen høg puls her.
Det skulle vekslast mellom veldig lett og litt hardare (men fortsatt langt under mjølkesyreterskel for dei som lurar på det) og så "race-pace" som skulle for min del ligge sånn imellom dei to førstnevnde.

Sidan eg blei så veldig tom siste gong eg var ut på ei slik økt, planla eg litt bedre denne gongen.
Det blei også stilt mange spørsmål om ernæring under Haugesund-konkurransen på nettmøtet med coach sist onsdag, men eg skal ikkje gå meir inn på dette her og nå, det med næringsinntak er det mange meiningar om, og dessutan er det veldig individuelt.
Så fasit er: finn ut kva som funkar best for deg, øv på dette under trening og praktisér dette på konkurransen!
Venn deg eventuelt til den sportsdrikka og den maten som blir servert under konkurransen, slik at du veit om du likar den, og om magen din toler den.
Powerbar er min favoritt.
 Den blir også servert i Haugesund.
Det er kanskje ikkje så veldig nøye på korte konkurransar.
Eg kom meg eigentleg godt gjennom IM 70.3 Haugesund i fjor, til tross for at eg hadde ete alt for lite og var KJEMPESULTEN på løpedelen.
Eg sprang berre frå matstasjon til matstasjon og heiv i meg bananer og vatn, ot tviheldt på energigelar mellom stasjonane...
Pga kneskaden som fortsatt ikkje var heilt ferdig grodd, så kunne eg uansett ikkje ha sprunge fortare, men likevel: eg kjendte meg ganske tom og hadde lite å gå på.
Så dette skal eg prøve å gjera bedre i år.

Søndagen hadde eg derfor kutta opp ein energibar i to (slik gjer dei på konlurransar - då slepp ein å åpne/rive opp emballasjen - men nå har eg lært at under sterk varme/solskinn, slik det var på søndag, då SMELTAR Powerbar energibar faktisk - herleg kliss i sykkelveska på overrøret :D) og dessutan tatt med to halve bananer.
På den måten smeltar ikkje energibarar i lomma: berre kline dei rett på  overrøret.
Dette bildet tok eg på Ironman Germany i Frankfurt, 2010. Ikkje min sykkel altså.
For å lade opp til denne økta, hadde eg også ete lett fordøyelege karbohydratar (riskaker med sjokoladepålegg og banan, reine godteri, ikkje mykje lavkarbo her i huset) ein time før.

Sidan det var berre plass til éi flaske på temposykkelen min, tok eg med vatn (når har eg fått fiksa sånn aerodynamisk ordning med drikkeflaske på tempostyret, det skal bli spennande å prøve!).
Eg likar eigentleg best å drikke vatn på trening og konkurransar.
Det er jo heilt greitt det, eg må berre passe på at eg får i meg nok kaloriar og mineral ellers.
Det blei varmt!
Eg sykla rundt Seljorsvatnet.
Det er ein fin runde på ca 42km.
Det var herlig sommarvêr. og eg kosa meg virkeleg.
Nokre få tekniske stopp blei det undervegs (hoppande gir pga av slake girwire, ein kan jo bli sprø av mindre enn dette!),
så eg bruka litt meir tid enn planlagt, 1t55min.

Innom heime, ein tur på toalettet viste at hydreringsstatusen var bra (too much information, I know), Lukas blei happy, og eg tok meg goooooood tid til å skifte til løpesko og caps (og bytte til mobil med GPS - aktivere GPS - stille inn - musikken på - ta tid detta).
Ein skulle trudd at eg var på T2 på ein Ironman, men til og med i Frankfurt var eg raskare til å skifte!

På løpinga bruka eg mine gode gamle New Balance sko.
Har bestemt meg for ikkje å eksperimentere for mykje med nye sko nå.
Caps er kjekt når det er sol. 
Heller eit par godt brukte sko, der dempinga er i ferd med å avta (dette går jo tross alt gradvis), enn splitternye sko som leggane mine protesterar mot!

På løpinga gjekk alt veldig bra, musikk på øyra, solskinn og folk var ute og nøt sommervarmen.
Energibarane og banan hadde eg ete på sykkelen, og for løpedelen hadde eg planlagt ein til to Powerbar energi-gel.
Den eine åt eg nesten med det same.
Den andre frista ikkje.
Det som frista var cola:

Det er mange som tyr til cola på løpedelen på triatlon.
Og det er ikkje rart, for det er berre kjempegodt.
Eg er jo litt colajunkie, sjølv om eg ikkje drikk mykje cola dagleg, men eg er heilt klar avhengig (sånn plutseleg!), og dei dagane eg skal ha cola, da MÅ eg ha det.
Så eg vil eigentleg ikkje begynne med cola på konkurransar, har høyrt alt for mange gonger av andre at ein blir heilt hekta då også, og at det ikkje er så lurt.

Jaja, pytt pytt, eg stakk innom bensinstasjon (VISA-kort er praktisk å ha med på løpetur, veg jo ingenting) og kjøpte meg ei av desse nye små flaskene (0,33dl for å begrensa litt haha).
Og det smakte heilt herleg!
Det var ei sånn liten 0,3dl colaflaske.
(Bildet er hensynslaust rappa frå Facebooksida til Coca Cola :D)
Eg kjendte med ein gong at denne verdifulle drikka måtte eg godt fordele over den siste halvtimen, og for all del: ikkje bruk opp den siste slurken, for det venta ein siste motbakke før eg kom meg heim!
Nydeleg vêr på sundagen!
Cola'n gjorde virkeleg susen, det smakte himmelsk.
Men alt gjennom dei siste 10min prøva eg å venne meg av.
Hurtig avvenning.
Eg hadde jo ikkje meir cola igjen - og nå skulle eg "berre" sykle litt over ein time.
Det må da gå?

Lukas blei igjen super happy over å sjå meg, og derfor blei denne skiftepausen like lang (7min) som den første.
Ikkje mykje å skryte av, med andre ord.
Siste sykkeldelen blei også lagt langs Seljordsvatnet, her er det litt mange bakkar, men samtidig så er det veldig solrikt og fint.
Eg kjendte det murra litt i hamstrings, og var ganske sliten i nakken og øvre rygg.¨
Men det løsna etterkvart.
Eg skulle uansett ikkje sykle hardt.
Utsikt frå siste vendepunkt: Skorve.
Her også blei det ein liten stopp, som sagt, intensiteten skulle vera låg eller "litt" hardt, og eg synst det er vanskeleg å ikkje ta litt i, spesielt når det er bakkar å sykle opp.
Men eg tok det heilt med ro,
åt ein siste gel, og ein siste halv banan og tråkka heimover.

Til saman blei det:
1t55min sykling
1t30min løp
1t10min sykling
==> til saman heile 4t35min!

Ikkje verst, eg hadde nok aldri gjort dette er på eige hand, viss ikkje sjølvaste Dave Scott hadde satt dette på treningsplanen!

Pussig nok så kjendest det heilt ok etterpå.
Som om eg hadde vore på ein lengre fjelltur.
Og det som gjekk bra denne gongen, var at eg hadde planlagt næringsinntaket litt bedre enn siste gong, og eg kjendte faktisk forskjellen veldig godt!

Ein fordel var også at det var utruleg varmt og fin vêr den dagen.
Eg trivst nok best i varme og solskinn.
Eg får rett og slett skikkeleg godt humør av fint vêr!
Kanskje har eg ein eller annan form for solceller i huden?

Fasit ER faktisk på sånne lange turar: Spis og drikk og vêr glad!

Fornøydd etter mega-økta!


11 kommentarer:

  1. Spreking ...du e virkelig i seget .....

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! :)
      Eg gjer så godt eg kan.
      Hadde aldri gjennomført økta viss ikkje "coach" hadde sett den opp.
      Men det var moro faktisk :)

      Slett
  2. Wow! Du er bare i en helt annen liga ;-) Superimponert!! Digger Powebar jeg også forøvrig!

    SvarSlett
  3. Litt av en økt, imponerende! Har begynt å trene litt til triathlon selv, men jeg er helt fersk så jeg er på lære-seg-crawl-nivå. Moro lell. :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Espen!
      Det som er fint med triatlon er at det finst distansar både for "ferske" og vidarekomne.

      Det er godt å lære seg crawl, for min del har det spara nakken min for mykje bry (likar å svømme bryst også, men nakken min gjer det ikkje).

      Lykke til med treninga, kan anbefale triatlon på det varmaste, det blir så allsidig trening samanlikna med reint løp f.eks, og er bra som skadeforebygging.

      Ikkje nødvendig å gjennomføre sånne megaøkter som ovanfor, det er berre fordi eg har fått meg ein avansert coach i år.

      Berre så det er sagt ;)

      Slett
  4. Som de andre over her sier; kjempeimponerende!! Så flink du er, og såå mye du trener :D

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk takk Guro!

      Men eg synst virkeleg ikkje at eg trenar mykje? Det var nå denne økta som blei så lang.
      Eg ligg fortsatt berre mellom 6-8t/veka, og det er ikkje spesielt mykje...

      Men det er ganske mykje trening på berre éin dag, ja :D

      Slett
  5. For hver gang jeg leser din blogg, ser jeg at jeg trener ALTFOR lite! har hyppige økter, men ser jo at de må bli LENGRE!
    Men du; ser at du har gjennomført IM tidligere. HVA synes du var vanskeligst, hva var tøffest for deg?

    SvarSlett
    Svar
    1. Altså Janne eg kan jo berre sjå på bloggen din og det ser ikkje ut som du trener for lite!
      Hugs på at eg trenar for halvironmandistansen og då treng ein lengre økter rett og slett.
      Eg trenar også ikkje spesielt ofte, har minst to dagar utan trening i veka, av og til tre.

      Vil heller ha kvalitetstrening + god restitusjon enn å slite meg ut på trening kvar dag, men det er nå utifrå mitt personleg utgangspunkt.

      Hmmm altså Ironman i Frankfurt i 2010 var berre heilt fantastisk, både treninga og sjølve konkurransen.
      Tøffast var kanskje dei laaaange sykkelturane. Sånn over tre timar sykling synst eg er lenge. Det tek så lang tid sjølv om det er herleg når det er fint ute, og ein får sett mykje.

      Eg var påmeldt til ein ironman i 2011, men den måtte eg droppe faktisk, så der blei treninga for tøff (igjen her dei lange sykkelturane, eg berre makta ikkje å vera ute så lenge det året).
      Men eigentleg var eg ikkje spesielt motivert heller, og der trur eg ligg nøkkelen for at det skal gå bra på halvironman og ironmandistansar.
      Er du motivert så er det ikkje farleg om det er tungt og tøft og langt.

      Ein halvironman kan ein kanskje koma seg igjennom med halvhjarta trening, men ein full Ironman krev at ein er 100% motivert og klar for trening og sjølve konkurransen.
      Og er ein det, så er det berre herleg.

      Når det gjeld den lange økta ovanfor, så har eg ikkje sett makan. Dave Scott har spennande treningsmetodar altså, dette hadde eg ikkje funne på sjølv.
      Eg likar best økter mellom 1-2t, men men ;)

      Slett