It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

lørdag 1. juni 2013

Endeleg! Årets første utesvømming (og tordenvær)!

Nå er det slik at eg for ei veke sida las i ein annan treningsblogg (men eg hugsar ikkje kven sin blogg det var), at ALLE andre som blogga hadde begynt å svømme ute.
"Ikkje eg." tenkte eg.

Eg er jo ein skikkeleg frysepinne, og tanken ved å svømme i iskaldt vatn har ikkje frista.
I det heile tatt.
Men i dag så var det skikkeleg varmt ute.
Det var faktisk meldt tordenvêr og byger seinare på dagen.
Og fram til kl.14 så steika sola ned.
Heilt herleg.
Reine sommaren, virkeleg!

Nå har eg berre svømt ein gong (jepp éin gong) i mars og ein gong i april, så dette er jo lite når eg skal svømme 1,9km i Haugesund.
Det gjekk greitt i fjor (når var det eg svømte da? I juni? Kanskje to gonger da? Men då var det jo kneet som stoppa, og ikkje temperaturane).
Men det er heilt klart lettare å ha svømt noko før.
Spesielt ute, synst eg.
Honningfarga vatn i Selordsvatnet, som vanleg. Fint!
Dessutan trengte eg å teste den nye våtdrakta mi.
Jepp eg har ny våtdrakt.
Den bestilte eg alt i januar (då er slike ting billege).

Drakta heiter Sailfish Vibrant og eg var sikker på at størrelsen ville passe, sidan eg hadde prøvd tilsvarande størrelse før frå Sailfish.
Sailfish Vibrant. Dette er 2012-modellen som eg har, og bildet er frå Wiggle
Når eg ser på drakta så er den ganske lang i ryggen.
Jaja.
Eg får nå god plass til skuldrene mine.
Men det er ikkje spesielt gunstig med for myke plass heller, for da dannar det seg folder som held imot.
Ei våtdrakt skal sitte tett, og kjennest for tett på land, for i vatnet vil den føye seg bedre til kroppen.
Det er altfor god plass i drakta øverst.
Ein ser her at den dannar foldernover skuldrane...
Temperaturmessig var det bra forhold i dag:
Heile 17-18gradar i det øvre laget på ca 25cm!
Mens det underliggande djupare laget som eg ikkje målte temperaturen på, var nok heller 10-12.
Vinden her stod nemleg mot Seljord, og dreiv da heile det øvre laget med varmt vatn mot Seljord og badestranda.

Det var faktisk skikkeleg deileg!
Godt å sleppe å kjenne isande kaldt vatnet mot ansiktet.
Det gjaldt berre å halde ein god posisjon i vatnet, men det skal ein jo uansett,
så det passa bra!

Herleg med først utesvømmeøkt altså!
Drakte oppførte seg greitt i vatnet, men den er nok som sagt alt for vid i overkroppen, rett og slett for lang er den.
Men den er likevel meir behageleg enn Orcadrakta som eg kjøpte i 2011.
Eg målte ein liten strekning langs stranda til 50m, og svømte litt 100m intervall i låg, godt-under-terskelfart.
Til saman varte heile økta 35min, men det er innberekna mange pausar der eg måtte roe ned Lukas som stod i band og bjeffa fortvila fordi han ikkje fekk vera med, og til å ta bilder, og til å ta ein prat med nokre strandturistar.
Lukas prøvar å koma seg laus frå treet. Det ser ut som han har berre ein bakfot.
Men det har han ikkje. Men fortvila var han nok, stakkars!
Då eg var ferdig med økta og skulle ta av våtdrakta, kom det plutseleg STORE vanndråpar, og det dundra laus med skikkeleg plaske-pøske-regn.

Det regna både hundar og kattar og selungar, og samtidig var det så varmt i lufta at det heile berre var moro.
Dessutan hadde eg fortsatt drakta halvvegs på, så den varma.
Eg pakka berre tingene mine inn i sekken og tok fleire bilder.

Etterkvart da det blei litt mykje torden fann eg meg ly på ei hytteveranda og observerte tordenvêret.
Like fort som det kom, så slutta det.
Det var fortsatt god temperatur i lufta, så spaserturen heim var god, til tross for at det innimellom fortsatt dryppa litt.

Dette gav meirsmak!
Eg kjenner at eg faktisk treng å svømme litt for å få vent meg til å svømme i våtdrakt,
men faktisk også for å finne ut kva slags våtdrakt eg faktisk skal bruke i Haugesund.
Det står fire til utvalg:
Min første og eldste og enklaste frå O'Neill.
Eit "swim skin" frå Aquasphere utan armar (den er herleg, men tek inn mykje vatn).
Våtdrakta frå Orca (den er for stram i skuldrene og armane),
eller nyaste frå Sailfish (som er litt for stor, og kanskje også tek inn vatn, men det skal testast meir).

Mykje å finne ut av...

4 kommentarer:

  1. Kult! Å finne drakt som passer perfekt er kanskje ikke så lett? jeg har ikke prøvd mange men de jeg har prøvd har det vært vanskelig å føle seg komfortabel i. Det er en balanse mellom at drakta ikke skal være for store og ta inn vann versus at den ikke skal føles ubehagelig over armer og skuldre. Det siste er litt ekkelt for er den stram der så kjennes det ut som bevegeligheta reduseres og er det noe man trener så er det jo armer som lar seg bevege ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Jepp, lett er det ikkje. Eg hadde så tru på Sailfishdrakta, men dei må ha gjort noko med årsmodellane i fjor sidan den har blitt så altfor lang.
      Eg trur nok at den kanskje skal selgast etterlvart, men me får sjå.

      Det hadde vore allerbest å kunne boltre seg i ein (fysisk) våtdraktbutikk med svømmebasseng, så ein virkeleg kunne få prøvd før ein skal kjøpe.

      Orca-drakta sit bra på det tørre, og bra i vatnet, men så snart eg skal svømme, altså musklane mine har rett og slett ikkje plass, det følest heilt klaus :/

      Det er berre å prøve seg fram.
      Heldigivis er det "berre" 1,9km svømming, hadde vore verre på ein ironman.
      (På den eg var med på var det så varmt i vatnet at det var våtdraktforbud - det var heilt greitt det! :D )

      Slett
  2. Ha ha!! det var nok min blogg du leste:)) "alle andre" er UTE og svømmer nå....
    Herlige bilder! TØFF ny drakt! og du; stiiiilig klokke da! elsker slike farger.
    Var på min andre (juhuu!) ute-svømming i går. Tunevannet viser fremdeles 18 grader, og det er faktisk nydelig å svømme i! Det er så deilig å være ute!...tar litt tid å venne seg til SVART vann....og navigering..ha ha!! men nå er vi offisielt i gang altså! Herlig:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja det var bloggen din, ok ;)

      Ja klokka var ei bursdagsgave til meg sjølv i fjor - knallpink TIMEX og med IRONMAN TRIATHLON på - eg elskar sånne fargar eg også!

      Ja 18 gradar er bra.
      Har avkjølte vatnet seg til veldig kalde 8 gradar på søndagen :/
      Men det kan bli varmt att.

      Me er i alle fall i gang, og det er bra!

      Ja vatn så mørkt eller djupt at det er svart, det er merkeleg å svømme i.
      Men ein venner seg til det ja :)

      Slett