It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

onsdag 15. mai 2013

Do what you can do in the moment!


Då me hadde vårt "kick-off" møte med Dave Scott i februar, var eg den einaste av triatletane som budde på Olympiatoppen hotell. Og det var kjekt.
For sidan eg var tidleg ute den dagen, hadde eg god tid til å få nokre ord med Dave Scott på tomannshand før det offisielle opplegget begynte.
Dvs, eg var sliten etter busreisa (blir bilsjuk må vite) og han var litt sliten etter flyreisa og jetlag, så det blei litt hyggeleg uformell prat om det eine og det andre.
Og me snakka litt om trening, og helse, og eg fortalde litt om min eigen situasjon, og at eg over fleire år har vore sjukmeldt i varierande grad og om kroniske helseplagar osv.
Eg tenkte som så at om han skal vera coachen min for dei neste månadene, så kan han vel like godt vite dette, for eg har da ikkje noko å tape på det?

Så lurte eg på kva eg kunne gjera, når eg er så dårleg at eg uansett ikkje orkar så mykje, for ikkje å snakke om å svømme, sykle og løpe i tillegg?
Han hadde eit godt mantra å koma med: "Do what you can do in the moment."
Dave Sott på kick-off i Oslo.
Foto: Dag Oliver
Kan du ikkje gjennomføre den planlagte løpeturen på 1,5 timar, så kan du kanskje løpe i 45min?
Virkar det heilt umogleg å sykle tre timar, så er det å sykle halvparten av tida bedre enn ingenting.
Er det planlagt knallharde intervall, og formen er dårleg og kroppen sliten og hodet i opprør, så er kanskje ein lett løpetur gjennom skogen utan mål og meining løysinga?

"You may go through several days when you’re not clicking or maybe you’re highly
motivated but your body is just not responding. The phrase I like to use is “Do what you
can do in the moment.” This is key. Just do what you can. Things will start clicking again." 
Dave Scott, taken from his Training Guide, 2013.

Treninga mi så langt har gått bra.
Men det har vore mange økter som eg har måtta redusere eller droppe.
Sånn er det.
Siste veke blei ganske redusert fordi eg ikkje var i form i det heile tatt.

Spesielt helga, der det var planlagt ei kjempeøkt på 3,5t med veksling mellom løp og sykling og løp, var tung. Eg hadde tatt fredagen "fri" for trening, droppa svømmeøkten på laurdag, men det hjelpte lite.
Søndagen skar det seg like mykje som dagane før.
Tidlegare ville eg vel kanskje tenkt at det er best å droppe søndagens trening også.
Men motivasjonen var faktisk der.

Men løpe og sykle i 3,5t var heilt umogleg.
Når eg blir dårleg over fleire dagar, så går matinntaket drastisk ned.
Og då går det sjølvsagt dårleg å trene.
Men eg ville så gjerne!
Så kva var det coach sa?



Eit raskt blikk på treningsplanen for veka viste at eg kunne anten sykle ein time eller løpe bakkeintervall, dette var to økter eg hadde droppa.
Eg valgte meg bakkeintervall, tok på meg sko og treningstøy, fekk med meg ein overlykkeleg Lukas (han har måtta bli heime ganske mange løpeøkter nemleg, stakkars - men han synst jo ikkje noko om å løpe intervall - med mindre det er HANS intervall - dvs - full fart - full stopp - snuse leeeenge - full fart - full stopp - snuse leeenge og markere - full fart - full stopp - osv - men DET blir eg ikkje med på!)
og la på veg.

Så løp eg bakkeintervall i skogen - fortløpande opp for å få fin utsikt etterpå, for det er jo ein ting som gir meg motivasjon seinare - utsikt som belønning.
Det blei 20min oppvarming med innlagte tempodrag, 5x70sek intervall, 6min lett jogg, og så 4x45sek intervall - så var det nok. Eigentleg skulle eg ha tatt 9 x 45 sek. Men eg blei kvalm.
Magen syntest ikkje det var greitt å få trøkt ned to brødskiver med banan og sjokoladepålegg like før økta, men noko energi måtte eg jo få i meg den dagen.
Men kvalmen opphørte straks etter at eg var ferdig med intervalla, og begynte å jogge ned igjen.
Og då var det deileg å løpe faktisk!

Her kjem det tips om teknikk for å løpe i mot- og nedoverbakke. By - who else? - coach Dave Scott:


Så det var DET som var mogleg denne dagen, det var det eg kunne gjera "in the moment" og då gjorde eg det.
Ferdig.
Og eg er fornøydd med det.
Sjølv om eg var spyferdig etter økta så hadde eg likevel ein god opplevelse og faktisk gjennomført ein del av treningsopplegget som planlagt.
Og det er bra, det.

Ei anna sak blir å høyre kva coach synst om at eg berre har svømt éin gong sidan sist nettmøte ("Imke, you have to get in the water!") for fire veker sida... Det er nemleg nettmøte med gutta igjen i kveld, så la oss håpe at fokuset ikkje blir på svømming denne gongen...




8 kommentarer:

  1. Dette trengte jeg å lese nå faktisk!
    Å gjøre det man kan der og da. Jeg legger mange planer, men kroppen lystrer ikke alltid "planen".
    Så dette var veldig ok lesing:)
    Lykke til med nettmøtet!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Janne!

      Så bra!
      Godt det passa for deg.
      Eg likar veldig godt denne "mantraen" og skal prøve å bruke den så mykje eg kan, også på andre område.
      Nettmøtet gjekk bra,
      gutta var hyggelege og gira på spørsmål og eg fekk meg nye innspill til bakkeløpinga mi.

      Ha god trening!

      Slett
  2. Herlig lesning for oss som ofte ikke får gjort akkurat hva vi har planlagt! Og fine tips på løping fra Dave Scott. Din blogg er den jeg leser ivrigst for tiden Imke :) Du er flink og inspirerer med innleggene dine!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk Cathrine, det var godt å høyre :)
      David Scott er ein vis mann, så eg skal prøve å formidle litt av denne visdommen der eg kan ;)

      Slett
  3. Eg trener mykje etter dette prinsippet.....hvis eg har planlagt intervaller og eg absolutt ikkje er der.....så blir det ikkje......då tar eg det igjen ein anna dag. Lykke te med vidare trening .....sku gjerne prøvd idretten din men flyt så dårlig. God 17 mai... hurra hurra

    SvarSlett
    Svar
    1. Hipp hipp hurra og tusen takk!

      Ja eg har mykje å lære av dette prinsippet, gir meg litt for fort når ikkje dagsformen er slik eg forventa.

      Når det gjeld flyteevne, så brukar triatletar våtdrakter ute i vatnet, dei gir veldig god oppdrift ;)
      Det går faktisk ikkje an å synke.

      Så du får prøve ein gong om du vil :)

      Slett
  4. "You may go through several days when you’re not clicking or maybe you’re highly motivated but your body is just not responding. The phrase I like to use is “Do what you can do in the moment.” This is key. Just do what you can. Things will start clicking again."
    - Dave Scott

    "Gjør det du kan for øyeblikket", - har jeg tatt til meg. Før hørte jeg på alle de andre som sa at jeg ikke kunne nå et mål hvis jeg ikke klarte ditt og datt. Nå gjør jeg det jeg kan og høster godt av det:)

    Satt oppe i natt og leste boka "Hardt og langt". Der stod det om en legendarisk duell mellom Mark Allen og Dave Scott i 1989. Er det samme mann? - I så fall har du en klok og vis trener og rådgiver!

    God søndag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, Knut, det er same mann, "sjølvaste" Dave Scott.
      Ikkje rart at eg stoler på han,
      han har mange års erfaring som triatlet pluss fleire tiår med coacherfaring pluss fagleg bakgrunn som idrettsfysiolog pluss at han er ein sympatisk fyr med humor og som ser heile menneske.
      Så eg var heldig med han :)

      Bra du også får nytte av dette!

      Duellen mellom Dave Scott og Mark Allen pågjekk jo i mange år på åttitallet, der Mark Allen alltid havna på andre plass, men SÅ vann han til slutt.
      Det finst faktisk ei heil bok om dette også.
      Veldig legendarisk.

      Ha ein riktig god søndag du også!

      Slett