It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

mandag 4. mars 2013

"You're now ready to begin"

Sitat frå Dave Scott's triathlon training guide.


Og nå er eg i gang.
Eller, eigentleg, så startar ikkje treningsprogrammet før i dag.
Men så måtte eg berre tjuvstarte litt i går, med ein sykkeltur.

Første sykkeltur ute i 2013:
Søndag, 3.mars.
Herleg!
I løpet av helga fekk eg tilsendt dei første to vekene med treningsprogrammet frå Dave Scott.
Ein kunne velge mellom "novice", "intermediate" og "advanced" og faktisk ta dette valget for både svømmetreningsplanen og sykkel/løp.
Eg valgte meg "intermediate" for både svømming og sykling/løp.
Utifrå antatt sluttid på halvironman (men den skal eg halde for meg sjølv :D ).

Treningsplanen er dynamisk, dvs den startar frå eit gitt utgangspunkt og blir tilpassa undervegs.
Det er dessutan mogleg å bytte mellom dei tre forskjellige nivåa.
Dave Scott benyttar seg, som mange andre coacher, den nettbaserte treningsanalyse- og planleggingsapplikasjonen trainingpeaks.
Her blir dei planlagte treningsøktene lagt inn, samt at ein kan registrere treningsøktene sine.
Så er det ein heil masse analyse- og statistikkverktøy for pulsdata, wattmåling, tilbakelagt distanse, tid, osv, og mesteparten av dette er faktisk også tilgjengeleg gratis når ein ikkje har treningsavtale.

Eg synst at applikasjonen er heilt grei å bruke, den er til tider litt treg, men dette kan også ha samanheng med den stakkars trege overlasta PCen min.
Det finst også ein app for android (og enda fleire for iPhone, iPad osv), der ein kan legge inn treningsøkter og daglege data for søvn, stress, kvilepuls osv, og den app'en funkar ganske bra.


Så nå er eg jo klar?
Saman med den første e-posten og treningsprogrammet kom også ein video med litt informasjon om opplegget av Dave Scott.

Det er jo slik at treningsprogrammet er ganske omfattande (men det er ganske vanleg for triatlontreningsprogram - triatlon består nå tross alt av tre typar sport), med tre økter for både svømming, sykling og løp.
I tillegg skal ein gjennomføre skadeforebyggande stabilitets - og styrketrening.
Helst to gonger i veka.

Men så sa Dave Scott at viss ein gjennomfører rundt 70% av programmet, så er det bra!
(Det minner meg om eit fag eg tok ved Høgskolen i Bø, Prosjektstyring, der me fekk fortalt at me skulle gå utifrå at ein arbeidskraft kan yte 70 eller 75% av arbeidstida/innsatsen - der er faktisk sjeldan at det blir ytt 100% heile tida!)

For meg er det heilt uaktuelt å svømme 3x i veka, av praktiske grunnar og fordi forbetringspotensialet mitt på svømming ikkje er spesialt stort. Eg svømmer stort sett bra, om eg trenar mykje eller ikkje.
Så eg kjem til å svømme ein gong i veka, kanskje to viss det passar seg slik.
Foreslåtte treningsmengde er forresten nesten 8000m den første veka, og dette er dobbelt så mykje som eg svømte i heile 2012 samanlagt!
Sikkert bra for dei som trening mykje svømming, men for meg er det altfor mykje.

Sykling blir det meir av nå når det har blitt bart ute på mange av vegane, men realistisk er det å tenke to økter i veka for meg. Det blir uansett mykje transportsykling framover, så samanlagt blir det ein del tid i sykkelsetet.
Når forholda er slik, er det moro å sykle. Dette var 3.mars. Herleg :)
På løpinga har eg mykje å forbetre.
Så dei tre øktene pr veka skal eg følgje nøye.
Eller, så godt det let seg gjera, i alle fall.

I dag er det etter planen svømming, men denne økta droppar eg til fordel for skadeforebyggande stabilitets- og styrketrening. Kva det nå konkret inneber skal eg sette meg inni nå etterpå, for me fekk også tilsent ein plan på dette, med beskrivelsar og videoar.

Spennande å følge eit treningsprogram!

6 kommentarer:

  1. Dette var spennende lesing! Og så møtte jeg meg sjøl skikkelig i døra. Jeg har jo bestemt meg for å trene til maraton uten å følge et fast program som noen andre har lagd.Men nå kjente jeg jammen at det frister litt å la noen andre planlegge for meg også. Kanskje det virkelig er sånn at grøsset alltid er grønnere på den andre siden? Jeg vet jo at jeg ikke vil følge et fast program fordi jeg ble så stressa av det. Jaja. Det blir spennende å følge deg framover. Lykke til med treninga!

    SvarSlett
  2. Tusen takk!

    Hm ja det skal virkeleg bli spennande!
    Eg likar i grunnen best å vera min eigen trenar, men samtidig så er dette ei fantastisk anledning til å bli coacha!

    Fram til mine to maraton så følgde eg treningsprogrammet til Hal Higdon, og det funkar bra for meg.
    På den tida så hadde han lagt til beskrivinga av kvart einaste løpeøkt (3-4 eller 5 stk i veka) på nettsida og det var veldig nyttig!

    Uansett, det blir spennande ja!

    SvarSlett
  3. Spennende!! ;-) Masse lykke til! Dette tror jeg blir bra!

    SvarSlett
  4. Dette er fantastisk Imke! Det var mye svømming han hadde lagt opp til! Jeg har svømt mer de siste månedene enn tidligere, og det tar mye tid, med transport til svømmehallen, dusjing før og etter osv. Men en får bare finne ut om det er verdt det. Jeg har i allefall satt pris på all tid i vannet, men jeg ER jo spesielt glad i svømming da :) Men jeg bør begynne å prioritere mer sykling og løping fremover, det er jo snart vår. Og det bildet fra sykkelturen din er misunnelsesverdig. Jeg gruer meg litt til alle sykelbildene av bare veier som kommer til å florere på facebook og andre steder fremover. Sørafor er det alltid så tidlig racerføre! Men nå er det ikke lenge igjen uansett. Det kribler i racerfoten min.

    SvarSlett
  5. Ja 3xsvømming frå 2250-3300m/økt, ikkje så ille når ei først er i gang, men det for meg så tek det også mykje tid. Pluss at frå april så er svømmehallen stengt her, så då blir det berre 1x/veka fram til det blir utesvømming.
    Er sikkert verdt for nokon, men som sagt eg har så lite å vinne på dette, sjølv om eg likar å svømme.

    Det var ikkje meining å vekke misunnelse altså, det var rein flaks på søndagen, og det var terrengsykkel (grus og smeltevatn i kanten av vegen). Satsar på terrengsykkelen ut mars.

    Du får ta og finne nokre vegar som blir tidleg klare til racern, og heller sykle dei fleire gonger, då får du racerføre du også!

    (hmmmm nå kriblar det også i racerfoten min, men racern min står i kjellaren hos ei venninne, så der kan den stå litt til. Tempoen er satt på rulle inne og har berre sommarutstyr, sånn dekkmessig).

    God trening Cathrine, våren kjem snart!

    SvarSlett