It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

søndag 20. januar 2013

Frostbitt!

Nå har det vore nokre dagar der det har vore ganske kaldt ute.
Og eg har greidd å ta knekken av eit par-tre potterplanter som stod nærme vindu då eg skulle lufte leiligheten.
Men nye planter er det å få kjøpt, men kva med forfrosne kroppsdelar?
F.eks. tær?

Heldigvis så er ikkje reservefingrar og -tær å få kjøpt rundt omkring, men då gjeld det også å passe enda betre på dei kroppsdelane ein har.
Men like tankelaus som eg var med potteplantene mine, så lot eg faktisk forfryse tre tær i går då eg var på tur!

Ein venn av meg ringte og hadde lyst på tur i skogen, og ute var det knallblå himmel og solskinn og ja da, kaldt var det også, men det er jo berre å kle seg deretter, ikkje sant?
Det gjekk litt fort i svingane og kompisen min stod foran døra ganske fort og eg hadde akkurat pakka ferdig sekken med termos og matpakke, og kledd på meg, og så mangla det berre sko.
Jepp sko, ikkje støvlar!

Altså eg meiner, hallooo?
Det er snø ute, me skulle i skogen, det er 12-13 blå ute, då er det kanskje lurt med varme støvlar framfor løpesko, ikkje sant?
For sjølv om Goretex-membranen og membra/ullsekkar held fuktighet vekk frå føtane, så er det lite isolasjon  i terrengløpesko mot den kalde snøen me vassa i.
Dessutan gjekk me saktare enn det eg er van med, dvs eigentleg gjekk me ganske raskt, det var berre pausane der me stod stille som var problemet.
For ikkje å snakke om "lunsjpausen" på toppen.

Plassen i sola hadde fin utsikt, men det var utruleg trekkfult og kaldt.
Me fann ein annan plass men der var det eigentleg like kaldt.
Det var kaldt overalt.
Og eg begynte å miste følelsen i fingrane.
Og blei iskald på føtane.
Så gjekk me vidare, og dermed blei det meir vassing i snøen.
Dei siste solstrålene...og heldivis ein velbrukt ski med lite snø.
Nå hadde eg mista følelsen i alle tærne på begge føtane og dei fleste fingrane.
Eg føreslo ein liten eittminutts-spurt for å få blodomløpet igang etter pausen, og det funka i alle fall for at eg skulle få følelsen tilbake i fingrane.
Så var tilbaketuren berre nedoverbakke, og sjølv om eg ikkje fraus ellers på kroppen, så fekk eg ikkje følelse tilbake i føtane før ei stund etter at eg hadde kome heim att, til saman kanskje i ein time.

Og slik sår tærne mine ut då eg kom heim:

Dei kvite flekkane var stive og heilt følelseslause og kunne
bevegast  mot det underliggande vevet - urg.
Det var verst for venstre fot. Der har det alltid vore dårleg blodsirkulasjon.
Spesielt i minstetå (den er nemleg litt skeiv). Pussig nok var denne fortsatt ok.
Eg meinar å hugse at det er ein "tradisjon" i familien min å forfryse tærne.
Me gjekk nemleg veldig mykje på skøyter på isen, og gjerne i smale trange kalde kunstskøyter der tærne hadde liten plass.
Barndomsminner.
Det var ganske smertefullt å få tint tærne mine, sjølv om eg tok meg god tid.
For ein skal ikkje varme opp forfrosne kroppsdelar raskt, ellers kan frostskaden bli verre.
Men eg varma opp og betrakta tærne mine håpa eg berre at det ikkje var sånn annangradsforfrysning, der det blir blemmar ved opptining.
T'ærne i høgre foten var også utan følelse, men ikkje forfrosne.
Ææææsj, tenk dette, få sånne blåsvarte blemmer på føtane, eg hadde mest sannsynlegvis svimt av, trur eg :D
Men det gjekk bra,
blodomløpet var i gang att etter ein halv time kanskje.
Heldigvis.
Sjølv om eg kjenner faktisk i dag også at tærne på venstre fot er kaldare enn på høgre fot (men det er heilt etter læreboka).

Så folkens, pass på føtane og kle dikkøn godt i kulda!
Det er heldigvis blitt mildt igjen i dag, og eg syntest faktisk at den eine kuldegraden nesten kjendest varmt!

For meir informasjon om frostskader, så har bl.a. Norsk Helseinformatikk gode råd.


---> Men for all del, ikkje søk "frostskade" på Google og sjå på bilder.
Der er det mange stygge bilder, og etter at eg har sett på nokre av dei, skal det vera ganske lett å kle meg godt på beina neste gong eg er på tur altså :D

5 kommentarer:

  1. Oj oj det var ille! Jeg får alltid likfingre og liktær. Feks etter svømming i sognsvann er tærne og fingrene helt ubrukelige og det er vondt å skulle sykle etterpå. Jeg får ikke følelsen tilbake i tærne på sykkel.... i konkurranser blir det til at jeg sykler med liktær i overkant av timen og så kommer det seg på løpinga. Frostskader må være mye-mye verre følelse.... huffamei!! Nei, det gjelder å passe på altså!!

    SvarSlett
  2. Ja eg har vel ikkje hatt det såå ille før.

    Men eg kjenner til dette på triatlon også. Eg har ei tå som gir seg nesten med det same etter svømming ("lik-tå" jaha det var eit passande navn), og eg har heller ikkje følelse i føtane mens eg syklar - så løper eg også i starten på numne føter (håpar at føtane er der, liksom), så kjem følelsen gradvis tilbake.

    Heldigvis og pussig nok så skjer det ikkje på lange distanser...berre opp til olympisk distanse.

    Eg er heldigvis ikkje plaga med numne fingre, dei blir berre veldig kalde.
    Men ein time med liktær på sykkel??, huffameg, eg skal la deg vite viss eg skulle finn ut om ein måte å betre dette på :)

    SvarSlett
  3. Ajajaj!... Det DER hørtes langt ifra godt ut. Huffameg, det må ha vært forferdelig smertefullt. Jeg er jammen glad jeg aldri har opplevd noe sånn tidligere...
    Men, jeg tenkte med meg selv, støvler? Hadde dét vært noe bedre? Er ikke det ganske kaldt å gå med støvler også, egentlig? Eller? Kanskje jeg ville valgt meg UGGs eller noe? Men, klart de (jogge)skoene var kanskje hakket verre enn støvler uansett :p

    Så bra at du visste hvordan "man best får varmen i seg igjen" da ;)

    SvarSlett
  4. Ja veit du eg har militærstøvlar som er mykje kaldare enn goretex-terrengløpeskoene mine.
    Så har eg eit par turstøvlar som er varme, men dei er til reparasjon.
    Og dei nye turstøvlane gløymde eg rett og slett :D
    Dei hadde nok kanskje vore varmare,
    men det som gjorde at eg blei så veldig kald på beina var at me gjekk i djup snø og stod mykje og prata, då var føtane kontakt med snøen, er eg alene på tur då går eg utan pause og er faktisk varm på beina da.
    Dessutan er eg ikkje god til å sei ifrå til andre når eg er kald, så eg gjekk på vonde isføtar i ein heilt time - men det gjekk bra.

    Kva slags støvler er UGGs....?

    Eg har lyst på varmesålar nå.
    Eller kanskje du har nokre gode forslag om å lage gode ullsålar? :)

    SvarSlett
  5. Jeg kan ikke si noe annet enn "au", det så ikke godt ut!

    SvarSlett